-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Litt avhengig av reiseradien din, kan eg også slå eit slag for Tafjordfjella/Reinheimen. Eit fredeleg fjellområde, som strekker seg frå indre fjordnorge i vest og søraustover mot Gudbrandsdalen/Dovre, med dei terrengvariasjonane det gir. Snillt og slakt i aust, meir krevjande i vest. Når ein planlegg tur her, lyt ein vere obs på at ein kan bli stilt overfor store snøfall på kort tid, noko som i kombinasjon med krevjande terreng kan by på auka tidsbruk ift kva ein normalt vil berekne i enkelte andre fjellområder. Enkelt å komme til med kollektivtransport, til dømes til Grotli eller Bjorli.
-
Så dårleg hukommelse har vel ikkje ein søring i nord, at han treng påminning om kva vintersol er
- 12 svar
-
- 1
-
-
Eg e en sucker for å trekke vest, så av desse to ville eg valgt Finse - Haukeli og gå tidvis høgt om veret tillet det. Meir terreng. Større områder utan mobildekning og generelt mindre trafikk er digg synes eg (sjølvsagt litt samanheng med tidsrom). Og så ville eg starta frå Finse. Å gå med sola i ansiktet er digg
- 12 svar
-
- 1
-
-
For ei allroundski ville eg satsa på Nansen eller Gamme. Amundsen er meir langtransport. Gamme har meir smørjelomme. Både den og Nansen er lettkjørte og morsomme. Mtp å ferdast i skog ville eg kanskje velt Nansen hårfint framfor Gamme. God allroundski hovudsakleg i snaufjell/ikkje skog ville eg truleg velt Gamme hårfint framfor Nansen.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Ligg eit lite brukt Nallo 2 på finn til 5000,-. Knalltelt. Toler mykje ver.
-
Om passformen er bra for deg ville eg vurdert nokre av klattermusen sine lettare modellar. Slitesterke og ofte funksjonelle.
- 34 svar
-
- 1
-
-
Gavetips til samboer som har blitt veldig opptatt av teltturer
Tessatroll svarte på STK sitt emne i Generelt om friluftsliv
Kvinner er ulike, men for meg, og dei kvinner eg kjenner som har kjøpt ein slik, var detta eit bomkjøp. Å stå på kne i posen, ruske rundt å vekke halve teltet, engste seg for søling m.m. tek lenger tid enn å smette ut av posen å berre få det gjort. Har ikkje ein gang gidda ta den med på dei lange og verkeleg kalde turane. Men å kjøpe ei nalgeneflaske eller liknande, som toler varmt vatn, er no uansett ein god idé, då den kan tene både som drikkeflaske og varmeflaske i soveposen- 24 svar
-
- 2
-
-
Prøvde ei 3-lags skalljakke der i fjor (ei av få damejakker med nøytral farge og fornuftig utforming/verbeskyttelse). Ein dag på jakt med dagstursekk i fjor så var det slitt høl på innerstoffet og eg tok rett inn på membranen. Store bøter der hoftebeltet gjekk. Me snakkar dagstursekk på 5-6 kg og tidvis hagla. Dei fekk den sjølvsagt rett i retur og heva kjøp.
-
Eg synes det kan bli det ja, nettopp fordi det held bakkekjølinga på eit minimumsnivå. Eg vil gjerne ha litt meir kulde frå bakken når det er ovheitt. Har i nokre tilfeller kasta ut downmaten eller lagt den oppetter sida på og lagt berre på den vesle skumplasten eg likevel har med.
