Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg har også handla kart frå Danmark, og direkte frå butikk i Nuuk. Så ymse moglegheiter alt etter kvar du skal?
  2. OT, men bruk av pels frå human jakt/fangst på jaktbare artar, og som ein del av ei total utnytting av eit bytte synes eg er både ynskjeleg og bra. Elles enig i resten. Det er forkasteleg, og om breen truleg smeltar uansett, så er det ikkje det som er det springane punkt, men det å aktivt ta nokre standpunkt til ein galskap utan sidestykkje.
  3. Mja, etter å ha prøvd produkt med ulik spenst er mi personlege oppleving at eg nett pga den komprimerbarheita lettare får kuldebroer og kollapser som resultat av press. Posen eg har likt definitivt best av mine dunposer har berre middelmådig dunkvalitet. At det er mi oppleving gjer det dog ikkje allmengyldig, det skal mykje til for noko er
  4. Har sette desse i bruk på turkamerater også. Ser bra ut, men har nokre gonger tenkt på at det ikkje er frakt for vatn baketter? Har det noko effekt? Får kanksje frakt på sidene.. Elles er det nok forskjell på fleirdagers og dagstur på dei intelligrip, utan at eg hugsa kva det går i, men ei venninne og også @tronn har prøvd desse på lengre tur, synes å hugse det funka berre middels. Har du brukt dei over dagar @Lompa? Etter å ha sett desse i bruk, og sjølv brukt smale mohairfeller kappa ved hæl, held eg ein knapp på siste, men greier ikkje heilt gjere rede for kvifor. Hadde berre stola meir på siste løsning, over litt tid.
  5. På ski uten kortfellesystem har eg hatt to par feller. Eit par lange feller i passe breidde til bratt/mykje laussnø. Eit anna par langfellen, relativt smale kappa ved helen. Kjøper du desse i ein mohair eller mixvariant og har på glider på fellen er det ganske god glid sjøl om du har fell også framom festesona. Til gjengjeld slepp ein bremsing av felle festet. Å kappe langfellen kortare og kortare utetter turen og ende med Langfell kappa under fot, var ganske vanleg før på Grønlandsturar, der festebehovet minkar etterkvart som ein stig opp på isen Eit konkret felletips er Silvretta mohairmix. Desse synes eg har grei balanse på slitestyrke/glid. Du får dei ganske smale.
  6. Har brukt å kombinere 600 med ein tynn syntpose med comfort + 12 eller deromkring. Temp toleranse varierer jo litt med perioder og form, men det funkar til nedpå mellom - 15 og - 20 ein stad. Kaldaste eg har hatt i den kombinasjonen trur eg var tur i januar med et par og tjuge minus. Var overraska når eg vakna over at eg hadde sove gjennom natta i den tempen med dei posane. Mengde kle og evt varmeflaske varierer litt med luftfuktigheit, dagsform, tilstand på pose, lengde på tur osv.
  7. Fischer sitt smørefrie har tidlegare gått for å vere det beste men eg har ikkje vore borti smørefrie ski frå Åsnes av nyere dato så ana ikkje koss dette ligg an i dag.
  8. No er me godt OT. Men eg e samd. På siste tur frå Finse og nedover vidda hadde me langt meir dekning enn eg har vore van med, me gjekk lenger aust enn eg var gjort før. Med mykje ver blei det til at me nytta dekninga til vermelding m.m. Eg hadde ein finfin tur, men mista litt av distansen som eg ønsker, når eg fleire gonger hadde en touch til verda. Ein merkjeleg opplevelse, og neste gong eg går i områder med så mykje dekning blir nok telefonen å ligge avslått nedst i ein pakkpose, så får eg forholde meg til det som oppstår som det er, i alle fall i størst mogleg grad.
  9. Tenkjer som deg om dette, i grove trekk. Hadde samme samtale med kompis for et par dagar sidan, med akkurat samme tema. Han landa ned på Pro. Eg vil også gå for Pro, dersom eg ikkje skal ha nytt Keron når mitt noverande utgår. (glad i Keron men synes dei har blitt veldig dyre).
  10. Var der førre veke. Med unntak av nokre av dei syd-vest vendte hellingane var det bra med snø. Skiføre også i dei meir brokete hellingane. Overvatn på Ustaoset, men elles greit.
  11. Eg har GT og tenker at mitt neste truleg er utan. Eg nyttar fortelt minimalt, og trives godt med å ha det meste i innertelt. Eg greier kokelere i tilsvarende små fortelt som Keron3, men eg er kort og mjuk, og sitt i innertelt og styrer med det som er i fortelt, uten grop. Er litt ekstra forsiktig akkurat når eg fyrer opp og til brenner brenn jamt og stabilt.
  12. Hm. Har gått med taudrag nesten støtt, inkl med tunge pulk, og også to kopla etter kvarandre. No sist 8 dagar på vidda, med bikkje på lina framom. 3 velt totalt og elles tipptopp i dei fleste situasjoner. Hadde dog stort sett nokså faste forhold, ikkje djupsnø. Mistenker eg mykje djupsnø på ein tur slenger eg på fastdraget i tilfelle, men har det klappa saman under beddingen og går med taudrag som utgangspunkt. Synes eg stort sett ferdast uropblematisk med tau.
