Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Tresesongstur : Omlag 5,8 kg alt etter kva telt eg tek, for telt, sekk, sovepose og eit og dit halv liggeunderlag.
  2. Ville eg aldri finne på!
  3. Samd. Den talar så tydeleg, det synes eg er supergreit ved bruk av brenner i telt.
  4. Dette er på Skjåk. Ei vegnær og vedrik lita perle ved elva, som me nyttar når me er på "forbifarten"
  5. Når ein har båla godt utpå natta før ein oppdagar teltstangmangel, og er så trøtt ein ikkje gidd gjere noko med det, er oppheng av innertelt i ei grein det einaste rette for å sleppe å vere eit stort festmåltid for myggen under søvn. At det ser ut som eit morakkel og hadde kollapsa ved 4 m/s får berre stå si prøve.
  6. Eg ville nok brukt varmluftsovnen i staden, om du ikkje har mattørke
  7. Høres fornuftig ut. Ikkje bra med for stor/lang pose, men heller ikkje bra med for kort, då vert det lett kuldepunkt der føtene pressar mot posen i fotenden.
  8. Mountain Hardwear er meget gode på syntetposar, og eg hadde ikkje stussa på å kjøpe det.
  9. Hadde same symptom på min XGK EX i vinter. Overhalte og smurte ringar og elles det som skal smørast, rensa og gjorde ei skikkeleg overhaling. Då vart det bra.
  10. Støttar denne om ho er plaga med dårleg passform bak. Då kan eit roterende hoftebelte gjere susen
  11. Støttar alt som er sagt, og legg til at Fjellreven Kajka kan vere verdt ein titt, samt Norrøna sin pararanger
  12. Nei, vasstett liten pakkpose med tennstål, fyrstikker og tørr never/knusk.
  13. Hilleberg Nallo 2 eller Nallo 2 GT?
  14. Bålpose, dasspose, førstehjelp, medisinar personleg, vest , solbriller, ytterbekledning, noko til hovud og hender om det skulle bli kaldt/jævlig varmt? Kart, kompass, kniv, matbolle og skei.
  15. https://sportsdeal.no/sportsutstyr/8987-assist-gnagsarplate-10x20cm.html https://scantrade.no/scansport/sportsmedisinsk/bandasje/scansport-gnagsårplate-10-stk-15x25cm-gnagsårplate-til-gnagsår-175630-p0000471792
  16. Hei Det første eg ville gjort var å finne en god intruksjonsvideo for innstilling av sekk. Det kan til dømes være at ho bør endre vinkel/justere på toppstrammer, for trykket skal jo ikkje gå ned i hofta, men gripe rundt. Elles har eg hatt god erfaring med å kjøpe trykkavlastningsplater som eg klipper til alt etter kvar på kroppen det er behov (for min del høgre hel) og tapar fast. I nøden har eg hjelpt ei vennine med å gjere det samme med delar av Tradex sitteplate. Sist eg kjøpte slike plater var for eit par månader sian på nett, då eg diverre ikkje finn dei på den lokale sporten lenger. Eg bestilte då ei tipakning. Eg skal på ein lengre skitur i august, med pulk og langvarig oppoverbakke. Eg plar då forebygge med å lage meg ein helkopp av dette materialet, som eg brukar heilt til terrenget vert slakare/meir normalt og eg kjenner at belastninga på helane avtek. Dette har berga meg frå å dra på meg ein skikkeleg betennelse i starten av turen, ved fleire høver. Tilrår å prøve liknande på hoftekamm.
  17. Salt-og mineralrik mat er viktig på slike dagar. Ei flaske Farris på thermos? Banan. Aprikos. Nøtter. Potetgull. Spekemat/pølse med godt krydder. Proteinrundstykker med salt pålegg. Fint brød som du dypper i olivenolje (på ei lita flaske) og go krydderblanding frå asiamat (i ein liten boks) . Får eg alltid servert av araberane på jobb på varme dagar. Delar av Grunnen til at ein i varmare strøk ofte et meir krydra mat, tenk til dømes Eritrea og Dankilørkenen, er for å bli tørst nok.
