Gå til innhold
Sigbjørn

Austabotntind i knallver 4.september

Anbefalte innlegg

Denne helga må vel ha hatt årets beste vervindauge. Heldigvis samsvarte det med fjellsportgruppa på jobb sin årlege hausttur, som i år hadde primærmål Store Austabotntind.
Bortsett frå minusgradane natt til lørdag som gjorde at det var litt vel kaldt i soveposen natt til lørdag er det klin umuleg å få ei betre helg i fjellet.

Starta direkte frå campen på Berdalsbandet oppover mot vesttoppane i strålande klarver og akkurat nok trekk til å slippe å svette for mykje. Kosetur oppover på det faste fjellet, med stadig meir å sjå av fjellheimen. Det låg litt snø innimellom steinane opp mot vestre, men ingenting som plaga oss. Over første 10-metringen på V2 bar det vidare til vestre for matstopp og start på utfordringane :)

Bratt klyving ned i skaret mot Store, som Morten skriv i boka er du godt skjerma det meste av tida så det ikkje føles så ille. Tilsvarande klyving ute på ei egg hadde nok vore litt annleis ja...
Vidare bort egga mot Store, før vi traverserte på høgresida av den første hammaren under svaet. Meir eksponert her og ein del snø, men alle kom seg opp til foten av svaet uten bruk av tau. Igrunnen imponerande tatt i betraktning turgjengen sine noko ulike komfortgrenser mhp høgder...

Ved starten på svaet var det ingen diskusjon lenger, ubetinga sikring på slikt føre. To taulengder opp til den vestre pukkelen (V0), litt uggent første 10 meterane pga labert med sikringspunkt, deretter var det for det meste veldig greit. Klatra direkte på V0 istaden for å traversere bort i skaret siden alle ikkje hadde stegjern, virka greiare rett opp.

Vel oppe på ryggen var alle såpass akklimatiserte at sikring vart droppa opp til hovudtoppen, og alle kløyv i tur og orden ut til toppvarden. Luftig moro der, vår eigen karate kid vant nokprisen for kulaste opptreden... :D

Returen tok vi med rappell frå V0 og ned til standplassen midtveis. Fekk med oss to som hadde klatra traversen over søre, begynte etterkvart å bli tett befolka på standplass då..
Resten rappellerte ned før sistemann demonterte standplass og "leda baklengs" nedatt. Utfordringar skal ein jo ha litt av, glad for at eg hadde med øks og stegjern iallefall.

Klyving oppatt til Vestre og litt påfyll av mat og drikke igjen, før det bar nedover til basecamp'en under kraftlinjene. Hadde nytt dagen så lenge at det gjekk på stumpane med dagslyset, men vi kom oss ned like heile. Så var det tid for eit raskt skift før den tradisjonelle biffmiddagen med tilbehør under stjernehimmelen..

Då er livet heilt ålreit...


Og søndagens tur på Store Dyrhaugstind var igrunnen heilt ålreit den og.. Ikkje eit vindpust, traske i bar overkropp i september og avslutte med bad i tjerna på Øvre Dyrhaug på retur

:cool: :cool: :cool:

post-1557-133474723316_thumb.jpg

post-1557-133474723322_thumb.jpg

post-1557-133474723329_thumb.jpg

post-1557-133474723337_thumb.jpg

post-1557-133474723348_thumb.jpg

post-1557-133474723358_thumb.jpg

post-1557-133474723369_thumb.jpg

post-1557-133474723382_thumb.jpg

post-1557-133474723392_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Var rett og slett morsomt ja. Tau er ein kjekk oppfinnelse det :)

Dessuten hadde vi som heldt oss i Hurrungane betydeleg mindre snø (og fastare) enn det du og andre tydelegvis sleit med lenger aust i heimen same helga.

Gjorde livet på tur lettare enn om vi måtte vassa rundt i djup nysnø....

Dessuten er klyvinga her på fast fjell og, som det kom frå ein deltaker: "Det er så greit her, fordi akkurat når du føler du treng eit bøttetak så dukker det opp"

S :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.