
Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
499 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Optimus Polaris, silent cap og CO
Skal bare... svarte på masturbatomaximus sitt emne i Primus og kokesystem
Spør du han, får du akkurat same svar om bruk av brennaren med orginalflammespreiaren som varmekilde. Å bruke brennar i telt er generelt fy-fy. Men me gjer det likevel fordi det har nokre fordelar, slik som varmekilde og at det er plassen det er enklast å skjerme brennaren frå vinden. Sjølv brukar eg ikkje brennar med slange i telt, pga faren for lekasje med påfølgane brannfare. Men dette er kvar eg er villig til å legge risikoen. Kvar enkelt må gjera sine eigne bevisste valg på kva ein tør å risikere, og korleis ein forheld seg til farene. Når det gjeld CO-målar eller -alarm, må du vera oppmerksam på at mange av desse har oppgjeve temperaturinterval som er langt frå typiske vintertemperaturar. -
Takk. Miljøbensin har eg erfaring med at gjev ein veldig karakteristisk eksoslukt ved bruk av varmevekslarkjele, og annan kald kjele, og er grunn god nok for at eg ikkje brukar kombinasjonen inne i teltet. Dette hadde eg observert før eg las om CO og varmevekslarkjele for fyrste gong for mange år sidan, og vart derfor ikkje overraska då temaet kom opp. Forholdet mellom dei ulike mellomprodukta i forbrenninga er sjølvsagt avhenig av brennar og kjelekombinasjon. Ved snøsmelting sikrar eg alltid at eg pustar inn frisk uteluft,
- 47 svar
-
- 1
-
-
Eg håpar at du ikkje utsett deg for alt for mange tester av dette slaget. Ulike brensel skapar ulike luktar, derfor er det også interesant å vite kva slags brensel du brukte i forsøket.
-
Eg har diverre ikkje greidd å lese det utfrå innlegga dine, like lite som at du har greidd å lese mine innlegg slik eg hadde meint dei. Eg meiner eg også har skrive heilt utrykkeleg at ein ikkje skal stole på at ein får forvarsel. Med denne oppklaringa, ser eg heldigvis at me er heilt einige på alle vesentlege punkt.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Eg har til gode å bruke kald varmevekslarkjele på brennar utan at dette har generert lukt av ufullstendig forbrenning. Du gjev eit inntrykk av at ein ikkje skal ta alvorleg dei få varselsignala ein tross alt kan få. Eg håpar det bare er klønete språkbruk, og ikkje noko du faktis meiner. CO er alt for farleg til ikkje å ta alvorleg.
-
Det er derfor det er så viktig å vera bevisst på CO. Med det minste teikn på å ikkje vera heilt til stades skal CO vera det fyrste ein tenker på, og koma seg ut i frisk luft. Det kan redde livet ditt. Dersom ein overser desse aller fyrste symptoma, kan det vera for seint. Dette har redda meg 2 gonger, i begge tilfella ville kroppen helst legge seg ned, i alle fall ikkje ut i kulda. Men min innøvde bevisstheit på CO, fekk meg ut i frisk luft. Dei tilfella eg har lese om, der (erfarne eller uerfarne) folk har beskrive slike situasjonar, nevner dei gjerne nokre slike vage teikn, som dei sjølv ikkje har skjønt, og derfor ikkje gjort dei rette tinga tidleg nok, før tap av dømmekraft inntrer. Men ein skal sjølvsagt ikkje utfordre skjebnen og stole på at ein får varsel om CO-forgiftning, verken som tidlege symptom eller vha alarm. Ein skal alltid sikre god lufting og ellers vera forsiktig. Sjølv sitt eg alltid i teltåpningen og puster inn uteluft når snøsmeltingskjelen står på brennaren, Skal ein vera heilt sikker, er det enkle tipset å aldri ha brennaren inne i teltet. Det er også tipset som både teltprodusenten og brennarprodusenten seier at du skal gjera. Vansklegare er det ikkje.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Optimus Polaris, silent cap og CO
Skal bare... svarte på masturbatomaximus sitt emne i Primus og kokesystem
Teltprodusenten og brennarprodusenten seier akkurat det same. Det er den vanlege advarselen, og det er ikkje bare med tanke på CO, men også brannfare. Dersom du er uhyre forsiktig, går det bra. Dersom du ikkje er forsiktig, går noko gale før eller seinare. Mi erfaring med stillebrennar/bråkebrennar (eg har ingen erfaring med modellen din) er at bråkebrennar generelt brenn reinare, og derfor er det einaste eg sjølv vil ha med meg inn i teltet. Men det er bare basert på mine eigne erfaringar med klassiske brennarar som jamnt over er av betre kvalitet enn moderne brennarar. Dersom eg kjem over ein reintbrennande stillebrennar, kan eg godt bruke han. Men då er det fordi eg sjølv erfarer at han brenn reint, at nokon andre anbefalar han er ikkje nok til at eg tar han med inn i teltet. men ei anbefaling kan vera det som gjer at eg prøver han ut. -
