-
Innlegg
3 672 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eg skal ikkje legge meg hardt borti dine vurderingar, men tenkjer at du bør vurdere å ta med deg i alle fall 1:100 000 kart for desse områda i tillegg til Gps. Mi erfaring med GPS er at det er vanskeleg å til dømes legge om ruta ut frå kartet på desse. Det er også slik at elektronikken kan feile. Kva då?
- 61 svar
-
- 4
-
-
-
Kan eg få spørje kvifor du tenkjer det ikke er naudsynt med kart og kompass i sørnorge?
- 61 svar
-
- 2
-
-
-
Dropp snøsmeltingen - Ta med isbor på vinterturen!
Tessatroll svarte på whistler sitt emne i Fjellvandring
Kjem no litt an på kva tid på vinteren det er og kva type tur ein er på. Eg er glad i å vere mykje i bevegelse og ha lange dagar på skia så sant det er mogleg. På seinvinteren betyr det tidleg på og seint av Då er det superdeilig dei gongane ein berre skal koke vatn og ikkje smelte først. Det er også forskjell på antall pers. Me er som regel to pers per telt og brenner. Vatn til pers tek tid.- 21 svar
-
- 3
-
-
Dropp snøsmeltingen - Ta med isbor på vinterturen!
Tessatroll svarte på whistler sitt emne i Fjellvandring
2 kg bensin er for meg 8-10 dager med bensinforbruk om ein berre skal tenke snøsmelt og kok. At det tek tid derimot, er eg heilt med på! Eit lett isborr, eller ei øks, kan spare ein for mykje tid. Likeins å gå nokre ekstra meter for å komme til eit utos eller stader der ein lettare kan komme til vatnet.- 21 svar
-
- 4
-
-
NPL Bekledning (Splittet fra Norge på Langs Lindesnes 18 mai 2019... )
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Bekledning
Exactly my point. Og noko av det som ryk tidleg er kontrollen over fingrane og hendene. Då vert vidare tiltak vanskelige. -
Det veit eg, det med selar er jo litt vanskeleg. Og det er også individuelle forskjelar innom samme rase difor er jo målemetoden på Seleverkstedet så fint, der tek ein litt meir enn berre hals og rygglengde. For, mål og passform er vel to sider av samme sak ? Uansett ikkje meininga å fylle tråden din med irrelevant stoff.
-
NPL Bekledning (Splittet fra Norge på Langs Lindesnes 18 mai 2019... )
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Bekledning
Å bli nedkjølt av vatn er noko av den mest effektive nedkjølinga som finnast, det trur eg dei fleste som har vore i fjellet i skikkeleg regn, har padla kano/kajakk og drive med eigenredning/kameratredning kan skrive under på. Eg har rimeleg grei toleranse for kulde og ver, men ville nok ikkje lagt ut på tur over tid utan ei skall/regnbukse. Får du dei rette forholda, 2 grader og sidelengs regn/sludd, er dette forskjela på om du kan gå, eller om du endar opp med å ligge i teltet fordi soveposen din er det einaste varme du har, og teltet det einaste vasstette Med det fjellveret me periodevis kan ha, spesielt i fjella som ligg mellom aust og vest, anar eg potensiale for ein heil del dagar utan forflytning, om ein ikkje har vasstett på overkropp og underkropp. -
Knorr har veldig gode supper, i litt mindre porsjonar enn Toro. Eg har god erfaring med å blande ut suppepulveret i halve vannmengde varmt vatn, og la den svelle over tid. Så fyller eg på resten av vatnet, eventuelle kjøttbitar og evt potetmospulver når eg skal ete.
