Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    507
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Mitt inntrykk er at føret har enormt mykje å seie for kor lett, og korleis pulken veltar. Det verste føret, etter mitt syn, er hard snø. Når eg går i skrått terreng, gjerne på skrått oppover, så armane må brukast på stavane, glir pulken sidelengs. Dersom det er ein liten ujevnheit i den harde snøen, slik at sidelengsskliinga stoppar, trillar pulken overende på eit blunk. Avhenig av hellinga, kan pulken bare velte, eller trille rundt slik at eg må hekte av dragen for å koma på rett kjøl att. Dersom han bare veltar over ende, brukar eg å få han opp att ved å dreie oppover, og kanskje heilt rundt. Eg trur ikkje eg har opplevd pulkvelt i laussnø.
  2. Min Fjellpulken med stivt drag velter også, så ingen må tru at det bare er Parispulk som velter. Velt med taudrag må jo vera totalt uproblematisk i forhold til velt med stivt drag…
  3. Kor fort eg går, er totalt irrelevant for andre å planlegge etter, så det svarer eg ikkje på. Det er også veldig avhengig av terreng og vegetasjon. Eg har erfart at eg går mellom halvannan og dobbelt så lange dagsetapper på Hardangervidda enn i heimlege fjell. Det som derimot er så fint med å ha telt i sekken, er at ein ikkje treng planlegge. Ein kan gå akkurat så langt og så lenge som ein sjølv føler for, og slå leir når ein er lei av å gå. Så fortsett ein dagen etter. Dersom du legg opp dei fyrste turane på denne måten, og så studerer kartet i ettertid, vil du raskt finne ut kor lange dagsetapper som er passe for deg.
  4. Nei, det er ikkje naudsynt med stort fortelt. Dersom det hadde vore naudsynt, ville det ikkje funnest telt utan stort fortelt. Det handlar om valg ein gjer. Valg som påverkar korleis ein bur i teltet, og kor tung sekken vert. Større telt gjer sekken tyngre. Større telt treng større teltplass. Sjølv har eg vorte veldig glad i telt som tar liten plass på bakken, nettopp fordi det er så mykje enklare å finne teltplass. Om det stikk opp ein stein i forteltet gjer sjølvsagt ikkje noko, men ein bør ikkje plassere teltet slik at teltduken gnissar mot stein, for då er det slite hol på duken på veldig kort tid, i alle med så tynn teltduk som dei telta du har vurdert. På snø er dette mykje enklare, for då kan ein enkelt planere ut akkurat så stor plass som ein har bruk for. Så er det velg om korleis ein vil organisere seg inne i teltet. Telt med bare eit rom, altså ingen yttertelt, men god plass i innerteltet, er forsåvidt enkelt å leve i, ettersom teltet ikkje er delt, og alt er innanfor myggnettingen. Du ser fleire skrive at dei ikkje savnar yttertelt. Det er bare spørsmål om valg av korleis ein brukar tilgjengeleg plass Telt med fleire rom, altså innertelt og 1 eller 2 yttertelt, er oppdelt, og ein må forhalde seg til at noko må vera her og noko må vera der for å få plass til alt. Men det gjer det også enklare å ha ting godt adskilt. Og det er slik eg etter kvart har funne ut at passar meg best, i alle fall sumarstid. Eg brukar eit telt med lite innertelt, bare så vidt stort nok til å ligge sjølv. Eg tar bare med meg turre klede og anna turt utstyr inn i forteltet. Sekken, støvlar, ytterklede og eventuelle andre våte/fuktige klede har god plass i ytterteltet. Det er slik eg har valgt å organisere meg i teltet.
