Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Støttar denne 100 %. Både eg, som har leia grupper på hobbynivå, og andre som eg kjenner som arbeider meir profesjonelt med guiding, held ferdaråd på "automatikk". Så varierer det litt korleis eit slikt ser ut, i ulike grupper og avhengig av ansvar. Men ferdaråd, absolutt i bruk! Og veldig fornuftig, på så mange plan. Men, eg har også fleire gonger opplevd å ta initiativ til ferdaråd der eg har fått rare blikk. Dette har vore i grupper utan ein særskilt person med ansvar, då eg synes det kanskje spesielt då er viktig. Og enno viktigare om ein ikkje kjenner kvarandre. Både for å vurderer forholda saman, og ikkje minst samordne utstyr. Treng ein verkeleg 10 førstehjelpskrin? Eller, korleis går det utan eit einaste skrin? Kor mange spader har ein? Osv. To gonger har eg opplevd å vere på tur der nettopp den gjennomgangen, og vurderingane vi gjorde saman, har berga oss, om ikkje frå noko så dramatisk som døden så i alle fall frå stort ubehag 😅. Og ein gong har ein person med klaprande tenner og glukogentomme lager takka for nettopp den gjennomgangen som førte til at vi hadde med nok og rett utstyr og mat til å greie oss gjennom Ragnarok (ein tur for venners venner der ingen hadde særskilt ansvar). Tilbake til temaet om formelt ansvar. For ein del år sidan så tok eg turleiarkurs både sommar og vinter gjennom Dnt, og har leia nokre turar for dei. Har også fått stifte kjennskap til dei særleg omfattande HMS skjema som vert brukt. I FORKANT av turen. Som forsovidt er greie for å bevisstgjere og fremje scenariotenking. Eg meiner likevel at deling av vurderingar og kommunikasjon undervegs er noko av det viktigaste tryggleiksarbeidet ein gjer på tur, og at det er menneska som utgjer det viktigaste leddet i tryggleikskjeden. Den kjeden krev løpande vurderingar. Dette krev ferdigheiter og erfaring. Og det er vel kanskje der utfordringa ligg. Kor strenge krav skal ein stille til ein organisasjon med friviljuge turleiarar? Skal det bli umogleg for ein organisasjon å invitere til fellestur utan ein skolert og utdanna fjellførar med ørten års erfaring? Eg synes ikkje det skal vere slik. På eit eller anna tidspunkt må folk ta ansvar for seg sjølve. Det får vere grenser for "pampering", for å bruke eit godt norsk uttrykk. Men, eg meiner også at Dnt sitt utdanningsløp for turleiarar har litt å gå på (hadde i alle fall, mogleg det er endra no). Hugsar at eg den gong då tenkte at eg synes den turleiarrolla med ein "stolt gangar" i front eller bak eller begge deler, var meget utdatert. Og sakna at Dnt vektla meir den turleiarrolla der kommunikasjon og informasjonsdeling er ein naturleg løpande prosess. Eg veit at ein del turlag som gjennomfører tøffe turar i krevjande/alpint terreng har rutine for å ringe til kvar deltakar i forkant for å bli betre kjent og prøve å danne seg eit bilde av om vedkomande er tilstrekkeleg rusta for turen. Slik kan ein kanskje unngå dei største blemmene. Det minkar dog ikkje behovet for ferdaråd og løpande kommunikasjon, med deling av informasjon, observasjonar og vurderingar.
  2. Har bytta inn på reklamasjon fleire par Åsnes Nansen pga det samme. Det er dog nokre år sidan, mogleg dei har kome seg no. Eg har elles nokre Amundsen som har fått vanvittig ned juling, og framleis heng saman. Med juling meiner eg at eg stort sett labbar overalt med ski på beina. Eg gidd ikkje nødvendigvis ta av ski i steinete terreng, eller over ei kryssing av barflekk. Så eg labbar over det meste. Sjølv om ein i teorien skal vere meir forsiktig på langtur, spesielt når ein ikkje har høve til å ha med reserve, så er mi erfaring at når ein er i "jobben", anten det er i eit krevjande brefall eller medan ein arbeider for å få med seg alt over eit elvedelta med vekslande føre, så brukar ein skia for alt dei er verdt. Det har mine Amundsen overlevd.
