Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Nesten i alle fall
  2. Interessant lesnad, sjølv om eg kan styre mi begeistring for "karakterestikkar " av andre basert på om dei har vore uheldige med bruken av teltet sitt. Ein VEIT ikkj om dei har vore uforsiktige. Blir litt som å seie at ".....sidan barnet mitt et all slags mat må det sikkert ha noko med mi eksellente oppdraging å gjere, og sidan ditt barn ikkje et grønkål og rosenkål så tippar eg det er fordi du ikkje gjer som meg". Altså, litt tynt grunnlag. (Eg har forresten ei som et alt og ein som et ingenting. Dei to andre er midt imellom. Ta stilling til den du! ) Eg må seie at den lette vekta på Reinsfjell, og forsåvidt Fjellheimen 2 har freista meir enn ein gong. Eg har vel sågar sagt at det skulle bli kjøp....men så er det noko i magen som ligg der og buttar i mot gang på gang. Det eine kan vel vere at eg rett og slett ikkje er overvettes begeistra for kuppeltelt. Det andre er at eg veit at mitt (dårlege) tålmod og min måte å handtere utstyr på, i ingen samanheng vil verte karakterisert som forsiktig. Plukking av barnåler og småstein før oppsett utgår med HØGE kneløft. Denne sjølvinnsikta har fått meg til å innsjå at eg kanskje må styre unna dei lettaste modellane, evt må det kjøpast fottprint til og modellen bør ha amerikansk oppsett eller utanpåliggande kanalar. Når eg tenkjer meg om.....er eg rett og slett ei skikkeleg monsterdundrekløne? Ja faktisk. Då var det avgjort. Eg kan ikkje kjøpe Reinsfjell SL.
  3. Du seier ikkje noko om pris og bruksområde telt? Du har fått gode, men dyre tips på telt. Om du vil ned i pris kan det være ei moglegheit å sjå på Naturehike Cloud 3?
  4. Så flotte bileter og flott artikkel! Eg vart glad i hjartet mitt
  5. Då har Grønlandshundane Aslan og Frøya funne vegen til meg og @anderskristensen. 6 mnd gamle og syskjen, byd dei på mykje og til dels energirik underhaldning. Dei har vore hjå oss ein mnd, og eg har alt vansker med å å sjå føre meg livet utan desse to. "rett fram" og ærlige bikkjer, som snakkar "hundsk" og er lette å forstå. Saman med katt, ferske kattungar og 4 kids, utgjer dei vårt liv, som i kvardagen no mest minner om scener frå "Livet med Larkins" 😂
  6. Når kidsa er små, eller ein skal ut i tøffare terreng/ver, er det greit å vere i samme telt. Når dei vert større, og veret er greit funkar det fint med fleire små telt, og så anten lage seg ein felles opphaldsplass eller at det eine teltet er stort nok til å ete saman i. Me har nytta båe deler. På vinteren bur me saman, på sommaren ofte i fleire telt. Me hadde dei med på fottur over nokre veker på Svalbard for nokre år sidan, då var me i eit felles telt, for å ha alle på same stad ver evt isbjørnbesøk. Det same gjer me neste år når me skal opp igjen.
  7. Mi erfaring er at dette funkar ned til ei viss mengde fyll, så får ein cold spots nesten uansett. Eg synes også at for at dunposar skal bli for varme, skal det meir forskjell i fyllet til enn med syntet. Fordelen med dun er jo nettopp at den regulerar betre, og eg synes at mine dunposar funkar over eit breiare spekter av temperaturar enn "tilsvarande" komforttemp i synt. Sommarposen foretrekker eg dog i synt, nett pga dei nemnde kuldepunkt og fordi eg ofte drar an med meg ut til bålet, sett meg i an i pause ved behov osv, kort sagt gir han juling.
  8. Meinar det er meir enn nok plass i eit tomanns. Eg har budd i det nokre gonger då det er særs populært i padlemiljøet, og eg har ein del venner som er padlededikerte. Plass nok også om ein får ruskevær. Om ein får skikkeleg dårleg ver er ein gjerne/forhåpentleg ikkje ute med det teltet.
