Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Skal bare... vant dagen sist 18. juli 2023

Skal bare... hadde mest likt innhold!

Om Skal bare...

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Skal bare... sine prestasjoner

Community Regular

Community Regular (8/14)

  • Posting Machine Sjeldent
  • Very Popular Sjeldent
  • First Post
  • Collaborator
  • Week One Done

Nylige merker

342

Nettsamfunnsomdømme

  1. Det er det sikkert. Men eg brukar bare å sjå meg rundt, og det fungerer godt nok for meg.
  2. Dei fleste fjellområda er bare dekt med omløpsfotografering (https://kartverket.no/geodataarbeid/program-for-omlopsfotografering) med bakkeoppløysing på 25cm, altså 8 pikslar pr 1m². Einmannsteltet mitt er 2,5m², det er bare 20 pikslar i norgeibilder.no og norgeibilder.no fortel meg ikkje om desse 20 pikslane er nokonlunde flate. Det er nok tusenvis med fine teltplassar mellom kvar plass ein kan finne på norgeibilder.no Eg har aldri studert kart på denne måten for å finne ein teltplass. Når det nærmar seg kveld, byrjar eg å sjå meg omkring etter ein plass, og eg har alltid lykkast med det i løpet av ein halvtime. Går eg i terreng der det er langt mellom dei brukbare plassane, byrjar eg å leite litt tidlegare, enn der det er flusst med plassar. I forhold til å lese terrenget, prøvar eg å unngå morgonsol i den varme årstida. I den kalde årstida prøver eg å få mest mogleg morgonsol. Er det mykje mygg, prøver eg å få ein mest mogleg luftig teltplass. Dersom det er mykje vind, prøver eg å finne le. Finne eg ein fin teltplass i område der det er langt mellom dei, legg eg han inn på gps'en for seinare bruk.
  3. Sjølv om du ikkje har høyrt eller sett det, betyr det ikkje at det er ikkje-eksisterande. Eg har sjølv opplevd det. Fyrste gongen med eit Bergans tunneltelt på -80-talet. I motsetning til dagens tunneltelt-teltstenger, stod ikkje desse i spenn, men var ferdig bøygd til teltprofilen. Det var ein konstruksjon som ikkje tålte tung juni-snø. Halve teltet låg flatt under snøen, og det vart heller aldri seg sjølv att. Andre gongen var Helsport Ringstind med tung august-snø. Litt risting i stanga midt på natta, var det som skulle til for at teltet reiste seg att.
  4. Audå. Då er han ikkje brukande. Alle mine (eg har 3 stk) er tette. Men det går ikkje å bytte brennarane mellom tankane, då er dei ikkje tette. Optimus 00, Radius 21 og Manaslu 96 har andre gjenger, og blypakning. Desse passar omkvarandre på tvers av produsentane. Det er grunnen til at eg brukar 111, men bare når eg brukar pulk. Eg har heldigvis råd til å behalde begge typer, så eg kan ha ein lettare brennar når han skal transporterast i sekk. Det var også del av det trådstartar spør om. Dersom eg skulle ha med meg ein ekstra brennar, bare som reserve i tilfelle 111 skulle svikte meg, hadde eg valt Manaslu 96. Manaslu 96 er, pga mindre tank, litt lettare og litt meir kompakt enn Optimus 00, Primus 210 og Radius 21. Desse må demonterast for transport, det er einaste måte å unngå parafinsøl.
  5. Einvegsventilen står nedi drivstoffet. Så dersom denne sviktar av ein eller annan grunn, som sjølvsagt ikkje skal skje, men kan skje likevel, vil trykket i tanken gjera at pumpa vert fyllt med drivstoff som etterkvart vil renne ut. Dette er heilt udramatisk med parafin, men ikkje så hyggeleg med bensin. Denne risikoen vel eg å ikkje ta. 00/210 er veldig stødige brennarar. I motsetning til slangebrennarar, står 00/210 fint og stødig rett i snøen. I motsetning til 111, vil ikkje 00/210 smelte nedi snøen heller.
  6. Skulle veldig gjerne hatt dei same erfaringane. For ein stillebrennar til fyring, ville vera kjekt. Men eg har diverre tilgode å oppleva stillebrennar som brenn så reint at eg oppheld meg frivillig i same telt. Parafinfyrte 111T er den eg har erfaring med flest individ, luktar like ille alle saman. Alle 111 (bråkebrennar), Nova, Radius 21, Primus 210 og Optimus 00 eg har prøvd, brenn reint nok til at eg kan bruke dei inne i (godt ventilert) telt. MSR Simmerlite og bensinfyrt 111 (alle modellar) er riktignok ikkje del av erfaringsgrunnlaget mitt, og kjem heller ikkje til å bli det. 111 (alle modellar) fyrt på bensin utgår for min del pga kontruksjonen på pumpa (det same gjeld mange slangebrennarar).
