Jump to content

Tessatroll

Moderators
  • Posts

    3,253
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    51

Everything posted by Tessatroll

  1. Oppbevarer også mine dununderlag liggande tørt med opne ventilar. Innbiller meg at det gjer godt.
  2. Eg har ikkje opplevd det som eit problem. Eg er på mitt andre exped down pump 9. Har brukt dei mykje og i nokså streng kulde (noko og tredve minus på det kaldaste om eg ikkje hugsar feil).
  3. Eg hadde også smått om plass ein periode. Eg fann ut at eg hade litt å gå på i høve å henge opp ting på vegg/i tak. Eg ragar dog 166 cm over bakken så at ting heng frå taket inntil ein vegg på ei lita bod plagar meg ikkje 😅.
  4. Skalljakke over fotenden funkar fjell for meg.
  5. Reinheimen er meget nice, og noko av det beste er den manglande dekninga synes eg 😁
  6. ....for ikkje å snakke om at eg har kome til hytter der ein del reinsjegerar har hatt tilhald, og fått stallsjokk (utan at det vil seie at alle reinsjegerar er slik).
  7. Dette har eg og sambo snakka ein del om. Det går båe vegar. Det han synes er høveleg stivheit blir "stålrustning" på mine bein og omvendt.
  8. Kvinnesko har ofte smalare hælkopp, evt smalare all over. Alpinstøvler og skotøy som går oppover leggen er forma til kvinnelegg, som ofte er kortere og gjerne "tjukkare" lenger ned enn ein herrelegg (mellom anna gjerne kortare skaft på til dømes ein randostøvel).
  9. Her erfarer eg noko anna. Eg har monge gonger fått banka ned mine Hilleberg y-pluggar der eg ikkje får skyvd den ned med foten. Dette er spesielt enkelte stader i fjellet og på Svalbard, der eg opplever at pluggen "skrur" seg ned og finn vegen mellom ujamnheiter og småstein ved banking der den berre "stoppar" når eg skyv. Elles synes eg dei største utfordringane er å få plugg til å sitte ved bruk av tarp i vind og ved laust underlag (typisk der eg legg store steinar på plugg for å unngå at dei kjem oppatt). Men der gjorde siste episoda i podcasten til villmarksliv meg merksam på MSR sin cyclone. Denne er dog hverken lettpakkarplugg eller titan, og difor OT.
  10. Har berre herre ja. Eller unisex. Som i praksis er herre berre at modellen går over fleire storleikar. Sendte epost til Ravnø for eit års tid sidan og spurte om det kom damemodellar, men det var det per då ikkje planar om.
  11. Berre for å få musklane til å jobbe avslappa ved tunge dagar, ei "vanleg dose" frå morgonen/avmarsj, altså før tungt arbeid. Ein Ibumetin og ein Paracet (500 mg) eller 1 til 2 Paracet. Som regel ikkje påfyll, men kjem litt an på lengda på dagen. Ein Paracet eller to på kvelden for å slappe av om natta. Hjå meg er det litt ulikt kva eg brukar, mengder og kva tid, etter kva tur eg er på og om eg har betennelsestendensar eller ei. Dei fleste turar går føre seg utan, men det er ei god hjelp dei gongane behovet er der. Eg må dog presisere at alt dette er i samråd med lege og med utgangspunkt i min helsestasjon
  12. Hadde vore supert om det var damefasong. Herremodellar høver meg sjeldan. Og då snakkar vi ikkje om at det skal sjå bra ut, men faktisk ha ei passform som kan fungere 😅
  13. Eg meinar ikkje noko meir avansert enn Paracet eller Ibumetin, som også har muskelavslappende effekt. Skal faktisk korrigere det i innlegget mitt så det ikkje blir misforstått.
  14. Følger. Synes også dei fleste turbukse i dag er for lite slitesterke over baken.
