Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
507 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Dette ser eg nok for meg at er eit telt fyrst og fremst for å ha det i katalogen. Det er heilt sikkert enkelte som, utan å tenke på vektkonsekvensane, har etterspurt det. No vert det enkelt å sjå kva dette vil koste i form av vekt, så får kvar enkelt velge. Det er alltids enkelte som ikkje veit sitt eige beste, og kjøper slike overdimensjonerte telt. Men eg trur ikkje det vert ein modell som vert vanleg å sjå i fjellet. For dei som av ulike grunnar ikkje stolar på red label spesifikasjonane, er det allereie 10mm stenger til Soulo i katalogen. Dersom det ikkje er andre forskjellar frå dagens Soulo enn tjukkare teltduk og grøvre stenger, har utviklinga vore nær gratis. Ettersom dette på ingen måte vert noko lettvektstelt, kan det det hende dei forbetra enkelte detaljar som av vekthensyn er reduserte på eksisterande Soulo. Ein skal ikkje sjå bort i frå at inntroduseringa av denne modellen også kan vera salgsfremmande for eksisterande Soulo. Fordi innerteltet er trangt nok frå før. Og dette ekstra innerteltet ville vera for lite til noko som helst praktisk formål. Eg ville i alle fall ikkje bytte bort Soulo'en min mot eit slik telt, sjølv om eg hadde fått 3000kr i mellomlegg.
-
Eg foretrekk også ull. Eg har til gode å prøve noko som er betre enn ei tynn ull-t-skjorte i varmen. Men for å stoppe myggen, er det nok mykje som fungerer betre. Ei lys farge er sjølvsagt betre enn ei mørk i solsteiken.
-
Det er mykje anna enn naboen det går ann å kikre på frå stoveglaset. Her har eg nokre km² med leveområde for hjort og elg på andre sida av dalen, og rett som det er viser desse seg på jorda like ved, det same med rådyr, hare, rev osv. Over og bakanfor dette er det leveområde for villrein, utan at eg har hatt lukke med meg på å få auga på dei heimanfrå. Dei fleste fuglane eg kikrar på, er også heimanfrå. Eg har derfor både ein 7x50 håndkikkert ståande på hylla og eit feltteleskop fast montert på stativ. I tursekken har eg ein 8x30 med relativt vidt synsfelt.
-
Heilt generelt skal ein gjera eigen vurdering av alt ein les på slike forum. Men for min del, legg eg meir tyngde på dei som argumenterer og forklarar svaret sitt, enn dei som bare kjem med eit ubegrunna svar med utropsteikn. Heilt uavhengig av om brukar enkelt kan knyttast til ein navngjeven person. Sjølv likar eg best tunneltelt pga lågare vekt, større plass og enklare oppsetjing. Så er det også mange mellomting mellom tunnel og kuppel, der enkelte kombinerer nokre av fordelene til kvar av typene, og enkelte virkar som har kombinert alle ulempene til kvar av typene. Eg vil råde trådstartar til å vurdere konkrete teltmodellar, heller enn å fokusere på tunnel eller kuppel.
- 32 svar
-
- 1
-
-
Dei er tilgjengeleg fortløpande på bla: https://www.satellittdata.no/nb/metadata_soek Det er når ein studerer satellittbilete, at ein innser kor mykje skyer me har i landet vårt…
-
Det skjer mykje kvar dag no. Det er nærare Finse du eventuelt vil ha att mykje snø. Dersom du går motsatt veg, har du ei veke meir snøsmelting til din fordel.
-
Mi meining er at det er alt for seint på sesongen for så lange dagsturar. Sjølv om snøforholda kan sjå brukbare ut, kan ein verte seriøst forseinka av åpne vassdrag, eller lengre bæringar. Allereie no er det veldig flekkete sør for Lågen. Satelittbilete frå Sentinel 31. mai:
-
Sjølv om det bare tar ein halv time å reparere underlaget, er det ikkje noko eg har lyst til å byrje med halv to om natta, når eg heller vil sova. Så det er all grunn til å tenke gjennom korleis ein vil greie seg med eit punktert underlag.
-
Men så har du også redusert lengda 5cm, der sparar ein også vekt. Du hadde fått ein endå lettare pose dersom du hadde hatt den korte lengda, smale breidda og beste dunkvaliteten. Dei 13 cm ekstra i skulderomreks gjer posen din tyngre enn om posen din hadde vore 13cm trangare. Og det er ingen grunn til at ein 13 cm trangare pose skulle koste meir enn den posen du allereie har. Mindre materiale betyr mindre vekt, det treng du ikkje prøve å vera uenig i.
