-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Norrøna Svalbard 2016 - endeleg ei skikkeleg jakke?
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Bekledning
Ventar på rapport etter bruk over litt tid! -
Norrøna Svalbard 2016 - endeleg ei skikkeleg jakke?
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Bekledning
Haha, artig Jau kva som er nytt kan eg fortelje deg utan å ha sett jakka, den kjem i damemodell! For ei litt kortvokst dame som i mange år har måtte slitt med herre/unisexmodellar er det god knall. No slit eg framleis på mi Ouslandjakke (herremodell) men vurderar hamstre ei damejakke no, berre for tryggleiks skuld, då den, til tross for at den ikkje er optimal (finnast det?) saman med ein klattermusenmodell er det beste alternativet for korte "midtbreie" kvinner per i dag -
Hillebergpluggane som følgjer med Black-labeltelta deira er konge. Toler alt. Sjølv i den steinete grunnen som kan dominere i høyfjellet og på Svalbard berre "skrur" dei seg forbi hindringer og nedover i grunnen, når eg dundrar laust med ein stein. Har i nokre tilfeller tråkka på dei også. I motsetnad til Helsport som då bøyer umiddelbart, har dei tolt det godt.
- 13 svar
-
- 4
-
-
Me har no eit alternativ i spelsauen, som betre vil greie seg i rovdyrterreng. Men, igjen, det er kjent at slaktevekta på denne er noko lågare enn Dalasauen. At slaktevekta ikkje har betydning for hardt pressa bønder er tull. Spør du meg så skulle me subsidiert bøndene på eit vis som gjer at dei kan halde sau som har betre eigenskapar mtp terreng og rovdyr. Og sluttbrukaren må være viljug til å betale for det, både over skatteseddel og i butikk. At det kan finnast alternativ til slik løysingane i dag er, er det ingen tvil om. Kanskje ikkje perfekte løysingar, men betre. Men det er med dette som med vel med distriktspolitikken og busetnad. Alle vil ha fleire folk i utkantane, men ingen vil ha naboar. Føler denne rovdyrdebatten ofte dreg i same retninga, anten det er på for eller motsida. Dumt. Dei potesielt gode løysingane får ikkje kome fram i lyset når polariseringa er så sterk.
- 120 svar
-
- 1
-
-
https://www.norrona.com/nb-NO/Products/4010-16/2355/svalbard-gore-tex-jacket-m/ Endeleg ei lang jakke med skikkelege lommer, også i damemodell. No er det berre å håpe på at kvaliteten held! Dette var på høg tid.
-
Skulle verkeleg ønske meg at Helsport kutta dei siste gramma på noko anna enn myggnetting. Desse telt, spesielt Fonnfjell og Fjellheimen tiltalar meg, men får fnatt av telt utan fulldør-myggnetting.
- 3 svar
-
- 3
-
-
- helsport
- superlight
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Påkjenningene ved antarktis-kryssing
Tessatroll svarte på qwer993 sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Fulgte med på denne. Triste greier. -
Eller å komme til Sunnmøre så fiksar vi bretur
- 7 svar
-
- 1
-
-
Me har to fox 30 og ein fox 40. Supre, slitesterke og gode sekkar med flotte reguleringsmoglegheiter og høg grad av bærecomfort! Ypperleg til soveposen, vindjakka, eit liggeunderlag, hovudlykt og godtepose
-
Tips til vintersovepose til kort og frossen dame?
Tessatroll svarte på Turguri sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Overhovudet ikkje opplever dette som den tørraste og for min del mest komfortable løysinga. Eg har ein helsport Lom. Billig (trur eg gav 700 kr på kampanje/salg) og hurtigtørkande. Det finnes sikkert andre syntetalternativ som er både lettare og kanskje har varmekrage om ein gjerne vil ha det til dei gongane ein skal bruke posen åleine, men for meg har ikkje akkurat det vore so nøye. Eg snurpar godt att hetta og det greier seg i sommerhalvåret. Ein anna god ting med dette systemet synes eg er at sidan denne posen tørker kjapt og er syntet så toler den å bli brukt til altmogleg. Eg dreg an rundt i camp, sitt i an i pauser om det et grisekaldt og eg berre har ufora vindsekk med. Berre opna glidelåsen i fotenden og stikk føtene ut der og dreg ann oppover kroppen. Ein skikkeleg ruskepose -
Tips til vintersovepose til kort og frossen dame?