Så lenge ein sikrar god lufting, ikkje brukar brennaren eller andre varmekilder når ein søv, og er bevisst på alle symptom som er direkte eller indirekte knytt til CO, er det ingen fare for å dø av CO-forgiftning i telt. Med å vera bevisst på alle symptom, meiner eg då at lukt og svie i auga er slikt ein skal ta på største alvor. LPG kan nok lage CO utan så mykje lukt, men både bensin og parafin luktar så mykje at ein har god moglegheit å oppdage ufullstending forbrenning bare ved hjelp av lukt. Den aller største feilen ein kan gjera, er dersom ein føler seg kvalm eller svimmel, og då legge seg i soveposen og la brennaren gå fordi ein føler det er godt med varmen. Ved det aller minste teikn på kvalme, må ein ut å få frisk luft. Det dør diverre langt fleire enn 1 person annankvart år i campingvogner og bubilar pga CO her til lands. I telt er det langt lenger mellom dødsfalla her til lands, men det er nok mykje pga av nordmenn ikkje ligg så mykje i telt.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Du må ikkje tru at stearinlys ikkje produserer CO. All ufullstendig forbrenning av karbonhaldige brennstoff produserer CO. Sotar det, lagar det også CO, alltid. Ettersom CO ikkje lukter, er det svært viktig å ta _alle_ andre signal på alvor. Sot og lukt er slike signal som kan redde livet ditt, dersom du tar det alvorleg.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Det er heilt riktig. Men lukt og irriterande auge er eit sikkert teikn på ufullstendig forbrenning, og då er det _også_ masse CO til stades. Å ikkje ta desse varsla på alvor, kan vera sjebnesvangert.
-
Ja, definitivt. Symptoma med lukt og sviande auge er sikre teikn på ufullstendig forbrenning, og då er CO ein del av resultatet. Ein treng ingen målar for å bekrefte at dette kan vera farleg.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Dersom du vil ha ein brennar som skal fungere i noko anna enn totalt vindstille, er det bråkebrennar som gjeld. Stillebrennar er svært følsom for vind, og derfor lite eigna for utandørsbruk.
-
Eg vurderte Svalbard den gongen eg skulle kjøpe dedikert vintertelt. Etter prøveoppsett, valgt eg det bort. Ikkje fordi det var veldig mykje plunder å få i stengene, men fordi andre telt er så uendeleg mykje enklare å sette opp, i alle fall når ein ska lgjere det aleine. Mi konklusjon om Svalbard, var at dette er ein kombinasjon av kuppel og tunnel der ein får ulempene frå begge konstruksjonane, både plundrete stangisett og bråkande tunnell-ende.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Mykje vatn og dårleg skiføre. Du kan ikkje rekne med samanhengande snø. Dei største vassdraga har gått opp. Og det vert mykje bæring for å koma til og frå snøen.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Skal bare... svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ja, dei vil lønne seg å lære seg å smørja skia. Og det er såre enkelt, i alle fall så lenge det er kuldegrader. Du treng festevoks og ein kloss. Så lenge det er kuldegrader (tørr snø) og ikkje veldig kaldt, kan du bruke blå extra. Gni utover midt under skia (omtrent frå fellesfestet eller litt lenger fram til omtrent ved hælen). Kloss utover etterpå. Sett på deg skia og gå. Dersom det vert for glatt, kan du legge på litt lenger. Du lærer raskt kor langt framover og bakover du må smørja. Er det 0°C eller varmegrader, er det ikkje så enkelt. Det står temperaturangivelse på voksen, du kjem langt ved å følge den. For å vera forsiktig, kan det vera greit å smørja for litt kaldare enn det som står på voksen, dersom det er for glatt, legg du på eit litt varmare lag og prøver på han att heilt til det sitt. Med for mjuk voks, får du ising. klabbing og alt det du ikkje vil ha. Du kan godt bruke grunnvoks for at smurningen skal sitta lenger, men så lenge det er litt laus snø, går det heilt fint utan. -
hvilket drivstoff til Omnifuel og hvorfor?