  9. Det kjem nett an på fotfasongen din, alle skorne er bra. Personleg kan eg ikkje bruke Alfa, det er å be om trøbbel med hælane. Eg har støvlar frå La Sportiva /Trango S og har hatt Besseggen, har no Skarven. supre støvlar båe to. Eg likar godt å ha både eit par skinnstøvlar og eit par lette tekniske fjellstøvlar med stiv sole, til ulik bruk. Skal du ut på fleirdagers tur handlar det mest om kva som sitt best og kva som er din personlege preferanse. Skinn er tyngre, varmare og lenger tørt. Tekstil er lettare, kaldare, vert fortare vått men tørkar også fortare. Trangoen har stivare sole men mjukare ankel, Besseggen har litt mjukare sole, med meir støtte kring ankelen. Så bruksområder og oppakning kan vere greit å tenke over før du gjer ditt endelege val.
  10. Bjørnebrød, Svalbardkaka, Snickersbarar og daddelbarar er favorittar her i hus. Link til bjørnebrød og svalbardkaka ligg i innlegget over her frå Helhaug. Eg finn ikkje att link til snickersbar, så her kjem oppskrifta: Snickerskake- 2,5dl sirup- 1dl sukker- 1 glas peanøttsmør- 1dl kokos- 1liter corn flakes- 1ts vaniljesukker- 100g peanøtter- 2 plater lys kokesjokolade og 2ss delfiafeitt til sjokoladelokk. Smelt sirup, sukker og peanøttsmør i ein kjele. Bland inn kokos, corn flakes, vaniljesukker og peanøtter. Brei utover i ei bakepapirkledd form (28 x 20 cm). Sett kaldt til det er stivna. Smelt sjokolade saman med delfiafeitt og fordel oppå kaka. Link til nydelege, naturleg søta daddelbarar her.
  11. Tresesongstur : Omlag 5,8 kg alt etter kva telt eg tek, for telt, sekk, sovepose og eit og dit halv liggeunderlag.
  12. Ville eg aldri finne på!
  13. Samd. Den talar så tydeleg, det synes eg er supergreit ved bruk av brenner i telt.
  14. Dette er på Skjåk. Ei vegnær og vedrik lita perle ved elva, som me nyttar når me er på "forbifarten"
  15. Når ein har båla godt utpå natta før ein oppdagar teltstangmangel, og er så trøtt ein ikkje gidd gjere noko med det, er oppheng av innertelt i ei grein det einaste rette for å sleppe å vere eit stort festmåltid for myggen under søvn. At det ser ut som eit morakkel og hadde kollapsa ved 4 m/s får berre stå si prøve.
  16. Eg ville nok brukt varmluftsovnen i staden, om du ikkje har mattørke
  17. Høres fornuftig ut. Ikkje bra med for stor/lang pose, men heller ikkje bra med for kort, då vert det lett kuldepunkt der føtene pressar mot posen i fotenden.
  18. Mountain Hardwear er meget gode på syntetposar, og eg hadde ikkje stussa på å kjøpe det.
  19. Hadde same symptom på min XGK EX i vinter. Overhalte og smurte ringar og elles det som skal smørast, rensa og gjorde ei skikkeleg overhaling. Då vart det bra.
  20. Støttar denne om ho er plaga med dårleg passform bak. Då kan eit roterende hoftebelte gjere susen
  21. Støttar alt som er sagt, og legg til at Fjellreven Kajka kan vere verdt ein titt, samt Norrøna sin pararanger
  22. Nei, vasstett liten pakkpose med tennstål, fyrstikker og tørr never/knusk.
  23. Hilleberg Nallo 2 eller Nallo 2 GT?
  24. Bålpose, dasspose, førstehjelp, medisinar personleg, vest , solbriller, ytterbekledning, noko til hovud og hender om det skulle bli kaldt/jævlig varmt? Kart, kompass, kniv, matbolle og skei.
  25. https://sportsdeal.no/sportsutstyr/8987-assist-gnagsarplate-10x20cm.html https://scantrade.no/scansport/sportsmedisinsk/bandasje/scansport-gnagsårplate-10-stk-15x25cm-gnagsårplate-til-gnagsår-175630-p0000471792
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.