
Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
499 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Nei, det er nok ingen myte. Det er enkel fysikk. Innerskalet til termosen skal varmast opp, og dette vil nødvendigvis kjøle ned vatnet. Eg gjorde eit raskt kjøkkenbenkforsøk med ein liten termos, og mitt resultat var at vatnet heldt 2,5°C høgare temperatur umiddelbart etter fylling av termosen når han var forvarma enn når han var kald før fylling. Greit nok at forskjellen ikkje er så stor etter nokre timar i sekken, men den forvarma termosen vil uansett alltid ha varmare vatn. For ein stor termos, der forholdet mellom termosmasse og innhald vert mindre, vil vatnet bli mindre avkjølt ved fylling av kald termos, enn ein liten termos. Det er også stor forskjell på å fylle ein kald termos i teltet i -20°C og ein kjøkkenlunka termos heime.
-
Om du kun kan ha 1 brenner året rundt.
Skal bare... svarte på Diger Jotne sitt emne i Primus og kokesystem
Du vil bli fornøgd med alle desse. Dei ulike modellane har litt ulike eigenskapar, men det er slikt du må vurdere sjølv. Ikkje sjå deg attende når du fyrst har kjøpt deg ein, men lær deg den eine brennaren å kjenne, så vert du fornøgd. Sjølv brukte eg Nova som heilårsbrennar i 13 år, før eg fekk primusdilla og rota meg bort i gamle klassikarar. Skulle eg velge ein universalbrennar i dag, hadde det vorte Primus 210, men den har ikkje vore i produksjon på fleire tiår. -
På min (-18 eller 19-modell) kan eg ta av lokket, men det er ikkje noko opplegg for å bruke det som sjølvstendig sekk. Det er strengt tatt veldig mykje dilldall eg ikkje forstår vitsen med på denne sekken. Kan ikkje hugse å ha sett noko regntrekk, men det kan godt hende at det var med.
-
Ja, 2018-våren var veldig varm, og skiføret forsvann også tidleg. Det var ikkje skiføre langt utover i juni det året. I følge biletedatabasen min, avslutta eg skisesongen 10. juni, og det er ca 3 veker tidlegare enn normalt. Eg veit ikkje kvar du har det frå at det var under normalt med snø i fjellet, for slik eg hugsa det, vart det rekna som mykje snø i fjellet, og tidleg i mai, var det fortsatt mange som meinte at det var så mykje snø, at det ville bli veldig sein vår, men slik vart det altså ikkje.
-
For å sjekke at alt er tett, brukar eg å stenge regulatoren og tanklokk, og så pumpe opp litt trykk. Etter nokre timar kan ein åpne tanklokken, og høyre etter som det kjem ut luft. Dersom det ikkje gjer det, har lufta kome ut i mellomtida, mest truleg gjennom den gamle tanklokkpakninga eller sikkerhetsventilen i tanklokket som i så fall må fiksast. Dersom pumpestanga har sige ut i løpet av desse timane, er einvegsventilen lekk, slik at lufta sig ut att i pumpa. Denne må i så fall fiksast. Dette er også same test eg alltid gjer før tur. Når denne tettheitsjekken er gjennomført, er det bare å prøvebrenne etter oppskrifta i innlegget over. Forhåpentlegvis er alt i orden. I så fall er kaffitesten neste trinn, altså oppkok av ein passe kjel til kaffi.
-
Dette var akkurat kva eg drømte om i mange år. Då eg endeleg tok meg råd til eige telt, hadde Norrøna slutta med telt, og eg måtte sjå meg om etter andre alternativ. Eg var veldig usikker på kvaliteten då eg bestillte telt frå ein ukjent svensk teltprodusent. Men det var det teltet som likna mest på Norrøna sine telt. Kvaliteten var bra den, og den svenske produsenten har vorte godt kjent i ettertid.
-
Det er nok langt meir avhengig av været i mai og juni, enn av snømengdene no.
-
Kjem an på kva for ein av dei som passar best til ryggen din. Eg har Xenith 105L, og den kan eg ikkje bruke på skitur, fordi sekken stenger for skallen slik at eg ikkje kan sjå framover. På fottur går det bra. Eg kjem ikkje til å kjøpe same sekk att, når denne er utslitt.
