Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Litt dunlekkasje får ein alltid uansett merkje. Friluftsliv testa den lettaste Kotekaen for ein del år sidan og var svært nøgde.
  2. Ville absolutt gått for ein dunpose! Sjølv har eg ME Xero 550 og ein pose av dette kaliberet fungerer til føremålet, men denne har berre 3/4 glidelås. Gå heller for ein med heil glidelås så har du større fleksibilitet. Sportsnett har tilbod på ein del gode posar no og eg ville kanskje sett på Sir Joseph Koteka. Denne får du med fyllvekt 290 og 500 gram.
  3. Viss det er Theta AR du siktar til så kan du gå for M. Eg prøvde denne jakka i både M og L, men M passa heilt klart best til meg som er 176 cm. L verka veldig stor - har prøvd både AR og SV av Theta. Enda derimot opp med Alpha AR i str M. Denne skal vera meir atletisk enn Theta utan at det vart noko problem.
  4. Samd med Tessatroll. Eg pleier å grava han delvis ned.
  5. Det finst noko heftig russisk polarlektyre med kraftig understatement. Kjem ikkje på forfattarnamn i farten, men kanskje nokon andre som har lese noko frå den kanten?
  6. Eg har berre starta frå hytteområdet ved Sletterust - sjå denne linken for detaljar: http://ut.no/tur/2.8607/ Du går gode tider i møte! Verdas desidert beste fjell (100% objektiv altså!)
  7. Er ikkje så lange stubben det er snakk om, men veldig fint område og kulturminne like fullt. Dreg ein fyrst med seg sykkel til dei kantar av landet så er det ikkje så langt til nabokommunen Årdal og ein verkeleg spektakulær sykkeltur:
  8. Eventuelt kjøper du denne og legg til FF-rabatten: http://www.fjellsport.no/merker/n-z/sir-joseph/sir-joseph-erratic-plus-ii-850-rod.html
  9. Keb er ei god bukse. Brukte mi i 29 varmegrader i indre Troms i sommar som vern mot mygg, noko som fungerte bra. Svært komfortabel bukse til å ha på over lengre tid.
  10. Det er same produsent som lagar innerskoa i telemarkstøvlane mine frå Scarpa. Dei er utruleg gode: Treng ikkje anna enn ein tynn sokk nedi, tørkar fort og sit godt på foten. Kan ikkje seia noko om slitestyrken enno då eg kjøpta skoa i januar i år.
  11. Alfa Hot Kid er gode sko. Me har hatt fleire par av denne sorten og aldri hatt klaging på kalde føter.
  12. Såg på den nye Dovrebuksa i butikk og la merke til ein svært liten og svak borrelås til feste rundt skoa. Det var kanskje det beste med den gamle buksa - skikkeleg borrelås som kunne strammast godt rundt jaktstøvlar ved elvekryssingar, etc.
  13. Strålande! Må ha vore ei fantastisk oppleving.
  14. Steike fin rapport som vanleg! Fine bilete og inspirerande tekst. Ser ut til at fisket var hakket betre enn når eg var i Rostadalen i juli. Då var det 30 grader i lufta og tropisk i elvane.
  15. Lightwool-skjorta med korte armar er ein favoritt for min 10-åring. I tillegg er denne hettegenseren frå same produsent alltid med på tur og ein stor suksess kvar gong - sommar som vinter. Likar Aclima sine produkt svært godt sjølv.
  16. Lars Monsen brukte Alaska på Alaska-ekspedisjonen midt på nittitalet. Det stemmer at Vertikal distribuerte desse.
  17. "Mørketida" er verre i Bergen. Sjeldan snø og heilt svart med nakne tre, tungt skydekke og regn.
  18. Har vore innom denne: http://mont-k.de/ Ikkje spes billeg, men godt utval. Denne har eg gått forbi, men ikkje vore innom. Utvalet ser veldig bra ut: http://www.camp4.de/
  19. Bora er diverre utgått, men somme butikkar har dei inne framleis. Fekk ikkje heilt fot av Altra etter å ha studert han i butikk.
  20. Det er klart at skogen trekkjer lenger oppover i områda du har bilete frå, men eg må legga til ein liten detalj for områda i Årdal. Her vart det på 1700-talet drive omfattande hogst på barskogen medan ein dreiv koparindustri. Barskogen gjekk difor høgare opp i fjella der tidlegare, og det er gjort funn av tømmer i myrar der det i dag ikkje er anna enn småskog.
  21. Ta kontakt med produsent. Eg har sjølv gjort det med Klättermusen og fått svært god service. Personleg går eg aldri via butikk når det gjeld reklamasjon og eg har lukkast kvar gong.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.