Tessatroll svarte på Turguri sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Desse kuldepunkta er også ein av grunnane til at eg fortrekker ein syntetpose utanpå. Har til gode å oppleve dun som ikkje får kuldepunkt. Med ein god tresesongs som går ned til eit par-tre minus comfort, ein sommersyntetpose på 1000 gr. og Exped downmat 5 light og ein lett skumplast oppå der greier eg meg til omlag 20 minus. Føresett at eg ikkje ligg eksponert for vind. Eg er ikkje spesielt frossen, men det gir deg kanskje ein peikepinn. Eg tenkjer også at det kan være betre og langt meir fleksibelt å velge eit oppblåsbart liggeunderlag på 4-6 cm og klaske på ein thermarest i tillegg, enn å ha med eit 9 cm oppblåsbart. Varmare, meir komfortabelt, og i tillegg har du sikra deg ved nødbivuakk/skade osv, samt mot krise dersom hol på oppblåsbar som du ikkje får lappa. Lukke til med valet -
89mm bindinger og fjellski til langtur med pulk
Tessatroll svarte på Snowdude sitt emne i Vinterutstyr
Du vil kunne ha vanvittig stor skiglede ved generell fjellskiløping og telemarkkøyring med eit oppsett som gir deg langt betre føresetnader enn det skisserte under racet! Kva med å sjå på Nansen med Voile 3pin (75 mm)? Sist eg var på topptur her på Sunnmøre sette eg at telisane til fordel for Nansen med BC. Det var mykje snø og lause tilhøve, likevel sette eg fine telemarksvingar, om enn det var meir Øytunstil over dei enn alpin stil telemark. Dei gir meg gang på gang skiglede, langt utover det eg hadde forventa av ei ski eg hovudsakleg kjøpte for "bortoverbruk". Kan ikkje eingong forestille meg kor artige dei kan være med ein 75 mm. Evt har Fischer komt med kortfellesystem. Betre solekvalitet og mykje gode ski. -
Tips til vintersovepose til kort og frossen dame?
Tessatroll svarte på Turguri sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Er du på leit etter ein rein vinterpose? Eit alternativ til ein stk dyr sovepose som vert relativt useless i varmere tid, kan være å gå for kombo 3-sesongs dunpose og sommarpose i syntet, som kan brukast både saman og kvar for seg. Lag på lag prinsippet fengjer bra med varme, i tillegg er det enkelt å tørke den ytterste syntetposen om den er fuktig frå kondens og slikt, og halde dunposen tørr. Denne løysinga vil som regel vege nokre hundre gram meir å dra på enn å velge ein veldig tjukk dunpose til vinterbruk, men gir deg større fleksibilitet. Sjølv brukar eg ikkje det eg har av vinterposar, då eg som oftast endar i min favoritt 3-sesongs dunis med ein tynn hurtigtørkande sommarpose utanpå. -
Anbefaling av mellomstore ryggsekker?
Tessatroll svarte på krogh99 sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Som Borgern skriv er det mogleg å kjøpe ein storsekk og "strippe" den for å få ned eigenvekta. Til dømes Bergans Alpinist 100, 110 eller 130. Dette er ein anatomisk sekk og veg av di litt mindre enn pakkrammesekk, men toler framleis tunge bører. Eg brukte ein 110 L i sommar på ein lengre tur (med innsydd/forkorta hoftebelte). Eg bar på det meste 45 kg i den, på det minste omlag 30-32 kg. Ulempa med ei slik løysing er at du mister lommer når du strippar sekken ned i vekt, pluss at dei ikkje er spesielt komfortable på turar med mindre vekt.- 6 svar
-
- 1
-
-
- damesekker
- ryggsekker
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Anbefaling av mellomstore ryggsekker?
Tessatroll svarte på krogh99 sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Hei Er i samme prosess. Etter ein del prøving og feiling for å finne mellomstor sekk som toler tunge bører har eg landa på to alternativ; Gregory Deva (prøvd, super med mykje vekt i) og Osprey Xena (ikkje prøvd, tomt overalt). Ein del mellomstore sekkar opplever eg er laga for volum framfor vekt, noko som eg har synes har vore vanskeleg. Alternativt kjem dei berre i herremodell, noko som gjer det vanskeleg då nesten samtlige har for breidt (also for "høgt") hoftebelte og klemmer på setemusklar og nerver som ligg ved bekkenkant, og eller har for langt hoftebelte slik at ein må sende dei til salmakar eller produsent for å få tatt av nokre cm. Gregoryen er så langt den einaste sekken i 80 L klassen eg har prøvd som ikkje klemmer på setemusklar osv og der eg har cm å gå på mtp å stramme hoftebeltet ved tung bør eller fleire dagar på tur og "samantrekte" magemusklar. Både Gregoryen og Osprey har spiselig eigenvekt.- 6 svar
-
- 1
-
-
- damesekker
- ryggsekker
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Statoil og Felleskjøpet, rensa på kanne.