  7. Eg har bare gode erfaringar med parafin på god gamal Optimus Nova. Men ettersom eg har forstått av andre, er ikkje Nova kva det ein gong var. Primus Himalaya multifuel fungerer greitt nok med parafin, men effektreguleringa er håplaus dårleg i forhold til Nova. Og det gjeld nok også alle andre brennarar med reguleringa i pumpe-enden av slangen. Lydnivået på denne er også fleire hakk høgare enn Nova. Av ulike grunnar, har eg heilt slutta å bruke slangebrennarar. No brukar eg Radius 21/Primus 210/Optimus 00 og Manaslu 96 når parafinbrennaren skal transporterast i ryggsekk. Same type brennar som 111, men med betre effektregulering, og langt lågare vekt. Ved å bytte ut den medfølgande blikkboksen med ein isboks, er vekta heilt samanliknbar med Nova og Himalaya multifuel. Eg er glad i bråkebrennarar. Mi erfaring med stillebrennarar (eg har fleire inkludert Optimus 111T og Phoebus 625) er at dei ikkje brenn like reint som gode bråkebrennarar, og dei er veldig mykje meir følsom for vind. Stillebrennarar er jo laga for innandørsbruk, men eg finn dei ikkje eigna til dette heller ettersom dei ikkje brenn reint nok.
  8. Nikon kom med 400mm/4.5, 600mm/5.6, 800mm/8 og speilteler med 500mm og 1000mm brennvidde på 1960-talet. 2000mm/11 speiltele kom i 1971. Så lange brennvidder er ikkje noko nytt. I min ungdom, var 400mm den store drømmen for fuglefotografer, og då var det gjerne 3.parts-leveradør med lysstyrke f/6.3 som var innan rekkevidde for glade amatører. Begrepet 'fullformat' har ei veldig enkel forklaring. Dei fyrste digitale systemkamera (DSLR) hadde mindre biletebrikker enn 24x36mm, men brukte eksisterande kamerasystem for 24x36mm filmruter. Når dei seinare laga brikker som faktis var (tilnærma) 24x36, er det heilt naturleg å kalle dette fullformat, fordi det er det fulle formatet for det aktuelle kamerasystemet. Fullformat for Hasseblad er tilsvarande 6x6cm. Fullformat for Micro Four Thirds, er 17,3x13mm, og er akkurat like stort som forgjenaren Four Thirds. Eg veit ikkje kor gamalt begrepet 'halvformat' er, men det har vore brukt i mange tiår. Halvformat var 24x18mm, altså halve 24x36mm-bileteruta.
  9. Draget er montert riktig veg på den nye pulken. Det er montert opp-ned på barnepulken. Kva som er riktig og kva som er opp-ned, er ganske åpenbart når låseringene ristar ut av stilling.
  10. Det er alt for tidleg å seie noko om. Det er vêret i mai og juni som avgjer når våren og sumaren kjem. I fjor var det masse snø, varm mai og rekordtidleg vår på vidda. I 2015 var det kald mai, juni og juli og våren kom ikkje før i august.
  11. Hyppigheit er ikkje avgjerande. Det som er avgjerande er at teltet tåler den den eine natta med dei verste forholda. Dersom teltet mitt bles i filler 1 av 100 netter, er det liten trøyst at det fungerte fint dei forrige 99 nettene. Når det er sagt, betyr det enormt mykje å plassere teltet på mest gunstig plass og bardunere riktig. Dette vert gjerne gløymt av dei som stoler på at teltet skal tåle alt.
  12. Sida kommuniserer ikkje med meg, så det er ikkje så enkelt å spesifiserer kva som er er mangelen. Det er heilt sikkert masse informasjon der, men denne informasjonen er skjult for meg. Når du spør: "Liker du best uttrykk som trygg is? Et uttrykk som er gått ut på dato. Det brukes nå farbar is." slår det meg at eg truleg har missforstått heile sida. Når eg har prøvd å bruke sida, har det vore det stikk motsatte eg har sett etter. Altså område eg må halde meg unna. Det er kanskje det nærmaste eg kjem i å spesifisere. Det er mogleg missforståinga mi er resultat av at sida tilsynelatande er bygd over 'Svekket is'-kartlaget til NVE, eit kartlag eg har brukt mykje for å unngå opplagt farlege område på regulerte vatn, og som eg alltid legg på kartutskriftene mine for vinterbruk Når sida ikkje greier å kommunisere til meg kva ho er til for, seier det seg sjølv at eg ikkje finn denne informasjonen der. Eg er tydelegvis ikkje i målgruppa for dei som har laga sida, men eg trur fortsatt at eg er i målgruppa for dei som fyller sida med informasjon. Kommunikasjonsmessig er det ein dårleg kombinasjon. Ettersom dette er off-topic, kjem eg ikkje følge dette opp meir i denne tråden. For å halde dette litt on-topic: Eg finn ikkje meir aktuell informasjon om Gjende enn det som kjem fram i denne tråden. I tillegg ser eg at Gjende har vore heilt islagt sidan 5. januar, men det er jo ikkje så interessant lenger.
  13. Den sida er sikkert fin for is-nerder. Men for meg som lekmann, gjev ho meg ingenting. Litt det samme som sida for skred.
  14. Eg har omlag same mål, og mi Sabotør-jakke når ned til rompa, kanskje midt nedpå rompa når ein strekker jakka på ein god dag. Når ventile vert fuktig, stivnar stoffet og det er då lengda verkeleg vert for stutt. Jakka fungerer heilt greitt som allround-jakke i den varme årstida. På grunn av den snaue lengda, særleg ermane, og mangelen på klaff over glidelåsen, fungerer ho ikkje som vinterjakke.
  15. Sjekk åpningstidene til hyttene. Sjølv om Gabs88 har trua på tidleg vår, hjelper det ikkje deg om hyttene ikkje er åpne Været i mai er nok viktigare enn snømengda i februar, for når våren kjem i fjellet. Og været i mai, er det ingen som veit noko om enno. I fjor var det usedvanleg varmt i mai, derfor smelta snøen tidleg.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.