-
Ein brukar ikkje energi på å varme opp varm luft. Men med større overflate, vert varmetapet større. Det betyr større energibehov for å oppretthalde temperaturen inni posen. Vinterposen min har mindre isolasjon på ryggen, etter designteorien du nevner. Det merkar eg godt når eg ligg på sida. Eg ville valgt ein annan pose dersom eg skulle kjøpe no.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Eg foretrekk dei passe vid. No har eg aldri prøvd sovepose før kjøp, og har aldri opplevd at dei ikkje passar i breidda. Llengda derimot er langt verre. Det aller verst i så måte er soveposen eg fekk utdelt i militæret, den nådde meg bare oppunder armane og var fullstendig ubrukeleg til å sova i. Dersom posen er for rom, slik at han ikkje følger med rundt når eg snur meg, ser eg for meg at det kan bli trøblete utover natta. Dersom ein vil ha posen vid, må ein no belage seg på litt ekstra vekt for same isolasjonevne, og det er nok grunnen til at enkelte, særleg dei som er vektfiksert i marknadsføringa, tøyer strikken i lengste laget med å laga trange posar, og korte også gjerne.
-
Eg prøver som nevnt å unngå det. Men må eg så må eg. Det er det aller fyrste som kjem på utsida¹. Då ruller eg underlaget slik att undersida kjem ut, og slik at den endefliken peikar nedover. Det er forskjell på overflata til ulike underlag. Overflata til Bamse trekker vatn, og er eit underlag eg ikkje vil ha pakka utanpå sekken. Underlag med glatt overflata går betre. Når eg har slått leir brukar eg å ta fram soveposen så denne får lufta seg og får att spennsten, men dersom underlaget er meir eller mindre vått, ventar eg i det lengste. I vind, særleg sidevind, er det også ein fordel med minst mogleg vindfang på sekken, så det er også ein grunn til å få underlaget ned i sekken. Er det finvær, er det jo bare kjekt å ha underlaget tilgjengeleg til pausebruk undervegs. ¹Dersom eg må ha endå meir enn bare underlaget på utsida, er teltet neste, men då reknar eg at eg har for liten sekk. Men det kan likevel vera aktuelt fyrste dagen, eller dagana på ein lenger tur, til matvolumet er deusert så alt går nedi sekken.
- 92 svar
-
- 1
-
-
Eg har halde meg unna trekkspillliggeunderlag fordi dei ser ut til å ha stort volum, og derfor kun eignar seg til å pakke utanpå sekken. Bamse er hardt, så det brukar eg bare vinterstid. Sumarstid brukar eg eit tunnare liggeunderlag som eg rullar saman, puttar nedi tom sekk, og pressar ut mot kantane slik at det vert rom inni rullen. Så pakkar eg alt anna nedi dette rommet. Dette var noko eg byrja med ein gong eg brukte ein vanntett sekk utan ramme eller annan for for avstiving i ryggen, og var altså noko eg gjorde for å stive opp ryggen. Men eg har fortsatt å pakke på denne måten fordi det gjer at eg kan pakke liggeunderlaget tørt. Vert det for liten plass i sekken på denne måten, endar liggeunderlaget utanpå. Det eg lurar mest på når eg følger denne tråden, er kva slags sekk på 40-50l som er behagleg på ryggen, eller eventuelt kor småvokste dei er, dei som brukar sekk på 40-50l... Dersom det finnst gode sekkar for slike som meg, kunne det vera ein kandidat til dagstursekk.
-
Kulde frå bakken er eit tema når bakken er tela eller det er snø. Tina mark er ikkje kald, og isolerer dessutan godt også. Så sumarstid kan ein altids greie seg utan underlag, men det kan vera hardt og ukomfortabelt eller heilt greitt avhengig av vegetasjonen. Vintertid ville eg aldri stolt på bare oppblåsbart underlag.
-
Eg prioriterer ein stor sekk som er god på ryggen heller enn ein for liten sekk som ikkje er god på ryggen, og slik at ein atpåtil må stappe lårlommene så full at heller ikkje buksa er god å ha på… Som bonus har eg plass til å få med meg buksa i sekken, dersom det vert så varmt at ho må av. Det siste kan sjølvsagt unngås ved å bare reise på tur når det er meldt kaldare vær. Men det er heller ikkje kleda som fyller sekken, det er dei store tinga som telt, sovepose, liggeunderlag og dei ukomprimerbare og uformelege tinga som kokekar¹ og kokeapparat som tar mykje plass. Om eg tar med meg ein eller to kjelar, som likevel passar perfekt oppi kvarandre, betyr ingen ting for volumet i sekken, Men dersom eg ikkje får fyllt småting oppi desse kjelane, er det 1l unødvendig tomrom der. Å finne dei rette variantane av enkelte ting, slik at dei er mest mogleg pakkbare innikvarandre, kan altså spare mykje volum. ¹Ja, eg veit, kokekar er diverre formelege dersom ein er litt hardhendt. Dersom ein brukar komprimeringpakkposar, vert det også tomrom mellom desse. Slike tomrom må ein også prøve å få fyllt på ein fornuftig måte.