  13. Følgjer denne. Skal sette 75 mm på eine paret mitt med fjellski, men når Crispi og Alfa sine modellar ikkje høver vert det vanskeleg med prøving av sko, også for meg her på Nordvestlandet.
  14. Veldig. Har nett brukt den på vekestur på vidda med alle variantar av føre. Sitt overraskande godt til tross for mangel stålkant, enkle å få på kant, truleg fordi den er relativt rank i forhold til monge andre fjellski. Flyt greit, den lille rockeren gjer at den søker godt opp også i djup snø, eller rotten snø, som eg kjørte i går. Svart sole (jippi, enn om Åsnes kunne slutte med dei tulette lyse solane på Nansen), så ofte enklare å få påført festevoks, også av den hardare sorten. Generelt godt overraska, og vart nok litt nysgjerrig på Gamme, i og med at det mykje godt er samme skia men med stålkant.
  15. Dette trur eg har vore diskutert ein del tidlegare. Cecilie er mjukare, uten tvil for dei som har prøvd begge par. Det har også vore omtalt i en relativt grei fjellskitest i Ute-magasinet for nokre år sidan. Med mjukare meinar eg spennet ja. Eg kjøpte Nansen nett av den grunn. Eg har også Amundsen og Finnmark. Gode ski det og. Så kjem vel an på kva du skal, sluke km, ha ei god allroundski, god styring osv. Er du habil eller mindre habil på ski osv
  16. Av Cecilie og Nansen, uten tvil Nansen. Har gått på begge, og Cecilie vert for mjuk for dei fleste til bortover bruk og småkupert. Av alle Åsnesmodellar? Mja, kjem an på kva du skal bruke dei til.
  17. Rufsete tilhøver ja. Om ikkje bikkjene akkurat streika (dei gjekk no framleis framover), så gav dei i alle fall tydeleg uttrykk for at å vere ung, lavtarbeidende trekkhund i føyke og adskillige m/s var fysisk og mentalt tøft. Tenker me stoppa i perfekt tid for både to og firbeinte Og pappaen som tilkalla hjelp var i alle fall fornuftig! Veret eskalerte rimeleg kjapt.
  18. Ikkje noko å stresse over. At ein rådgir ut frå det ein sjøl tenker som optimalt har ein tendens til å stresse mange inn i optimaliseringssyka. Den prøver eg unngå. Har du noko som funkar greit for deg, nyttar du det til du finn ut at behovet ditt er annaleis enkel filosofi
  19. Orientering er greit å ha litt kål på, og det må praktiseres for å få under huda. Høres ut som det blir kjekt kurs lukke til
  20. Om du ikkje går mykje/har gått mykje, tenker eg du har det fint på dei, og om du kjem dit at du treng noko anna, pga behov eller auka ferdigheiter, sel du dei og kjøper andre. Ingenting er hogd i stein, prøv å feil er fine måtar å lære på, og eige sin egen prosess på utstyrvalg God tur!
  21. Denne gongen skal eg saman med venner og bikkjer. Reiser også gjerne åleine. Kva hindrar deg? Er du mørkredd, eller usikker på egne ferdigheiter? I begge tilfeller er det vel gradvis eksponering som gjeld
  22. Ceciliesnia blir noko heilt anna. Dei er veldig mjukt spenn i, og noko eg ikkje hadde kjøpt om eg var van med langrennski og sku gå frå hytte til hytte med litt oppakning. Cecilie er ei totalt anna ski enn til dømes Finnmark.
  23. Hadde eg vore deg hadde eg gått for Finnmark til det skisserte bruk. Med oppakning og litt km så er det greit med litt meir spenn enn Breidablikk. Eg har Amundsen og Nansen frå før, og har venta med å kjøpe hundeski til eg fekk fatt i ei med smørjelomme/spenn og kortfellefeste. Skulle eg gått mykje i skauen, med bikkje, til dømes på jakt, hadde det vore annaleis. Breidablikk kan og vere utfordrande å få kantane til å sitte i sidetraversar om du er fersk på ski. Er du ikkje fersk er det nok greit nok, krev dog litt trøkk, spesielt om du går med BC - binding.
  24. Eg reiser på vidda i morgo med mine nyinnkjøpte Finnmark. Blir halvanna veke, kjem med attendemelding når heime
  25. Det er klart at det hjelp med meir isolasjon på kroppen. Men mitt poenget er, at det stillestående luftlaget rundt deg sin temperatur spelar ei rolle. Ein varm pose eller ein iskald pose, kan me vere samde om vil oppleves ulikt i forhold til egen kroppstemperatur? Eg vert i alle fall kald på kroppen når eg legg meg under ei kald dyne. Legg eg meg med kle brukar eg lenger tid på å få opp tempen på dyna og madrassa under meg. Ut frå det er det eit poeng å få posen varm, i alle fall for meg. Korleis ein vel å gjere det kan vere ulikt. Med eigen kroppsvarme (krev at kroppsvarmen ikkje er isolert inne) eller varmeflaske eller anna varmekilde. Å kle på seg og på same tid bruke ein ekstern varmekilde, til dømes varmeflaske, er ein effektiv og god kombo. Eg kler gjerne på meg ekstra i posen, om eg blir kald, men som regel når posen er varm, og eg kjenner at eg likevel har kalde punkt som vil plage meg ila natta. Isolasjon i form av kle i startfasen synes meg dog føre til lenger tid brukt på å få alt varmt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.