Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    452
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Vinterstid foretrekk eg termokopp for at eg vil ha passe drikketemperatur både på fyrste og siste slurken, og for at koppen ikkje skal smelte seg nedover i snøen. Dersom eg brukar termokopp sumarstid, er det for å kunne ha drikkeklar kopp i sekken. Då er tett skrulokk eit absolutt krav. Lifeventure er favoritten min til dette.
  2. Å ligge vêrfast i Soulo, ville eg sjå mørkt på. Teltet er supertrangt, og det er ingen plass til å tørke klede inni det når eg sjølv er til stades. Eg var så dum at eg hengte opp ei tørkesnor i Souloen for nokre år sidan, den var så irriterande når eg prøvde å sitje oppreist inne i teltet, at ho vart fjerna att fyrste kvelden. Eg kjenner ikkje til forholda i Børgefjell, men på Hardangervidda vel eg alltid eit romslegare telt. Det finnst massevis telt som er både romslegare, lettare og som tåler forholda der. For min del er Soulo teltet for turar der eg forventar mykje vind, eller eg veit at det er problematisk å finne teltplassar, altså fyrst og fremst turar høgt til fjells. Eit lite telt har den store fordelen at det ikkje treng store teltplassen. Er det plass til meg liggande, er det plass til Soulo over meg. Til denne bruken, veit eg ikkje om noko telt som passar meg betre. På vinterturar er det aldri problem å finne god plass til teltet, så då er Soulo heilt uaktuell for min del.
  3. Svakheita er nok holet i aluminumsplate, der snora går gjennom. Der kan det bli slitasje på snora etter kvart, og snora vil ryke før eller seinare. Dette er ikkjeeksisterande problem med plastplater. Sjølv teltar eg ikkje i laussnø, kun på fast snaufjellsnø, så eg greier meg veldig godt med vanlege snøpluggar i tre.
  4. Så lenge situasjonen er at det er cwd på Hardangervidda, og ikkje i Nordfjella (i sone 2 er det aldri påvist, og i sone 1 er det sanert), er rv7 ei viktig barriere som i så fall måtte erstattast med gjerde.
  5. Eg har ikkje hund. Men eg har Soulo, og mi erfaring er at det eit supertrangt telt. Eg er riktignok 190cm, så dersom hunden brukar mindre plass enn 20cm, går det nok. Så er det sjølvsagt bittelitt plass i forteltet, dersom du ikkje har med deg sekk.
  6. Nei, Halnefjorden og Langesjøen har ikkje samanliknbare forhold. Halnefjorden er regulert, og har følgeleg sine skumle parti, som vist på iskart.no. Langesjøen er uregulert og har sikker is til det nærmar seg våren. Utosen i Langesjøen er vanlegvis åpen, og ein av mine faste plassar for å finne friskt vatn.
  7. Kva som er optimalt, er veldig individuelt. I ein tråd for nokre år sidan, vart det påstått at ein raskt sparar inn vekta av eit isbor i mindre drivstofforbruk. Det kan nok stemme for større grupper som nødvendigvis treng meir vatn. Sjølv fann eg ut at eg aldri har hatt med meg så mykje drivstoff som vekta av eit isbor, og at eg må vera på tur i fleire veker før det er vits å tenke tanken. Smaken av friskt vatn i motsetning til smelta snø, kan likevel gjera det interessant sjølv om det ikkje er vekteffektivt.
  8. Med pulk, foretrekk eg ein større snøsmeltekjele, 3-4liter, men brukar han også på ein heilt annan måte. Snøsmeltekjelen brukar eg kun til å smelte snø og til å oppbevare kaldt vatn i, så damp frå den store kjelen er ikkjeeksisterande. Og eg har tilgang på kaldt vatn nesten heile tida i leir. I denne kjelen har eg ei ause, så helling er heller ikkje noko problem. Koking av vatn gjer eg i kaffekjele og matlagingkjele.
  9. Det er strålande. Her har enkelte andre produsentar mykje å lære. Kompresjonsmoglegheiter lagar jo bare posen unødvendig tung. Er det trangt i sekken, vil jo posen uansett klemmast saman. Og er ikkje pakkposen tilsynelatande unødvendig stor, er det bare krøll å få stappa teltet nedi, særleg med våte og kalde fingrar.
  10. Rådet mitt er fyrst å finne støvlar som passar foten og bruken. Så vel ein binding som passar støvelen.
  11. Avfallshåndering til evig tid.
  12. Hææ? Du er så blodfan av Drytech og hatar Gilde så mykje at du meiner det er verdt å underlegge oss Russland, dersom norske soldatar må ete mat frå Gilde. Det er noko i den holdninga di eg virkeleg ikkje forstår.
