Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    519
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Ein skal vera ytterst forsiktig med bensinsøl innendørs. https://www.nrk.no/innlandet/primus-var-arsak-til-leirskolebrannen-1.12269755
  2. Nei. Omnilite og Nova fungerer nok med parafin, men ikkje Svea123.
  3. Eg har for dårleg oversikt over teltprodusentar til å vite om nokon som lagar både heilårstelt og vintertelt, så eg kan ikkje koma med nokon eksempel på dei som faktis skil på det. Eg veit derimot at Norrøna, då dei var ein anerkjent teltprodusent, hadde både heilårstelt og vintertelt. Og den aller viktigaste forskjellen var netopp vatntettheit. Vinterteltet deira var i pustande bomull og hadde derfor veldig lite kondensproblem i forhold til vatntette heilårstelt. For å prøve å svare på spørsmålet i tråden, og ikkje bare spørsmålet i trådtittel, måtte eg søke opp teltmodellen, og fann den på https://helsport.com/no/tents/all-tents/3-person/lofoten-x-trem-3-camp--170-095-V Der står det at teltduken er vatntett, og då skal det vera det. Men telting på snø i kraftig regnvêr, er jo garantert forhold for betydeleg kondensproblematikk. Så eg ville ikkje avskrive teltet utan å ha testa det under hageslangen i ellers tørre forhold for å vera heilt sikker på kva side av tetduken vatnet kjem i frå.
  4. Det du beskriv er heilårstelt. Heilårstelt må takle både sumarvêr og vinterforhold, vera regntette og ha god ventilasjon og styrke. Reine vintertelt er ikkje laga for regnvêr. Pustande teltduk i bomull til dømes, har sine klare begrensingar sumartid, men fungerer særs godt under kalde forhold. Utan å ha fulgt veldig godt med på teltfronten, har eg inntrykk av at Barents Outdoor ikkje lagar vintertelt, bare heilårstelt og sumartelt. Med dagens klima, er det mest fornuftig å velge heilårstelt til vinterbruk her til lands, og la vintertelta vera til Antarktis-bruk, sjølv om mange vel heilårstelt der òg.
  5. Her vart eg litt satt ut. Den fyrste, som deltakarane skal forhalde seg til, er ein krevande tur intill 25 km totalt. Men turleiaren har ein annan mal, som seier at ein krevande tur kan vera inntil 20km kvar veg og inntil 1000 høgdemeter. 39km og 990 høgdemeter i steinur og myr ville eg kalle ekstremt krevande. Det er ikkje rart at det vert missforståingar.
  6. Forskjellen på eit vintertelt og eit heilårstelt, er nok at vinterteltet ikkje er regntett. Sjølv har eg alltid brukt heilårstelt om vinteren, så eg har ikkje hatt dette problemet sjølv om mildvêret skulle slå til. Når det er sagt, eit telt som er brukt hundrevis av netter, er neppe så vatntett som eit nytt telt.
  7. Føret er vanlegvis avhengig av vêret.
  8. Eg følger med på sport akkurat så mykje at eg har fått med meg at proffane bytter ski 1-2 gonger i løpet av 5 mil, pga av glideren har mista funksjonen sin. Det seier meg at det har ingen funksjon å glide fjellskia mine 1 gong pr sesong. Men ved spesielle forhold, slik som det fjellræv opplevde i helga, vil nyglida fjellski ha ein fordel, men då må dei faktis vera nyglida. Kor grundig denne glidinga er, etter mi erfaring, ikkje så viktig. Det finnst flytande glider som fungerer til formålet. Sjølv har eg med meg ein klump vanleg glider, og gnir denne på som vanleg skismurning utanom i smurningsona, og klossar ut med vanleg kork. Dette har redda meg når det har vore føre som fjellræv beskriv. Dersom ein ikkje har med glider, kan blå eller grøn festevoks gjera same nytten, men ikkje vera så positivt for gliden. Rens av skia utanfor smurningsona, særleg bak smurningsona har også stor nytteverdi for å hindre framtidig klabbing. Men dette er greiast å gjera heime. Glider i fellelimet, er noko ein bør prøve å unngå.
  9. Det høyrest ut som rusk i dysa. Dersom du renser dysa ved å trykke renselåle ned i dysa, utan å ta denne ut, trykker du bare rusket ned i brennaren og det er bare eit tidsspørmål før det er tett att. Det kan ta 5 eller 30 sekund. Dysa må demonterast og rensast slik at rusket vert fjerna. Brennaren produserer ikkje rusk, så når denne er rensa ordentleg, vil han fungere lenge, akkurat som andre brennarar. Einkvar annan brennar vil også vera upålitleg dersom det er eit rusk inni han,og du ikkje fjernar det eine rusket.
