Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Stort sett samd men ikkje i dette. Etter at polet kom med grøne posar er slitestyrken slik eg opplever det vesentleg forringa. Nett vore på tur i eit par veker, og det gjekk hol dagleg. Hola blir også større en før. Opplevde det samme forrige vinter på lengre tur. Dette i motsetnad til andre tidlegare lengre turar, det eg har greit meg med eit par over eit par veker kanskje med ein tapebit eller to. Så i går kveld bestilte eg faktisk eit par dampsperresokkar. Det er uinteressant å drasse med seg 14 posar for to veker på tur.
  2. Høres no ut som en bra deal og bra allround-oppsett
  3. Veit at Devold har ein vindtett ullvest. Men kanskje for tung?
  4. Kjøpte eit par slike eg og, i fjor før ein 10-dagers tur. Traff det meste av føre, inkl ispanser, og må sei at dei imponerte!
  5. 88 under foten er fin breidde for allroundski. Har han stått mykje på ski vil han nok handtere breiare ski fint, også på krevjande føre, men 88 er i utgangspunktet greit etter mitt syn.
  6. Så lenge ein pluggar og tettar hola så er det stort sett ok.
  7. Eg tenkjer at eg i alle fall ikkje kunne tenke meg å ligge verfast i vinterfjellet med Ringstind. Ei heller Reinsfjell om det verkeleg ruska godt, i tilfelle måtte det vere med veret inn mot eine midtgangen, og ein del andre tiltak ift sikring. Skulle eg valt eit av dine tre alternativ til heilårsbruk også over tregrensa ville eg følt meg tryggast i eit soulo.
  8. Ja eg lånar vekk utstyr. Eg har funne at det krev mindre av meg å operere med tillit, for så å få en nasestyver ein sjeldan gong, enn å operere med generell mistillit til mine medmennesker. Det siste er rein energisløsing for min del. Sjølv behandlar eg lånt utstyr pent, steller det og leverer det tilbake i like god stand som når eg lånte, helst betre om mogleg. Men, eg har også vore uheldig eit par gonger gjennom eit "langt turliv" å gjere skade på andres utstyr. Då finn som regel oppegående mennesker ei minneleg løysing.
  9. S2S e supre. Slitesterke og tette.
  10. Har Keron 4GT. Har ikkje hatt ising i glidelås før denne sesongen, og det har ein del sesongar bak seg. På med litt silikon eller liknande så tenkjer eg det er greit. Når dette skal byttast ut (det har fått juling) står det også for meg mellom Keron 3GT og Spitsbergen. Eg kjem til å kjøpe det eg kjem over rimeligst. Gode telt båe to. Båe toler uver. Dersom det vert Helsport byttar eg bardunane til Hilleberg sine. Edit; det er også høgaktuelt med Spitsbergen pro med litt modifikasjoner. Eg e ikkje superfan av stormmatter.
  11. Brukar Nido som eg kjøper på Asiasjappe, samt ein litt feitare variant, kjøpt i samme butikk men hugsar ikkje namn.
  12. Her er i alle fall "mitt" lokale Røde Kors sin uttale kring tur/friluftsliv og Covid-19. https://m.facebook.com/story.php?story_fbid=1814784241988565&id=304693836330954 Dette samsvarar godt med det eg tenkjer er fornuft.
  13. Vi burde ha en funksjon for "likar tusen gongar".
  14. Ser den. Og mitt spm gjekk ikkje på diskusjon ny vs. gammel, var meir meint som eit spm kring kor relevant det eigentleg var med ein slik regel i gruppa, gitt slik og sann. At ein må forhalde seg til den gruppa ein er på tur med er klart
  15. Skjønar tankegangen, og ville definitivt sagt noko om til dømes plastspade i ein slik samanheng, då ein meir enn gjerne vil ha nok spader i ein utgravingssituasjon. Men, ift sender/mottager; dersom ein er ei gruppe føresett eg at ein er fleire enn 2. Om der då til dømes er ein i følget med gammel søker, og resten nye, så vil der, føresett ferdsel i kompismønster, vonleg vere fleire med " ny" søkar? No vart det mange føresetnader her altså, og eg skjønar poenget dykkar, eg berre tenkjer at like viktig som utstyr er no då nettopp ferdselsmønster. I ei gruppe vil jo bruk av kompismønster kunne bidra til at dersom ein vert teken, så er der fleire ressursar disponibelt for søk og redning. No rotar eg meg også ut på viddene og avsporar, så skal avslutte . Ikkje er det "my area of expertise" heller, men er no alltid greit å teste tankane sine.
  16. Du kan fint ha bedding på kortere pulkar, det har inga praktisk betydning.
  17. Me er kanskje litt ulike i kva me synes er enkelt? Eg finn Tracker 2 enklare enn Mammuten (lengde sidan eg prøvde Mammut dog). Men uansett, det me alle er samde om; den ein kan å bruke er enklast å bruke
  18. Eit element eg synes var greit å ta med når eg kjøpte, var at eg skulle ha ein for "vanlig dødelige". Dvs at eg ikkje treng alle slags fancy funksjoner som til dømes ein profesjonell guide vil ha. Dess meir trykkerier dess større sjangse for at eg går meg vill i funksjonar i ein situasjon der eg ynskjer å vere effektiv. Spurte då kjenning som arbeidar med fjellføring og kursing, og han tilrådde BCA Tracker. Nettopp pga at den er så enkel, og slik brukarvennleg. I kombinasjon med trening på å bruke den og ikkje minst graveteknikk, så har ein kanskje, om ein er heldig, gitt kompisen litt betre odds.
  19. Å glide fell hjelp betrakteleg. Elles ville eg kjøpt nokre av dei kalde voksane, blå ekstra, blå, grønn og polar. Ikkje noko hokuspokus å legge på, og ikkje eit problem å veksle mellom kalde voksar og fellar utan å måtte rense skisolen.
  20. Eg tenkjer at du kjapt vil kjenne at kontrollen med smøring er vel så god som me kortfell. Kortfell har ein tendens til å lugge i unnarennet, litt alt etter kva skimodell og smørjelomme du har. Eg har snørekjørt med to og tre trekkhundar, og føretrekk klart smøring for bedre kontroll. Kantane funkar sjølv om dei ikkje er av stål
  21. Eg personleg tenkjer at eit brukt telt av god kvalitet er eit veldig godt alternativ når eit har eit stramt budsjett. Her mellome anna er eit bra telt av annerkjent merke til fin pris : https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=173290214 Edit: beklager, glømte at du fortrinnsvis ville ha tunelltelt.
  22. Der er alltid ei trøyst med andres elende! Men frå spøk til alvor, reknar med balja og kronene kjem til sin rett ved tyngre last/lengre tur.
  23. "never trust a man in new and shiny gear" 😳
  24. Kjøpt meg ei fampete og overprisa badebalje. Dette for å lett kunne frakte rundt på andre meiningslaust dyre dippedutter som eg trur eg treng for å ha det fint på tur. Altså ein Acapulka scandic tour 150. Førebels brukt på ein helgetur med telt. Førebels ikkje overbevist om at det var verdt pengane ift parisbrett som eg har slitt ut nokre av.
  25. Hilleberg sel ekstra stangkopper som gjer at du kan sette opp innertelt åleine i varme. Ytterteltet kan du sette opp åleine i utgangspunktet. Skulle eg hatt eit telt som sku funke til det meste hadde eg prøvd meg på eit hilleberg nallo 2 med ekstra stangkopper til innertelt. Då har du til både vestland og pct.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.