Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    507
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Dei stillongsane eg hadde 10-20 år sidan, var utslitt 9,5-19,5 år sidan. Eg har ikkje inntrykk av at dagens stillongsar er verken meir eller indre holdbar.
  2. Eg meiner at vintertur med gassbrennar er galematias, brennaren vil svikte når du treng han aller mest. Skaff ein parafin- eller besninbrennar fyrst som sist. Eit telt som er påliteleg på snaufjellet i vinter-Norge er godt nok for ein Grønlandstur og omvendt. Dersom ein kan koma ned i skogen, kan ein lempe på krava, men då vert turen unødig kronglete og slitsam. Det aller viktigaste når det gjeld skisøvler, er at dei passar føttene dine. Så vel du bindingar som passar støvlane.
  3. Heilt riktig. Det er mange andre ting som er like viktig som kva slags bærande kontruksjon teltet har. Det er store, tunge telt og små, lette telt. Valget er gjerne om ein vil ha komfort i leir eller medan ein går. Storleiken på teltet er også avgjerande for kor stor teltplass ein må ha. Tunneltelt er tunneltelt. Det klassiske tunnelteltet har fortelt i begge endar. Det betyr at det er ganske langt. For å spare vekt, er det også tunneltelt med fortelt i bare eine enden, og innertelthøgda går mot null i bakkant, med dei ulempene det gjev. Ein modell som knapt kan kallast tunneltelt, men som likevel er ein fortsettelse av denne forenklinga, er småtelt med ei tunnelteltstang på midten og skrå ned i begge ender, som Hilleberg Akto og Helsport Ringstind. Kuppeltelt finnst i langt fleire variantar med forskjellig tal stenger på kryss og tvers og i ulik form frå langstrakt til nær sirkelrundt. Dei mest kompliserte, med mange stenger, kan vera temmeleg solide, men ei sann plage å sette opp. Dei aller enklaste er 2 stenger diagonalt hjørnemellom. Det fungerer godt på små telt, men vert lite solid på store telt. Dei fordelene som nevnt for eit kuppeltelt, treng ikkje gjelde for eit anna kuppeltelt. Mi erfaring er at det er dårleg plassutnytting i eit kuppeltelt, men i denne tråden plassutnyttinga nevnt som ein fordel for kuppeltelt. Det er ikkje bare telta som er ulike, men dei som skal bruke telta er også ulike. Og så er det kombinasjonar av desse konstruksjonane. Det kan vera kuppelkonstruksjon med tunnelfortelt og -inngang, eller tunnelform med kryssande teltstenger. Kombinasjonane er mange. Ikkje gløym at det finnst teltkonstruksjonar med rette teltstenger også, som hustelt og spisstelt. Er ein oppteken av låg vekt, er det mykje å spare på desse konstruksjonane.
  4. Eg er litt overraska over dei som vel kuppeltelt pga takhøgda, for sjølv foretrekk eg tunneltelt pga takhøgda. Dei kuppeltelta eg har vore borti, har ikkje vore høge nok til at eg kan sitje med rett rygg, i alle fall ikkje nær åpningen, og det kan eg i alle tunneltelt eg har vore borti. Eg likar også best formen på tunneltelt, men dette er sjølvagt heilt bare min personlege smak. Men viktigaste fordel med tunneltelt, er kor enkelt og raskt det er å sette opp, særleg når ein er åleine. Nokre kuppeltelt er veldig vanskelege å setje opp, andre er meir overkomlege, men ingen er så enkle og raske å setje opp som tunneltelt. Hilleberg sine kuppeltelt med krokar, er enkle å setje opp, men det tar lang tid. Kuppeltelt er tyngre, pga fleire stenger. Men det er enklare å stramme teltduken, så lydnivået er meir behagleg i vind. Det er også mange telt som kombinerer element frå tunnel og kuppeltelt. Dei fleste av desse har, etter mitt syn, kombinert ulempene frå begge telttypene.