- 59 svar
-
- 4
-
-
- npl
- stekepanne
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Eg har ikkje erfaring med RR, men kan i alle fall seie noko generelt om selekjøp. Det beste du kan gjere for å finne god sele til hunden din er å måle den skikkeleg. Seleverkstedet.no har mellom anna ei ganske grei "oppskrift" på korleis du skal måle. Så er det diverre litt ulikt mellom ulike merkjer korleis dei oppgir cm-måla på sine selar, så kan vere greit å sende ein e-post om ein er i tvil, gjerne med måla frå din hund. Handlar du frå "spesialistar" vil du få skikkeleg svar, handlar du frå ein veldig generell internettbutikk med stort vareutval er det større sjangse for at du får nokon på tråden som berre ser på den samme tabellen som du sjølv kan sjå på. Seleverkstedet, troll og minipina er døme på flinke folk med "få" men gode produkt, som dei har kjennskap til (sikkert andre også). Manmat er eit merkje hvis selar er ganske korrekte i forhold til oppgitte mål, så dei går fint å handle ut frå "tabell". Dog anar eg ikkje korleis desse måla er i forhold til fasongen på en RR.
-
Eg har også handla kart frå Danmark, og direkte frå butikk i Nuuk. Så ymse moglegheiter alt etter kvar du skal?
-
Om ikke breene smelter fort nok - så kan de jo få litt hjelp!
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
OT, men bruk av pels frå human jakt/fangst på jaktbare artar, og som ein del av ei total utnytting av eit bytte synes eg er både ynskjeleg og bra. Elles enig i resten. Det er forkasteleg, og om breen truleg smeltar uansett, så er det ikkje det som er det springane punkt, men det å aktivt ta nokre standpunkt til ein galskap utan sidestykkje.- 149 svar
-
- 2
-
-
Er dunspenst viktig? Marmot Never summer vs Lithium
Tessatroll svarte på ubernoob sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Mja, etter å ha prøvd produkt med ulik spenst er mi personlege oppleving at eg nett pga den komprimerbarheita lettare får kuldebroer og kollapser som resultat av press. Posen eg har likt definitivt best av mine dunposer har berre middelmådig dunkvalitet. At det er mi oppleving gjer det dog ikkje allmengyldig, det skal mykje til for noko er- 11 svar
-
- 3
-
-
Har sette desse i bruk på turkamerater også. Ser bra ut, men har nokre gonger tenkt på at det ikkje er frakt for vatn baketter? Har det noko effekt? Får kanksje frakt på sidene.. Elles er det nok forskjell på fleirdagers og dagstur på dei intelligrip, utan at eg hugsa kva det går i, men ei venninne og også @tronn har prøvd desse på lengre tur, synes å hugse det funka berre middels. Har du brukt dei over dagar @Lompa? Etter å ha sett desse i bruk, og sjølv brukt smale mohairfeller kappa ved hæl, held eg ein knapp på siste, men greier ikkje heilt gjere rede for kvifor. Hadde berre stola meir på siste løsning, over litt tid.
-
På ski uten kortfellesystem har eg hatt to par feller. Eit par lange feller i passe breidde til bratt/mykje laussnø. Eit anna par langfellen, relativt smale kappa ved helen. Kjøper du desse i ein mohair eller mixvariant og har på glider på fellen er det ganske god glid sjøl om du har fell også framom festesona. Til gjengjeld slepp ein bremsing av felle festet. Å kappe langfellen kortare og kortare utetter turen og ende med Langfell kappa under fot, var ganske vanleg før på Grønlandsturar, der festebehovet minkar etterkvart som ein stig opp på isen Eit konkret felletips er Silvretta mohairmix. Desse synes eg har grei balanse på slitestyrke/glid. Du får dei ganske smale.