Skal bare... svarte på Bjerknez sitt emne i Primus og kokesystem
Det er tydeleg at du har funne andre prisar på alkylatbensin og/eller parafin enn det eg har funne, for eg har alltid kjøpt parafin billigare enn eg finn alkylatbensin. Så for meg tippar det punktet i favør av parafin. Prisforskjellen er uansett ikkje veldig stør, så andre, meir praktiske forskjellar bør ha langt større vekt ved valg av brensel. Når det gjeld søl, vel eg å bruke brennarar som ikkje fører til søl. Når det er sagt, foretrekk eg heller parafin på fingrane enn bensin som fordampar med fare for frostskade. Så det tippar i favør av parafin i kulda for min del, men dette punktet legg eg ikkje mykje vekt på. Dersom Omnifuel er plaga av mykje søl, er det god grunn til å vurdere dei ulike ulempene, eventuelt vurdere ein annan brennar som ikkje fører til plagsomt søl. Å tenke gjennom kvar ein gjer operasjonane som fører til søl, for å ha kontroll på kvar sølet endar, kan også vera fornuftig. "Parafin er parafin" i alle fall i minst like stor grad som at "Bensin er bensin". Eg veit om dei som har grisa til brennaren sin med oljeblanda bensin fordi dei har trudd "bensin er bensin". Alt som ser ut som parafin og som det står parafin (td fritidsparafin) på i hyllene på bensinstasjon eller andre stader ein kjøper parafin, fungerer som parafin i ein god parafinbrennar (sjølv om enkelte på dette forumet lagar lange trådar om kva som er "riktig" og "feil" parafin). Så påstanden min er: «"Parafin er parafin". Parafin fungerer bra i parafinbrennaren (så lenge du kjøper parafin)» Sjølv vel eg brensel etter kva som fungerer best i brennaren eg brukar. -
Det går ann ha ha erfaring med øks, utan at ein har det med seg på tur. Sjølv har eg brukt mykje øks, i alle storleikar. Men det er ikkje noko eg har med meg på tur, fordi eg ikkje har bruk for det på tur.
- 42 svar
-
- 2
-
-
Eg trur at mykje av dette har med tradisjon å gjera. I tidlegare tider, var pakningen i einvegsventilen av kork. Denne pakningen holdt seg godt i mangfoldige tiår dersom han var eksponert for parafin, altså ikkje fekk sjansen til å tørke ut. Den tradisjonelle Optimus- og Primus-pumpa på parafinbrennarar hadde altså fordel av å ligge nedi brenselet. Når det er sagt, må det nevnast at Optimus faktis har tenkt lenger. Der står einvegsventilen 90° på pumpesylinderen, ikkje så ulikt MSR sine pumper. Den amerikanske tradisjonen er bensin på tanken, og det sett andre krav til sikkerheit. Bensin er også meir aggresiv på pakningar, så sjansen for lekkasje er større. Det er nok bare med stengeventil ala Coleman, eg ville føle meg trygg med bensin på tanken på eit pumpekokeapparat inne i teltet.