  5. På fottur er det ingen problem. Men sekken er totalt ubrukeleg, i alle fall for meg, når eg går på ski.
  6. Han burde vite betre. Men han studerte på Institutt for uorganisk kjemi, og bensin/parafin er organisk kjemi… Struperøy har vore brukt i ulike variantar på brennarar opp gjennom åra. Mest kjent på forumet her, er vel Optimus 111T med sprit på tanken. Enkelt forklart er det eit lite røyr som vert plassert over dysa, slik at det ikkje kjem så mykje luft til.
  7. Akkurat det er feil, for parafinmolekyl er større enn bensinmolekyl. Eit parafinmolekyl har fleire karbonatom, og treng derfor meir oksygen for å brenne fullstendig opp. Derfor må parafindysa vera litt mindre for å få riktig blanding av parafin og luft i brennaren. Det er heller ikkje antal molekyl som bestemmer effekten. Det er litt, litt forenkla, antall karbonatom som bestemmer effekten. Derfor må bensindysa vera litt større for å få same effekt.
  8. Eg er av den formeining at eit telt skal vera grønt, og alle mine telt er derfor grønne. Hillebergtelt har eg ikkje kjøpt sidan grønfarga deira var fin teltgrønnfarge, og sand ikkje var nokon farge. Skulle eg kjøpe Hillergtelt i dag, hadde eg kjøpt sand, ettersom svart er endå mindre freistande. Raud utgår for min del, av same grunn som at eg ikkje skrik for full hals når eg står på ein fjelltopp. Eg ynskjer ikkje å øydelegge andre sine opplevingar av å vera åleine i naturen. I tillegg til at eg synest det er stygt. Pluggposen derimot, skal vera raud, ikkje fordi eg synest det er fint, men for at han ikkje skal bli liggande att i lyngen.
  9. Sjølv om sjukestugu er veldrive, er det ei kommune med 4600 innbyggarar, over 2600 hytter og 140km til sjukehus. Dersom for mange hytteeigarar tenkjer som deg, vil det føre til eit seriøst kapasitetsproblem, som vil gå utover dei fastbuande som ikkje har noko valg.
  10. Smaken er som … Sjølv foretrekk eg nok den norske silen.
  11. Etter å ha lese denne tråden, måtte eg også sjekka opp heimesidene til Helsport. Ettersom Helsport vil assosiere seg med ulovleg hyttebygging og tjuvjakt, riktignok "tar fullstendig avstand fra disse handlingene, og støtter selvsagt ikke dette" men tydlegvis støtter det likevel, kan eg ikkje, verken i jobbsamanheng eller på fritid, la meg assosiere meg med Helsport. Å kjøpe noko frå Helsport er i alle fall totalt uaktuelt for meg no. Ein fjellduk eg brukar jevnleg, og som eg nødig vil vera forutan, har eg nettopp spretta Helsport-logoen av. Han skal vera temmeleg nerd den som konfronterer meg med produsenten av den duken no. Eg kjem til å gjera det same med ein sovepose. Vinterteltet er heldigvis av eit anna merke. Kva eg kjem til å gjera med sumarteltet, har eg litt lenger tid på å vurdere. Men det lyser jo Helsport av det sjølv utan logo. Dersom Helsport kjem på betre tankar innen sumaren, løyser det seg sjølv. Ellers får eg vurdere nytt telt, eller bare telte langt frå folk. Det er trist at ein av dei største, norske produsentane av friluftsutstyr ikkje er meir bevisst på korleis dei vil framstå…
  12. Ein kubbebitsholder, altså kort bitsholder + bits som passar skruvane på skibindingane. (PZ3 dersom eg hugsar riktig) Relevante deler og verktøy til kokeapparatet. Ekstra stangledd (med hylse) til teltstengene. Smeltelim (slik til å bruke i limpistol), kokeapparatet er varmekilda dersom dette skal brukast. Nål og tråd. Tollekniv, sportstape oa er med uansett men kan sjølvsagt brukast til reparasjonar ved behov.
  13. Det er ikkje bare reklame. Det er også eit solid forsøk på å sanke epost-adresser. Så dei som går på limpinnen, kan vente seg meir spam pr epost i tida framover.