  3. Har du vurdert å ta ein nett og hendig dunpose til dame og putta den inni fiberposen? Då får du duna som går fortare å varme opp nærast kroppen, og duna kan fylle ut holrom. Dette føresett sjølvsagt at det er plass inni fiberposen, slik at duna ikkje blir for komprimert. Elles så kan du sjekke ut roberts.pl. Fleire av deira varmare posar kan bestillast i XS.
  4. Tippar det er tale om bremsetau. Finfin serie (dog galskap med truger 😂).
  5. Vi avsluttar klimadiskusjonen her og no. Funnet er i utgangspunktet veldig interessant, så me vonar me slepp å stenge tråden fordi den sporar av i diskusjonar kring klima på eit nivå som ikkje er relevant for funnet. Moderator.
  6. Eg har ikkje kjøpt ei bikkje til (fordi vi tross alt planlegg eit kull, det berre ligg såååå langt fram i tid 🤭). Eg synes det er godt gjort, med tanke på at det har vore fleire flotte kull med grønlandshundar i Norge i år, og eg dånar nesten berre eg ser foto. Eg har heller ikkje kjøpt ein nordisk slede til, fordi vi strengt teke har ein garasje full av pulkar med og utan brems og slede. Men eg kunne tenkt meg ein god gammal av typen som var brukt til ambulansekjøring i Nordmarka. Fun fact (som eg fann no, på leiting etter eit bilde): Oslomarka trekkhundklubb hadde i si tid på det meste 20 spann på helgevakt i marka under skisesongen. Det er litt artig 😄 Elles så har vi ikkje kjøpt eit nytt nortent Gamme i polycotton, men der fryktar eg det berre er eit tidsspørsmål 😳
  7. PLB har vel vore eit krav før tidlegare. Og gjerne noko satelittbasert/iridium i tillegg, men ikkje utan PLB.
  8. Korleis rein oppfører seg varierer stort frå område til område, mellom anna grunna ulik grad av innblanding av tamrein. I Snøhetta vest til dømes, ville du sannsynlegvis (men ingen regel, som det sjeldan er i naturen), hatt ei anna oppleving. Der oppfører reinen seg annleis. Den er I Breheimen har ein både villrein og tamrein tilhøyrande Lom tamreinlag, så kva du såg kjem an på kva delar av Breheimen du var i. I tillegg er det ikkje så veldig lenge sidan villreinen i Breheimen var tamrein.
  9. Villrein og tamrein er same art. Om den er vill eller tam er i bunn og grunn eit spm om kor lenge dei har vore "domestisert" i form av fôring m.m. Så kan ein jo trekke det faktumet i den retning ein vil, alt etter kva standpunkt ein er interessert i å bygge opp under, og nyansere det sjølvsagt. Eg synes det er eit faktum ein bør ha med som eit grunnleggande premiss i diskusjon om rein.
  10. Eg har etterkvart både prøvd og brukt mange ulike skipar med pulk. Mi erfaring er nok ikkje at spenn er likegyldig. Sjølv med pulk er det stor forskjell på å gå med ei ski som gir deg litt att for trykket du legg i skia, og på å gå med eit par "daue sild" under beina. I valet mellom dei to modellane du nemner, ville eg definitivt gått for Finnmark, gjerne med litt god lengde.
  11. Heldig du. Hjå meg trur eg det ville fordra ei tørr og mørk bod på 120 kvm ish... Mi erfaring er at oppbevaringskrava til ulike typar turutstyr er forskjellig, og eg har ikkje plass til å oppbevare absolutt alt tørt og mørkt. No har eg ikkje like mange aktivitetar som før, då eg ikkje bur ved kysten lenger. Eg har difor kvitta meg med havdlepadle - og dykkerutstyr. Men det er likevel en garasje full av trekkhund utstyr, og bodene/kjellar full av klatreutstyr, jakt og fiskeutstyr (med det som krevst av oppbevaring av våpen og optikk), alle variantar av ski, syklar, sekkar og pulkar i fleirtal, samt alt av overnattingsutstyr for sommar og vinter. Når eg tenker meg om hadde det vore mest fornuftig å flytte turutstyret inn i huset og sjølv bu i telt i hagen 😆
  12. Altså, tilgje meg for avsporing, men eg er dønn imponert. Eg hadde også trengt å vite det når eg pakkar, men det fordrar at ein veit det når ein lagar lister. Den dagen eg har nok oversikt over kvar ting er gøymt i kaoset heime til å fylle ut ei slik kolonne, så sprettar eg champagnen!