-
Eg har den frå Biltema. Han er høg nok for Svea 123, men for låg til Svea 121. Det som Biltema kallar pluggar, er ikkje eigna for å skøyte saman endane til ein lukka ring, eller til å skøyte saman fleire skjermar.
-
Lite båtutstyrsbutikkar her oppi dalen. Og nettbutikk for småting, er uaktuelt for meg ettersom portoen gjer det uforholdsmessig dyrt.
-
Eg har ikkje kvinnfolk i huset, så eg har ikkje duk på bordet. Men eg brukar både teltduk og fjellduk, så eg brukar nok ordet duk om langt meir enn bare det folk har på bordet.
-
Eg har brukt ein del av denne, og han fungerer godt, i alle fall til det eg har brukt han han. Bukar å kjøpe i lokal sportsbutikk. Korleis han er i forhold til spinnakerteip, har eg ingen aning om, ettersom spinnakerteip er noko eg aldri har vore i kontakt med, og har ingen aning om korleis eg skal skaffe meg.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Det er plassen mellom innerteltsduk og ytterteltsduk som eg har forstått som dette imaginære forteltet i Unna, og som enkelte beskriv som om det er større enn mi erfaring med forteltet i Soulo. I Soulo-teltet mitt, er det bare plass til meg i innerteltet. Ryggsekken og støvlane får såvidt plass i ytterteltet, og då buler ytterteltduken ut. Soulo er eit telt som tåler mykje vær, men definitivt ikkje eit telt eg vil vera værfast i. Det er eit telt for å sova i, ikkje vera vaken i.
-
Eg har Soulo, og eg håpar at eg har med meg eit anna telt dersom eg vert liggande værfast nokre dagar, for Soulo er supertrangt. Innerteltet er ikkje større enn at eg og soveposen akkurat fyller heile golvflata. Ytterteltet er ikkje store greia heller. Slik Unna-misjonærane beskriv det imaginære forteltet til Unna, høyrest det større ut enn forteltet i mitt Soulo. Eg har riktignok liten tru på at det faktis er større. Slik eg ser det, er Soulo eit heilt spesielt telt som er kjempebra til sitt bruk, men det er ikkje det teltet eg ville hatt dersom eg skulle ha bare eit telt.
-
Ulempa er at skia vert veldig tung å gå med i laussnø. Fordi du ikkje greier å lyfte tuppen utan å bruke fotbladet til det, altså vippe tærne høgare enn hælen. Etter midt syn, ville dette øydelegge skia.
-
Frå Kyrkjedørsvatni er det nedover den retningen. Ynglesnuten er enklast å opp på frå vest.
- 2 svar
-
- fottur
- hallingskarvet
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Eg ville valgt Optimus 111. Er du forresten klar over at denne tråden eigentleg handlar om samling av gamle primusar?
-
Dei stillongsane eg hadde 10-20 år sidan, var utslitt 9,5-19,5 år sidan. Eg har ikkje inntrykk av at dagens stillongsar er verken meir eller indre holdbar.
-
Eg meiner at vintertur med gassbrennar er galematias, brennaren vil svikte når du treng han aller mest. Skaff ein parafin- eller besninbrennar fyrst som sist. Eit telt som er påliteleg på snaufjellet i vinter-Norge er godt nok for ein Grønlandstur og omvendt. Dersom ein kan koma ned i skogen, kan ein lempe på krava, men då vert turen unødig kronglete og slitsam. Det aller viktigaste når det gjeld skisøvler, er at dei passar føttene dine. Så vel du bindingar som passar støvlane.
