Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Hei. Eg har brukt ein eldre variant 109 og synes ikkje det er det beste valget til pulktrekking, men gav veldig festlege telesvingar Har og lånt og gått på Ingstad og Cecilie. Ingstad synes eg krev god mykje binding og sko, og kan verte uroleg på fast føre/scootetspor osv pga breidde (ser føre meg den er digg å kjøre med). Cecilie synes eg vert for slapp, og med mindre du er veldig lett så trur eg du vil oppleve at Smurning fort gnus av. Skulle eg hatt ei allroundski ville eg personleg gått for Nansen eller Gamme. Nokre vil hevde at Nansen og Cecilie har same spenn men ulikt design, at Åsnes har sagt det. Eg har fått vite noko anna hjå Åsnes. Eg har også hatt Cecilie og Nansen ved sidan av kvarandre, Cecilie er mjukare. Det samme finn du om du leita på UTE's fjellskitest som er nokre år gammel. Alle skia er gode ski, men til allround som du skisserer ville eg som sagt vurdert Nansen eller Gamme for. Mi definitive favorittski er Amundsen, men den er no noko meir einsretta mot km.
  2. Av alle ski eg har prøvd er Nansen og Finnmark truleg dei beste allround-skia eg har hatt. Finnmark er Gamme utan stålkant. Eg har Nansen, Amundsen, Finnmark og eldre Fischer e99 og e89. Har tidlegare og gått på lånte e109 og Ingstad. Gjer alt frå bratte vårskiturer på Vestlandet til lengre turar med pulk, og skulle eg valgt ei ski til alt ville det blitt ei av dei to som eg nevnte innleiingsvis (eller Gamme om ein er utan hund).
  3. Frå Grotli kan du gå ut i 1000 meters høgde. Tafjordfjella frå den kant og Breheimen sør om vegen er båe ganske snøsikre områder, og går ein seg innover mot til dømes Danskehytta går ein mot 1500 moh. Så er nok fleire områder enn Hardangervidda osm kan funke på den tida.
  4. Kjem an på kva du skal bruke den til. Bein kant flyttar snø betre. Spisst/runda blad sprenger bedre. Eg foretrekker t-skaft fordi eg får holde betre ved større gravejobbar, og kan enklare skifte grep. Dei framstår også ofte som meir robuste.
  5. Erfaring med Keron 3GT er at det er eit botnsolid telt som står av stormen. Evt føyke inn i teltet på slike dagar unngår du greit med å spa snø inntill duken. Personleg synes eg dei har blitt dyre, så når mitt skal byttes ut vil eg vurdere helsport. Då vil eg vurdere pro med extremestenger, framfor extreme, fordi eg ikkje e så gla i desse mattene.
  6. Hardangervidda er flott. Likeins Tafjordfjella i Reinheimen. Byd på litt anna type terreng enn det ein finn i fleire av dei meir "brukte" fjellområda. No veit ikkje eg kvar du bur i landet, men Sylan er jo også eit vakkert område, som eg har til gode å vitje på vinteren, men ser veldig flott ut!
  7. Mja, det er to grunnar til at eg likar to-posesystem. Det eine er kondenseringspunkt og lett tørk av yste lag. Det andre er når dunposen min nermar seg marginane for kva tid eg held varmen. Då er det først og fremst kuldepunkt under eg merkar mest. Då er det fint med eit lag "jamn" syntet" under, utgjer stor forskjell for meg i alle fall.
  8. Eg skal ikkje legge meg hardt borti dine vurderingar, men tenkjer at du bør vurdere å ta med deg i alle fall 1:100 000 kart for desse områda i tillegg til Gps. Mi erfaring med GPS er at det er vanskeleg å til dømes legge om ruta ut frå kartet på desse. Det er også slik at elektronikken kan feile. Kva då?
  9. Kan eg få spørje kvifor du tenkjer det ikke er naudsynt med kart og kompass i sørnorge?
  10. Kjem no litt an på kva tid på vinteren det er og kva type tur ein er på. Eg er glad i å vere mykje i bevegelse og ha lange dagar på skia så sant det er mogleg. På seinvinteren betyr det tidleg på og seint av Då er det superdeilig dei gongane ein berre skal koke vatn og ikkje smelte først. Det er også forskjell på antall pers. Me er som regel to pers per telt og brenner. Vatn til pers tek tid.
  11. 2 kg bensin er for meg 8-10 dager med bensinforbruk om ein berre skal tenke snøsmelt og kok. At det tek tid derimot, er eg heilt med på! Eit lett isborr, eller ei øks, kan spare ein for mykje tid. Likeins å gå nokre ekstra meter for å komme til eit utos eller stader der ein lettare kan komme til vatnet.
  12. Exactly my point. Og noko av det som ryk tidleg er kontrollen over fingrane og hendene. Då vert vidare tiltak vanskelige.
  13. Det veit eg, det med selar er jo litt vanskeleg. Og det er også individuelle forskjelar innom samme rase difor er jo målemetoden på Seleverkstedet så fint, der tek ein litt meir enn berre hals og rygglengde. For, mål og passform er vel to sider av samme sak ? Uansett ikkje meininga å fylle tråden din med irrelevant stoff.
  14. Å bli nedkjølt av vatn er noko av den mest effektive nedkjølinga som finnast, det trur eg dei fleste som har vore i fjellet i skikkeleg regn, har padla kano/kajakk og drive med eigenredning/kameratredning kan skrive under på. Eg har rimeleg grei toleranse for kulde og ver, men ville nok ikkje lagt ut på tur over tid utan ei skall/regnbukse. Får du dei rette forholda, 2 grader og sidelengs regn/sludd, er dette forskjela på om du kan gå, eller om du endar opp med å ligge i teltet fordi soveposen din er det einaste varme du har, og teltet det einaste vasstette Med det fjellveret me periodevis kan ha, spesielt i fjella som ligg mellom aust og vest, anar eg potensiale for ein heil del dagar utan forflytning, om ein ikkje har vasstett på overkropp og underkropp.
