Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg har ikkje vore borti skru-teltpluggar før, men veit at mange, inkludert meg, brukar isskruar berekna for bre og isklatring til samme formål, om behovet er der. Om ein skulle optimalisert til rein teltbruk ut frå erfaring med isskruar ville eg gjort dei noko mindre i omkrins slik at volumet nedpakka ikkje vert så stort, og i staden for at dei har påmontert sveiv ville eg laga ein liten arm som ein enkelt festa i toppen på skruen for å skru den ned, og silk hadde berre ein arm/sveiveanordning for alle skruane. Alt for å spare vekt, plass og pengar.
  2. Ja? Heheheheheeeeee, ej tenke slik; en kan godt diskuter årsake og sammenhenga, og argumenter både slik og sann. Det en ikkje kan debattere e folk si oppleving. Eg kan definitivt fryse utan å verte sjuk. Men den tida på året eg vert mest sjuk er på vinteren ikkje på sommaren. Har aldri vorte sjuk på vintertur, med unntak av ein gong, og då var eg sjuk før eg drog ut.
  3. Gubbegrop it is! Eg likar forøvrig at andre driv med Glamping avogtil. Det kan eg nemleg nyte godt av når eg sjølv har vore for lat Heilt OT er det no ikkje, tråden opnar no for å diksutere løysingar/tips og triks på vintertur
  4. Mja, kan sanninga seiast å ligge ein plass midt i mellom dykk to? Ein kan nemleg fryse utan å vere nedkjølt, og ein kan vere nedkjølt utan å fryse. Kan det vere at det å verte litt nedkjølt kan forårsake desse endringane i slimhinnene, men ikkje det å fryse utan å bli vidare nedkjølt?
  5. Alltid artig å lese litt om andre sine løysingar og kvifor dei vel dei, og som alltid fine bileter frå deg @Terka Eg har fundert på løysinga til Sjur og konkludert med at eg er litt "enkel" på dette punktet, eller skal me vere ærlige å seie lat. Eg gidd rett og slett ikkje grave. Når eg ikkje gidd grave i fortelt, ser eg ikkje føre meg at eg gidd i innertelt heller. Mogleg eg må trekke dette tilbake når alderdom/lyskar eller rygg innhentar meg. Eg grev oftare grop når gubben er med, i alle fall om me søv på same stad over fleire netter, for hans lyskar og ingen grop = intensivkurs i nordnorsk bannskap. Det er nok også latskap som gjer at eg også ofte endar med 25 kg pulk når andre endar med 40. Det er ikkje fordi eg er vektbevisst. Eg berre gidd ikkje for mange ting. Det gjer at ein del "comfort" løysingar ikkje finn vegen til meg. Det rare er at eg ser at ungane er på same viset. Dei vert irriterte om det vert for mykje styr, og vil ha det enkelt, med lite å passe på. Om eg då kjem prakkande med unødvendige ting dei skal ta seg av, finn det fort vegen ned i min sekk/pulk med følgande uttale: "det vakje ej so ville ha me ditta mamma". Skal eg dog unne meg komfort, er det som regel nok bensin til å ligge å fyre i innertelt i stilongsen. Men, no har eg kanskje ein tur på tapetet som skal sjå litt annaleis ut i gjennomføring enn mykje av slik eg er van med, og då vert det spennande å sjå kva som finn vegen i pulken. Ein ting er sikkert, det er sjeldan ein treff på fyste forsøk når det gjeld dette med pakking og vinterfelt!
  6. Nei eg kjenner det rykker litt i gjerrigknarken i meg og
  7. Skumma dei første punkta, ikkje akkurat news, men den siste her var artig Kva tenkjer folket? https://www.hektapatur.no/tips-fra-ekspedisjonseksperten
  8. Kjempefin rapport Du er no spenstig, som reiser på første vintertur åleine, med gourmetplanar! Det blei mykje nytt på ein gong, og eit hav av erfaringar. kjekt at du traff "blink" med innerposen. Erfaringmessig går gleda over kokkelering litt ned ved streng kulde eller sliten (for meg). Eg er ikkje glad i REAL, så det eg gjer då for å lette litt på matfronten, er å lage ferdig heimelaga middag som eg vakumpakkar, og hiv i komande vatn på tur, ala Fjordland. Eg skal i dag lage og fryse Finnbiff til neste helgs utflukt, den vert akkopagnert av bol-in-bag byggryn
  9. I praksis tenkjer eg at det er mange moment som er med på å auke marginane på tur, saktebygd erfaring og ok fysikk er deifinitivt blandt dei Men kanskje endå viktigare, sjølvinnsikt. Innsikt til å vite kva ein kan greie seg med/uten, kvifor ein kan greie seg uten, kva ein vil gjere i ulike situasjonar. Altså kan du skape deg marginar også i "dårleg" form, du må berre utruste deg og ta avgjerder deretter. Så i mitt hovud er sjølvinnsikt den viktigste faktoren. I det ligg det implisitt innsikt i kva type tur du står overfor og kva den inneber.
  10. Tøft telt, og nokså nært noko eg kunne tenke meg! Spent på prisen
  11. Eg har opplevd det samme med Hekta på Tur, eg kom med innspel på ski, og fekk spm tilbake om eg kunne utdjupe vidare, og evt foreslå modellar og kvifor. Definitivt lydhøre overfor kunde!
