Gå til innhold

ssii.ss

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    7
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om ssii.ss

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Då trur eg at eg må prøve meg på ein tur her 😊 Er jo ikkje lange dagsetappane heller. Så kan bruke den tid eg treng.
  2. Eg sit og funderar på å ta meg ein telttur nokre dagar i Langsua, om det nye teltet mitt er klar for tur. Må først prøve det før eg legg ut på tur. Blir mest truleg åleine på denne turen. Ser eg kan køyre heilt til Storhøliseter, og at dette er 4 timar unna. Trur det blir maks avstand for min del. Eg har ikkje vandra så mykje i fjellet med sekk og oppakking, så må vere ein enkel tur, helst godt merka og helst ikkje for bratt terreng. Har vore ein del inne på ut.no for å finne tur, og då kom dette forslaget opp. Som ein hytte til hytte tur, merka som enkel og passande for barn. Om eg berre ser på strekning Storhøliseter- Storkvolvbua er den merka som krevjande, sjølv om det ser ut som det går samme stien. Er det nokon som har erfaringar med denne turen? Er den ok for ein nybegynner? Eller er det andre forslag til turar eg kan gå. Ca 4 timar frå Nordfjord.
  3. Då kan det sjå ut om eg bestiller ein Flame i størrelse lang. Kontakta fjellsport og dei sa at dei hadde nok litt feil info. "ser at vi har feil info da Laminina er dameversjonen og Regular er opptil 173cm, anbefaler Long til deg for å få litt ekstra plass i posen så den ikke blir for trang." Så satsar eg på at den ikkje er for lang For som fjellsport seier, så vil eg kanskje tru at den for opptil 173 cm kan bli litt kort.
  4. 5 cm i forskjeller er jo ikkje så mykje. Så rart at Fjellsport opererar med forskjellige størrelsar. No vart eg litt i stuss på størrelse. For eg trur eg går for ein Mountain Hardwear pose. Så må eg berre velge kva av dei. Sidan den har comtemp på minus sida så kan eg heller lufte mykje sommaren? Det er vel bedre å vere varm og lufte, enn omvent? Såg fin ut den posen du linka til òg. Og ikkje så mykje meir i vekt heller. Den blir vel kanskje veldig varm i telt sommerstid? Har kika ein del i forumet, og ser at Mountain Hardwear blir nemnt som gode posar. Så no er det tilbake til grublinga
  5. Med tanke på at eg trur eg er ei som kanskje frys litt lett, så bør eg kanskje velge mountain hardwear då. Så kan eg heller opne posen om det blir for varmt om sommaren i telt. Eg trur kanskje ikkje det blir mykje overnatting i høgfjellet, meir litt lågare nede. Men det er jo ikkje noko kjekt å vere kald. Aldri høyrt om dette merket før, medan mammut er relativt kjent for meg. Men eg vil no tru at det er eit godt merke. Eller bruke Tyin, men den er litt tyngre om eg skal gå litt. Grublar ein del no Oj! Der såg det ut som det var litt kaldt ja. Og ein veit jo ikkje alltid kva ein møter på i fjellet uansett årstid.
  6. Ja, det eg og har tenkt på. Då må eg kanskje må bytte ut vinterposen. Men det får vente litt. Har kika og grubla ein del på det. Trur ikkje eg er ute på dei kaldaste nettene om hausten/våren, men så er det vanskeleg å vite når temperaturen synk på natta i forhold til dagen. Syns det er så vanskeleg å velge. På sportsbutikken her hadde ekspeditøren mammut posen, og ho bruka den i september. Hadde brukt den ei kald natt i lavvo med mykje vind og det hadde gått fint med ull på. Valgets kvaler. Skulle egentlig kjøpe pose i fjor, men klarte aldri å bestemme meg.
  7. Hei! Eg er på jakt etter ny sovepose. Har ein gammal helsport Oppdal som er på tide å bytte ut. Har ikkje vore optimalt lagra, og har ofte vore kald i den. Eg er ei dame på 170 cm. Har ein Mammut Tyin MTI vinter til vinterbruk (som kanskje er litt for lang, kor lang bør den eigentleg vere? Min er 200cm.. Men det var ikkje spørsmålet) Eg er på jakt etter ein tresesongspose, som ikkje kostar veldig mykje. Til no har eg sett på https://www.fjellsport.no/produkter/turutstyr/soveposer/soveposer/mountain-hardwear-laminina-z-flame-sleeping-bag-reg-emerald.html 185 cm https://www.fjellsport.no/mammut-kompakt-mti-3-season-women-pink-dark-pink.html 185 cm Med rabatten på fjellsport kjem desse ned til 1500 noko som eg synes er ein grei pris å betale. Posen skal brukast i telt/friluft/hengekøye. Er ikkje ute når det pøsregnar, og har ikkje hatt så mange overnattingsdøgn ute no. Vil gjerne ha fleire, men pga ein kald pose så har dette uteblitt. I fjor gjekk eg til innkjøp av bamse extreme liggeunderlag og eit Exped Synmat UL 9 M. Eg har òg lakenpose i silke og regntrekk. Håpar nokon har tips eller råd til sovepose til meg
×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.