  10. Skal ein halde skistøvlane tørre, kan ikkje sokkane puste.
  11. Tjukke sokkar, luve og litt ekstra over rompa, hjelper masse for min del
  12. Hemmeleg og hemmeleg. Videoen viser jo oversiktsbilete, som i alle fall for meg, var nok til å finne ut kvar det er. Det er jo ikkje akkurat utilgjengeleg og lite trafikert område. Håpar der vert levande rein å sjå i området att snart, og ikkje bare kulturminne.
  13. Det der ser ganske normalt ut. Det same har skjedd med Fischer-ski eg har hatt. Og kundeservicen var rein ansvarsfråskriving. Eg skal aldri kjøpe ski frå Fischer att. Eg har hatt same problemet med adskillige fjellski frå Madshus og Åsnes også, men der har i alle fall kundeservicen vore upåklageleg. Stålkant kan vera kjekt til tider, men for ski som skal halde lenge, er mi anbefaling ski utan stålkant. Åsnes Finnmark er ein god kandidat.
  14. Det er riktignok ikkje mange regulerte vatn innanfor verneområda. Men verneområda har kome etter utbyggingane, så kraftutbyggingsinngrepa har vore førande for grensene til mange av verneområda.
  15. Når stigane er fjerna frå turrutebasen (https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/turrutebasen/d1422d17-6d95-4ef1-96ab-8af31744dd63), forsvinn dei som merka stig frå kart-appar, online-kart og nytrykk av fysiske kart etter kort tid. Sjølve stigen vil fortsatt vera der i lang tid, men bruene vert fjerna og dei raude T-ane vert ikkje vedlikehaldne og vil falme bort med tida. Og heile poenget med å redusere tilrettelegginga i sårbare område, er at trafikken vert mindre, sjølv om kven som helst fortsatt kan gå kvar dei vil. Merka stigar og skiløyper er (skremmande) effektivt for å styre trafikken. Basert på turrapportar på dette forumet, ser det ut til at også ein stor del av dei som ligg i telt, vel å følge dei merka rutene.
  16. I denne samanhengen, er det rein som vert forvalta etter viltloven (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1981-05-29-38) i motsetning til tamrein som vert forvalta etter reindriftsloven (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2007-06-15-40)
  17. Mi erfaring er at myggnetting ikkje stoppar snødrev (riktignok ikkje erfaring med Fjãllrãven, men med Hilleberg) .
  18. Eg er ikkje einig i at gass er så mykje enklare enn bensin om sumaren, men det er ein annan sak, og veldig avhengig av kva brennar ein har. Problestillinga for tråden er uansett den same. Kor mykje drivstoff ein brukar, må ein finne ut av sjølv. Eg ville aldri stolt på kva andre seier at er nok. Utan eigne erfaringar, må ein altså ta med seg meir enn det ein reknar å bruke. Tala som har kome fram i tråden, er omlag som mine eigne erfaringar, så det kan vera eit greitt utgangspunkt. Men mine erfaringar fortel meg også at forbruket kan variere betydeleg frå tur til tur. Andre forhold som gjer at mitt forbruk ikkje er så relevant, er at eg ikkje drikk 1,5l kaffi om dagen, og eg lagar mat som skal småkoke ei tid. Kor store marginar ein skal satse på, vert eit spørsmål om kva ein risikerer dersom ein går tom, og kor lite lyst ein har på at det skal skje. Det hjelper også mykje dersom ein greier å følge med på forbruket undervegs, så ein eventuelt kan justere kaffiforbruket om ein ser at det er behov for det. Mange småboksar i staden for 1 stor boks, gjer dette enklare, men også betydeleg dyrare. Med flytande drivstoff som bensin, er det også mykje enklare å ha kontroll på forbruket (i tillegg til at prisen bare er ein brøkdel av prisen for gass).
  19. Det er det sikkert. Men eg brukar bare å sjå meg rundt, og det fungerer godt nok for meg.
  20. Dei fleste fjellområda er bare dekt med omløpsfotografering (https://kartverket.no/geodataarbeid/program-for-omlopsfotografering) med bakkeoppløysing på 25cm, altså 8 pikslar pr 1m². Einmannsteltet mitt er 2,5m², det er bare 20 pikslar i norgeibilder.no og norgeibilder.no fortel meg ikkje om desse 20 pikslane er nokonlunde flate. Det er nok tusenvis med fine teltplassar mellom kvar plass ein kan finne på norgeibilder.no Eg har aldri studert kart på denne måten for å finne ein teltplass. Når det nærmar seg kveld, byrjar eg å sjå meg omkring etter ein plass, og eg har alltid lykkast med det i løpet av ein halvtime. Går eg i terreng der det er langt mellom dei brukbare plassane, byrjar eg å leite litt tidlegare, enn der det er flusst med plassar. I forhold til å lese terrenget, prøvar eg å unngå morgonsol i den varme årstida. I den kalde årstida prøver eg å få mest mogleg morgonsol. Er det mykje mygg, prøver eg å få ein mest mogleg luftig teltplass. Dersom det er mykje vind, prøver eg å finne le. Finne eg ein fin teltplass i område der det er langt mellom dei, legg eg han inn på gps'en for seinare bruk.
