Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 060
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. http://m.finn.no/bap/forsale/search.html?q=dynafit+tlt6&search_type=SEARCH_ID_BAP_ALL
  2. Kvifor det? Ein vert kva ein et:
  3. Fordel men langt frå nødvendig. Skal ikkje uttale meg om vegen gjennom Murudalen da eg ikkje har køyrt den men alle dei andre går heilt greitt å køyre med ein vanleg personbil om ein er litt aktsam. Elles kan Gudbrandsdalen bjo på mange småvegar. Friisvegen, Per Gyntvegen, Per Gynt seterveg (lite namnefantasi her i området...), Burmavegen i Bøverdalen, turen rundt Uppnosi i Skjåk og mange andre.
  4. Spør du meg er ikkje sopp mat uansett, men for dei som har den type tilbøyelegheitar er det vistnok svært få av kjukeartane som er giftige og enkelte skal også være god(?) matsopp. Korleis den fotograferte kjuka er skal ikkje eg svare på men vil tru soppekspertar generelt vil være forsiktige med å svare på om ein kan eta ein sopp basert berre på eit foto om det ikkje er ein av dei seks sikre. Edit: rydding i formuleringa
  5. Min er produsert i Kina. Kinaproduksjonen har eit dårlegare rykte enn det produsert i Canada men min har funka bra. Arc'teryx buksa mi som er produsert i Canada er det verre med (ok, steggjern har noko av den skulda...).
  6. Betalar ein 4000 for ei jakke bør den vel halde nokre år også. Eg har ikkje personleg erfaring med andre merker så dei uttalar ikkje eg meg om men konstaterar at eg er svært tilfreds med kvaliteten både på Arc'teryx og Bergans jakka. Har likevel kjøpt ei Tierra jakke no da eg fekk den svært billig. Brukar ein del penger på utstyr og da er tilboda ofte meir avgjerande enn kva merke det er. Unngår dog Stormberg og liknande. Sidan du skal handle ein del utstyr kan det kanskje lønne seg å ta runda rundt til butikkane med liste over kva du skal ha (og til kva bruk) for å få eit samletilbod på heile pakka.
  7. Arc'teryx er også diskutert her: http://www.fjellforum.no/forums/topic/38116-hvor-bra-er-egentlig-arc´teryx-jakker/#comment-347596 Har både Arc'teryx og Bergans jakke. Arc'teryx jakka er frå 2008, Bergans jakka er noko eldre. Båe er mykje brukt. Bergans jakka har ei type netting på innsida og mellom nettingen og ytterstoffet er det eit lag med noko som har morkna opp fleire stader på jakka. Bergans jakka er også svært falma. Arc'teryx jakka ser generelt lite slitt ut. Men båe har vært/er svært gode jakker. Forøvrig betalte eg mindre for Arc'teryx jakka enn Bergans jakka.
  8. No har vel ts allereie kjøpt seg hanskar, men angåande Norrøna Narvik modellen er det ikkje mykje positivt å seie. Fort kald og dårleg kvalitet. At Norrøna vil sette namnet sitt på så elendige produkt finn eg merkeleg og gjer meg skeptisk til val av andre Norrøna produkt.
  9. Er ikkje einig i at dette er dobbeltmoralsk. Hadde det vært eksempelvis ein raudrev eller grevling (dyr utan økonomisk verdi) ville også eg gått for avliving. Poenget her er at fjellreven er utryddingstrua, ikkje at den har/ikkje har ein økonomisk verdi. Om sjansane for å overleve for denne fjellreven var lik null burde ein vurdere avliving.
  10. Naturen er ikkje nokon leikeplass. Tragediar som dette skjer heile tida. Det er heller ikkje sikkert den vil døy om naturen får gå sin gang. Det er mange historier frå den tida revesaks fortsatt var i bruk om trebeinte revar som overlevde. Tidlegare i tråden er det også nemnt eit rådyr på tre bein. Syns det er greitt å la den leve. Den har dårlege odds men dårlege sjansar er betre enn ingen sjansar.
  11. Kjell Iver har allereie kontakt med rette instansar men for andre som observerer fjellrev: http://www.naturoppsyn.no/content/500048602/Meld-fra-om-fjellrev-i-sommer http://www.nina.no/Milj%C3%B8overv%C3%A5king/Sett-fjellrev-Copy Generelt angåande fjellrev i Børgefjell: http://www.nasjonalparkstyre.no/Borgefjell/Nyheter/Fjellrev-i-Borgefjell/
  12. Har både skallbukse og skalljakke frå Arc'teryx. Båe kjøpt våren 2008. Eg har brukt dei mykje og hardt men det er fortsatt att mange timer med tur i dei plagga til tross for at vedlikehaldet har vært så som så. Er difor godt imponert over kvaliteten til Arc'teryx. I REs' linka artikkel er det sett spørsmålsteikn ved vasstettheit og pusteeigenskapar. I skåpet mitt heng det også ei turregnjakke frå Helly Hansen (skal vistnok også ha pustande eigenskapar). I praksis eit ubrukeleg plagg men det interessante er forskjellen på pusteeigenskapane til Arc'teryxjakka og nemnte Helly Hansen jakke. Sjølv om Arc'teryxjakka heller ikkje klarar å ta unna all sveitteproduksjon ved bruk er forskjellen som himmel og helvete.
