Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Må fase ut mykje av det som går på det mellommenneskelege når eg ser på, får karveslag av enkelte, anten dei driv "splitt-og hersk" eller dei syt og klagar i det uendelege. Heldigvis er der alltid nokon reale, heiderlege folk med, som tek ein for laget og held ånda oppe. Fokuserar helst på dei
  2. Ja. Techwash først, nokså tjukke lag Toko på med god dose på skuldre og så i tørketrommelen. Merkbar forskjell etterpå synes eg, både på mi Norrøna Svalbard Ousland og på mi Arcteryx Alpha SV
  3. Eg har prøvd wash-in frå Nikwax. Korleis membranen pusta etterpå tenkte eg ikkje over, men jakka vart ikkje like tett/"ny" som med Tokospray på fuktig jakke. Om det skuldast merket eller om det skuldast framgangsmåte veit eg ikkje. Hugsar ikkje om eg nytta tørketrommel etterpå.
  4. Synes at forskjella mellom merke er påfallande, og har av di byrja å gjere all gtxpleie med Toko. Himmelvid forskjell frå andre produkt synes eg. Eg sprayer plagg i fuktig tilstand og hiv det i tørketrommelen. Kan evt bruke strykejarn på svak varme,eller hårføner.
  5. Fischer hadde før ein del fine modeller uten ståkant. Tradisjonelt betre solar, så om du finn ei Fischerski utan stålkant og med kortfellesystem ville eg vurdert det.
  6. Synes der kan vere greit å minne om at eit triveleg og "lærerikt" miljø best oppnås ved å halde ein høflig tone fri for insinuasjonar anten det gjeld enkeltmennesker eller medlemmer generelt.
  7. Signerar også på para rangeren, sitt godt på meg. Synes dog han er noko krøkett å pakke, men det er nok ei vanesak.
  8. Nyyyydelege bileter av det som er ein flott tur. Verkeleg blandt topp fem på Sunnmøre kanskje? Flink er du i alle fall med fotoapparatet!
  9. Mange sekksr i den str er jo noko tunge, men ein som ikkje er det er til dømes Osprey Xenith 105. Topplokk kan brukes til midjeveske.
  10. Been there done that 🤣
  11. Jepp, du må korte med ein desimal ved hjelp av vanlege matematikkreglar. Du får heller ikkje plotta minus ved plotting av desimalgrader, men må bytte E med W om du er på vestlig halvkule og N med S om du er på sørleg halvkule, for å angi koordinat lengd/breidde som til dømes i Googlemaps er angitt med ein minus framfor.
  12. Hei om koordinatar ikkje er oppgitt i UTM er dei oftast oppgitt i ein variant av breidde og lengdegrader, kort sagt lat/long. Desse får ein i DMS (degree, minutes, second), desimalgrad eller grademinutt. Alle desse tre måtane å plotte koordinatar på finn ein i innstillingane for GPSen. Så berre å plotte dei som dei er å nytte dei. Om du likevel vil konvertere til dømes fleire koordinatar i ulike format for å bruke dei i ei rute og sleppe veksle innstillinga på GPS når du plottar, er det greit å nytte ein konverteringskalkulator. Ein slik finn ein på nett, berre å Google.
  13. Superflott! Sitt på buss på veg til Polen på skuletur, og dette var finfin lesnad!
  14. Huff då, der var sjølvsagt komande vår eg meinte, neste år 😂
  15. I år? Eg spør for å kunne gi gode råd altså.
  16. Ok. Kva tid tenkjer de starte?
  17. Hei Har du padla mykje før? Evt kva type kajakk har du frå før? Skal du padle åleine?
  18. Tone, eg trur du utstyrsmessig har føresetnader for å gjere dette heilt fint. Eg er ikkje samd i at teltpose, bedding og doble stenger er superviktig, men det er faktorar som kan forenkle litt, med unntak av doble stenger. Rutine på korleis du slår opp teltet i hardt ver åleine er viktigst, same kva system du nyttar for å gjere det. Kanskje du kan ha dobbel stang i ein kanal, den som typisk får mest juling er den som er lengst vekk frå ein eventuell levegg ved sterk vind ? Dobbelt stangsett i alle kanalar er jo både dyrt og tyngre.
