-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Ja prisen er rett og slett skammeleg, så det må vere tilbud eller bruktmarknad. Ikkje eit plagg i verda for meg som er så bra at det kan forsvare slike prisar. Eg har ei Klattermusen Freke. Eg ville aldri funn på å kjøpe den oppigjen til dagens prisar. Det er så vidt eg kunne forsvare den med 25% rabatt før den sist voldsomme prisauken. Det har rett og slett ikkje noko for seg med så dyr e plagg. Trur kanskje industrien er if fer dmed å skyte seg sjølv i foten, dersom dei trur at det ikkje er grenser for kva folk er viljuge til å betale.
-
Ein øvelse som er bra for å stabilisere er eksentriske tåhev på ein fot i slengen, til dømes i ei trapp. Hev opp, og hold igjen medan du sakte slepp helen ned så langt du kan. 3 sett a 12 reps på kvar fot med litt pause mellom. Gåande utfall er også ein måte å trene stabilitet og balanse sidelengs. Så til slutt ein "pensjonistøvelse" som eigentleg gjer utruleg godt for alle føter i alle aldre; sett deg i ein stol med ein koppehandduk under føtene. Bruk tærne aktivt for å trekke meir og meir av koppehandduken saman under fotbladet. Aktiverar musklane under fotbuen i særskilt. Elles er det lurt å gå litt med sekk om du skal gå på ski med sekk. Gjerne litt i motbakker, så utfordrar du baksida di litt og herder akilles.
- 3 svar
-
- 3
-
-
Eg har Bergans nordmarka. Noko vidare i modellen, men framleis kort og med middels hetteløysing. Ikkje tøff nok til dei tøffaste dagane synes eg, har også to gamle anorakkar, eik husly og ein annan. Den definitivt tøffaste av dei alle tre er den husky anorakken. Om ein ikkje er opptekne av pris, er klattermusen rimfaxe eit alternativ på bomullsfronten. Ei fantastisk jakke. Ein skrekkeleg pris.
-
Så herleg 😄 kjekke bileter. Ser at den fjellreven ser litt innoverretta ut ja. Her er min. Den ser også litt innoverretta ut på dette biletet kanskje, men det trur eg er fordi glidelåset er ope og alt bikkar litt inn. Når eg "kler" på meg skikkeleg, altså kjem inn i hetta, er den ikkje på noko måte i vegen. Custom made sak.
-
Kva video? Ikkje på utsida men den skal "bygge ut" kanten på hetta slik at hetta på eit vis vert djupare og skjerme for vind ved å skape eit. Altså den skal ta vind, ikkje varme, om du skjønar kva eg meinar.
-
Dei fleste pelskantar er festa på innsida av hettekanten, og så skal ein brette dei utover. Er du sikker på du festar den rett veg @Mareng? Ligg døme på dette på sida @graham linkar til over her. Elles er mi erfaring at ein langt på veg greier seg med å lime. Eg skal lage til på mi Arcteryx skalljakke no, etter samme modell omlag som på mi Norrøna Svalbard Ousland. Kjem til å gå for liming, og prøve unngå å sy. Skal du sette sting i det er det greit å alliere seg med noko membrantape etterpå om du må sette sting på ein stad der det har ein praktisk betydning at der er eit knappehol-stort op eller to i membranen.
-
Et juleeventyr med pulk i Langsua fjellene
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Turrapporter
Fin lesnad, magiske vinterbileter! For meg vart fjellet ein fin måte å skape gode tradisjonar for meg sjølv dei gongane eg ikkje har kids jul eller nyttår (me byttar 4 juledag og har anna kvart år første del og andre del). Eg har faktisk feira andre del i Huldreheimen ein gong. Me masse laussnø 😆 og det er jo de to rådet er kjent for. Å vere snørikt tidleg. Det er litt rart i byrjinga å feire utan kids, men til slutt trur eg det er bra både for ein sjølv og dei, at ein har det fint også når dei er med den andre forelderen Framleis god jul til deg! -
No er det nokre år sidan eg prøvde den, men umiddelbart inntrykk er at den er fin til dagstur og til jeansen på byen, men for upraktisk og pinglete til meir krevjande bruk, til dømes om vinteren. For kort, for smal i overvidde, middels bra hetteløysing, ikkje tett nok stoff.
-
Om du søkjer på forløperen, Alfa Skarve, vil du nok finne litt meir erfaringar. Ein støvel som ikkje høve meg spesielt bra, i alle fall ikkje når ein tok til å utfordre dei med terreng og oppakning.
-
Felleimpregnering, gul glider eller solkrem. Alt vil hjelpe mot klabbing
- 4 svar
-
- 1
-
-
Smurning og feller om kvarandre. Fellar er enkle å rense og legge ny lim på om de skulle bli eit behov.
