Gå til innhold
  • Bli medlem

Sigbjørn

Aktiv medlem
  • Innlegg

    33
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Sigbjørn

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Var rett og slett morsomt ja. Tau er ein kjekk oppfinnelse det Dessuten hadde vi som heldt oss i Hurrungane betydeleg mindre snø (og fastare) enn det du og andre tydelegvis sleit med lenger aust i heimen same helga. Gjorde livet på tur lettare enn om vi måtte vassa rundt i djup nysnø.... Dessuten er klyvinga her på fast fjell og, som det kom frå ein deltaker: "Det er så greit her, fordi akkurat når du føler du treng eit bøttetak så dukker det opp" S
  2. Ola Berge gjorde nok ein betre jobb enn at den ramler ned så lett Dersom guiden hevder at du var på toppen av Store ville eg nok vurdere ein liiiiiiten klage..... S
  3. Heilt korrekt beskrivelse Eirik! Har tatt nokre dager å lande att etter ein slik kjempetur, nesten umoralsk å få lønn for arbeidsdagane denne veka når tankane framleis er igjen i fjellet...
  4. Denne helga må vel ha hatt årets beste vervindauge. Heldigvis samsvarte det med fjellsportgruppa på jobb sin årlege hausttur, som i år hadde primærmål Store Austabotntind. Bortsett frå minusgradane natt til lørdag som gjorde at det var litt vel kaldt i soveposen natt til lørdag er det klin umuleg å få ei betre helg i fjellet. Starta direkte frå campen på Berdalsbandet oppover mot vesttoppane i strålande klarver og akkurat nok trekk til å slippe å svette for mykje. Kosetur oppover på det faste fjellet, med stadig meir å sjå av fjellheimen. Det låg litt snø innimellom steinane opp mot vestre, men ingenting som plaga oss. Over første 10-metringen på V2 bar det vidare til vestre for matstopp og start på utfordringane Bratt klyving ned i skaret mot Store, som Morten skriv i boka er du godt skjerma det meste av tida så det ikkje føles så ille. Tilsvarande klyving ute på ei egg hadde nok vore litt annleis ja... Vidare bort egga mot Store, før vi traverserte på høgresida av den første hammaren under svaet. Meir eksponert her og ein del snø, men alle kom seg opp til foten av svaet uten bruk av tau. Igrunnen imponerande tatt i betraktning turgjengen sine noko ulike komfortgrenser mhp høgder... Ved starten på svaet var det ingen diskusjon lenger, ubetinga sikring på slikt føre. To taulengder opp til den vestre pukkelen (V0), litt uggent første 10 meterane pga labert med sikringspunkt, deretter var det for det meste veldig greit. Klatra direkte på V0 istaden for å traversere bort i skaret siden alle ikkje hadde stegjern, virka greiare rett opp. Vel oppe på ryggen var alle såpass akklimatiserte at sikring vart droppa opp til hovudtoppen, og alle kløyv i tur og orden ut til toppvarden. Luftig moro der, vår eigen karate kid vant nokprisen for kulaste opptreden... Returen tok vi med rappell frå V0 og ned til standplassen midtveis. Fekk med oss to som hadde klatra traversen over søre, begynte etterkvart å bli tett befolka på standplass då.. Resten rappellerte ned før sistemann demonterte standplass og "leda baklengs" nedatt. Utfordringar skal ein jo ha litt av, glad for at eg hadde med øks og stegjern iallefall. Klyving oppatt til Vestre og litt påfyll av mat og drikke igjen, før det bar nedover til basecamp'en under kraftlinjene. Hadde nytt dagen så lenge at det gjekk på stumpane med dagslyset, men vi kom oss ned like heile. Så var det tid for eit raskt skift før den tradisjonelle biffmiddagen med tilbehør under stjernehimmelen.. Då er livet heilt ålreit... Og søndagens tur på Store Dyrhaugstind var igrunnen heilt ålreit den og.. Ikkje eit vindpust, traske i bar overkropp i september og avslutte med bad i tjerna på Øvre Dyrhaug på retur :cool:
  5. Var som vist i artikkelen Busken nevner på Knutseggen frå Gjendebu i helga. Stien gjennom Svartdalen var f.eks. fullt gåande, du må over nokre korte snøfelt men fast og greit der. Vestvendte snøfelt opp mot Knutsholsryggen var derimot ikkje festlige å passere, råtten snø så det holdt utpå dagen. Flanken mot Store Knut hadde mykje snø, ikkje å anbefale Finn du turar som går på sør/vestvendte rygger kan du nok gå rimeleg greit i dette området, evt hard snø på nordvendte flanker. Nordryggen mot Svartdalspiggen såg nokså snødekt ut. Uansett god tur, fint er det og absolutt ikkje trangt om plassen enno. Sigbjørn
  6. Vi rappellerte på 60m tau ja, men 50m hadde vore rikeleg det og. Var godt med snø mellom nålene no, men snøfonna går nok så langt opp i austsida at du berger deg ned med 50 meters tau seinare i sesongen og. Fonna gjekk eit godt stykke opp i austsida når eg var der hausten 2007. Trur ellers at Knutsholstraversen hadde blitt uggen på lørdag sidan det framleis låg bra med snø på nordegga mot Store, så var nok lurt val å utsette den litt. Du hadde nok ikkje møtt andre enn oss tre i området iallefall.. S
  7. Denne helga opna Gjendebu for sesongen, og dermed kom muligheitene for båttransport dit og gitt. Øyvind og Kristian var klar for tur som involverte klatring, og hadde tenkt ut Nålene som eit utmerka turalternativ. Litt skeptisk sjølv, siden eg hadde vore ved nålene før på isglasert føre, men lot meg overbevise om at vi kunne dra inn og sjå korleis det såg ut, og evt gå på andre turar om det var for mykje snø. Skepsisen kom tilbake når vi kom over Valdresflya i 2-tida natt til lørdag med kuling og snødrev.... Når vi såg ut av teltet tidleg lørdag låg snøen på 1100 m... Jippi! Men, vi såg og flekker av blå himmel og tenkte at yr.no sikkert har rett i at det blir stadig betre ver utover lørdagen så vi kom oss på båten til Gjendebu og håpte det beste. Etter at båten omsider fekk lagt inntil kaia på tredje forsøket pga vinden fekk vi slått opp teltet på teltplassen med best ly for vinden, kokt oss kaffe og sat og såg opp mot nysnøen på sørsida av Gjende. Ein kopp var tilstrekkeleg for å konkludere med at "vi prøver" Første teikn på at dette ville bli ein god dag fekk vi når vi såg at "gamlebrua" var på plass att over Vesleåe, så vi slapp unna dei to ekstra kilometrane den nye stien medførte sist eg gjekk her.. YESSS! Vidare oppover stien mot Svartdalen gjekk det greit, alle tre spente på kor mykje snø som ville ligge opp mot nålene. Vi kom opp i Svartdalen og konkluderte einstemmig med at rett nok låg det nysnø, men Søre Nål såg faktisk OK ut. Kryssa elva og skrådde nordaustover oppover mot nordenden av Knutseggen. Snøfelta var litt halvråtne, men steinane låg betydeleg meir i ro enn sist eg var her. Vel oppe på eggen runda vi under dei første småpinnaklane før vi starta klyvinga over Nørdre og Nestnørdre. Fint med litt oppvarming sidan det her blåste i overkant friskt... Vel framme ved foten av Søre Nål var det tid for litt kaffe og å finne fram klatreutstyret. Den såg rimeleg tørr og fin ut, så ingen grunn til å la vere idag. Når vinden no i tillegg forlot oss for godt vart det veldig fint Vi kløyv opp 6-7 meter på nordvestsida til ein utmerka standplass, før det var tid for å avklare det viktigaste spørsmålet: Kven leder? Med to taulengder og 3 klatrarar fins det kun ei rettferdig løysing.. stein, saks, papir. Kristian var ikkje veeeldig lei seg over å vinne den første taulengda.... Greit opp til standplass over første kanten, om enn prega av nokre kommentarer om fjellskoa sine manglande friksjonseigenskaper... Øyvind fekk æra av