  13. 5 veker. Lengtar ikkje heim direkte, men gler meg til å sjå ungane mine. Hadde eg fått sett dei hadde vel svaret vore aldri, trur eg?
  14. Då trur eg me bevegar oss i VELDIG ulike miljø. Eg er meget oppteken av funksjonalitet, og det same er dei fleste/alle kvinner eg kjenner, som driv med friluftsliv. Friluftsbransjen derimot, har i mange år laga kle som om det du seier var sanninga, så den er eg samd i. Sanninga er dog at facebookgrupper for kvinner på tur, jakt osv er smekk full av kvinner som fortvilar over manglande funksjonalitet og passform. Sjølv har eg kapitulert, og kjøper no kle med rævva passform men god funksjonalitet og så brukar eg pengar på å sende dei til skreddar eller systue for tilpassing. Har faktisk brukt fleire tusen på det berre siste året. Og smock er noko av det som definitivt er etterspurt med passform for kvinner. Løysinga er truleg å ta symaskinen fatt, for dinosauroppfattelsar av kvinner på tur og jakt heng så hardt i, at det ser ikkje ut som det er lys i enden av tunellen førebels. Skal ein først prøve å få kjøpt noko som kan passe "rett frå hylla", er mi erfaring elles at amerikanarane er flinkare på jaktbekledning til kvinner enn dei fleste europeiske og nordiske merkjer.
  15. Elles har petzl også liknande modellar, som kan byggast om. For båe merke gjeld at ein kan velje alu framme/bake eller alu/stål.
  16. Mange stegjernsmodellar kjem med tilbehør og moglegheiter for ombygging, det gjeld også desse
  17. Det enkle svaret her er at det kjem an på 😅 Det går litt på breens karakter, rute osv. Normalt skal det mykje til før eg prioriterer stegjarn på ein skitur på "storbre" (men eg har gjort det). Skulle eg ta med noko for feste er det som regel dersom eg får strekningar til fots eller skal på ein topp som kan bli litt glatt. Då er det sjeldan behov for dei tunge blåisjerna i stål, og eg tek med broddar. Evt. kan desse vere eit alternativ, dei finn nok vegen ned i mi handlekorg på seinvinteren:
  18. Har variert mellom 400 og 1000 alt etter kor omfattande arbeidet er. Har fått gjort alt frå å lappe hol til å skifte glidelås i dunjakke, sydd om skalljakke for å få betre damefasong m.m. Det siste var kanskje det dyraste, utan at eg hugsar nøyaktig sum. Men, når ingen nordiske leverandørar greier sy hverken lange skalljakke for vinter eller skikkeleg jaktbekledning til kvinner, så må det til.
  19. Har fått reparert jakker både hjå Barents og sømhuset.
  20. Dette! Vår Floke, som var 1 år no i august, er likeins, og også ei liiiiitta tålmodsprøve på tur om dagen. Skikkeleg tenåring 😂 Kven er Grønlandshundane dine frå forresten?
  21. Godt tips! Takk!
  22. Har fulgt dette prosjektet nokre år, og ynskte meg (og fekk) denne bileteboka til jul eit år. Foto og fakta. Veldig fin bok! https://www.carstenegevang.com/qimmeqbook#:~:text="QIMMEQ - The Greenland Sled Dog" is,dog breed and the people surrounding it.
  23. Gratulerer med vel gjennomført tur!
  24. Meindl har breie modellar. Kayland Globo er brei. Lundhags har også nokre modellar med ganske brei lest. Dei har også god informasjon på sine sider om dei ulike lestane. Desse kan dog vere litt låge på rista, så dersom du har både breie føtter og mykje volum kan dei likevel bli litt trøblete. Eg har brei men låge føt (omlag som ei and) så for meg funkar dei.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.