-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eg har samme skjørtet, men ein eldre modell. Så bra at dei har fått i to-vegs. Det har irritert meg å ikkje ha.
- 16 svar
-
- 2
-
-
Godt mogleg, fleire enn meg som har spelt inn forslag vil eg tru. Då nyttar det.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Har brukt mitt Houdini mykje, kjøpte det i 2013 meinar eg. Synes det er supert og passe lengde og vekt. Men, skulle ønske meg tovegs glidelås, slik at ein kan lage ein liten splitt om ein har behov for å ha det på under bevegelse/aktivitet. Så, skal sette inn ein slik i mitt Houdini. Skal eg kjøpe nytt skjørt, så blir det eit med tovegs.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Crispi Stetind er langt meir vridningsstiv enn Alfa'en. Svartisen har eg ikkje prøvd, men har vel lest nokre testar som seier noko om at den er syndig mtp ankel og slikt, men mindre stiv i solen enn Stetind. Stetind er min favoritt av dei sko eg har vore innom, både frå Alfa, Garmont og Crispi.
-
Det er i alle fall slik at det er greit å sjekke at limet du kjøper er av same merke eller kompatibelt. Om ikkje kan du få dårleg resultat. Både hørt i butikk og erfart.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Bra jakke, bra snitt som Arcteryx plar ha, lågare slitestyrke enn SV men framleis bra nok vil eg tru.
-
Skal det funke både sommar og vinter? Overnatting eller dagstur?
-
Det var voldsomt 😂 Mja, det skil seg litt frå sesong til sesong. Det kjem an på andelen muskelmasse relativt til kroppsfeitt, og det varierar no litt gjennom livet, uløselig knytt til trenings/jobb- og familiesituasjon. Eg svarte vel eigentleg berre på kor kaldt eg har sove i posen, og sa ikkje så mykje om opplevinga. Eg har vore kjølig i Viking 1200 i - 16 og varm i - 20 så det handlar litt om både dagsform og periode. Men det er klart, me er ulike i korleis me toler ei dårleg natt eller to, og i kor vidt me greier sove sjølv om me ikkje har det varmt som heime i senga. Eg toler å kjenne meg litt kald utan at det tek søvnen min. Det kjem også litt an på alderen på soveposen, eller rettare sagt bruksdøger. Isolasjonsevna går fortare ned på dun enn syntet synes eg.
- 15 svar
-
- 2
-
-
Randoutstyr er no dyrt, spes om det sku vise seg at han ikkje likar det. Om han har alpinski frå før kan det vere eit alternativ å la han gå opp på langrennski og renne ned på alpinski?
- 11 svar
-
- 1
-
-
Eg har ikkje personleg erfaring med glacier 1000 men har vore på langtur med ei som hadde den og eg hadde Warmpeace viking 1200. Mogleg det er ting eg har gått glipp av, men kan til denne dag ikkje skjønne kvifor eg skulle lagt den doble prisen (nesten) nedi ME'en opp mot vikingen. Mogleg yttertyet er meir fuktresistent på ME'en, men på tur saman i 3 veker under vekslande vintertilhøver gav det minimalt med utslag.
- 1 svar
-
- 1
-
-
- 20 med den åleine. - 30 supplert med ein tynn sommarsyntet utanpå. Eg likar best to-pose system, så veldig store og varme dunposar med comfort -150 har vore mindre interessant for meg.
-
Eg har viking 1200. Mykje pose for pengane. Har du spesifikke ting du lurer på er det berre å spørje.
-
Gjekk over i fjor haust. Me traff eigentleg veldig bra på utstyret, med unntak av storleik på telt. Då me sku bere alt på ryggen i 3-4 dagar på tampen av turen, var me knallharde på kva me hadde med. Mellom anna valgte me eit 3-mannstelt til 3 personar, for å spare 1,5 kg opp til mitt 4-mannstelt. Det var den drøye kiloen me ikkje skulle spart på. Det vart upraktisk og litt tungvindt. No var me 3 små damer, så plass nok til soving etc var greit, meir makkette med teltlivet forøvrig. Det gjekk seg dog til, og me fann ein rytme på det, men eg hadde ikkje valgt slik ein gong til. Mtp sko så synes eg ofte folk tek ekstremt hardt i. Trudde først at det kanksje var berre eg som var varm av meg, men samtlige av oss gjekk med Crispi Svalbard, ein ullsokk og dampsperre (plastpose). Opplevde ikkje å fryse på føtene. Å ha meiningar om andre sine kle er dog noko eg prøver styre unna, då me er veldig ulike. Men eg personleg synes, i alle fall den ruta me gjekk, at det er godt å ha ein støvel som sitt og tilbyr god støtte i vindherja snø/sastrugi og teknisk breterreng. Ein støvel som er 2 str større enn vanleg med masse "prakk" nedi ville gitt meg slitne fotblad. Edit: glømte at eg solgte mi Klattermusen Freke etter den turen. For mykje dilldall på den, og spesielt irriterende med alt nede på beina som isar og klumpar seg ved vekslande tilhøver. Synes heller ikkje at partia med cutan held vind like godt som kraftig gtx. Til slutt : gled deg. Det er eit eventyr.
