Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Går sikkert an, berre å prøve vel? Sjølv nyttar eg bjørnebrød og andre liknande greier på turar eg veit er krevjande, gjerne kulde og lange dagar i kombinasjon. Då er ikkje sunnheitsgrad eit tema (for meg). På dagsturar/mindre krevande overnattingsturar lagar eg gjerne andre type barar, gjerne litt sunnare, utan sukker og slike mengder metta feitt. Typisk sukkerfri, heimelaga twix, eller barar med daddelmasse, honning, rista mandlar, havregryn og peanøttsmør.
  2. Ai, nokon skulle sagt... Ikkje la det stå for lenge fordi du trur det ikkje er steikt. Litt som med Brownies dette. Du trur alltid det er for lite steikt, men det er ikkje det. Litt alt etter kva ovn eg nyttar står det i etter oppskrifta, eller maks fem minutt meir enn angitt steiketid.
  3. Energitett og effektivt, gir både kort-og langvarig energi. Og endå betre vert det om ein nyttar meierismør
  4. Veldig mange/dei fleste posar går an å kople saman, så lenge dei kjem i høgre og venstre. Dun eller syntet?
  5. Eg har regular. Er 166 cm. Funkar findint. Blir den for kort får ein no fort kuldebruer. Det som dog kan vere litt dumt er om ho er veldig smal. Eg er ikkje veldig smal men synes likevel at warmpeace er heilt i overkant breie mtp å varme opp.
  6. Hagen sin er ein klassikar, og mykje brukt, også av oss som er lokale. Den andre er litt meir...turistretta? Altså, lite der som du ikkje finn på nett eller på ein reklameplakat. Kanskje grei dersom ein er heilt grønn på regionen og moglegheitene som er her. Den føreren har eg ikkje sett, veit ikkje kva som er i den, men om du skulle finne ut at du treng meir så send meg ein PM så skal eg sjå kva eg har slengande av PDF'ar og evt førerar frå klubb.
  7. Ymse heimelaga barar i mindre stykker, som du enkelt pakkar i folie eller matpapir og legg på lomma. Snickersbar med peanøtter kokkos og cornflakes m.m., bjørnebrød og daddelbarar med rista gryn, mandlar, honning og peanøttsmør er energitette og greide alternativ som smakar bra og funkar i det meste av temperaturar. Oppskrift Bjørnebrød finn du på nett, om du vil ha på dei to andre kan eg dele oppskrift.
  8. Let den berre bli våt. Ein får ved løping uansett vatn i skoa, før eller sidan. I en sko uten goretex renn vatnet ut att. Det gjer det ikkje i ein tett sko.
  9. Same på Sunnmøre i indre strok, og snøgrensa kryp stendig oppover. Fint også på ytre Søre Sunnmøre no, der er det snøfritt også på dei litt høgare toppane.
  10. Ja du kan nytte kokekaffe på primus.
  11. Warmpeace sel også ein fotpose i dun som du kan supplere med når det er kaldt, og fjerne når varmere. Kanskje det kan vere ein ide for breiare bruksområde på pose? Til dømes viking 900 og ein slik. Eg har ofte brukt ei tynn isolasjonsjakke som eg likevel har med, til dømes Arcteryx atom lt. Igjen med glidelås, trekk erme og hette inni jakke, og tre beina inni kroppen. Funkar gull, men er du lenge på tur og ikkje har med eit lite pulklass med sokkeskift blir det etterkvart drøy tåfislukt av jakka 🙈😂
  12. God pose. Likeins har Mountain hardwear nokrr syntetposar til fine prisar med ok vekt.
  13. Har opplevd det samme før ved reklamasjon, og det er feil, du skal ikkje betale for det. Hugsa ikkje kven eg snakka med og fekk fiksa det til slutt ift å bli kvitt kravet, men starta med leverandøren. Så eg ville teke kontakt med Tentipi. Anten får dei ta kostnaden eller så får dei ta det med aktuelle instanser ift at det er ei reklamasjonssak.
  14. Ja. Beklager, eg visste ikkje at dei kalla den tape, som regel e det patches eller repairpatch osv på dessa. Men ja, har prøvd dei du linkar til og synes ikkje dei held veldig bra, i alle fall ikkje på dunjakker med pertex osv i ytterstoff.
  15. Betre enn den du linkar til i innlegg som eg siterar
  16. Eg kan ikkje skilte med RAS sine dagar på nedoverski per år, men kan stadfeste at også for meg er korte ski uaktuelt, då eg opplever dei som mindre stabile. Hadde ein gong eit par veldig breie ski som var 5 cm kortere enn meg (på tilråding frå butikk). Desse kvitta eg meg fort med. Eg opplevde at den flaut som pokker men vart vinglete i fart, og det nappa godt i knea, spesielt når eg havna bakpå (som eg fort gjer under enkelte føreforhold). Mine ski er per i dag 171 (eg er 166). Eg kjem til å halde fram å kjøpe ski med eiga kroppslengde som minimum. Og ja, eg meinar 10 cm kan gi merkbar forskjell, men det kjem også litt an på sjølve skia.
  17. Kan sikkert brukes til å tape fiskestang også!
  18. Har brukt ein del 2 telt når hadde kids i oppvekst, men på enkelte turar vil ein gjerne ha kontroll på kidsa på natta. Brukte då mitt Hilleberg Keron 4 GT med 3 og 4 barn. Barn og ein vaksen i innertelt og ein vaksen i yttertelt. Dette har dog blitt eit skrekkeleg dyrt telt. Eg kjøpte det til ein heilt anna pris, og når eg likevel skulle ha nytt vintertelt og slik slo to behov i samme smekk. Litt tungt men med 4-6 på tur var det ikkje så aller verst kg per pers.
  19. Har brukt denne. Tape funkar betre.
  20. Stort sett samd men ikkje i dette. Etter at polet kom med grøne posar er slitestyrken slik eg opplever det vesentleg forringa. Nett vore på tur i eit par veker, og det gjekk hol dagleg. Hola blir også større en før. Opplevde det samme forrige vinter på lengre tur. Dette i motsetnad til andre tidlegare lengre turar, det eg har greit meg med eit par over eit par veker kanskje med ein tapebit eller to. Så i går kveld bestilte eg faktisk eit par dampsperresokkar. Det er uinteressant å drasse med seg 14 posar for to veker på tur.
  21. Høres no ut som en bra deal og bra allround-oppsett
  22. Veit at Devold har ein vindtett ullvest. Men kanskje for tung?
  23. Kjøpte eit par slike eg og, i fjor før ein 10-dagers tur. Traff det meste av føre, inkl ispanser, og må sei at dei imponerte!
  24. 88 under foten er fin breidde for allroundski. Har han stått mykje på ski vil han nok handtere breiare ski fint, også på krevjande føre, men 88 er i utgangspunktet greit etter mitt syn.
  25. Så lenge ein pluggar og tettar hola så er det stort sett ok.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.