  18. Det kan være så mange svar på dette, alt frå utrent, til stramme muskar, skeivstillingar, teknikk osv, så det er neste vanskeleg å svare på utan å sjå deg. Om du går kurs hjå nokon som er go på padleteknikk vil dei i større grad kunne sjå om det er noko fysisk eller om det handlar om sittestilling og teknikk. Truleg er det ein kombinasjon. For padling og korsrygg er det aldri dumt med ei sterk kjerne, samt fleksibel hofteleddsbøyer. (denne skaper uheldig drag i korsryggen om han er spent, så kjenne etter når du sitt i kajakken om du sitt og spenner musklane på framsida av hofta, i høgde med hoftekulen men lenger inn mot magen.
  19. 1000 - 15000 moh og rett ved kysten er ikkje det vanlegaste, som regel ligg fjella på mellom 500 900 moh langs kysten, og så vert dei litt høgare innover i fjordane osv. Eg veit at det er ein del gode alternativ i Haramsområdet, men der er eg ikkje kjent. Heile området mellom Vestnes og Ålesund faktisk, trur eg du kan finne toppar som er nokså høge og som har havutsikt. Sjå til dømes på turar med utg pkt i Ørskogfjellet. Eg kan litt meir om Søre Sunnmøre, om det er aktuelt Ein del toppar kring Vartdalsfjorden og Hjørundfjorden som er fine frå 800 til 1500 moh. Eg nevner Klovetind, Skårasalen, Sylvkallen, Sulafjellet, Melshornet på Hareid, Blåtind i Eiksund, Masdalshornet, Bergehornet, Maudekollen/Urkeegga, Laupsnipa ved Vålnesvatnet, Grøthornet ved Kvanndalssetra. Om du googlar bilete av desse og finn noko du likar, så kan eg gje meir info om aktuelle toppar. Kan trekke fram Klovetind som ein særs fin plass for å få både solnedgang i havet i vest og utsikt mot dei alpine Molladalstindane på same tid, enkel anmarsj og greide flate parti for telt.
  20. Eg synes mange har litt å gå på når det gjeld kundeservice, anten det er nettbutikk eller butikkavdeling. Det treng ikkje koste noko med ok service. Eg har lettare for å akseptere at det ikkje nødvendigvis finnast ei god løysing, dersom eg opplever å bli hørt eller at vedkommande selgar faktisk prøvar å imøtekomme. Om selgar er ærleg på at dei denne gong kanskje ikkje har eit produkt som matchar behovet mitt, scorar dei definitivt ei stjerne ekstra, noko dom gjer at eg kjem attende ved neste høve. Lokalt er dei superflinke til dette, fordi dei veit at eg kjem og handlar hjå dei dersom eg kan (med mindre eg finn det eg skal ha på finn.no). Eg vert irritert når selgarar skal prøve å prakke på meg andre produkt enn dei eg etterspør, men har respekt for at dette er arbeidet deira, at dei ikkja har detaljkunnskap, kanskje berre har fått ei kjapp innføring, og greier stort sett å halde maska og opptre høfleg, med mindre selgar er uhyre arrogant. Eg har ingen skruplar med å bryte inn i noko som verkar som eit dårleg kjøp for kunden, dersom eg har fått med meg heile forløpet og synes at kunden får noko anna enn det den bad om. Dog alltid på ein høfleg måte. Korleis dette vert motatt (stort sett på G-Max og XXL eg har gjort dette) er litt ulikt. No høres det ut som eg er ein storhandlar, noko eg faktisk ikkje er i det heile teke, men med ein familie på 6 vert det jo nokre kjøp og nokre runder uansett korleis ein vrir og vender på det.
  21. Eg ville reklamert på den
  22. Tessatroll

    3 mannstelt

    Naturehike cloud 3?
  23. Eg har ein Camlback 18l løpesekk til slikt bruk, lett, kan rullast saman, og faktisk ganske grei å bere
  24. 9m. Går fint å brette dobbelt, men må ha ut mykje luft. Å so e det jo superbehagelig når den berre e slik. Den kan jo vere på heile tida i pulken, berre å sleppe ut pittelitt luft, å gi det tre pump før leggetid.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.