  13. Nordwand kunne vært ein bra film da historia er svært fasinerande men diverre har regissøren ikkje klart å la vær å blande det i hop til ei romantisk suppe i verste Hollywood stil.
  14. Kjenner ikkje Høgeggatraseen noko vidare, men svart løype generelt i norske skianlegg er meir enn bratt nok til ras.
  15. Neivel...??? Men sant nok, du nemnte ikkje noko om at dei trengte å være svindyre. Forøvrig ser det ut til at vi er delvis einige om å følgje middelvegen sjølv om vi kanskje er litt ueinige om nøyaktig kor den middelvegen går. Meir viktig, uansett kva utstyr trådstartar kjøpar er det viktig med litt tilvenning. Ikkje byrje med dei lengste, brattaste og hardaste turane men venne seg til utstyret med nokre koseturar i byrjinga. Når ein fyrst er vant med utstyret (og å slite litt) er det utruleg kor mykje lengre ein kan dra strikken. Får ein alt slitet og går ordentleg tom på fyrste tur er hat grunnlaget lagt.
  16. Eg har vært på ski med folk utan erfaring og trening men med lettaste (og svindyre) Skitrabmodell. Og tru meg, det var svært lite glede å spore i andletsuttrykket deira til tross for svært fine køyreforhold på veg ned. Dei lettaste skimodellane er sjølvsagt som regel betre på veg opp, men nedover vil dei fleste ha meir nytte av ski med litt meir vekt, bredde og lengde. Ikkje dermed sagt dei bør velja tyngst mogleg utstyr. I eit økonomisk og miljøperspektiv kan det også nemnast at dei lettaste skia ofte ikkje vil være like varige som litt tyngre og meir solid utstyr.
  17. Svindyr men noko i denne duren: https://www.alfa.no/shop/skisko/expedition/polar-advance ? Eller litt enklare: https://www.oslosportslager.no/produkt/alpina-back-country-1675-75-mm-fjellskisko-38190.aspx (rettnok ikkje lær, men...)
  18. Noko paranoid og i etterpåklokskapens ljos temmeleg sært, men min einaste tanke var irritasjon over at breøksa stod parkert mot sekken utanfor rekkevidde i andre enden av rommet. Til mitt forsvar må det kommenterast at døra kunne berre stengast med slåer frå utsida. Vi hadde berre stabla opp nokre matkasser mot døra på innsida så den som ville inn hadde lett kome inn. Skal også nemnast at å opne ein god, varm sovepose når det er grusamt kaldt ute krevjar litt meir viljestyrke enn eg hadde der og da. Dessutan hadde eg lagt ut ei dørmatte med teksta: Stå ikkje der å frys, gå heller heim! Så det så.
  19. Da var det vist på tide med Krokfots julekalenderbidrag. Planen var å krote ned nokre gloser etter ein tur i helga men den planen gjekk skeis på grunn av julebordsesongen og ein påfølgjande tungt indisponibel tilstand. Etter å ha dykka litt i turarkivet kom eg oppatt med ein tur frå November 2010. Det året hadde snøen latt vente på seg og utolmoda hopa seg opp. På frilyt.no fant eg ein turartikkel med pudderkøyring på Fanaråki og dimed var det lett å rekruttere eit par til som turfølgje. Værmeldinga var stabil men bikkjekaldt og med fullmåne for helga kom forslaget om overnatting på toppen. Dagen før avreise fant eine turfølgje det forgått å skamfere seg noko med ein kniv så plutseleg var det berre eg og ei veninne att. Værmeldinga lova fortsatt femogtjuge blå, null vind og blå himmel så vi drog likevel. Teltet for anledninga var mitt femten år gamle Helsport sumartelt og snøplugger stogga vi å spikka på vegen... Parkerte på Turtagrø og i eit idiotisk forsøk på å framstå galant enda vist både telt, kjøkkenutstyr, mat, teltpluggar og brensel i og på min sekk (Kvinnfolk: Vær så snill å les dette som eit råd til seinare turar der kavaleren forsøker å ta all vekt for å tøffe seg, berg litt av sjølvrespekta vår ved å ta litt vekt og redd oss frå den audmjukinga vi blindt utsett oss for berre for å imponere dykk...). Snøen frå friflytrapporten mangla innover Helgedalen så det vart skibæring innover og oppover anleggsvegen. Men toppen var kvit så vi rekna med å finne føre etterkvart. Håpe sank derimot når vi byrja å ta høgde og fortsatt ikkje fant noko skiføre. Eit stykke etter at vi forlot anleggsvegen foreslo eg at vi skulle sette att skia til returen da det nok ikkje vart nokon bruk for dei likevel. Som sagt så gjort og eit parhundre høgdemeter seinare nådde vi skiføre. Vi diskuterte litt men klokka gjekk og vi hadde ikkje tid til å hente dei