Gå til innhold
  • Bli medlem

Sigbjørn

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    33
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Sigbjørn

  1. Var rett og slett morsomt ja. Tau er ein kjekk oppfinnelse det Dessuten hadde vi som heldt oss i Hurrungane betydeleg mindre snø (og fastare) enn det du og andre tydelegvis sleit med lenger aust i heimen same helga. Gjorde livet på tur lettare enn om vi måtte vassa rundt i djup nysnø.... Dessuten er klyvinga her på fast fjell og, som det kom frå ein deltaker: "Det er så greit her, fordi akkurat når du føler du treng eit bøttetak så dukker det opp" S
  2. Ola Berge gjorde nok ein betre jobb enn at den ramler ned så lett Dersom guiden hevder at du var på toppen av Store ville eg nok vurdere ein liiiiiiten klage..... S
  3. Heilt korrekt beskrivelse Eirik! Har tatt nokre dager å lande att etter ein slik kjempetur, nesten umoralsk å få lønn for arbeidsdagane denne veka når tankane framleis er igjen i fjellet...
  4. Denne helga må vel ha hatt årets beste vervindauge. Heldigvis samsvarte det med fjellsportgruppa på jobb sin årlege hausttur, som i år hadde primærmål Store Austabotntind. Bortsett frå minusgradane natt til lørdag som gjorde at det var litt vel kaldt i soveposen natt til lørdag er det klin umuleg å få ei betre helg i fjellet. Starta direkte frå campen på Berdalsbandet oppover mot vesttoppane i strålande klarver og akkurat nok trekk til å slippe å svette for mykje. Kosetur oppover på det faste fjellet, med stadig meir å sjå av fjellheimen. Det låg litt snø innimellom steinane opp mot vestre,
  5. Var som vist i artikkelen Busken nevner på Knutseggen frå Gjendebu i helga. Stien gjennom Svartdalen var f.eks. fullt gåande, du må over nokre korte snøfelt men fast og greit der. Vestvendte snøfelt opp mot Knutsholsryggen var derimot ikkje festlige å passere, råtten snø så det holdt utpå dagen. Flanken mot Store Knut hadde mykje snø, ikkje å anbefale Finn du turar som går på sør/vestvendte rygger kan du nok gå rimeleg greit i dette området, evt hard snø på nordvendte flanker. Nordryggen mot Svartdalspiggen såg nokså snødekt ut. Uansett god tur, fint er det og absolutt ikkje trang
  6. Vi rappellerte på 60m tau ja, men 50m hadde vore rikeleg det og. Var godt med snø mellom nålene no, men snøfonna går nok så langt opp i austsida at du berger deg ned med 50 meters tau seinare i sesongen og. Fonna gjekk eit godt stykke opp i austsida når eg var der hausten 2007. Trur ellers at Knutsholstraversen hadde blitt uggen på lørdag sidan det framleis låg bra med snø på nordegga mot Store, så var nok lurt val å utsette den litt. Du hadde nok ikkje møtt andre enn oss tre i området iallefall.. S
  7. Denne helga opna Gjendebu for sesongen, og dermed kom muligheitene for båttransport dit og gitt. Øyvind og Kristian var klar for tur som involverte klatring, og hadde tenkt ut Nålene som eit utmerka turalternativ. Litt skeptisk sjølv, siden eg hadde vore ved nålene før på isglasert føre, men lot meg overbevise om at vi kunne dra inn og sjå korleis det såg ut, og evt gå på andre turar om det var for mykje snø. Skepsisen kom tilbake når vi kom over Valdresflya i 2-tida natt til lørdag med kuling og snødrev.... Når vi såg ut av teltet tidleg lørdag låg snøen på 1100 m... Jippi! Men, vi såg og f
  8. Er jo nokre mil og ein del fjell å velge i på den strekninga då.. Men første tips må bli Eggenipa ca halvvegs mellom Førde og Stryn, men då må du ha sett deg litt bakover når du køyrde oppover... Sjå bilde her: [Hidden Content] Sigbjørn
