-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eg er usikker på om eg vil tilrå å begrense væskeinntak? Då bør ein i tilfelle vite at ein er rikeleg hydrert/kjenne kroppen sin godt, noko som for mange er vanskeleg å få til på vintertur. Å halde blodvolumet oppe er nokså vesentleg for å halde varmen og dels for å unngå muskelkramper (kanskje spesielt ved hardt arbeid).
-
Det er eit vanleg fenomen at spesielt kvinner frys på rompe/hofte. Me har lagra litt meir feitt der enn menn, og det er dårleg med blodårar i feitt. Eg har to hovudpunkt for å deale med det; eg syter for å ha liggeunderlag som ikkje gjer at rompa, som er mitt tyngste punkt, synk så langt ned mot bakken at den skaper kuldepunkt (tjukt underlag er tingen med andre ord, og dersom du brukar oppblåsbart er det lurt med ein skumplast oppå, då det oppblåsbare uansett vil gi noko etter under det tyngste punktet). I esktreme tilfeller der eg balanserar på grensa med valg av pose opp mot temperaturar, brukar eg ekstra påkledning på rompa, gjerne eit syntet varmeskjørt som eg også brukar i pausene osv. Dette er spesielt viktig ved bruk av dunpose, då dei ofte får kuldebruer på presspunkt, samme kva pris og levarandør lovar. Utover dette kan det vere godt med ei par knevarmerar for å hindre varmetap frå knehasane, samt ei nalgene eller anna type tritanflaske som du kan fylle med varmevatn og nytte som varmeflaske gjennom natta. Å drikke nok slik at blodvolumet held seg oppe, og ete feitt og proteinar i tillegg til karbohydratar er viktig for å halde "motoren" og varmeproduksjonen i gang, og det er viktig å få av seg både "tiss og bæsj" slik at ein ikkje nyttar unødig med energi på å varme "på driten". Bokstaveleg talt. Ikkje legg deg kald i ein kald pose og forvent å bli varm med det første. Det kan samanliknast med å legge ei kald pølse i ein kald thermos, og forvente at den vert varm. Nesten.
-
Syntet ytterst er min praksis, med grunnlag i nevnte punkt. Dette med det ekstra luftlaget er det eg avogtil omtalar som at 1+1 blir 2,5. Altså, utan at eg har rekna på noko som helst, så får ein eksra effekt ikkje berre av den ekstra posen, men også av det ekstra luftlaget. 2 posar er dermed meir effektivt enn ein skulle forvente i utg pkt. Eg driv for tida og "sparar" på ein verstingpose eg har liggande, til eg skal på langtur, og brukar difor det som eg tidlegare har brukt, ein tresesongs dunpose og syntetpose utanpå. Ein warmpeace viking 600 og ein helsport lom held meg varm langt nedpå dei blå. Litt etter dagsform, "fitness" (muskel/feittbalanse for perioden) held det oppsette til mellom 15 og 20 minus, føresett eit skikkeleg underlag.
- 70 svar
-
- 2
-
-
Har ein MSR XGK EX og kunne ikkje tenkje meg noko anna på turane der stabilitete, pålitelegheit og enkel "mekk" er viktig. Plar kalle den traktoren. Og eg ikar traktorar Har elles brukt både Dragonfly og Whisperlite, og likar dei også godt, men det er liksom traktor`n som går av med førstepremien gang på gang. Mtp pumpa synes eg ikkje det er noko problem. Når eg tek den av flaska pakkar eg den ned i ein plastsylinder eg ein gong kjøpte nokre gummistrikk til trening i. Den funkar fint for å skåne pumpa mot bend, og når eg då i tillegg legg den nedi kjelen så er den godt beskytta.
- 62 svar
-
- 1
-
-
- bensinbrenner
- multifuel
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Dette høyres voldsomt ut! Det er jo meininga du skal kunne stå godt i støvelen din, og trykke ned i skia. Dersom du ikkje kan det, må du få sett på det og evt gjort noko med det. Er det mogleg å flytte festet for powerstrapen for å få meir å gå på, eller er den på yste stillet?
