Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Jepp. http://www.skifeller.no/
  2. Skareføre tek hardt på det meste, stålfrie kantar, fellar og smurning. Så jo meir fellane toler jo betre. Mohair slites fortare enn nylon. Så kjem det jo an på kor ofte du synes det er akseptabelt å bytte fellar, føresett at du har nok feste. Eg tenkjer diverre at fellar er forbruksvare. Det positive med det, er at når du har slitt ut eit par fellar, kan du få sett på selskinn på kortfellefesta.
  3. Er litt slik det føles, så handlar nok kanskje litt om size ja
  4. Eg nyttar standardselen frå Fjellpulken, og det går heilt fint, men med det samme eg prøvar modellar som til dømes fjellpuken expedition vert det for mykje "prakk" i området skuldre og ribbkasse, og eg opplever at det vert voldsomt. Kjennes ut somo eg ikkje arbeidar så fritt, om det gir meining?
  5. Enig ang rykk i hofte. Eg synes ikkje fjellpulken sitt drag heller avdempar dette godt nok. Det er grunnen til at eg vel taudrag i 97% av tida. Faktisk fleire år sidan sist eg nytta stive drag. Eg personleg synes fjellpulken std sele er super, men vil tru at dette handlar litt om fasong og eventuelle "svakheiter" i kropp. Selar som fordeler trykket meir i heile kroppen er ikkje greia for meg, så eg gjerne vil trekke mest mogleg med mage/hoft og minst mogleg belastning over skuldre.
  6. Switchbacken er langt meir binding, og etter mitt begrep litt voldsom? Gåfunksjonen er god om alternativet er ein telis utan gå-funksjon, men likevel ikkje betre enn 75 mm.
  7. Handlar vel også litt om fotfasong? Nokre har "enkle" føter og andre har "vanskelege" føter. Eg har ein snodig fotfasong, skikkelig bladføter/andeføter. Dei er ikkje breie der andre folk har breie føter, typisk ved tåballen, men fremst på tæra er det breiaste punkt. Likevel får eg sjeldan/aldri gnagsår. Kjøper eg Crispi i str 39 kan eg dure avgårde tvert. Så har eg ei venninne som er stikk motsett, har føter som ser heilt "normale' ut, men tiltaka kjem i ei endeslaus rekke for å forebygge/behandle gnagsår, utan at det hjelper nevneverdig.
  8. Denne pakken vil eg tru høver utmerket for den bruk du skisserar, så lenge støvlane høver foten din
  9. Eg har god erfaring med Silvretta, og synes dette såg underleg ut.
  10. Flott e bileter du har teke! Dette er min "treningsarena" både med og uten bikkjer. Eg bur nede i dalen. Har slitt forderva nokre bildekk der framover, og ikkje minst vitja dei mange fine toppane.
  11. https://www.finn.no/109675856 Nesten ubrukte Crispi Stetind i str 41 til noko som etter mitt begrep er gi-bort pris!
  12. Har ofte brukt desse på stader der eg elles ville brukt stegjarn, funkar heilt supert med mindre du er ute i meit "klatrete" terreng" eler går lange bratte traversa. Når me var på Grlnd i haust tok me tre med oss eit par stegjarn på ei von me sku dumpe borti noko vanskeleg, og to par Chainsen. Det funka gull i nedste brefallet påvestkysten, opp og ned smeltevasskanalar og issvullar.
  13. Desse to kjekkingane, Aslan og Frøya kom til oss i sommar. Dei er no 11 mnd. Kullsøsken av 75% Grønlandshund og 25% AH. Godt gemytt og supre turhundar, trekkvillige og robuste. Dette er utebuande hund. Eg har berre hatt "hushund" før, og vore litt borti polarbikkjer med ei venninne, medan sambo har drive aktivt, og hatt nokre totalsbikkjer i kennel. Det er godt å ha slik kompetanse saman med seg, når ein tek på seg ein slik rase for første gang. No er det litt jobb med desse to ei stund, så kjem me nok til å utvide med 2-4 til, då rein Grlnd.
  14. Dette samsvarer mykje med mi oppleving. Men eg har også fått små hol i stoff ved kne etter omlag 50 bruksdøger. Det synes eg ikkje er godt nok. Plundret detaljar er eit irritasjonsmoment utan sidestykke under eksponerte tilhøver. Dilldallet nedst på føtene genererar isklumpar an masse ved vekslande vertilhøve.
  15. If you send me a personal message my boyfriend or i Will try to give you some tips. He is from Vestvågøy not far from Valberg, in Stamsund, and has done a lot of skiing there.
  16. Sure thing 🤣
  17. Supert! Me skal vel på denne turen eingong på seinvinteren/April, så sett pris på det.
  18. Det kan eg når eg finn den att i flyttelasset
  19. Tessatroll

    Ziplongs

    Ein str over er mi erfaring
  20. Ja det vil eg tru. Har du sett på Mountain Hardwear sine syntetiske vinterposar? Bra pris, bra kvalitet, bra varme, komprimerar bra til å vere syntetiske.
  21. Mi erfaring er at ein sjeldan nyttar begge dørene på tur. Og då er det eigentleg berre ekstra glidelås som kan gå i stykker. Skulle eg hatt fleire glidelås i telt til vinter måtte det vore for å få utsikta ein kan få med Lofoten ekstrem, Nigor Spix osv. Sterk sidevind kan kanskje skje i ny og ne, men som regel unngår ein jo direkte sidevind ved oppsett, så det er jo om vinden dreiar så mykje som 90 grader eller kjem frå alle kantar. Om han dreiar litt, som jo er mer vanleg, og kjem på skrå bakfra, har du kanten du kan nytte som føykekant på Nammatj, og de funkar gull. Eg har det på mitt keron. Heilt sikkert føremunar med fjellreven sitt, men dei kjenner eg ikkje så godt til og greier ikkje sjå nokon openbare ut frå bileta. Eg vurderar eit Nammatj sjølv, evt eit Fjellheimen x-trem.
  22. Hehehehe, lurte eg og på når eg kjøpte skall frå Arcteryx 😂 Men, det betyr faktisk noko. SV står for severe weather. AR for allround. LT for light. Litt som med Hilleberg som har modellane sin med og utan GT får du fleire av jakkemodellane til Arcteryx i SV AR og LT.
  23. Det hugsar eg faktisk ikkje, men meinar det vart det ja
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.