-
:) @finfyr Tenkjer du to posar kvar for lag-på-lag vinterpose? Då ville eg i tilfelle bitt i det sure eplet og kjøpt ein tresesongs som er høveleg no, og ein sommerpose som er større (type damepose 175-180) . Sommerposen kan du knytte av nede når han skal brukast åleine, og kjøper du ein damepose er han smalare over skuldrane enn andre voksenposar. Tresesongsposen ville eg kjølpt i 150 cm. For fireåringen vil han kanskje verte litt lang med mykje luft i fotenden. Det løyser du med å kjøpe duntøfler/tjukke syntettøfler eller voksitøfler, som tek plass og fyller ut nedi enden, og gjer lufta stilleståande. Saman med ei varmeflaske på magen (lita nalgene med varmevatn) hjelper det bornet til å få lufta inne i posen oppvarma dersom den er litt romsleg og for krevjande å få varm berre ved hjelp av kroppen. Når Borna har vokst utav tresesongsposen er nok sommarposen høveleg. Om du då kjøper ein litt større tresesongspose, kan dei ha sommarposen inni han på vinteren. Knyt av tresesongsen ved bruk åleine. Born har jo også ein tendens til å krype i posen akkurat litt for seint, og er kalde alt. Kald pølse i kald thermos osv.... Prinsippet er at du treng berre ein pose i slengen som er nokolunde passe, som ein kan bruke innerst, og så kan den andre godt være litt for "stor", dersom ein brukar han som skissert. Eg har prøvd ulike juniorposar no, og sett ymse i aksjon. Til saman har me fire born i hushaldinga, i alderen 6 - 13 år. Dei som har imponert meg mest av jr posane i forhold til pris er Bergans Kids comfort. Varm, og toler mykje juling. Håper du fekk svar på det du lurer på
- 12 svar
-
- 2
-
-
Det slyng mange dunparkaer på finn om dagen, pent eller ikkje brukttil ein billig penge, i små sr. Døme er Mountain Works Fat Boy og Fjellreven expedition. Går godt nedom rompa, og er vaaaaarme.
- 7 svar
-
- 4
-
-
Artic circle trail Grønland.
Tessatroll svarte på Salthaugen sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Då vonar eg på ein fyldig rapport! Eg har utruleg lyst, men har per dato for mange prosjekt på G, så treng å lande nokre ballar før eg kastar fleire i lufta. -
Nei i følge selgar er ikkje BC berekna på det :)
-
Hehe, fantastisk Eg har nett fått kjeft av skiselgaren på sporten her, BC bindingen min knakk..heva augebryn og spørsmål "he du køyrt telemark på dei? Det toler dei ikkje" "Eh.......neeeeeeei?". Neste gong skal eg berre vise han denne Så framstår den forsiktige bruken min som heilt ok :)
-
Kanskje minus klatreutstyr? Det vil ein vel gjerne, i alle fall eg, ha pinlig nøyaktig oversikt over brukstimar og bruken av,
- 23 svar
-
- fjellutstyr
- utleie
-
(og 8 andre)
Merket med:
-
Heilt samd. Dette har eg gjort mykje, og hausta ein del rare blikk i annlegget ved kjøring på fjellski med Bc eller klassisk skia mine i dei svarte løypene. Greia er berre at eg kjem så innmari godt over skia mine ved å trene slik, og it pays of...når eg så får på plaststøvlane og telemarkskia att har eg forbetra kjøringa drastisk, anten eg kjører paralellsvingar eller tele. Sann, berre for dra an endå meir OT
-
Ei markaski av typen fischer superlight i tilpassa lengde og spenn trur eg vil gi mykje skiglede. Kjøp den med exercisebindingen til rottefella, og syt for ein god sko som har flexen på rette staden for deg. Nokre vil kanskje tilrå ein kombisko til deg (skøyting(klassisk) for auka stabilitet ved bruk av pulk. Det ein skal være klar over då er at ein må arbeide meir med tråkket sitt når ein skal ha feste framover ved "vanleg" skigåing. Eg meinar du vil ha det like moro med ein klassisk turlangrennsko, den stettar betre opp under utviklinga av godt tråkk, sjølv om den kanskje i starten vil opplevest mindre stabil enn ein kombistøvel eller ein meir fjellskiretta støvel. Desse skia har i alle fall trekt mang ein barnepulk her i det området eg bur i, på same tid som dei er lette nok til at du kan få treningsglede av dei. Spennet er moderat og skia har litt innsving, så du må ikkje ha super klassiskteknikk for å meistre dei hverken mtp feste eller svingkontroll. Om du skal meir i laussnøen enn du skal i preppaløype ville eg kanskje gått for ei anna type turski, eller det ein kallar "lette fjellski". Fischer sine ski har tradisjonelt hatt gode solar, så om du kjøper ei ski som kostar littegranne har du gode ski som kan slipast og preppast om i i mange år med mindre vekt endrar seg drastisk. Til slutt ein liten snutt; Eg har arbeidd siste vintrane med å endre kjørestil frå Øytun (eg køyrer telemark) til torsjonssvingar på mine gode innsvinga all-mountainski. Når då sambuaren min ikkje bremsar på vegen ned til den isete parkeringsplassen, men heller stakar på og aukar farta, for så å kome susande over blankisen i ein perfekt torsjons telemarksving (alpinstil telemark) på sine racingski.......det er då eg bestemmer meg for å aldri meir skulde på dei dårlige skia Så gjenstår det å sjå når vinteren kjem. Det vil ikkje seie at ikkje ei god ski kan gi deg betre opplevingr enn ei dårleg ski, men eg tenkjer at me har lett for å gå oss på ei detaljeringgrad som tli sjuande og sist, for dei aller fleste av oss, ikkje ein gong vil merkast. Det er forbeholdt feinschmekkerane. Og eg trur ein skal ha slitt ut mange par ski før ein er der