  5. Eg treng 2, men eg brukar litt fleire. På telttur sumarstid, har eg ein høg, smal kjel på 1l. Forma på denne er slik at han passer perfekt utanpå Svea 123. Storleiken er passe for matlaging for 1 person, men så må eg ta oppvasken før eg lagar meg varm drikke. På telttur vinterstid brukar eg 3 kjelar, men hadde greidd meg med 2. Ettersom vekt og volum i pulken ikkje er så nøye, kan eg tillate meg litt meir komfort. Eg har ein stor kjele til snøsmelting. Når snøen er smelta, har eg tilgang til kaldt vatn i denne kjelen heile kvelden. Til matlaging brukar eg sumarkjelen. Men eg tar oppvasken litt enklare ettersom tilgangen til oppvaskvatn er litt dårlegare, og faren for bakterievekst er langt lågare. Derfor har eg også med meg ein rein kjel til oppkok av vatn. Til dette har eg brukt litt ulike kjelar som eg likevel hadde tilgjengeleg. Då var det kjlar som ikkje var veldig gode å helle frå, eller kjelar som var så små at eg måtte fylle termosen i to omganger osv. For nokre år sidan, kjøpte eg Trangia kaffikjel som er stor nok til å fylle termosen. Denne kjelen vart altså kjøpt til dette formålet, og har vorte brukt til dette. På dagsturar om sumaren brukar eg ein liten kaffikjel, den som er i Trangia 27. Denne kjelen har eg hatt sidan ungdomstida, og passar betre for formålet enn nokon anna. Denne brukar eg både på primus og på bål, og utsjånaden ber preg av dette. Utover dette, har eg nokre fleire kjelar, frå ulike kjelesett som Trangia 27, Sigg Tourist og eit MSR kjelesett med teflon i både kjelar og steikepanne. Trangia 27 er det gamlaste, og var i fast bruk i mange år. MSR-kjelesettet kjøpte eg for å ha større kjelar enn Trangia 27, og i ei tid då eg fortsatt trudde eg hadde bruk for kjelar som pass inni kvarande. I seinare tid har eg kjøpt enkeltkjelar meir spesifikt tilpasse kvart sitt bruksområde. Frå Trangia 27 er det bare kaffikjelen som er i regelmessig bruk. Sigg Tourist fall aldri heilt i smak for min del, men eg har ikkje hjarte til å kaste det. MSR-kjelesettet er med i bilen og vert brukt når eg lagar mat i nærleiken av veg.
  6. Eg har ikkje hatt problem med å køyre bensinmotorar på gammal bensin. Problemet eg derimot har hatt dersom ein motor har stått lenge, er substans som har vorte att i forgassaren når bensinen har fordampa. Etter å ha renska forgassaren, fekk eg tilogmed ein moped som hadde stått i 20 år til å gå, med bensinen som stod på tanken. Men dette problemet skal vera langt mindre med alkylatbensin enn med bilbensin. Om vinteren har pumpebensin eit visst innhald av butan, det kan du ikkje rekne med at skal overleve sumaren. Det er ein kjent sak at stillebrennarar er langt meir følsom på på det meste, i forhold til bråkebrennarar som er mykje meir rubuste på alle vis.
  7. Dersom stillebrennaren er så følsom for brenselet, er det, i mitt syn, grunn til å velge ein annan brennar. Eg har ikkje opplevd noko som helst problem med 5-6 år gamal alkylatbensin på verken Svea 123 eller Optimus 8r.
  8. Når ein får avstand til teltduken, vert kondensproblemet mindre. Det reduserer ikkje kondensen, men det reduserer problemet. Eg har god erfaring med å droppe innerteltet i Hilleberg Nammatj, og det er eit telt som ellers er ubrukeleg pga kondensproblem.
  9. Den fyrste versjonen, utan serratert blad, var ein god kniv. Men det bladet som er brukt no, har eg absolutt ingen fortåels for, men det går jo sjølvsagt ann å slipe ned for å få ein ordentleg egg heile vegen. Dersom du har slipestein, så er det jo ein god pris for noko du kan lage ein god kniv av.
  10. Finne ut kvar ein er, også i slikt vêr det er uaktuelt å ta av seg vottene. Det er i alle fall kva eg brukar gps'en til (innanfor temaet dette forumet er til for).
  11. Er Trangia-brennaren din utett, eller er det bare noko du har lest på nettet? Sjølv hadde eg med meg Trangia-brennar i plastpose i kaffekjelen, på dagsturar i årevis og det var aldri problem med lekkasje. Då hadde eg alltid raudsprit i brennaren, og aldri ekstra brenselflaske.
  12. Dersom opplasting av fil fungerer, skal det vera gpx-fil med alle turisthytter frå N50 (kilde: https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/n50-kartdata/ea192681-d039-42ec-b1bc-f3ce04c189ac ) turisthytter.gpx
  13. Utan at eg kjenner ut.no, men eg vil tru det er desse løypene som er brukt av ut.no: https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/tur--og-friluftsruter/d1422d17-6d95-4ef1-96ab-8af31744dd63
  14. Strikkane i det 12 år gamle vinterteltet mitt, er like fin. Men eg kjøpte ei ny stang for 2 år sidan, med litt mørkare farge. Strikken i den nye stanga, som eg fortsatt kan identifisere ettersom farga er bittelitt mørkare, var smuldra opp totalt sist påske. Strikken hang bare saman av strømpa, og fungerte derfor dårleg som strikk. Dei som har ein slik strikk i teltstanga si, forstår det med ein gong. Eg hadde tenkt å finne ein annan strikk sjølv, men ettersom dette teltet bare vert brukt vintertid, hadde eg ikkje gjort noko med det. Når dette kom opp no, fekk eg tilsendt ny strikk, så all honør til Hilleberg for servicen.