  9. Hmmm, dette har potensiale for ein lang og fin Off-Topic diskusjon.... Skal ikkje kverulere, men normalt reknar vel folk på Bremangerlandet seg som Sunnfjordingar. Fastlandsdelen av kommunen i nord (Ålfoten, Davik) heller vel til Nordfjordingar. Og slike som meg med røtene heilt i grensa til Flora er iallefall Sunnfjordingar, og dermed lettare subjektive... Sigbjørn
  10. Hornelen er defintivt ein av dei flottaste toppane i Sunnfjord ja, kan anbefalast på det sterkaste. Med tanke på spørsmålet ditt Ole-Petter om austveggen har vore klatra, så kan du lese meir på Florø klatreklubb sine sider: [Hidden Content] Beskriver rute for førstebestiger Bing som seinare er repetert av Florøklatrarar i 2003 (Vel, det var dette med Olav Tryggvason som førstebestiger, men held meg til nyare tid) Sigbjørn
  11. Vil helst ha godver der oppe ja, har vore heldig sjølv med fint ver på begge mine forsøk. Men 10 år sidan sist, ikkje sikkert det blir så lenge til neste gang nei.. Sigbjørn
  12. Med vermelding på 30+ i lavlandet, var det gode grunner for å evakuere til fjells denne dagen. Når vi først var heime på Vestlandet, var Lodalskåpa eit lett tilgjengeleg turmål. Køyrde inn til Bødalsseter fredag kveld og slo opp teltet, klar for neste dags 15-1600 høgdemeter. Lokalbefolkninga (med bjeller..) vekte oss i passeleg tid lørdags morgon(0630), så då var det opp og hopp og ut av teltet for å konstatere at veret framleis var strålande. På med kaffekjelen og innta frukosten, før vi sette igang beina på stien innover Bødalen. Litt lite konsentrerte i starten så gjekk vi rett forbi
  13. Interessant bilde Busken! Gjekk over brepassasjen der same året, men 30.juni. Då var det definitivt ingenting som tyda på at fjellet skulle dukke opp der. Vi brukte tau siden a) vi hadde det med uansett og ikkje hadde kjennskap til evt sprekker under nysnøen som låg der då. Runda litt til høgre vi og den gangen. Mhp ryggen vidare skal du vere nokså frisk (= Mayhassen...? ) for å gå heile ryggen usikra uten å vere nedpå snøen/breen, mellom Ø1 og Ø2 er det eit hakk som normalt stopper dette. Var framme og såg på det, men vi valde uten stor diskusjon å runde nedom breen. Morten sin bes
  14. Hei, er mange flotte dagsturar i området rundt Førde. Alle "byfjella" rundt sentrum (Førdsnipa, Halbrendsnipa mfl) er fine turar, i tillegg er og toppane rett ved skyttarstadion fine men nok litt støyutsett under stemnet. Den finaste toppen i området er nok Storehesten, der NM i motbakkeløp gjekk for eit par veker sidan. Ca 25-30min å køyre sørover frå Førde. Ellers mange flotte alternativ både i retning Jølster og Florø, avhengig av kor lang og bratt tur de ønsker. God tur! Sigbjørn
  15. I forhold til passe lange dagsmarsjer er jo Leirdalen/Leirvassbu eit veldig bra utgangspunkt. Masse fine teltplasser langs vegen og elva inn mot Leirvassbu, og topper som Kyrkja, Stetind, Tverrbotntindane og Geiti har behageleg lengde og tidsbruk. Tar de båten til Gjendebu og rusler litt innover enten Storådalen eller Veslådalen er det og fine teltplasser der. Med seks timer gange pr dag er det fleire toppar innanfor rekkevidde med dei utgangspunkta. Sigbjørn
  16. Carl F: Minner sterkt om steinane på Nautgardstind, siden det er sekundærtopp snakker vi vel om Austre Nautgardstind isåfall. Sigbjørn
  17. Eaa, er det ikkje dårlige beiteforhold for kopplam på Hurrbreatinden.. Sigbjørn
