Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Eg har ei Rimfaxe frå Klättermusen som eg har brukt mest vinterstid gjennom ein del år. Utruleg digg når det er kaldt og ho tørkar overraskande fort så sant det ikkje er mange minus. Skulle gjerne hatt ei tilsvarande bukse, men det har eg til gode å finna.
  2. Trur du har funne deg ei veldig fin pakke med ei fin breidde som fungerer til det meste. Lurte på dei same skia sjølv, men får ha dei eg har ein sesong til. Gutungen har den litt stivare versjonen frå Black Diamond, Route, og er svært nøgd med dei. Dynafit-bindingane er gjennomprøvde og gode.
  3. krokavatnet

    Ull boxer

    Går helst i Icebreaker Anatomica i sommarhalvåret og så noko tjukkare på vinterturane (Aclima Warmwool og Smartwool). Viktig at boxerane har god passform og ikkje glir opp på låra, for då kan ein få gnagsår. Dei beste har litt lengde og er laga i tynnare materiale slik som Icebreaker Anatomica, Hadde stor tru på Houdini sine i ull/silkeblanding, men desse har elendig passform og eit materiale som luktar ekstremt merkeleg når det går varmgang i det.... Me snakkar då om etter ti minutt og ikkje fjorten dagar.
  4. Har vel ikkje fått spørsmål om eg er redd for å reisa på tur aleine, men har fått spørsmål om kvifor eg vel å reisa på turar utan at andre er med frå både menn og kvinner. Då har eg heller oppfatta spørsmålet i den retning at det høyres kjedeleg ut. Eg kjenner veldig få kvinner som reiser på tur aleine, men registrerer at det er fleire av dei her på forumet. På ei anna side så er det vel slik at det meste me held på med skal vera sosialt og greier så eg tenkjer at det å reisa på tur aleine verkar veldig framand for mange. Det er i tillegg veldig mange som tek del på organiserte opplegg (ikkje noko i vegen med det så lenge folk kjem seg ut!) og med det fjernar seg enno lenger frå tanken på å gjennomføra turar på eiga hand. Slik sett kan det vel henda at spørsmåla du får er ein reaksjon ut frå at dette er ei turform som nok ligg langt bak og som på ein måte er unormalt. Trur eigentleg ikkje det er så mange - uanhengig av kjønn - som har kjenningar som rek til fjells med einmannstelt.
  5. Det beste er å pakka det inni sekken.
  6. På Vestlandet er Primaloft gull verdt, for det gjer ikkje noko om slike plagg vert fuktige. Når det er skikkeleg kaldt og mange minsugrader er dunjakka derimot betre.
  7. Eg vil råda deg til å finna ei Primaloft-jakke med hette. Då har du ein del meir å gå på når det dreg seg mot haust. Elles er Primaloft-jakka mi noko av det mest brukte frå turgarderoben og eg kan absolutt gå god for slike produkt. Kva merke du går for er mindre viktig, men sjekk ut vekta så finn du nok noko som fungerer. Sjølv likar eg at jakka i det minste har lommer til å varma hendene i.
  8. Veldig flott rapport frå ein spanande kant av Europa!
  9. Eg har brukta Hilleberg sin Tarp 10UL saman med Unna i høgfjellet i regn og vind, men i veldig sterk vind droppar eg denne løysinga. Tarpen frå Hilleberg toler ganske mykje og er imponerande stille når det bles. Unna er elles eit einmannstelt med god plass der eg anten brukar ein Exped LW eller eit bamseunderlag. På biletet under har eg brukt gamle kvistar frå skisesongen.
  10. Støttar dette. GT i låge sko er ikkje noko godt alternativ. Eg har Ultra Raptor frå La Sportiva og desse vert fulle av vatn som ikkje renn ut. Eg er elles veldig nøgd med terrengskoa frå La Sportiva med omsyn til sålegrep. Mykje betre enn Salomon og held lenger enn Inov-8. Er ikkje heilt oppdatert på kva La Sportiva har av høgare sko med GT som kunne dekka ditt behov, men går altså god for sålane og passformen.
  11. Då må du gje oss ein kort rapport! Har Akka Dome som familietelt, men det er noko tungt, har ei idiotisk løysing der stengene kryssar kvarandre i toppen og dårleg kvalitet på telt- og stangpose. Elles har det mange andre kvalitetar som gjer at eg går god for Fjällräven. Abisko Dome 3 hadde vore interessant... Har vurdert det opp i mot Hilleberg Kaitum 3.
  12. Utruleg bra! Imponerande tur og kameraføring - ser fram til fleire slike rapportar!
  13. Må alltid innom Tromsø sport når eg er på dei kantar. Veldig flott butikk med godt utval og god service! Har handla med dei på nett óg.
  14. Har både BD GlideLite og G3 Alpinist og BD-fellene glir heilt klart best.
  15. Eg har denne buksa på andre året og er berre passe nøgd. Buksa er slitesterk og god på, men designet er ganske merkeleg for ei bukse som dette. På knea og bak har dei prestert å legga inn stumt G1000-materiale der det burde vore elastisk stoff. Då er det etter mitt syn meiningslaust med stretch andre stader. Lommer frampå låra er heller ikkje ideelt. Trass i dette har eg brukt buksa mykje og kjem nok til å bruka ho til ho er sliten ut. Mitt råd er at ein heller ser seg om etter ei liknande bukse der heile greia er sydd i stretch-material.
  16. Linsebrukaren sin beste ven i felten!
  17. Takk for det! Kan fort verta aktuelt då det er litt uvisst kor mange som vert med på turen.
  18. Kjempefin rapport og fine bilete! Har tenkt oss til dei kantar til sommaren så dette var nyttig!
  19. Kva er grunnen til at den nye modellen berre kostar halvparten av det den gamle gjorde?
  20. Artig å lesa om og ikkje minst sjå bilete frå denne turen. Ungane kjem nok til å ha denne opplevinga med seg resten av livet. Var sjølv i Stabbursdalen på vandring førre veke med min elleveåring. Stor suksess og kanskje vert Pasvik neste prosjekt i Finnmark?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.