-
Lengde på Warmpeace Viking-poser
Tessatroll svarte på ketilring sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har brukt å kombinere 600 med ein tynn syntpose med comfort + 12 eller deromkring. Temp toleranse varierer jo litt med perioder og form, men det funkar til nedpå mellom - 15 og - 20 ein stad. Kaldaste eg har hatt i den kombinasjonen trur eg var tur i januar med et par og tjuge minus. Var overraska når eg vakna over at eg hadde sove gjennom natta i den tempen med dei posane. Mengde kle og evt varmeflaske varierer litt med luftfuktigheit, dagsform, tilstand på pose, lengde på tur osv. -
Åsnes Waxless fjellski 👍 Erfaringer/meninger?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Vinterutstyr
Fischer sitt smørefrie har tidlegare gått for å vere det beste men eg har ikkje vore borti smørefrie ski frå Åsnes av nyere dato så ana ikkje koss dette ligg an i dag. -
No er me godt OT. Men eg e samd. På siste tur frå Finse og nedover vidda hadde me langt meir dekning enn eg har vore van med, me gjekk lenger aust enn eg var gjort før. Med mykje ver blei det til at me nytta dekninga til vermelding m.m. Eg hadde ein finfin tur, men mista litt av distansen som eg ønsker, når eg fleire gonger hadde en touch til verda. Ein merkjeleg opplevelse, og neste gong eg går i områder med så mykje dekning blir nok telefonen å ligge avslått nedst i ein pakkpose, så får eg forholde meg til det som oppstår som det er, i alle fall i størst mogleg grad.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Tenkjer som deg om dette, i grove trekk. Hadde samme samtale med kompis for et par dagar sidan, med akkurat samme tema. Han landa ned på Pro. Eg vil også gå for Pro, dersom eg ikkje skal ha nytt Keron når mitt noverande utgår. (glad i Keron men synes dei har blitt veldig dyre).
- 7 svar
-
- 1
-
-
Var der førre veke. Med unntak av nokre av dei syd-vest vendte hellingane var det bra med snø. Skiføre også i dei meir brokete hellingane. Overvatn på Ustaoset, men elles greit.
-
Eg har GT og tenker at mitt neste truleg er utan. Eg nyttar fortelt minimalt, og trives godt med å ha det meste i innertelt. Eg greier kokelere i tilsvarende små fortelt som Keron3, men eg er kort og mjuk, og sitt i innertelt og styrer med det som er i fortelt, uten grop. Er litt ekstra forsiktig akkurat når eg fyrer opp og til brenner brenn jamt og stabilt.
-
Hm. Har gått med taudrag nesten støtt, inkl med tunge pulk, og også to kopla etter kvarandre. No sist 8 dagar på vidda, med bikkje på lina framom. 3 velt totalt og elles tipptopp i dei fleste situasjoner. Hadde dog stort sett nokså faste forhold, ikkje djupsnø. Mistenker eg mykje djupsnø på ein tur slenger eg på fastdraget i tilfelle, men har det klappa saman under beddingen og går med taudrag som utgangspunkt. Synes eg stort sett ferdast uropblematisk med tau.
- 36 svar
-
- 1
-
-
Følgjer denne. Skal sette 75 mm på eine paret mitt med fjellski, men når Crispi og Alfa sine modellar ikkje høver vert det vanskeleg med prøving av sko, også for meg her på Nordvestlandet.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Veldig. Har nett brukt den på vekestur på vidda med alle variantar av føre. Sitt overraskande godt til tross for mangel stålkant, enkle å få på kant, truleg fordi den er relativt rank i forhold til monge andre fjellski. Flyt greit, den lille rockeren gjer at den søker godt opp også i djup snø, eller rotten snø, som eg kjørte i går. Svart sole (jippi, enn om Åsnes kunne slutte med dei tulette lyse solane på Nansen), så ofte enklare å få påført festevoks, også av den hardare sorten. Generelt godt overraska, og vart nok litt nysgjerrig på Gamme, i og med at det mykje godt er samme skia men med stålkant.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Dette trur eg har vore diskutert ein del tidlegare. Cecilie er mjukare, uten tvil for dei som har prøvd begge par. Det har også vore omtalt i en relativt grei fjellskitest i Ute-magasinet for nokre år sidan. Med mjukare meinar eg spennet ja. Eg kjøpte Nansen nett av den grunn. Eg har også Amundsen og Finnmark. Gode ski det og. Så kjem vel an på kva du skal, sluke km, ha ei god allroundski, god styring osv. Er du habil eller mindre habil på ski osv
-
Av Cecilie og Nansen, uten tvil Nansen. Har gått på begge, og Cecilie vert for mjuk for dei fleste til bortover bruk og småkupert. Av alle Åsnesmodellar? Mja, kjem an på kva du skal bruke dei til.