-
Den store hva ser du på youtube tråden
Tessatroll svarte på Lar5 sitt emne i Bøker - media - foredrag
Netflix - Happy People - a year in the Taiga #tåreriaugo- 340 svar
-
- 5
-
-
Eg trur det er forsvaret/nato som brukar det? Det står i alle fall for Military Grid Reference System...
- 5 svar
-
- gps
- navigasjon
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Så bra Dei er både mine og kidsa sine favorittar
-
Viktig å skille mellom alle sortane du kan møte på, for å sleppe mistydingar. Det er stort sett UTM og lengde breddegrad. Lengde og breidd grad kan angis i desimalgrad, grademinutt, eller grader minutt og sekund.
- 5 svar
-
- 1
-
-
- gps
- navigasjon
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Mange hytter oppgir både grademinutt og UTM. Grunnen til at dei oppgir grademinutt er at det er det føretrukne koordinatsystem for mellom anna redningshelikopter. Dette varierar på ulike stader i verda. På Grønland tek dei i mot alle typar koordinatar (det gjer dei vel her i Norge også om alternativet er ingen koordinatar), noko som gjer systemet litt sårbart overfor opplesnings/plottefeil. Dette har redningstenesta der borte sjølv erfart fleire gonger, og eg eingong. Sentralen fekk inn korrekt avlesing frå meg (dokumentert) men gav vidare feil format til heli. Me hadde flaks med god visual den dagen, og vart spotta frå lufta pga det raude teltet. På Svalbard lyd bestillinga frå sysselmannen på lat/long så langt det er mogleg, i alle fall gjorde den det sist eg sjekka. På fastlandsnorge føretrekk ein altså grademinutt, sjølv om redningsapparatet sjølvsagt er glade for alt som kan gi info om lokasjon dersom ein ikkje har det "på kornet".
- 5 svar
-
- gps
- navigasjon
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Break-in trip av utstyr - artige feil 😂
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Alle utstyrserfaringene
Denne kunne du lett lurt meg til å tru eg var med på Skulle eg skrive alle blemmene mine i denne tråden hadde den blitt lang. Trur eg tek det i små drypp. Til dømes greit å hugse klatresele på bre/tinderangletur. Det går fint utan også, sjølv om turfølgets kommentar var "ikkje f.... om ej hadde rappellert i ditta heimehekla styre der".- 19 svar
-
- 4
-
-
Godt val!
-
Refleksjoner om turåret samt friluftsliv oppigjennom årene
Tessatroll svarte på martin.m sitt emne i Generelt om friluftsliv
Og eg som er så lettrørt! Og som allereie etter 6 månader har problem med å sjå for meg livet utan desse energirike og flotte pelsane som eg har i hundegården. Forstår kjenslespekteret. Også samd i at forumet her er ein sann berikelse. Livet ville vore litt tomt, også utan det. Litt merkjeleg, men forumet er ein flott "sosial konstruksjon" . God jul Martin! Vonar å sjå deg ila 2018 -
Mykje flotte bileter!
- 10 svar
-
- 1
-
-
- lettpakking
- julekalender 2017
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Snickerskake/bar - 2,5 dl sirup - 1 dl sukker - 1 glas peanøttsmør - 1 dl kokosmasse - 1 l cornflakes - 1 ts vaniljesukker - 100 gr peanøtter - 2 platers lys kokesjokolade - 2 ss delfiafeitt Smelt sirup, sukke rog peanøttsmør i ein kjele. Bland inn kokos, corn flakes, vaniljesukker og peanøtter. Brei utover i ei bakepapirkledd form (omalg 28x20 cm). Sett kaldt til stivna. Smelt sjokolade saman med delfiafeitt og fordel oppå kaka. Sett kaldt igjen. Del opp i høvelege konfektbitar eller barar om det er til tur. Rullast inn i remser med bakekapir. 3-4 barar per remse, olegg i ziplockpose. Berre å "rulle" ut ein bar ved behov. På bilete; snickers i front, bjørnebrød bak.
-
Eg vart reint rørt her eg satt ved frukostbordet! God jul 🤶🏻
-
Om du finn ein kalorikalkulator trur eg du vil sjå at snickersvariantar gir mykje energi i forhold til vekt. Det er ein grunn til at nøtter og sjokolade er mykje brukt på turar der kaloriinntak er viktig
-
For ein fin post Beint fram "feelgood".
-
Eg kan avogtil bli uvel av REAL (prøvar av di styre unna) , for meg trur eg det handlar om saltmengda. Ein annan ting som kan vere , men berre er eit skot i blinde, er jo at dersom ein er veldig sliten,av typen "glukogenlager faretruande tome" så kan ein oppleve kvalme, og denne kan tilta etter inntak av mat og drikke, og halde seg slik til kroppen har "stabilisert" seg att. Om du ikkje reagerar på mykje salt, og ikkje var veldig sliten, er eg tom for forslag til årsak
- 35 svar
-
- 1
-