  15. Snø er det nok av, så det er ingen problem. Sjølv om det vert tidleg mørkt, er det likevel mange timar med lys, dersom du nyttar dagen. Isen kan derimot vera litt lumsk så tidleg på sesongen, så ver forsiktig i forbindelse med kryssing av vatn, særleg i nærleiken av osar.
  16. Med tanke på at effekten ein kan få på brennaren er avhengig av trykk, og trykk er avhengig av temperatur (i boksen, ikkje nødvendigvis i lufta rundt), finnst det ikkje nokon bestemt temperaturgrense for når gass ikkje fungerer. Det fungerer dårlegare og dårlegare jo lågare temperaturen er, og med ein toppbrennar, vil temperaturen i boksen avta ganske raskt ved bruk. Ein brennar med pumpe og parafin eller bensin på tanken, vil fungere med full effekt uansett temperatur (så lenge pakningar held tett og brennstoffet held seg flytande). Ja, ein slik brennar kostar ein del meir, men drivstoffet er billegare. Sjølv om det går ann å få ein gassbrennar til å fungere i kulda, ville eg aldri reist på vintertur, der eg er avhengig av å smelte snø for drikke og matlaging, med bare ein gassbrennar.
  17. Og likevel forventer du eg skal finne ein skitur over polhavet i vintermørkret nyttig og at eg skal vera imponert over dei som gjer turen. Eg må bare beklage, men eg ser ikkje kvifor eg skal det…
  18. Heilt riktig. Men sjølv om eg ikkje ser nytten i noko og på toppen av det, ikkje vert imponert, kan jo andre både sjå nytte i det og la seg imponere. Folk er forskjellige, og å innsjå det, kan vera eit veldig godt utgangspunkt for å forstå at ikkje alle har dei same ideala.
  19. No vart eg litt forvirra her. Har eg stilt noko spørsmål?
  20. Nei, eg har på ingen måte satt meg inn i slitet dei har vore gjennom, fordi det ikkje bryr meg. 3 månader på tur over polisen i polarnatta seier seg sjølv at ikkje er nokon enkel tur, og du må ikkje missforstå meg slik at du trur at eg eplekjekt trur eg kunna gjort turen sjølv, for det kan eg sjølvsagt ikkje. Eg er fullt klar over at det er ein tur som svært få, truleg ingen andre, er i stand til å gjennomføre. Greia er nok at me har litt ulike syn på kva som skal til for å bli imponert. Folk som gjer unyttige ting eg ikkje forstår poenget med, imponerer meg ikkje, sjølv om det er hinsides kva eg sjølv er i stand til å prestere. Folk som gjer nyttige ting, kan derimot imponere meg, uavhengig av om eg sjølv er i stand til å gjera det same.
  21. Eg forstår verkeleg ikkje kvar du vil med det spørsmålet. Når eg går på Hardangervidda, er det heilt og fullt for min eigen del. Det kan på ingen erstattast av at nokon går over polisen vintertid. Eg går ikkje tur på Hardangervidda for å imponere nokon som helst, ikkje meg sjølv heller. Eg forventar ikkje at nokon skal bry seg om mine turar, like lite som eg bryr meg om andre sine turar. Så eg forstår ikkje kva glasshus eg eventuelt kastar stein i. Utan den medieskapte dramatikken desse siste dagane, hadde eg ikkje visst om denne polisturen. Dersom einaste målet med turen var å imponere, var det i så fall på høg tid å få litt medieblest…
  22. Det er stor forskjell på ikkje vera imponert, og å la seg irritere. Eg er heller ikkje imponert over prestasjonen, og eg lar meg heller ikkje irritere over at egoistar går over polisen eller Grønlandsisen. Det bryr meg rett og slett ikkje ettersom eg ikkje ser poenget med turane deira.
  23. Eg vil seie at materialet ikkje er eigna. Tre og aluminium frys fast i snøen. Og i alle fall med tre, har lengda vore god nok for meg (eg har riktignok ingen erfaring med laus skogssnø, kun fast snaufjellsnø). Plastikken i desse pluggane vil ikkje fryse fast i snøen, og då må du i så fall ha meir lengde for at det skal fungere. Nokon skriv også om å bruke brøytestikker av plast (eg har ikkje prøvd dette), då noko lenger, og grave ned med feste i midten. Det fungerer truleg godt i laussnø, men kan vera litt meir arbeid når det er fast. Men det er jo bare i stikke ut i snøhaugen og prøve.
  24. Dersom det er plass til å dra knuten gjennom stanga. Det er ikkje alle stenger som er så romsleg innvendig.
  25. Utan å ha prøvd, kan eg tenke meg at glassfiberstenger ikkje er like glatt innvendig, og det derfor er langt vansklegare å få skuvd strikken igjennom… I glatte aluminiumstenger er det i alle fall veldig enkelt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.