  15. I samband med ein tur fekk eg for nokre år sidan anbefalt frå lege (med spesialisering på tur/felt) å ta smertestillande og lett betennelsesdempande forebyggende før tunge etappar (Desse har også muskelavslappende effekt. Eg hadde trøbbel med føter + eit trøttheitsbrudd kort tid før avreise). "Det er ikkje dopingkontroll på innlandsisen" fekk eg humoristisk formidla. Det funka fjell for meg over 4 veker med relativ tungt belastning, i kombinasjon med tape og sålar frå ortoped. Etter dette har eg det som eit ess i ermet om eg har noko trøbbel i kroppen. Dersom det er først ved avslutta aktivitet at eg kjenner det (stivnar i eit bein), tek eg heller ein paracet på kvelden, slik at musklane får slappa av godt av og restituert om natta. Brukar fint lite medisinar elles, har fine leververdiar og lege og fysioterapeut som er nokså klare på at litt bruk av Paracet og Ibumetin i periodar/ved belastning er langt å foretrekke framfor inaktivitet. No har eg feltarbeid gjennom sommaren, med eit bein som eigentleg skulle vore operert (blir nok til vinteren). Då er ein pakke Paracet og Ibumetin obligatorisk. Så lenge ein nyttar det med vett, i samråd med helsepersonell og med eit klart formål, så tenker eg for min del at det er supert, om alternativet er å bli sittande på rompa.
  16. Kjøpte denne til dotter mi, supert konsept der både grill og gass går i kofferten. Kofferten kunne dog vore av betre kvalitet.
  17. Spesialbagasje. Det kan også vere smart å investere i en ryggsekkbag eller bruke ein stor og solid plastpose på. Då unngår du at personell kastar rundt på ting etter reimane og at ting sett seg fast. Dei fleste store ryggsekkmerker sel slike transportbagar for sekk, eg har ein frå Bergans som er stor, god og solid. Fjellreven og Osprey har også.
  18. +1 Å snøre stramt har aldri funka for meg, eg får også meir trykksmertet i hælane av det. Eg går med ganske lause sko, både fjellstøvlar og skisko. Snørar hardt berre dersom eg absolutt må ha heilt presise sko.
  19. Eg har brei fot og trøbbel med å finne sko, keen var faktisk litt vel mykje volum i for meg. @Sig Man synes dog hans nye var digg. Elles har både Hanwag og Meindl modellar med brei lest og/eller strait fit for storetå.
  20. Eg plar tre skalljakka over fotenden om det er veldig vått/fuktig
  21. Dersom ein vil ha ein varig vektnedgang må ein syte for nok proteinar, slik at du ikkje mister muskelmasse (og kvile forbrenninggår ned). Å ligge så lågt som du har gjort no er ikkje tilrådd av nokon eg veit om som arbeider med ernæring, men om du først gjer det så syt i alle fall for nok proteinar og bra med feittsyrer, vitaminar og mineralar Nøtter er ei fin kjelde til proteinar og gode feittsyrer, likeins bønner, linser, magert kjøtt og fisk. På tur kan det vere ei fordel med nøytralt proteinpulver i maten om du mistenker at det blir for lite totalt. Proteinar har i tillegg til å mette godt høg termisk effekt, og er effektivt for å motverke frysing. God tur
  22. Kjøpte ei ny t-skjorte i vår, type Smartwool Active ultralite short sleeve. Ull og tencel. Sidan eg er i første sesong er det vanskeleg å seie noko om slitestyrke, men det er i alle fall den svalaste tskjorta i ullmix eg ha prøvd. Blir fleire på meg.
  23. Hugsakje namnet, kan evt sjekke. Skal plukke opp nokre golvtepper der i veka. Leverar til Elverum som anten rensar sjølv eller sender vidare til Løiten alt etter kva produkt det er tale om. Hadde også nett inne ei dunjakke til renseri, den leverte eg på Vinterbro på Alti, men ana ikkje kven dei brukte. Vart i alle fall greit.
×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use, and privacy rules Privacy Policy