Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 060
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Som tidlegare sterk motstander av atomkraft som no har vakla over i "veit ikkje" gruppa, vil eg seie at det som uroar meg mest er ein haug med blåruss som skal sitte å rekne på kor det kan sparast mest på utbygginga, inkludert sikkerheitstiltaka...
  2. Trur TS spør om områder utanfor løyane som vert køyrt opp av frikøyrarar. Gabs88 har vel svart på spørsmålet. Forøvrig er det ikkje nødvendigvis trygt i løypa heller. Løypa kan gå gjennom ei rasutløpssone.
  3. Kanskje litt på kant av temaet, men Ben Johnson - Lyngsalpene. Vel verdt ein visitt.
  4. Mine juridiske erfaringar begrensar seg til nokre fartsbøter, men det ligg vel nokre intensjoner bak lovane og dermed bør packraft, pram, seglbåt og andre vatngåande farkostar være dekka? Utan å kommentere kor grensane skal gå, eg vurderar "gå" som grunnforma. Med andre ord, ein kan innføre eit totalforbod eller forby tilleggsaktivitetar. Er det så å forstå at syklistar, packraftere, kitere og andre ønskjar eit totalforbod dersom dei ikkje får praktisere sin aktivitet?
  5. Tråden her fisla bort sjølv om det har vært mykje om temaet i media i seinare tid, etter ei prosjektgruppes til dels radikale forslag for berging av villrein. DNT har forutsigbart sett seg på bakbeina no sist i kronikk ved Hanasand og Klarp Solvang. Fyrste avsnittet er lett å være einig i, men deretter glir det etter mitt syn litt ut. Sitat: Derfor har beskyttelse av villreinen stått høyt på vår dagsorden i mange år. Vi har stengt hytter, flyttet stier, redusert åpningstider og lagt ned mye arbeid i å informere våre gjester og andre om hvordan de kan ta hensyn til villreinen. Det stemmer at DNT har gjennomført nevnte tiltak, men mykje av det har dei hatt kamp til døra for å unngå. DNT er dratt baklengs inn i framtida i villreintemaet og eg vert noko provosert når DNT no framstiller det som om heile den norske friluftskulturen står på spel dersom DNT må nedskalere. DNT heng ut andre kommersielle aktører, men stikk under sin høge hest (sic) at også dei er ein formidabel kommersiell aktør. Kanskje hadde villreinstamma vært betre stilt og nokre av dei no framlagte forslaga vært unødvendige dersom DNT hadde vært meire frampå i skoa tidlegare? Eg kjenner til at DNT også har ei gruppe som er nedsett for å tale villreinsaken innad i DNT, men savner deira stemme i denne kronikken. Phu... Lite hjartesukk frå meg, no kan dei som er ueinige opplyse meg om kvifor DNT fortjenar å få fortsette si eksklusive forretningsdrift i fjellheimen vår på villreinas bekostning. Og ja, hyttebygging i randsona, kraftutbygging, samferdsel og fleire andre tema er også store problem for villrein, men her og no var det den manglande audmjukheita frå DNT som provoserte meg.
  6. Det er avsporing da ein urett ikkje legitimerar andre urettar. Ikkje dermed sagt at også fyrste urett ikkje bør diskuterast, men no var det vel sykling som var tema? Nedskyting av villreinbestanden i den nordlege delen av Nordfjella var eit desperat forsøk på å stogge ein håplaus situasjon. Etterpåklokskap i denne saken får andre stå for. Eg meinte den gong, som no, det var tvilsomt om skrantesjuka kunne stoggast, men verdt å forsøke. Kva jerven har i denne diskusjonen å gjere forstår ikkje eg, her er litt bakgrunnsinformasjon om skrantesjuke og utviklinga. Einaste jerven kan bidra med her er å spise kadaver. Jaktforbod har tidlegare vært forsøkt på Dovrefjell med svært uheldige resultat for reinstamma. Forvaltningsmyndigheitane fekk ei dyrkjøpt erfaring og fagfolka gjer nok ikkje same tabba ein gong til. Kan også ha med at ein syklist er meir mobil og dermed dekkar eit mykje større område enn ein forgjengar, i tillegg til at det senkar sliteterskelen for å få tilgang til områder. Ergo meire stress for reinsdyra.
  7. Sorry, starter med ikkje å svare på spørsmålet... Hytte til hytte vandring med mellom fire og åtte timers vandring kvar dag (alt ettersom form og rute), kan være tungt for ein unge i meis. Kva med båt inn til Gjendebu og ta mindre dagsturer med Gjendebu som utgangspunkt?
  8. Vegen inn til og parkeringsplassen på Spranget er kanskje eit større problem enn hytta. Forby sykler og gje folk lengre veg å gå så ville nok trafikken på Rondvassbu sunket betraktleg. I tillegg ville ein blitt kvitt alle som berre køyrer inn til Spranget og går ei lita runde der. Forøvrig einig i den lengre oppe her som sa: Litt for lite, litt for seint.