-
For det fyrste ser eg ingen grunn til å ha som mål å pakke i ein 45l sekk. I alle fall for min del, er det ingen 45l sekk som er like god å ha på ryggen som ein 90-110l sekk. Får eg plass til det eg treng i sekken, er problemet løyst. Eit mindre telt vil sjølvsagt ta mindre plass i sekken, men det vil også vera meir trangbodd. Eg pakkar alltid teltstengene for seg, anten tredd ned i hjørne på sekken, eller i lomme utanpå sekken. Då kan teltet stappast mykje meir effektivt enn dersom teltstenge ligg i teltposen. Å rulle teltet rundt teltstengene er altså ikkje noko eg gjer. Eg tviler på at nokon av dei som pakkar i 45l sekk brukar syntetsovepose. Ein dunsovepose tar mindre plass. Skumunderlag tar stor plass. Eit https://www.thermarest.com/ie/sleeping-pads/fast-and-light/z-lite-sol-and-original-z-lite/z-lite.html er 9,3l samanpakka. Men underlaget har lita vekt, så det er mindre viktig å ha det tett mot ryggen, så dette er enkelt å feste utanpå sekken. Då er det også lett tilgjengeleg for bruk i pauser. Kokekar tar plass, og er dårleg eigna å stappe saman. Her gjeld det å nytte tomrommet til å oppbevare andre småting. Mat tar stor plass, og mat tar meir plass dess lenger turen er, slik er det bare. Eg har alltid med klede for ruskevær, så dersom det er finvær, treng eg meir plass i sekken til klede enn dersom det er kjøleg så eg kan ha på meg desse klede. Eg resier ikkje til fjells på overnattingstur utan jakke, uansett kva yr.no melder.
- 92 svar
-
- 2
-
-
DNT Nettkurs: Lær kart og kompass
Skal bare... svarte på HannKatta sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Merkeleg. For mine kart er gradteigskart. Og når eg ser etter, så er missvisninga oppgjeve i forhold til rutenettet også. Så her er det tydelegvis ulike variantar ute og går. Mine kart er riktignok nokre år gamle. Det er nokre år sidan eg slutta å kjøpe kart. Det eg likar minst med desse nyare karta, er at det er trykk på begge sidene. Utan å ha to av kvart kart, er det håplaust å få oversikta når ein beveger seg nær kartkanten. -
DNT Nettkurs: Lær kart og kompass
Skal bare... svarte på HannKatta sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Dersom du meiner forskjellen mellom sant nord og rutenettnord er viktig, er det bare å måle vinkelen mellom rutenettet og kartkanten. Dersom denne vinkelen er så liten at du ikkje greier å måle han med kompasset, må du ha meir nøyaktig orienteringshjelpemiddel for at det skal ha nokon betydning. -
Garmin Basecamp er ukjent for meg, så der kan eg diverre ikkje hjelpe.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Det er mogleg eg fortsatt ikkje har forstått problemet. Eg brukar 'legg til vektorlag' på laghåndteringsverktøylinja (same som 'lag'-'legg til lag'-'legg til vektorlag') eller bare drar fila inn i kartet frå filtuforskaren. Men det er sjølvsagt avhenig av at du veit kvar du har filene. Det fungerer uansett kva slags filformat, så lenge filformatet er støtta.
-
Hvordan pakke teltet minst muleg - Wiglo lt4
Skal bare... svarte på termos88 sitt emne i Telt og lavvo
Ikkje prøvd med wiglo, men mi erfaring er at om ein pakkar stengene for seg og stappar teltet, tar teltet mykje mindre mindre plass enn om det rullast rundt stengene. -
Høgfjellet i juni er normalt sett ski. Dette året er nok ingen unntak.
-
Eg har brukt mykje rart opp gjennom åra, men dei siste åra har eg brukt snoseal og ha rvore fornøgd med det. Mi erfaring er at det som er lett å smørje på, også forsvinn lett, og snoseal har hittil vore det beste kompromisset for meg. Eg synest det var ganske klart råd. Slik eg les det, står det 'blablabla, det meste fungerer, blablabla. men unngå kreosot (tjære) av miljøhensyn.'
-
Eg brukar det vintertid, og eg veit om mange som gjer det sumartid også. Det er ingen tvil om at det fungerer godt så lenge ein har på seg jakke utanpå, og då er det varmt også. Men dersom det vert for varmt med jakke, og det vert det raskt med netting under, tar eg av jakka. Ein kan seie mykje om netting, men vindtett er det i alle fall ikkje. Forskjellen mellom med og utan jakke, er altså veldig stor med netting. Derfor likar eg tett trøye sumarstid, då vert det meir passeleg forskjell med og utan jakke. Tett trøye er ikkje så varm som netting under jakka, men held litt betre enn netting utan jakke.