å "labbe" vidare til toppen. Luftig men greit bort egga til eit lite sva som fører til det siste opptaket til toppen. Trygt og greit leda til stand ved "rapellblokka", så var det berre for Kristian og eg å følge på. Rett og slett ein nydeleg topp med kongeutsikt i kjempever Rigga til rapellen med slynger rundt blokka rett under toppunktet, umulig å ta feil av kva som er mest brukt her.. Morsom rapell ned dette, greit ned til snøen på austsida. Etter ein liten tur oppom Midtre Nål, var det på tide å vende tilbake mot Gjendebu og hjortebiffen som venta på å bli tilberedd ved teltet. Grei retur, sjølv om snørennene ikkje alltid var bærekraftige nok til at vi unngjekk å trakke oss langt nedi steinura frå tid til anna. Eit og anna hedensk uttrykk om stein kamuflert av snø kom det nok ja... Men, alle tre kom seg ned med alle bein i god behold. Søndag vart det retur med første båt til Gjendesheim, og ein liten kort føremiddagstur på Knutshøe i nydeleg ver. Møtte kun to andre, pluss ei rype midt i stien oppover og mengder av reinsdyr nede ved Øvre Leirungen. Store kontraster mellom snøfrie Knutshøe og Kalvehøgde der snøen ser ut til å ligge ei stund enno. Kort oppsummert: Sommarsesongen er igang i fjellet, men velg tur med omhu ei stund til.. Sigbjørn
  8. Er jo nokre mil og ein del fjell å velge i på den strekninga då.. Men første tips må bli Eggenipa ca halvvegs mellom Førde og Stryn, men då må du ha sett deg litt bakover når du køyrde oppover... Sjå bilde her: http://www.breim.no/eggenibba/ Sigbjørn
  9. Hmmm, dette har potensiale for ein lang og fin Off-Topic diskusjon.... Skal ikkje kverulere, men normalt reknar vel folk på Bremangerlandet seg som Sunnfjordingar. Fastlandsdelen av kommunen i nord (Ålfoten, Davik) heller vel til Nordfjordingar. Og slike som meg med røtene heilt i grensa til Flora er iallefall Sunnfjordingar, og dermed lettare subjektive... Sigbjørn
  10. Hornelen er defintivt ein av dei flottaste toppane i Sunnfjord ja, kan anbefalast på det sterkaste. Med tanke på spørsmålet ditt Ole-Petter om austveggen har vore klatra, så kan du lese meir på Florø klatreklubb sine sider: http://home.online.no/~koneny/klatreturar.cfm Beskriver rute for førstebestiger Bing som seinare er repetert av Florøklatrarar i 2003 (Vel, det var dette med Olav Tryggvason som førstebestiger, men held meg til nyare tid) Sigbjørn
  11. Vil helst ha godver der oppe ja, har vore heldig sjølv med fint ver på begge mine forsøk. Men 10 år sidan sist, ikkje sikkert det blir så lenge til neste gang nei.. Sigbjørn
  12. Med vermelding på 30+ i lavlandet, var det gode grunner for å evakuere til fjells denne dagen. Når vi først var heime på Vestlandet, var Lodalskåpa eit lett tilgjengeleg turmål. Køyrde inn til Bødalsseter fredag kveld og slo opp teltet, klar for neste dags 15-1600 høgdemeter. Lokalbefolkninga (med bjeller..) vekte oss i passeleg tid lørdags morgon(0630), så då var det opp og hopp og ut av teltet for å konstatere at veret framleis var strålande. På med kaffekjelen og innta frukosten, før vi sette igang beina på stien innover Bødalen. Litt lite konsentrerte i starten så gjekk vi rett forbi stikrysset mot Kåpa, men tok ikkje lang tid før vi skjønte det og kom oss over på rett sti slik at vi kunne krysse elva på bru istaden for vading til haka... Etter første stigninga opp mellom fossane, var det tid for litt drikke. Kunne heldigvis konstatere at det meste av stigninga som venta oss opp Brattebakken låg i skuggen, i tillegg var det ein lett vindtrekk som ga passe avkjøling. Slapp unna snø før dei siste 100 høgdemetrane opp til varden ved breinnsteget, sjølv om snøen var fin og passe fast å gå på