- 5 svar
-
- randonee
- vinter topptur
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Det funkar fint med litt glider på fellane, er vel i bunn og grunn glider Montana sel som "felleimpregnering" er det ikkje? Denne gor i alle fall betre gli med framleis godt feste. Elles brukar eg smurning og kortfellar om kvarandre og har aldri opplevd det som problematisk. Er det høve for å gå utan fell riv eg dei kjapt av, og sett dei på att ved behov for feste. Det tek jo ikkje lange tida, 1 minutts tid. Går eg med venner eller sambuer gidd eg ikkje eingong ta av skia, men me slemger opp skia til kvarandre og riv dei av/festar.
-
Enkelte områder i Tafjordfjella er også eigna til slikt, og har ofte betre skiføre i høgda enn Rondane som eg synes har mykje hardt føre i høgda på det jevne. I Tafjordfjella sør er det gode tilhøver no, og fleir av dei snille toppane der ein kan legge trygge ruter er lett tilgjengeleg frå Rv.15, spesielt når ein er open for overnatting.
-
Ikkje i dag, men forrige helg, ein liten rapport frå Tafjordfjella. Ei smilande blid dame til turfølgje, og ei smilande blid dame bak kameraet. (skjønt, den nattfotograferinga får eg aldri dreis på....)
- 4 598 svar
-
- 30
-
-
Eg var på tolvdagers vandretur saman med ei med Frisport Yaranga light sommaren 2015, og ho let vel. Meinar eg tagga ho i ein tråd med samme tema, så om du tek ein søkerunde på forumet trur eg du vil finne hennar brukarerfaringar. Hugsar ikkje anna enn at dei var god. Litt krøkk med oppsett i starten om eg ikkje hugsar feil, men det fekk ho orden på etterkvart, utan at eg i farta hugsa kva det var.
-
Eg forstår Var mest meint som ei feilslått morsommheit. Når det er sagt har eg til dags dato aldri opplevd hol på liggeunderlag som resultat av ting som stikk opp, og eg nyttar det nesten alltid med skumen på toppen. Ikkje ein gong på Prins Karls Forland, med til tider særs skarpt underlag (nærast umogleg å plukke reint ved etablering av leir) fekk eg hol på expeden. Fekk dog eit hol i botnduken ved eit høve der det var for mange kids på "hoppeslott"-party i vårt telt.
-
Kva er greia med å legge overmadrassen underst folkens? Eg nyttar wonderlandprinisppet; downmaten underst, skumplast av typen thermarest ridgerest over.
- 54 svar
-
- 3
-
-
Synes det verkar som du har supert opplegg med kidsa dine på tur Hald fram det gode arbeidet!
- 10 svar
-
- 1
-
-
Då er det mange som opptrer merkjeleg! Her på Sunnmøre er det ei nokså vanleg løysing med junior på tur, å la han/ho gå på langrenn/fjellski opp og kjøre alpinski nedigjen.
-
Det spørs kva du samanliknar med, alt er relativt. Samanlikna med langfell er det ein draum med kortfell. Men kortfell erkje det samme som smøring. Då kunne ein jo slutta med smøring Eg opplever ikkje dette så veldig problematisk. Når eg treng det feste kortfellen gir har eg dei på. Når eg ikke treng det brukar eg eit lite minutt på å dra dei av og putte dei i bukselomma/brystlomma. Treng eg ein sjeldan gang langfell (bratt og tung pulk/sekk) leitar eg dei fram frå pulken.
- 57 svar
-
- 1
-
-
Fjellski med og uten stålkant. Kjøper for mange med stålkant?
Tessatroll svarte på fiskekongen sitt emne i Vinterutstyr
Signerer mykje av det som er sagt, og tilføyer, at det avheng jo litt av terrenget også. I dag kom eg att frå Tafjordfjella der eg gjorde ei nedkjøring med pulk, som eg ikkje ville gjort utan stålkant, pga variert, vindherja snø i kombo med glasert. 250 høgdemeter med 20-25 grader helling hadde gjort meg nokså ferdig i fotblada trur eg, om eg ikkje hadde stålkantar til hjelp.- 33 svar
-
- 1
-
-
Kjøpte eit Robenstelt til tiåringen i bursdagsgave i fjor, kan sjekke typen nærare ved høve. Fekk det til fin pris, meinar det låg på omlag 2500-2800 og eg fekk det for omlag 2000. Eg var spent på teltet, og vart heldigvis gledeleg overraska over kvaliteten.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Samd i alt, med unntak av det med dun vs fiber. Altså, posen bør prestere betre.