- 6 svar
-
- 1
-
-
Detta er skrekkeleg individuelt...sjølv går eg med joggesko der mange ville sverga til seriøse fjellstøvlar, også sjølv om det er mykje stein og ur. Det er tung sekk som kan få meg til å trekke i støvlar, då for å bli mindre sårbeint under. Men det heile kjem an på dine føter, kvar ruta di går, mengde stein/ur/snøfelt og evt kva føtene dine er vande med. Kne, anklar osv. Utan å kjenne dine føter ville eg kanskje vurdert crispistøvlane, og så hatt med eit par lett joggesko i tillegg.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Godt mogleg å sette opp telt der
-
Fin rapport
-
+1
-
No skal vel ingenting felles i Femundsmarka, men på generell basis hadde det vore langt betre om dei felte til dømes ei levande bjørk enn ein slik gammal furugadd. Triste greier.
-
Funkar fint med tyngre bør. "Kollapsar" ikkje slik som ein del andre anatomiske sekkar gjer om ein overstig oppgitt lastekapasitet.
-
Tynn og lyftig syntet, evt syntet/bomull blanding? Den temperaturregulerande effekten til ull har eg aldri merka i den retninga. Eg dauar om nokon kjem og prakkar på meg ulltrøye på sommaren, samme kva variant/samansetning av materialar den har.
- 15 svar
-
- 2
-
-
Høgdeangivelse er berre retningsgivande. Ein er ulikt samanskrudd, og ein på 175 kan godt ha like lang rygg som ein på 180
-
Du kan vel skyve sjølve spenna framover webbingen som den er festa i, så du får ankerpunktet for toppatrammaren lengere fram.
-
Har ikkje erfaring med Lofoten, men Nallo vil funke heilt fint til ein og annan vintertur, om primærbruken er 3-sesongs.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Ja du kan utmerket greie deg med 2 posar. Var eg deg (bur i fuktige vest) ville eg kjøpt en syntet 3-sesongs frå Mountain hardwear, dei har mange fine med fin vekt og ok pakkvolum.
-
Havregrøt med noko attåt : Smakfull energibombe
Tessatroll svarte på Bjørn-Ivar sitt emne i Fjellvandring
Lagar grauten ferdig i porsjonar heime. Havregryn, et par ss chiafrø (gode feittsyrer), 1 ss gresskarkjerner (MYKJE protein i dei), litt salt, godt med mjølkepulver, 1 ss sukker. Dersom eg skal ha større porsjonar til dømes pga lenge på tur aukar eg først opp havregryn og gresskarkjerner. Varierar servering mellom "bar" med smør, kanel og sukker, eller strør tyrkisk eplete i pulverform på. Strøssel (sukker, kanel, eplete) oppbevares i små, pantbare smoothieflasker frå bendit eller liknande. -
Sovepose til mann - atter en gong..
Tessatroll svarte på Baltazarmannen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Mountain hardwear er kjent for gode soveposar i syntet, med relativt lågt pakkvolum. -
Kan man gå opp på Rasletinden nå? Evt annen 2000-meter?
Tessatroll svarte på WencheCH sitt emne i Fjellvandring
@grahamvar der på ski i går. Er nok ei stund til det er fotføre der 2000 m toppane vil truleg halde på snøen lenge i år, i den grad dei vert heilt snøfrie, det kjem an på sommaren. Mykje snø i høgda. -
DNT Nettkurs: Lær kart og kompass
Tessatroll svarte på HannKatta sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Rutenettsnord, geografisk/sant nord og magnetisk nord er ulike ja, men problemet med rutenettsnord gjer seg vel mest gjeldande nordpå. Og stort sett med små forskjelar. Tenkjer at dei fleste av oss lærte å gå før me lærte å sykle. At ein kjører kurs med the basics er vel ikkje så framandt. Så går eg utfrå at om ein tek eit kurs i eit område der dette er utprega viktig så får ein lære det. -
Ta båten til Gjendebu, gå Bukkelægret medan dei andre går Besseggen, et sein lunch på Memurubu og ver på veg over eggen når dei andre sitt til bords på Gjendesheim gjorde det eine gongen eg gjekk, då var det veldig behageleg ift mengde folk.
- 11 svar
-
- 1
-