-
Eg synes Man Mat har hatt eit ok utvalg av seler til ulike "kroppstyper" på hund. Har brukt Man Mat til både Grønlandshund og naboen har brukt til slank Huskytispe, så trur det skal vere mogleg å finne noko der, til ein ok pris.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Fin pris på meir eller mindre ubrukte og gode ski støvlar, str 39. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=133437690
-
Eg meinar at dersom ho er ein habil skiløper vil ho truleg ha glede av ei litt lenger ski. 12 cm lenger enn kropp er veldig kort. Eg er 166 og har fjellski på 187 cm (Amundsen) og 185 cm (Nansen). Men det er klart, det skal passe spennmessig. Amundsen er på grensa spennmessig til meg, men eg kjøpte den slik fordi den hovudsakleg nyttast til pulk og med tung sekk. Eg er nokre kilo tyngre enn dama di, så kanskje skal du sjå på damemodellane for å kunne få lengde utan at spennet vert heilt galt. Men dog, har ho god ski teknikk vil ho kunne takle litt spenn og, då ho truleg har godt stem i beina.
-
Og nett dette er litt av mitt poeng. Som astmatiker/allergiker og mor til barn med slikt, er eg temmeleg kurert for lettvinte uttalar om årsak og verknad. For dei som har dette i dagliglivet er nok bileta hakket meir komplekse enn om eg let kidsa mine krabbe rundt i hybelkaniner og suge på småstein i tunet, for å sette det på spissen. På linje med at din sønn teke med keisersnitt ikkje har utvikla noko, har mine born vokse opp i det enkelte vil skissere som ideelt ut frå tanke om eksponering for bakterier. Født inn i eit småbruk, med relativt avslappa foreldre. Det hjalp ikkje ein døyt, og dei var ganske små når plagene dukka opp. Dei er no friske, til tross for at eg vaska hyppig og hadde ein nokså tekstilfri heim etter at plagene dukka opp No var dette eit langt sprang frå vassflaska og eg skal halde fred 😎
- 93 svar
-
- 3
-
-
-
Vel. Denne forskinga rår det usemje om. Det er fryktelig mange barn som har astma og allergiplager frå dei er så små at det ikkje kan ha vore manglande eksponering for skit/bakteriar som gjer det. Og eg kjenner mange barn oppvokst "på landet" som har utvikla allergi, ja faktisk fått trigga sitt system så knallhardt at det tok lenger tid å få dei under kontroll enn det ville gjort om systemet var mindre provosert av allergener. Utover dette kan ein seie at forsking seier noko om samanheng mellom keisersnitt/vanleg fødsel og allergi. Ein tenkjer at ein ved keisersnitt ikkje vert utsett for viktige bakterier frå mor.
- 93 svar
-
- 1
-
-
Crispi Svalbard er meir vridningsstiv. Eg synes den er ein knallgod skistøvel.
-
Baffin har ulike modellar, kanskje dei har ein som er nokså lik Caribou? Edit: til dømes denne? https://www.baffin.com/products/htgem001
-
Eg har også desse. Fantastiske støvlar mtp varme, ved arbeid og uteaktivitet i slaps, snø og sidelengs nedbør. Sjølvsagt ikkje noko særleg å marsje med.
-
Baffin? Hekta på tur har dei.
-
Hjelp til overhaling/rep av Fjellpulken Xplorer
Tessatroll svarte på AmundJS sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Ok. For meg er det moglegens aktuelt å kjøpe den som det den er, eit oppussingsobjekt. Eg vil nok ikkje betale vanleg "bruktpris" for den. Til det ligg deg for mange timar med arbeid, i oppvarma og godt ventilert rom.- 36 svar
-
- 1
-
-
- fjellpulken
- pulk
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Hjelp til overhaling/rep av Fjellpulken Xplorer
Tessatroll svarte på AmundJS sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Kor mykje kva? Altså kor mykje arbeid for deg å puser opp eller pris på pulk?- 36 svar
-
- fjellpulken
- pulk
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Crispi Svalbard er også eit tips, om du finn dei rimeligare. Meir vridningsstive og meir enn varme nok
- 2 svar
-
- 1
-