-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Topptur og jakten på det perfekte Instagrambilde
Tessatroll svarte på Gittiamo sitt emne i Turrapporter
Ei ærleg og flott skildring kanskje ser eg dykk her til seinvinteren/våren? -
Late dager i Rago - en ukes tur rundt en foss
Tessatroll svarte på Luesveis sitt emne i Turrapporter
Nydelege bileter! Lysta på Rago vart ikkje mindre. -
"Lille Tre" fortjente ein ny runde, fantastisk bok. Forest Carter. Mannen bak "Du finner meg i fjellene". Lille Tre kan nytes som voksen, og kan med fordel leses til barn frå 6-7 år og opp. Øst for den store bre tolte godt ein runde nr 3. Nett ferdig med den. No les eg nokre klassiske skjønnlitterære verk medan eg ventar på at eit eksemplar av "Walden" - Henry D. Thoreau skal lande i postkassa.
-
I ullstilongs og bare armar - Med Barnas turlag i Reinheimen
Tessatroll publiserte et emne i Barn på tur
April 2016, og ein relativt stor gjeng vaksne og born er samla på parkeringsplassen ved Grotli Høgfjellshotell på Strynefjell. Det er klart for skitur med barnas turlag til Danskehytta. For underteikna si hushaldning er det også siste tur med barnas turlag, både som turleiar og deltakerar. Kids veks til og livet endrar seg. Grotli, omlag 900 moh. For å spare små føter og foreldre med tung oppakning for litt høgdemeter, nyttar me skitrekket og tek om lag 230 høgdemeter utan det heilt store kaloriforbuket. Samling på toppen av trekket, ein liten prat om å ferdast som gruppe, før me labbar innover fjellet. Foto: Tone drabløs Med nødprovianten lett tilgjengeleg Dei fleste har hatt nokre timar kjøring før ankomst Strynefjell, og det byrjar bli nokre timar sidan mat. Første pause vert av di avvikla ganske tidleg på den omlag 12 km lange turen frå Grotli til Danskehytta. Turen inn går via Tjerringtjønne og langs Fremste Vikvatnet. Mot sydvest Varmt og godt, på grensa til for varmt meinar enkelte. Lag etter lag vert effektivt skrella av, og solkremen får bein å gå på. Klaginga får imidlertid forbli usagt, med born på tur er det tross alt betre med hyppige drikkepauser enn ein tilværelse dominert av skibriller, vind midt i fleisen og raske måltid i ein vindsekk. Foto: Tone Drabløs Endeleg framme ved Danskehytta, beliggande 1450 moh. Den siste lille kneika fekk sette punktum for dagen, og både små og store har fått utfordra seg litt i sidebratt terreng, med og utan pulk, dog ikkje meir enn at gleda er bevart. Vel framme. Sosialt og mat. Rause mengder godteri og sukkerhøge kids, nett som det brukar vere når me er på tur. Når sukkeret avsluttar sin verknad, er det imidlertid ein nokså trøytt og fornøgd gjeng som sloknar, og dei omstendige hysjerundene ein nokre gonger må til med trengs ikkje i kveld. Neste dag skal me utigjen til Grotli. Vergudane har vore lydhøre, og vindstilt og lettskya gjer at me kan gå høgt utatt, over Helleggi. Denne ruta fører ein opp på drygt 1660 moh, og gir vakkert utsyn mot Tafjordfjella og Sunnmørsfjella i nord og vest, og Breheimen med Jostedalsbreen og Skridulaupen dominerande i syd. Utsikt mot Nord Gjengen i drivet. Tone legg Danskehytta under seg. Eg legg fornuftige spor opp ryggen mot eggi, men spreke kids synes dei er i overkant slake og durar rett opp. Har ein blitt gammal? Den einaste som fyl dei er Tone som kjem etter med pulk. Hint. Nordover Foto: Tone Drabløs Syd - sydvest Bortover Helleggi er det flatt/småkupert eit stykke, før ein kjem til det punkt der egga knekk markant nedover att. Der ventar ei lang og slak nedkjøring, perfekt for fjellski. Godt føre gjer det til ei sann glede, også for dei som ikkje er så komfortable på fjellski i utgangspunktet. Klar ferdig kjør! Siste km mot Grotli går som ein leik etter den livgivande utforkjøringa. Dei preppa løypene i skiannlegget, med hopp og moro, står som ei verdig avslutning for ei flott helg. Takk for turen!- 4 svar
-
- 22
-
-
-
- skitur
- reinheimen
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
.....men fekk ikkje til å legge det inn i kalenderen som bidrag.
-
Tok å sveiva meg rundt i lunsjen og drodla eit utkast, skal berre innhente nokre bileter så kan eg legge ut.