  13. Gratulere. Det er 1 ting som må sjekkast før ein fyrer opp ein bensinbrennar, og det er at han er tett. Gummipakningen i tanklokket og den vesle gummiproppen i sikkerheitsventilen (i tanklokket) vil vera påvirka av alderen, sjølv om brennaren er ubrukt. Dersom desse ikkje er tette, vil du ikkje få brennaren til å fungere, og du kan i verste fall skape ein farleg situsjon dersom du prøver å fyre han opp. For å få trykk på ein brennar utan pumpe, og utan å prøve å fyre han opp, puttar du heile brennaren i frysaren. Med ventilen stengt, og tanklokket av. Når alt er kaldt, skrur du på tanklokket og puttar brennaren ned i varmt vatn. Då vil lufta i tanken utvide seg og du vil sjå luftbobler frå tanklokket dersom pakningen ikkje tettar. Åpnar du ventilen, skal det koma bobler ut av dysa. Når du _veit_ at tanken er tett, og dysa ikkje er tett, kan du fylle på bensin og la dette stå ei stund, så veiken er ordentleg metta med bensin før du prøver å fyre opp.
  14. Soulo er supertrangt, så teltdukkontakt må påregnaste. Kondensproblemet er best å kontrollere med masse lufting. Det vil seie åpen innerteltåpning, og så stor åpning i ytterteltåpningen som vêrforholda tillet.
  15. Med oppdatert firmware ( https://www8.garmin.com/support/download_details.jsp?id=1245 ) skal det støttast kart over 2GB, då reknar eg med at minnebrikke større enn 2GB må støttast også, utan at eg har prøvd det. Dette er ein modell som, i alle fall eg, fint greier å bruke med votter på, og det er minstekravet mitt når det gjeld noko som skal brukast i dårleg vêr vintertid.
  16. Sjølv held eg meg unna unna Thermos Light & Compact, eine og aleine pga korken.
  17. Sjølve definisjonen på 1-mannstelt, er at det ikkje er plass til fleire enn 1 person. Skal ein ha god plass, vel ein større telt. Haust og vår, altså på barmark men utanom insektsesongen, brukar eg gjerne bare ytterteltet til 3-manns-tunnelteltet mitt. Det er både lett, romsleg og tålar mykje vind. 1-mannstelt har 2 fordelar, låg vekt og lite fotavtrykk. For meg er det ofte fotavtrykket som er det aller viktigaste, for det er langt enklare å finne eigna teltplass til eit lite telt enn eit stort telt.
  18. Deler ikkje telt med andre enn kjæraste! Dersom eventult turfølge manglar eige telt, har eg ekstra 1-mannstelt som kan lånast.
  19. Ja, det var ikkje enkelt. Draget var heldigvis enklare å måle, 22mm. Kroken bør ikkje vera i spenn. Kulde og plast i spenn er ingen gunstig kombinasjon…
  20. Miljødirektoratet inviterer til webinar om saken i morgon 9-10: https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/2023/desember-2023/webinar-anbefaler-nye-tiltak-for-villrein/
  21. Det finnst plasttønner som er godt eigna til langtidslagring ute: https://www.felleskjopet.no/hjem-og-fritid/huset/oppheng-og-oppbevaring/oppbevaringsboks/oppbevaringstoenne-med-lokk-50280855-base Riktignok ikkje aller enklast å finne det som ligg i botnen dersom tønna er full…
  22. Stanga fyller kroken på pulken, der er det ingen slark. Så du kan trygt måle indre diameteren på festekroken.
  23. Eg har gode erfaring med 2 lag filtsålar (sålen i fotposane er så godt som totalt uisolert.) og tjukke ullsokkar i forsvarets fotposar. Det er heilt greitt til å rusle rundt i leiren, men ikkje noko eg går langt med. Ettersom fotposane er merkt med storleik for marsstøvlane inni, brukar eg posar med str 41/42 til denne bruken, sjølv om eg brukar skistøvlar i str 46. Det er uendeleg meir komfortabelt å ha tørre sokkar og plass til å røre på tærne rett i fotposane, enn å ha på seg stive, frosne skistøvlar i posane. Så lenge det er ganske garantert kuldegrader og tørr snø, ville eg vurdere skallar i staden for.
  24. Det er i alle fall grunnen til at eg sjølv unngår dun til same bruksområde. Dun vil nok fungere i dei fleste tilfella, men det sviktar når behovet er aller størst.
  25. Eg har ikkje påstått at fyrstikker er billigast. Eg påstod bare, utan å ha rekna på kor mange, at eg får mange fyrstikker for prisen av eit tennstål. Dersom ein får 3650 fyrstikker for prisen av eit tennstål, bekrefter det at påstanden min var riktig. No slo det meg at du sikkert tenner Svea 123 utan vindskjermen på plass, det gjer ikkje eg. Erfaringa mi er at det fører til rauspritsøl, noko eg helst vil unngå. Eg skulle nok greie å få på plass vindskjermen utan søl, dersom brennaren står på eit fast, flatt underlag, men det er ikkje normalen for min del Nei du treng ikkje lage video, som eg uansett ikkje ser. Når du skriv at du gjer det, trur eg deg på det.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.