-
Heilt riktig. Det er mange andre ting som er like viktig som kva slags bærande kontruksjon teltet har. Det er store, tunge telt og små, lette telt. Valget er gjerne om ein vil ha komfort i leir eller medan ein går. Storleiken på teltet er også avgjerande for kor stor teltplass ein må ha. Tunneltelt er tunneltelt. Det klassiske tunnelteltet har fortelt i begge endar. Det betyr at det er ganske langt. For å spare vekt, er det også tunneltelt med fortelt i bare eine enden, og innertelthøgda går mot null i bakkant, med dei ulempene det gjev. Ein modell som knapt kan kallast tunneltelt, men som likevel er ein fortsettelse av denne forenklinga, er småtelt med ei tunnelteltstang på midten og skrå ned i begge ender, som Hilleberg Akto og Helsport Ringstind. Kuppeltelt finnst i langt fleire variantar med forskjellig tal stenger på kryss og tvers og i ulik form frå langstrakt til nær sirkelrundt. Dei mest kompliserte, med mange stenger, kan vera temmeleg solide, men ei sann plage å sette opp. Dei aller enklaste er 2 stenger diagonalt hjørnemellom. Det fungerer godt på små telt, men vert lite solid på store telt. Dei fordelene som nevnt for eit kuppeltelt, treng ikkje gjelde for eit anna kuppeltelt. Mi erfaring er at det er dårleg plassutnytting i eit kuppeltelt, men i denne tråden plassutnyttinga nevnt som ein fordel for kuppeltelt. Det er ikkje bare telta som er ulike, men dei som skal bruke telta er også ulike. Og så er det kombinasjonar av desse konstruksjonane. Det kan vera kuppelkonstruksjon med tunnelfortelt og -inngang, eller tunnelform med kryssande teltstenger. Kombinasjonane er mange. Ikkje gløym at det finnst teltkonstruksjonar med rette teltstenger også, som hustelt og spisstelt. Er ein oppteken av låg vekt, er det mykje å spare på desse konstruksjonane.
-
Eg er litt overraska over dei som vel kuppeltelt pga takhøgda, for sjølv foretrekk eg tunneltelt pga takhøgda. Dei kuppeltelta eg har vore borti, har ikkje vore høge nok til at eg kan sitje med rett rygg, i alle fall ikkje nær åpningen, og det kan eg i alle tunneltelt eg har vore borti. Eg likar også best formen på tunneltelt, men dette er sjølvagt heilt bare min personlege smak. Men viktigaste fordel med tunneltelt, er kor enkelt og raskt det er å sette opp, særleg når ein er åleine. Nokre kuppeltelt er veldig vanskelege å setje opp, andre er meir overkomlege, men ingen er så enkle og raske å setje opp som tunneltelt. Hilleberg sine kuppeltelt med krokar, er enkle å setje opp, men det tar lang tid. Kuppeltelt er tyngre, pga fleire stenger. Men det er enklare å stramme teltduken, så lydnivået er meir behagleg i vind. Det er også mange telt som kombinerer element frå tunnel og kuppeltelt. Dei fleste av desse har, etter mitt syn, kombinert ulempene frå begge telttypene.
- 20 svar
-
- 3
-
-
På fottur er det ingen problem. Men sekken er totalt ubrukeleg, i alle fall for meg, når eg går på ski.
-
Noen med erfaringer MSR XGK med silencer?
Skal bare... svarte på fiskekongen sitt emne i Primus og kokesystem
Han burde vite betre. Men han studerte på Institutt for uorganisk kjemi, og bensin/parafin er organisk kjemi… Struperøy har vore brukt i ulike variantar på brennarar opp gjennom åra. Mest kjent på forumet her, er vel Optimus 111T med sprit på tanken. Enkelt forklart er det eit lite røyr som vert plassert over dysa, slik at det ikkje kjem så mykje luft til. -
Noen med erfaringer MSR XGK med silencer?
Skal bare... svarte på fiskekongen sitt emne i Primus og kokesystem
Akkurat det er feil, for parafinmolekyl er større enn bensinmolekyl. Eit parafinmolekyl har fleire karbonatom, og treng derfor meir oksygen for å brenne fullstendig opp. Derfor må parafindysa vera litt mindre for å få riktig blanding av parafin og luft i brennaren. Det er heller ikkje antal molekyl som bestemmer effekten. Det er litt, litt forenkla, antall karbonatom som bestemmer effekten. Derfor må bensindysa vera litt større for å få same effekt.- 23 svar
-
- 2
-
-
-
Eg er av den formeining at eit telt skal vera grønt, og alle mine telt er derfor grønne. Hillebergtelt har eg ikkje kjøpt sidan grønfarga deira var fin teltgrønnfarge, og sand ikkje var nokon farge. Skulle eg kjøpe Hillergtelt i dag, hadde eg kjøpt sand, ettersom svart er endå mindre freistande. Raud utgår for min del, av same grunn som at eg ikkje skrik for full hals når eg står på ein fjelltopp. Eg ynskjer ikkje å øydelegge andre sine opplevingar av å vera åleine i naturen. I tillegg til at eg synest det er stygt. Pluggposen derimot, skal vera raud, ikkje fordi eg synest det er fint, men for at han ikkje skal bli liggande att i lyngen.