  14. Så bra at du fekk fiksa brennaren. Og med den ekstra erfaringa du har fått gjennom prosessen, er du betre rusta til å halde brennaren i stand for mange mange år framover. Stillebrennarar er, som det er demonstrert her, svært følsomme. Og det er ein av grunnane til at eg sjølv ikkje likar dei noko særleg.
  15. I så fall går han seg til etter litt brenning.
  16. Han brenn over brennaren og ikkje inni, i alle fall. Du får pumpe litt meir trykk og sjå. Så lenge han ikkje byrjar å brenne inni brennaren att, er det bare å brenne på og sjå om han går seg til. Men eg er redd du må bytte brennerskala.
  17. Det var ikkje bra. Start med ein veldig grundig rens. Dersom det ikkje hjelper, er det bare å skaffe nye blenderskall, både indre og ytre.
  18. Eg ville gått for eit romleg 3-mannstelt som er robust nok for vinterbruk + eit lite og lett 2-mannstelt. Det gjev mykje meir fleksibilitet. 3-mannsteltet er stort nok for heile familien i dag. Så kjøper du 2-mannsteltet når ungane veks til og treng meir plass. 3-mannsteltet er ideelt for 2 om vinteren, og 2-mannsteltet kan brukast på åleineturar eller ein forelder og eit barn, dersom det er aktuelt. Ein kan finne mange gode 2-mannstelt for prisforskjellen mellom Keron3-GT og Keron4-GT.
  19. 111C har rattet på andre sida. Så du har 111T. Høyrest og ser ut som underburn. Når det skjer, må du stoppe han tvert, for eller kan brenerskala bli for varm og slå seg. Då er det bare å bytte dei. Det kan vera ulike grunnar for underburn, men rusk i dyra eller ureiningar mellom brennerskala kan vera årsaken. Eller at det er at forvarmingsflamme når ein tenner han. Rensk brennerskala omhyggeleg og prøv att. Zalo og sitronsyre funkar. I verste fall har du allereie øydelagt brennerskala medan du filma, då må du skaffe nye,
  20. Ein medisinboks frå ca 1990.
  21. Sveakjelen min brukar eg som kjøleribber på ein radio. Som kjele er han for liten for meg. Dersom du treng lokk til sveakjelen, passar lokket til kaffikjelen i Trangia 27-settet. Sjølv brukar eg 'Primus litech trek kettle'. Med 1l, er han passe stor til matlaging for meg når eg er åleine, og sveaen, i ein beskyttande plastboks, passar nedi han for transport.
  22. Det er fritt fram å lage dette sjølv, og selge til kva pris ein sjølv bestemmer. Høgdedata er nedslastbar på https://hoydedata.no/LaserInnsyn/ Då kan ein lage meir detaljerte høgdekoter enn 20m også. Brattheitskart lagar ein av høgdedataene. DNT-ruter med meir lastar ein ned frå https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/d1422d17-6d95-4ef1-96ab-8af31744dd63 Hyttene ligg allereie i N50. Aktsomheitskart for snøras https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/e9542260-6315-4770-b085-86e95179f735 Eg har laga kart for Garmin gps, og dei har ikkje vore vakre, men dei har fungert. Mi erfaring er at det er lettare å lage pdf av tekst.
  23. Ettersom du har ei løysing som fungerer for deg, brukar du den. For min del er det heilt uaktuelt å kjøpe ny telefon bare for å kunne bruke han som gps, ettersom Garmin gpsen min fungerer like godt på 13. året.
  24. Det er under slike forhold eg har veldig vanskeleg for å forstå at nokon vil bruke gass. Brennaren er laga for flytande brennstoff, ein forvarmar likevel, og med flytande brennstoff kan ein pumpe fullt trykk og derfor ha full effekt, der gassboksen bare køyrer på tomgang. Jaja, kvar si lyst.
  25. Det er her papiret kjem inn. Med større overflate, vert det meir gass på same tid, slik at trykket held seg betre.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.