-
Min første tanke var som Prebbs...Real er ganske salt, og kanskje ikjke optimalt for ein to-åring. Då ville eg heller gått for litt lettkokt pasta med ein feit og god ostesaus på eller liknande. Kanskje nudlar med ekstra kjøtt/pølseboitar i? Elles er jo varme ostesmørbrød alltid ein slager, likeins supper som ikkj er for salt. Fruktsuppe?
-
Pulkføre i Jotunheimen,Hardangervidda,Dovrefjell?
Tessatroll svarte på hhalvor sitt emne i Fjellvandring
Dette var godt å sjå. Eg skal oppover om eit par veker, og har vore småbekymra for tilhøva, sjølv om eg veit det fort kan snu, også frå gale til godt, slik som denne gongen -
Året er jo langt, og med alle moglegheiter rundt meg her eg bur, vert det nok fyllt opp av aktivitet både til lands og til vanns. Nokre "førehandsbestemte" turar er dog allereie spikra. Det vert Tafjordfjella til helga, Hardangervidda ein tur i feb., Børgefjell i Mars, ein tur i Rondane ein eller annan gong innimellom, gjennom Tafjordfjella med kids i påska, nok eit våreventyr på josten i Mai, og Grønland i august/september. Elles håpar eg på mange slakke ettermiddager på standplass i sol/klatreveggen, med blide kids, bål og fjordutsikt. Altfor lenge sidan eg hadde såre fingertuppar! Flotte turar på jobb vert det nok også, med spreke eritreerar i sunnmørsfjell. Målet for 2018 er også allereie satt: eg skal ikkje planlegge ein steikt tur! 2018 skal bli året for heimebasert reiseliv.
- 61 svar
-
- 3
-
-
En flott tur, med flotte folk!
- 61 svar
-
- 1
-
-
Jeg beklager om du oppfatter meg som kranglette, det var ikke meningen, min intensjon var og prøve nyansere litt, da jeg synes dine uttalelser var veldig bastante/ute av proporsjoner. Ønsker deg en fin dag, og at du finner en jakke du er fornøyd med.
- 14 svar
-
- 3
-
-
Jeg respekterer at du synes forslaget mitt er uten betydning/irrelevant, men jeg har problemer med å skjønne at tapede sømmer har betydd forskjell mellom liv og død i et ukjent antall tilfeller Jeg har også problemer med å betrakte fjellet som livsfarlig uten tapede sømmer. Det er mange andre ting jeg heller vil betrakte som farlig, for eksempel mangel på forberedelser, manglende erfaring, dårlig gruppedynamikk osv. Men det er min mening, du får gjerne ha din. Dette er et åpent forum
- 14 svar
-
- 10
-
-
Som tidlegare påpeika, så er det greiast med proffe folk på dette feltet, dog kan eg seie ut frå generell treningslære og grunnleggande anatomi, at du alltid vil gjere ryggen din ei teneste ved å styrke kjernemuskulatur. Magemusklar som er på g, og då meinar eg ikkje berre dei utanpåliggande "situp"musklane, men også dei djupe støttemusklene, gir ekstra piff til krummen. Det gir støtte til ryggsøyla, fin strekk på ryggmusklane, og kan tilogmed gi auka bevegelse i hofta som gir eit meir frigjort tråkk med større vinkel mellom lårbein og overkropp. Eh, om du skjønar. Trur ikkje dette er svaret på alt, men veit at det i alle fall ikkje skadar
- 15 svar
-
- 4
-
-
Enig i at det er irriterende å bruke penger på et plagg man er misfornøyd med, men krisen er vel ikke komplett i mine øyne, folk overlevde jo i fjellet før goretex tape var oppfunnet
- 14 svar
-
- 8
-