  12. Evt berre bruk denne: https://www.rapidtables.com/convert/number/degrees-to-degrees-minutes-seconds.html Der ligg dog ikkje konvertering frå/til grademinutt, berre begge vegar mellom desimalgrad (DD) og Grader, minutt og seksund (DMS). Mogleg du finn converter fro grade minutt ein annan stad i den store verdsveven, om du ikkje harein GPS du kan nytte
  13. Det handlar vel kanskje meir om at enkelte kvir seg for å gå på do i kulde og det å gå å halde seg er jo ei dårleg løysing.
  14. Det skal mykje til før dei vert urbukelege. Eg har nytta finèrplater til fleire underlag, og fleire av dei har nokre mnd feltdøger, og er framleis brukbare. Det siste brente eg på ein tur der siste dagane skulle bestå av å bere alt på ryggen. Særs praktisk.
  15. Om det er slik du er ute etter TS så beklager eg feil info! Eg tenkte automatisk brems til pulk for hund/nordisk
  16. Beste buksa eg har hatt var ei Rab bukse med eVent.
  17. Berre mine 5 cent, og kanskje feil, men skal eg kjøpe noko til "ny aktivitet" plar eg kjøpe det eg veit eg kjem til å bruke mest i starten og kanskje totalt sett. Dette fordi eg ikkje veit korleis behovet ser ut om eit år, og for mange kompromiss kan fort gi ei negativ oppleving. Tanken er også at innen eg kjem til eit punkt der eg er meir avansert, så har eg hatt såpass med brukstimar at eg anten A ) har slite ut første kjøp og kan oppgradere når eg byttar ut, evt kan selje det eller B ) har fått eit slikt volum på aktiviteten at eg kanskje kan forsvare å ha to av noko Det er også truleg at du ved eit visst antal brukstimar, sjølv har betre grunnlag for å ta ei avgjerd. Då er det dumt å ha handle veldig dyrt utstyr "feil". Om du skulle handle etter mitt prinsipp, med bakgrunn i dine føresetnader og ynskjer ville det då sett slik ut; Eit par gode, styrbare fjellski med innsving og litt breidde, ei ski som kan gi deg skiglede. Vurder om du må ha 75 mm binding eller BC. Desse vil høve terrenget du har rundt deg aller best, i valget mellom dei og randoski, og gode fjellski i moderat terreng er eit godt innsteg til god skiteknikk også, som du dreg med deg vidare. I tillegg vil dei kunne brukast i alle andre fjellområder (inkludert bratte), med ei tilpassing i køyrestil. Du susar ikkje ned som ein person på rando, men du har eit verktøy. Skulle du verkeleg bli bitt av basillen på å ferdast "utanfor sporet" på ski, så kan du vurdere om du vil bytte dei ut etterkvart, eller legge til eit par randoski i samlinga. Å kjøpe fjellski først er også det rimeligaste alternativet, i dei fleste tilfeller. Altså er spørsmålet for meg; kvar kjem volumet i aktiviteten min til å ligge?
  18. Eg ville fulgt med på utviklinga i områda rundt dei større breområda og høgfjellsplatåa. Altså Hardangervidda/Jøkulen, Smørstabbreen/Jotunheimen evt delar av Breheimen. I år er det mykje snø i fjellet og også i aust, så kanhende kan de også vurdere å fylje med på stoda i Rondane og på Dovrefjell. Nordpå har du mange fine alternativ, alt etter kva kant du kjem frå. Børgefjell, Saltfjellet, Narvikfjella osv.
  19. Dette med stryking har kanskje mest med DWR å gjere, og ikkje så mykje kva membran som er i jakka? Eg har i alle fall nokre jakker med ulik membran men med DWR, og dei treng behandling med tørketrommel eller strykejarn. @famjsv er elles inne på noko, eg har fått demonstrert dei ulike funksjonane til ulike membranar ein gong, det var Dermizax, gtx og eVent. Dermizaxens styrke skal vere at den ikkje treng overtrykk for å puste, og at den ikkje tettar seg av partiklar. Dermizaxjakka mi er av di den som vert med på padleturar, for sjølv om ein padlar i tørrdrakt vert skalljakkene utsett for sjøsprøyt og salte omgjevnader når ein campar ytterset på "den nøgne ø".
  20. Enkelt og krev ikkje voldsomt verktøy. En drill med borr og en 12 eller 14 nøkkel meinar sambo.
  21. Eg personleg likar Hestra Pullover mitt betre enn fjellvotten, den er lenger, og gtx. Den er framleis ikkje så tett som Bergans sin dermizax, mem sistnevnte synes eg er håplaust smal
  22. Eg har vorte fortalt frå helsefagleg hald at det skuldast kroppens behov for å krympe blodvolumet når den trekkjer blod inn frå ekstremitetane for å sikre torso/indreorgan.
  23. Vanskeleg å svare på vegne av andres born, for born er jo så ulike. Men så lenge dei er nokolunde lydhøre og ikkje redde, hadde eg teke dei med. Eg hadde teke med mine når dei var på den alderen, men dei har vokst opp med toppturar i Sunnmørsalpane. Eg veit jo ikkje kva dine born er vande med
  24. Er sjølvsagt det eg meinar altså moglegheita til å stikke ein kurs elektronisk. Sorry, upresist
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.