- 73 svar
-
- 1
-
-
Ekspedisjonssele Fjellpulken VS Acapulka
Tessatroll svarte på Lars Weyer Andreassen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Går fint med standardsele for min del, gått med 75 kg over tid og med 100 kg på treningsturar. Men, det skil seg no frå pers til pers kvar ein likar drage. Menn har sitt tyngdepunkt langt lenger oppe enn dei fleste kvinner og vil ofte ha meir å dra med i overkroppen. Kvinner har ofte eit lågare tyngdepunkt og dreg litt annaleis, eg dreg mykje med hovudvekt hofte og mage, sjøl om heile kroppen sjølsagt er aktivert for bpd 3menn og damer når ein kjem opp på ei viss tyngde. Edit: dette er berre mine ukvalifiserte observasjoner altså Skil seg sjølsagt -
Kan vere heilt innafor og heilt utanfor. Kjem an på ver og føre. Av den grunn tør eg sjeldan planlegge med så lange etapper så mange dagar på rad. Sjansen for at noko skjer seg, anten med ein person i følget eller med ver/føre eller anna, er stor. Då er det greit å ha marginar, anten i form av kortare gjennomsnittsetapper eller å legge inn ein dag utan forflytning. Ein har då skapt meir rom for error.
-
Ekspedisjonssele Fjellpulken VS Acapulka
Tessatroll svarte på Lars Weyer Andreassen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg sjøl har foretrekt standardsele, fordi eg synes ekspedisjonsselane blir "for mykje" på meg som er forholdvis lita. Fjellpulken sin vert rett og slett overdimensjonert til meg på alle vis, og eg har også for lite/ingen stramming å gå på på hoftebelte. Så ved kjøp av sele er dette nok eit moment å ta med til den kvinnelige deltaker. -
Vinterfriluftsliv for et sommermenneske
Tessatroll svarte på Heriks sitt emne i Generelt om friluftsliv
Rett hyggeleg, og når ho attpåtil har bytt ut skina sine no, så er ho på rett veg 💃😁 -
Lekre bilder 😍
- 11 svar
-
- 1
-
-
- turrapport
- femundsmark
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
https://www.extremtextil.de/en/fabrics/insulation/down.html https://www.extremtextil.de/en/fabrics/insulation/synthetic-insulation.html
-
https://www.stoffogstil.no/sytilbehor/innlegg-vatt-vlies
-
Om du gjerne vil lage sjølv, er det ein idè å sjå om ein har noko slyngande i hus som ein ikkje nyttar? Eg har til dømes gøymt unna ein lett sommersyntetpose som har sett sine beste dagar i øvre delar, men framleis har store stykker som er brukbare både i tyet og isolasjonen, nettopp for å kunne bruke til slikt. Elles må eg korrigere meg litt får forrige innlnegg; dun får ein ganske enkelt kjøpt i lausvekt på nettet, mens primaloft veit eg mindre om .
-
Kjenner ikkje til kvar ein kan få kjøjpt slik i lausvekt, men av ferdige produkt har både ARcteryx, Houdini, Rab og ein del andre merkevarer slike bukser med glidelås i sida og syntetfyll/primaloft/dun.
-
Klipp ut brukbare stykker og sy skallvotter av dei.
- 23 svar
-
- 1
-
-
Såg fin-fint ut!
-
Mja, primaloft er ein type syntetfyll utvikla av det amerikanske forsvaret om eg ikkje hugsar feil. Det er relevant å vite om fyllet er av primaloft eller til dømes coreloft som Arcteryx brukar, fordi kvaliteten varierar.
-
Vil halde seg betre men ofte vere tyngre å komprimere att.
-
No trur eg du misforstod eller at eg formulerte dårleg setning. Eg meinar at syntet ikkje gjenvinn same spenst som dun. Det var som eit svar til ditt spm om kvifor ei syntetjakke vil bli dårligere av komprimering. Mi erfaring er at det vert dei, sjølv om dei vert pakka ut på same vis som dunjakke når ein kjem heim. Utover det var vel ikkje dette ein tråd om dun vs syntet men om tjukk og lett syntetjakke.
- 40 svar
-
- 1
-
-
Syntetisk isolasjon har sjeldan (aldri?) den same evna til å gjenvinne spenst etter lag tids komprimering, på same måte som dun.
-
Dette er tull. Dersom du søker stønad etter lov om sosiale tenester, eller andre behovsprøvd stønader må du dokumentere behovet. Dette kan mellom anna innebere å dokumentere kor mykje pengar du har på konto.
- 53 svar
-
- 1
-
-
Usikker på kor varm du skal ha den, men Arcteryx har ein del fine, meir beefy syntet jakker, til dømes Atom AR, men også andre modellar.
-
L er nok bra, fint å ha litt å gå på når det skal utanpå bukser. Eg er e stort sett str 38 avogtil 36 og har M
- 16 svar
-
- 1
-
-
Har kun sett Blå Band i svenske og danske nettbutikker.