  21. Sjølv om du ikkje har høyrt eller sett det, betyr det ikkje at det er ikkje-eksisterande. Eg har sjølv opplevd det. Fyrste gongen med eit Bergans tunneltelt på -80-talet. I motsetning til dagens tunneltelt-teltstenger, stod ikkje desse i spenn, men var ferdig bøygd til teltprofilen. Det var ein konstruksjon som ikkje tålte tung juni-snø. Halve teltet låg flatt under snøen, og det vart heller aldri seg sjølv att. Andre gongen var Helsport Ringstind med tung august-snø. Litt risting i stanga midt på natta, var det som skulle til for at teltet reiste seg att.
  22. Audå. Då er han ikkje brukande. Alle mine (eg har 3 stk) er tette. Men det går ikkje å bytte brennarane mellom tankane, då er dei ikkje tette. Optimus 00, Radius 21 og Manaslu 96 har andre gjenger, og blypakning. Desse passar omkvarandre på tvers av produsentane. Det er grunnen til at eg brukar 111, men bare når eg brukar pulk. Eg har heldigvis råd til å behalde begge typer, så eg kan ha ein lettare brennar når han skal transporterast i sekk. Det var også del av det trådstartar spør om. Dersom eg skulle ha med meg ein ekstra brennar, bare som reserve i tilfelle 111 skulle svikte meg, hadde eg valt Manaslu 96. Manaslu 96 er, pga mindre tank, litt lettare og litt meir kompakt enn Optimus 00, Primus 210 og Radius 21. Desse må demonterast for transport, det er einaste måte å unngå parafinsøl.
  23. Einvegsventilen står nedi drivstoffet. Så dersom denne sviktar av ein eller annan grunn, som sjølvsagt ikkje skal skje, men kan skje likevel, vil trykket i tanken gjera at pumpa vert fyllt med drivstoff som etterkvart vil renne ut. Dette er heilt udramatisk med parafin, men ikkje så hyggeleg med bensin. Denne risikoen vel eg å ikkje ta. 00/210 er veldig stødige brennarar. I motsetning til slangebrennarar, står 00/210 fint og stødig rett i snøen. I motsetning til 111, vil ikkje 00/210 smelte nedi snøen heller.
  24. Skulle veldig gjerne hatt dei same erfaringane. For ein stillebrennar til fyring, ville vera kjekt. Men eg har diverre tilgode å oppleva stillebrennar som brenn så reint at eg oppheld meg frivillig i same telt. Parafinfyrte 111T er den eg har erfaring med flest individ, luktar like ille alle saman. Alle 111 (bråkebrennar), Nova, Radius 21, Primus 210 og Optimus 00 eg har prøvd, brenn reint nok til at eg kan bruke dei inne i (godt ventilert) telt. MSR Simmerlite og bensinfyrt 111 (alle modellar) er riktignok ikkje del av erfaringsgrunnlaget mitt, og kjem heller ikkje til å bli det. 111 (alle modellar) fyrt på bensin utgår for min del pga kontruksjonen på pumpa (det same gjeld mange slangebrennarar).
  25. Eg har bare gode erfaringar med parafin på god gamal Optimus Nova. Men ettersom eg har forstått av andre, er ikkje Nova kva det ein gong var. Primus Himalaya multifuel fungerer greitt nok med parafin, men effektreguleringa er håplaus dårleg i forhold til Nova. Og det gjeld nok også alle andre brennarar med reguleringa i pumpe-enden av slangen. Lydnivået på denne er også fleire hakk høgare enn Nova. Av ulike grunnar, har eg heilt slutta å bruke slangebrennarar. No brukar eg Radius 21/Primus 210/Optimus 00 og Manaslu 96 når parafinbrennaren skal transporterast i ryggsekk. Same type brennar som 111, men med betre effektregulering, og langt lågare vekt. Ved å bytte ut den medfølgande blikkboksen med ein isboks, er vekta heilt samanliknbar med Nova og Himalaya multifuel. Eg er glad i bråkebrennarar. Mi erfaring med stillebrennarar (eg har fleire inkludert Optimus 111T og Phoebus 625) er at dei ikkje brenn like reint som gode bråkebrennarar, og dei er veldig mykje meir følsom for vind. Stillebrennarar er jo laga for innandørsbruk, men eg finn dei ikkje eigna til dette heller ettersom dei ikkje brenn reint nok.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.