er det trass alt betre med sti oppover. Ved varden var det på med sele og tau. Såg no to andre på veg over breen før oss, desse var utruleg nok dei einaste vi såg i området denne dagen. Ellers hadde vi området heilt for oss sjølve. Med underteikna som breåte tok vi sikte på snørenna lengst nord, bratt opp denne men veldig fin og mjuk snø. I tillegg hadde dei to før oss laga fine spor, så kvifor slite unødigt.... Runda i snøflanken på sørsida av Veslekåpa, med flott utsikt ned mot Småttane. Rart å tenke på at ein har gått der på ski når ein ser sprekkene som dukker opp på sommaren. Etter Veslekåpa var det over eit kort lite sprekkparti før siste snøbakken opp til Kåpa. Runda langs fjellet og opp forbi Hanken til starten av den bratte renna, så var det av med tau og sekker før klyvinga til topps. Tørt og fint oppover med gode tak, så gjekk veldig greit å komme seg opp. Vidare opp slakare steinur før vi var på toppen med panorama i alle retningar. Spesielt artigt for Rannveig etter tre tidlegare forsøk som har alle forsvunne med veret.... Tok oss god tid på toppen i finveret, men ned att måtte vi jo dessverre... Etter litt konsentrert gange og klyving var vi nede ved sekkane att, så var det inn i tauet igjen for returen. Mjuk snø med langt igjen til isen gjorde returen til brekanten grei, men fleire parti her kor utglidning ikkje er eit sunt alternativ på hardt føre... Ved brekanten var det av med tau, før vi cruisa ned til 1300m på laaaang snøbakke. 350 høgdemeter på no time, før vi måtte over på meir kjedeleg unnabakkegåing på stien som slynger seg ned mot dalbotnen. Vel nede att til bilen ved Bødalsseter var det godt(?) med eit raskt bad i elva for å vaske av den verste svetten. Badetempen kan best beskrivast som "Karakterbyggande".... Deretter var det berre å sette seg i bilen for turen heim til Førde, alle glade og fornøgde etter besøket på ein av dei flottaste 2000m-toppane landet kan by på
  13. Interessant bilde Busken! Gjekk over brepassasjen der same året, men 30.juni. Då var det definitivt ingenting som tyda på at fjellet skulle dukke opp der. Vi brukte tau siden a) vi hadde det med uansett og ikkje hadde kjennskap til evt sprekker under nysnøen som låg der då. Runda litt til høgre vi og den gangen. Mhp ryggen vidare skal du vere nokså frisk (= Mayhassen...? ) for å gå heile ryggen usikra uten å vere nedpå snøen/breen, mellom Ø1 og Ø2 er det eit hakk som normalt stopper dette. Var framme og såg på det, men vi valde uten stor diskusjon å runde nedom breen. Morten sin beskrivelse i fjellbibelen er ganske så dekkande her. Uansett berre å glede seg til ein flott travers Sigbjørn
  14. Hei, er mange flotte dagsturar i området rundt Førde. Alle "byfjella" rundt sentrum (Førdsnipa, Halbrendsnipa mfl) er fine turar, i tillegg er og toppane rett ved skyttarstadion fine men nok litt støyutsett under stemnet. Den finaste toppen i området er nok Storehesten, der NM i motbakkeløp gjekk for eit par veker sidan. Ca 25-30min å køyre sørover frå Førde. Ellers mange flotte alternativ både i retning Jølster og Florø, avhengig av kor lang og bratt tur de ønsker. God tur! Sigbjørn
  15. I forhold til passe lange dagsmarsjer er jo Leirdalen/Leirvassbu eit veldig bra utgangspunkt. Masse fine teltplasser langs vegen og elva inn mot Leirvassbu, og topper som Kyrkja, Stetind, Tverrbotntindane og Geiti har behageleg lengde og tidsbruk. Tar de båten til Gjendebu og rusler litt innover enten Storådalen eller Veslådalen er det og fine teltplasser der. Med seks timer gange pr dag er det fleire toppar innanfor rekkevidde med dei utgangspunkta. Sigbjørn
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.