  19. Der kom den og beit meg i ræva
  20. Eg plar ha med netting over og under, knevarmerar, samt ei mellomtjukk ulltrøye. Nettingen tørkar på kroppen min i camp, så eg søv, går og opererar stort sett i samme ulltøy heile døgeret. Ved fare for vedvarande temperaturar kaldare enn 20 minus også halvtjukk stillongs, fordi det då skal lite vind til før ein snakkar kalde temperaturar og fare for lår og rumpestump. Ein ullboxer. To par linera til føtter, eit ved marsj eit til natt. Eit par tjukke sokkar. Plastposar på føttene hindrar fordamling/varmetap på føttene og held skisko og tjukksokk tørr. Brukar den mellom tynn og tjukk sokk, eller berre utanpå den tynne. Om ein svettar mykje kan det vere greit å ta med ei flaske talkum å drysse på litt før en ein tek på tørre nattsokkar. Sokkane frå dagen får ligge mellom liggeunderlaga mine og er ofast tørre (nok) på morgonen. Skallkle, lue, buff og panneband. Balaclava eller maske i stormposen, litt avhengig av om ein har pelskant på jakke.Ullvottar og vindvottar. Evt eit par arbeidshanskar, magic gloves eller pulsvantar. Greit når ein skal operere mot metall i kalde temperaturar. Nokre brukar tynne tettsittande linere på hendene under vottane, og får det til å funke. For meg har det med åra utgått då eg vert kald på fingrane, som best likar seg saman. Evt gamasjar alt etter kva sko du har. Dunjakke. Varmeskjørt og primaloftjakke om det er ein tur der eg kan unne meg litt luksus. Då utgår gjerne andre ting. Fotposar eller bivouacsko om eg har høve til å unne meg det.
  21. Eg nytta med kompass no, og gjekk som sagt på eit sett batteri.
  22. Thanks! Der var ein bokstav eg mista altså. Det er den med kompass eg har nytta. Med eit sett batteri heile vegen.
  23. Eg har ikkje vore vidare frå Krækkja mot Ustaoset, då eg har dreia vest, men har gått frå Finse og dit to gonger. Flott område, litt slak mote opp mot Finsefetene og nokre km forbi, relativt lett terreng frå området Hansbunuten og ned mot Finsbergvatnet. Eg har berre vore der før kvisting, men har vore heldig og hatt nokolunde fast føre. Dersom det er dårleg sikt er det lite "tydelige" ledelinjer før ein synk ned mot Finsbergvatnet, så kart og kompass er ein føresetnad, også her.
  24. Eg betraktar dette slik eg betraktar mange andre goder i samfunnet. Dei er bra å ha, men ein skal sjå opp for misbruk. At redningstenestene, anten dei er smått subsidierte eller ikkje, etterkvart vil stille nokre legitime spm kring "kulturen", synes eg ikkje er hverken ulogisk eller hårreisande. Likevel er eg imot at ein skal bøtelegge. Med andre ord må ein ta tak i dette på andre vis. Eg veit berre ikkje korleis. Hadde det vore enkle svar på dette hadde dei vel dukka opp for lengst.
  25. Ei flott beskriving av di vitjing av Sunnmørsalpane. Habostaddalen og omkringliggande områder husar mange flotte klassikerar. Har du klatrekyndige folk rundt deg, tilrår eg også å avlegge Brekketindane eit besøk, anten det er store eller lille. Flotte turar med ei vanvittig utsikt. Ikkje spesielt klatreteknisk vanskeleg, men greit/naudsynt etter mitt syn, med sikring i eksponerte parti. Her ser du SLogen og Jakta heilt til venstre i bilete.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.