-
Eg må jo bare beklage at eg driv med vranglære. Men eg skal fortsette med vranglæra mi. Eg hugsar attende på 1980-talet då svartsålen kom. Då lærte me at denne sålen var så skjør at ein ikkje skulle bruke sikling, men turke varm glider av med fille. No har det skjedd veldig mykje innan ski og glid sidan den gongen. Sjølv brukar eg stålsikling på den same sålen (ja faktis dei same skia) og ikkje glider. Attende til problemet til trådstartar. Problemet med glider når denne vert for mykje avkjøla, er at det er svært vondt å få av, i alle fall med vanleg amatørutstyr som bare sikling. Når glideren er så hard at ein må "nesten voldta" skia for å skrape av, ender ein opp med eit mykje dårlegare resultat, gjerne med riper på skrå i skia. Ved å sikle varmare glider, er ein rett og slett meir skånsom med ski, det vil både gje betre glid og lenger levetid på skia. Ved å prøve seg fram, reknar eg med at trådstartar raskt vil finne ut omlag kor lenge det er best å avkjøle glideren, og likevel greie å sikle på ein effektiv og skånsom måte. Å avkjøle 10-15 minutt, er nok ikkje tull, men det er veldig avhengig av temperaturen i rommet (for eigen helse sin del, bør all oppvarming av skismørning skje utandørs) og kor hard glideren er. Riktig glider for dei temperaturane me har hatt den siste tida, har så høgt smeltepunkt at skisålen knapt har godt av det, og er så hard nedkjøla, i alle fall utandørs, at sikling er umogleg. Dei som meiner dette er feil, skal få lov til å meine det.
-
Attende til det opprinnelege spørsmålet. Ikkje la glideren bli for mykje avkjølt. Du kan godt sikle rett etter at du har brukt smørejernet, då går det lett av. Skarp sikling er allereie nevnt.
-
Kan eg tippe Fischer? Eg har særdeles dårleg erfaring med kundeservice derifrå. Eg har kjøpt mine siste Fischerski. Stålkantar som knekk, losnar osv er diverre svært vanleg, også blant andre merker. Men i alle fall Åsnes har vore flink til å erstatte ski med øydelagt stålkant. Ettersom stålkanten er det som erfaringsmessig begrenser levetida til fjellski, foretrekk eg fjellski utan stålkant.
-
Stempelet vil alltid sprette litt attende, slik Espen skriv. Men når stempelet fortsett å gli ut, er det fordi einvegsventilen ikkje er tett. Då kan det vera lurt å stenge primusen før stempelet er heilt ute, for det neste som skjer då, er at brenselet vil renne ut av pumpa.
-
Dersom pumpestempelet sig ut etter at ein har pumpa opp trykk på tanken, er det fordi denne einvegsventilen ikkje er tett.
-
Det finnst minst 3 ulike håndtak på turspadar. D-håndtak som er for trangt til å bruke store votter i (det er den aller dårlegaste løysinga), D-håndak som er store nok til å bruke store votter i, og T-håndtak. Eg har både spader med stor D og med T, og har brukt begge løysingane ganske mykje gjennom mange år, oftast med votter, eg brukar aldri hanskar. Og mi heilt subjektive meining er at eg ikkje foretrekk det eine meir enn det andre. Hendene mine hånderer begge type håndtak akkurat like godt. Når eg tenker meg om, kan eg sjå for meg at trange votter kan gjera det meir krampaktig å håndtere T-håndak enn D-håndak.
- 28 svar
-
- 2
-
-
Eg har fulgt med på langrenn på tv akkurat så mykje at eg har fått innblikk i kor lenge glideren fungerer. På 50km må ein ha på ny glider 1-2 gonger for å ha maksimal glid. Før eg forstod kor kortvarig glideren fungerer, brukte eg å legge på glider 1-2 gonger i løpet av sesongen. No har eg slutta heilt med glider på fjellskia, og eg kan ikkje seie at eg har merkbart dårlegare glid. Langrennski stålsiklar eg, og det gjev ikkje målbart dårlegare glid, og enkelte gonger betre glid, enn dei eg samanliknar med. Fluor gjev betre glid, men det har ingenting på eit friluftsforum å gjera, og burde ikkje vera lov å bruke i konkuransar heller.
- 33 svar
-
- 2
-