  18. Ser at bilder tydelegvis har blitt for enkelt her siden Mayhassen har begynt med gåter... Når det gjeld den vriene til Mayhassen på s.106, sikter du kanskje til Muruelva? Ser ut som eit tre, og har m.a. Reinstindvatnet som ei av kildene. Og grunn til å frykte den er det jo... Sigbjørn
  19. Du satser på å drøye fjellsesongen maksimalt skjønner eg... Var over Skagsnebba på tørt føre i siste halvdel av august, sjå turrapport her: [Hidden Content] Uten å skulle vere skråsikker trur eg at det sjølv med litt snø er enklaste og sikraste rute slik vi gjekk. Følgte då ruta ca slik den er tegna i Morten sin fjellbibel. Det er mykje laus stein oppover, så forsiktigheit oppover rennene er naudsynt uansett føre.... Oppe på egga bortover mot bakarste er det tidvis smalt, men fastare enn steinura opp mot Skagsnebb. Svapassasjen forbi dei karakteristiske bratth
  20. Ut frå dei vi hadde snakka med på førehand, var vi litt usikre på om det var best å klatre opp frå nordvest eller frå sørsida, men skulle vi prøvd så ville eg ha foretrukke nordvestsida som du ser på bildet mitt. Fekk jo ikkje noko godt inntrykk av kor vrien den siste delen evt er når vi stod nede i steinura, men første delen såg iallefall overkommeleg ut. Sigbjørn
  21. Heilt rett Mayhassen Sitte ute og ved midnatt og sjå stjerneskudda på himmelen, er eit flott punktum på ein fin dag blant toppane... Må vel innrømme at eg lurte på om det var du som var på veg ned frå Svartdalspiggen ved midnatt etter ein av dine sedvanlege korte spaserturer... Sigbjørn
  22. Etter å ha avspasert fredagen med ein lang spasertur til Besshø, var det duka for å prøve oss på Knutseggen lørdagen. Pakka saman teltet ved Vargbakken og rakk akkurat båten innover. Nokså vått så lenge vi sat inne i båten, men det slutta heldigvis stort sett før vi kom til Gjendebu. Knutseggen låg godt inne i skyene når vi var ved Gjendebu. Regn og/eller snø og/eller islagte steiner og sva er ikkje draumeføre for ein tur over nålene og spesielt ikkje for Søre Nål, men etter rask rådslaging stempla vi lykke til på ferden og prøvde oss likefullt. Om ikkje anna ville vi alle opp og sjå korleis
  23. Jfr Mayhassen: Satser på at vi får haik med deg denne helga og då, om du nok ein gang ser slitne folk i vegkanten.. Skal du gå ein rolig tur kan det jo hende vi er på same stad. Imponerande rundtur du tok, heldigvis er vår ambisjon å rekke toppane før vi er femti så vi kan satse på litt mindre progresjon og kortare turar enn deg.. God tur! Sigbjørn
  24. Litt forseinka turrapport frå 23-24.august dette, og ut frå turrapportane på forumet frå sist veke ser det ut som vi fekk dei siste sommardagane i fjellet denne sesongen. Sidan sommaren ikkje hadde bydd på fleire godversdagar enn strengt tatt naudsynt, var fjellabstinensen ganske sterk. Når vermeldinga tilsa knallver i fjellet var det berre å sørge for å avspasere torsdag og fredag og kome seg avgårde til fjells. Lempa inn alt vi kunne kome til å trenge i bilen onsdag kveld og sette kursen mot Jotunheimen. Først på Sollihøgda begynte Øyvind og eg å diskutere mulige turmål, så vi hadde ikkje
  25. 6-7 telt er jo alltid ein utfordring, men det er ei ganske stor flate der på nordsida av stien før den begynner å gå nedover mot Visdalen som er godt eigna for telting. Campa eit par netter der i fjor, fint og mjukt underlag. God tur! Sigbjørn
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.