  15. Knorr har veldig gode supper, i litt mindre porsjonar enn Toro. Eg har god erfaring med å blande ut suppepulveret i halve vannmengde varmt vatn, og la den svelle over tid. Så fyller eg på resten av vatnet, eventuelle kjøttbitar og evt potetmospulver når eg skal ete.
  16. Eg har ikkje erfaring med RR, men kan i alle fall seie noko generelt om selekjøp. Det beste du kan gjere for å finne god sele til hunden din er å måle den skikkeleg. Seleverkstedet.no har mellom anna ei ganske grei "oppskrift" på korleis du skal måle. Så er det diverre litt ulikt mellom ulike merkjer korleis dei oppgir cm-måla på sine selar, så kan vere greit å sende ein e-post om ein er i tvil, gjerne med måla frå din hund. Handlar du frå "spesialistar" vil du få skikkeleg svar, handlar du frå ein veldig generell internettbutikk med stort vareutval er det større sjangse for at du får nokon på tråden som berre ser på den samme tabellen som du sjølv kan sjå på. Seleverkstedet, troll og minipina er døme på flinke folk med "få" men gode produkt, som dei har kjennskap til (sikkert andre også). Manmat er eit merkje hvis selar er ganske korrekte i forhold til oppgitte mål, så dei går fint å handle ut frå "tabell". Dog anar eg ikkje korleis desse måla er i forhold til fasongen på en RR.
  17. Eg har også handla kart frå Danmark, og direkte frå butikk i Nuuk. Så ymse moglegheiter alt etter kvar du skal?
  18. OT, men bruk av pels frå human jakt/fangst på jaktbare artar, og som ein del av ei total utnytting av eit bytte synes eg er både ynskjeleg og bra. Elles enig i resten. Det er forkasteleg, og om breen truleg smeltar uansett, så er det ikkje det som er det springane punkt, men det å aktivt ta nokre standpunkt til ein galskap utan sidestykkje.
  19. Mja, etter å ha prøvd produkt med ulik spenst er mi personlege oppleving at eg nett pga den komprimerbarheita lettare får kuldebroer og kollapser som resultat av press. Posen eg har likt definitivt best av mine dunposer har berre middelmådig dunkvalitet. At det er mi oppleving gjer det dog ikkje allmengyldig, det skal mykje til for noko er
  20. Har sette desse i bruk på turkamerater også. Ser bra ut, men har nokre gonger tenkt på at det ikkje er frakt for vatn baketter? Har det noko effekt? Får kanksje frakt på sidene.. Elles er det nok forskjell på fleirdagers og dagstur på dei intelligrip, utan at eg hugsa kva det går i, men ei venninne og også @tronn har prøvd desse på lengre tur, synes å hugse det funka berre middels. Har du brukt dei over dagar @Lompa? Etter å ha sett desse i bruk, og sjølv brukt smale mohairfeller kappa ved hæl, held eg ein knapp på siste, men greier ikkje heilt gjere rede for kvifor. Hadde berre stola meir på siste løsning, over litt tid.
  21. På ski uten kortfellesystem har eg hatt to par feller. Eit par lange feller i passe breidde til bratt/mykje laussnø. Eit anna par langfellen, relativt smale kappa ved helen. Kjøper du desse i ein mohair eller mixvariant og har på glider på fellen er det ganske god glid sjøl om du har fell også framom festesona. Til gjengjeld slepp ein bremsing av felle festet. Å kappe langfellen kortare og kortare utetter turen og ende med Langfell kappa under fot, var ganske vanleg før på Grønlandsturar, der festebehovet minkar etterkvart som ein stig opp på isen Eit konkret felletips er Silvretta mohairmix. Desse synes eg har grei balanse på slitestyrke/glid. Du får dei ganske smale.
  22. Har brukt å kombinere 600 med ein tynn syntpose med comfort + 12 eller deromkring. Temp toleranse varierer jo litt med perioder og form, men det funkar til nedpå mellom - 15 og - 20 ein stad. Kaldaste eg har hatt i den kombinasjonen trur eg var tur i januar med et par og tjuge minus. Var overraska når eg vakna over at eg hadde sove gjennom natta i den tempen med dei posane. Mengde kle og evt varmeflaske varierer litt med luftfuktigheit, dagsform, tilstand på pose, lengde på tur osv.
  23. Fischer sitt smørefrie har tidlegare gått for å vere det beste men eg har ikkje vore borti smørefrie ski frå Åsnes av nyere dato så ana ikkje koss dette ligg an i dag.
  24. No er me godt OT. Men eg e samd. På siste tur frå Finse og nedover vidda hadde me langt meir dekning enn eg har vore van med, me gjekk lenger aust enn eg var gjort før. Med mykje ver blei det til at me nytta dekninga til vermelding m.m. Eg hadde ein finfin tur, men mista litt av distansen som eg ønsker, når eg fleire gonger hadde en touch til verda. Ein merkjeleg opplevelse, og neste gong eg går i områder med så mykje dekning blir nok telefonen å ligge avslått nedst i ein pakkpose, så får eg forholde meg til det som oppstår som det er, i alle fall i størst mogleg grad.
  25. Tenkjer som deg om dette, i grove trekk. Hadde samme samtale med kompis for et par dagar sidan, med akkurat samme tema. Han landa ned på Pro. Eg vil også gå for Pro, dersom eg ikkje skal ha nytt Keron når mitt noverande utgår. (glad i Keron men synes dei har blitt veldig dyre).
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.