å fortsatt ta toppen. Dermed framover. No vart tempoet noko redusert da eg, i utgangspunktet adskillige vektklassar over turfølgje og i tillegg supplert med ein sekk som lettpakkarmafiaen her på forumet ville hatt mareritt om i mange år framover, til tider vassa i snø til livet mens turfølgje kosa seg oppå skaren. Det var allereie tunge tak og for å gjere ting perfekt kom det også vind, mykje vind. Vi trøysta oss med at yr.no fortsatt hadde litt rett da sikten var grei men ikkje lenge etterpå kom skylaget drivande og i skylaget kom også snø. Kraftig vind, snø, ingen sikt og snart ville også mørkje gjera ting verre. Vi diskuterte og vart einige om å fortsette. For meg var det stort sett ti meter, pustepause, ti meter, pustepause oppover så mørkje kom kjapt. Sumarteltet mitt var no ubrukeleg men nede på Turtagrø hadde vi prata ved ein kar som sa det stod ei ope bu på toppen så vi satsa på overnatting der. Terrenget flata ut til slutt og plutseleg fekk vi auga på eit bygg langt, langt borte i snøføyka. 20 meter seinare stod vi ved hytta. Etter ei inspeksjonsrunde fant vi eit bygg med slåer for døra. Slåane var isa fast men etter ein del ishakking kom vi oss inn i det som viste seg å være matlageret. Dette var ikkje dagen å være storforlangande på standarden så vi var storfornøgde til tross for skøytebane på golvet. Kokkelerte litt mat og gjekk raskt til sengs mens vinden vart verre og verre utanfor. Det vart lite søvn. Det piska og slo, knirka og knaka heile natta gjennom. Eg låg og vurderte forskjellige evakueringscenario når vinden reiste med herberget vår. Midt utpå natta ein gong kom det nokre svært distinkte og karakteristiske bankelydar som om nokon ville inn. Eg er i liten grad av den overtruiske typa men klarte ikkje la vær tenkje på episoda med ein stakkar som fraus ihjel på Fanaråki, godt mogleg i den bua vi låg i, nokre år tidlegare. Tankespinnet mellom øyrane mine gjekk frå dårleg til utriveleg dårleg. Men alle dårlege net har ein ende, så også denne. Fyrste spørsmålet eg fekk om morgon var om eg hadde høyrt bankelyden om natta. Eg kunne bekrefte det og da eg fortalte om han som fraus ihjel var turfølgje svært glad for at ho ikkje kjente til den detaljen tidlegare. Vi ordna oss frokost og beundra utsikta. Det var svært kaldt og kraftig vind ute men eit fantastisk ljos med skyer som dreiv forbi og ga oss trolske syn av fjella rundt. Ljoset på denne årstida er av det finaste ein kan oppleve på tur og dette var vel verdt alt slitet på oppturen. Etter ein del fotografering og pakking la vi i veg nedover att. Spora frå oppturen var forlengst borte men vi hadde grei sikt nedover og sjølv om eg datt gjennom heile vegen er ikkje det noko problem på nedturen. Nede att på Turtagrø viste termometeret i bilen 28 kaldegrader. Det hadde vært ein av dei verre fryseturane mine men samstundes ein av dei finaste om enn litt vel spanande til tider.
  20. DNT butikken i Storgata i Oslo har nokre solbriller av den typa. Du finn dei også på sportslageret og andre spesialforretningar men med ein noko høgare prislapp enn hos DNT.
  21. Skal du ha den mest ekstreme bålwhiskyen er nok Octomore frå Bruichladdich destilleriet ditt desiderte fyrsteval. Lagavulin er rekna som den standardwhiskyen med mest røyk. Dette målast etter ein skala, PPM der Lagavulin ligg på om lag 50 PPM. Vanleg whisky har sjeldan meir enn 3 til 5 PPM. Siste Octomore utgjevelsen har 208.
  22. No er det langt mellom kvar gong nokon skuldar meg for å være ein feinschmecker men syns Lagavulin og Laphroaig smakar relativt likt. Angåande båtpuss, har ei flaske Ledaig (Isle of Mull) ståande som reklamerar med: Sweet briny smokiness with a distinctly island character that hints at mild antiseptic, creosote, wax polish, mint chocolate and floral seaside aromas. Utruleg nok er ikkje denne noko spesielt god...
  23. Har hatt relativt mange fisketurar med betydelege misforståingar. Svært fornøyelege misforståingar; ser fram til fleir av dei. Elles er Islaywhisky ofte å finne i sekken på turar. Lagavulin har små 20 centiliters turflaskar. Passar perfekt til ein liten klunk på toppen. På polet finn ein også Talisker i same format, den er heller ikkje å forakte.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.