  9. Vel, ei rype spist av rev (eller skoten av jeger) legg begrensa med egg. Sjølvsagt har uttak av predatorar innverknad på bestanden.
  10. Breheimen 2K in 24 hours (skiing) As this link shows, hypothetical all peaks can be done in 24 hours. Text in link is norwegian, but you will find list with all 17th 2000 peaks in Breheimen. All can be done with out climbing by finding easiest route. Edit: tried to make link clickable
  11. @Omnilite og @Marius Engelsen Takk for tips. Eddikvatn er forsøkt. Forholda er betre, men jerv og grevling går fortsatt lange omveger rundt støvlane. Dei er nok ein tapt sak. Fordelen er at eg får iallefall fjellet for meg sjølv når eg brukar dei...
  12. Har eit par Scarpa T2 støvler som lukter høgg av ein anna dimensjon. Spørsmålet er enkelt, er det nokon som har testa ut kor varmt ein kan vaske innerstøvlane i vaskemaskina utan å øydeleggje dei?
  13. Meiner dette vart kalla gylte i Gudbrandsdalen, men ein kjapp sving innom google gje dessverre ingen treff.
  14. What Vandrefalk said! Helvete og Magalupet er eksempel på innlands jettegryter. Har sjølv sett eksempel i over 2000 meters høgde i Jotunheimen. https://no.wikipedia.org/wiki/Jettegryte
  15. Der er eg stikk motsatt. Har eg fyrst kjøpt utstyr skal det brukast opp og slitast ut til gangs. Noko på grunn av gniaren i meg, men også miljøtanken og prinsippet om at utstyret ikkje skal være produsert forgjeves. Difor går eg også å svertar ein del over utstyr eg har som aldri kan ha vært prøvd av nokon produkttestar…
  16. Veit ikkje i kor stor grad ein kan seie dei er "oppdaga". Fleire av dei er nok i større grad blitt registrert som timetringar etter 1985 på grunn av betre (og enklare) målemetoder. Arnes Pinakkel og Jans Pinakkel er eksempel på nyare oppdaga topper (sistnemnde falt diverre akkurat utanfor pf 10 lista etter målinger av Tore Jyssum). Semelkødden var ein av dei sist registrerte på fastlandslista. Oppdatert liste med oversikt over alle 2K toppane (pluss nokre andre toppar) kan finnast på Peakbook
  17. Mitt ønskje om reklamasjon i denne saken er avslått av Hekta på Tur og skoa har landa i postkassa mi ureparert. Eg er nok noko snurt over dette, men gidd ikkje ta det vidare. I god nett-trollstil ausar eg heller misnøya mi utover verdsveven i form av dette innlegget... Scarpa si eiga heimeside seiar dette om Pro Zen modellen: A souped-up version of our classic Zen, the Zen Pro is a hike/approach hybrid shoe that features additional support and abrasion-resistant reinforcement for rugged outings, as well as our Sock-Fit DV construction that gives the shoe an even more precise fit. Utheva "rugged outings" for syns skuld. Vel, "rugged outings" vil seie omlag 40 mil med middels bruk over eit snaut år. For å samanlikne med New Balance TS2 modell 857 joggeskoa mine, har dei vært vært med i langt over ti år med all slags bruk. Jogging, bushing i einer, vier, myr, busk og kratt, toppturer i grov Rondane røys pluss ymse anna dei absolutt ikkje er beregna på. Noko spesielt at dei har tola mange fleire år med mykje hardare bruk enn sko som er meint for den type bruk. Vedlagt foto av New Balance skoa. Trur innkjøpsåret var rundt 2006... Til Scarpas forsvar skal det seiast at New Balance har tilbragt rundt fem år av levetida på loftet.
  18. Desse skoa har ikkje gått 50 mil enda. Ein rask gjennomgang seiar at dei har passert 30, om dei har passert 40 er eg ikkje like sikker på. Da rævva mi har vært solid plassert i sofaen og på jobb siste året har det vært mindre slitasje på turutstyr. Den slitasja solane på desse skoa har fått, har dei fått i steinura, stibruk er ein svært liten del av min turbruk. Det er forklaringa på kvifor solane ser såpass slitt ut som dei gjer (vel, slitt er eit relativt begrep da dei ikkje er i nærleiken så slitt som dei skoa eg vanlegvis kasserar og det er etter fleire år og adskillige fleire mil).
  19. I juni 2018 kjøpte eg eit par Scarpa Zen Pro frå ein nettbutikk. I august 2019 oppdaga eg at sømmen hadde gått opp på dei. Eg kunne stikke heile lillefingerleddet inn på oversida av vrista Eg sendte ein epost om problemet til nettbutikken som deretter skulle ta det vidare med leverandøren. Svaret frå leverandøren var at det var normal slitasje og at eg får levere skoa til ein skomakar for eiga rekning. Da det er sko til 1500 kroner forventa eg litt meir, spesielt da eg har vært lite på tur siste året og dermed ikkje vært nokon flittig brukar av skoa. Forøvrig seiar forbrukarkjøpslova minimum to år på den slags varer. Spørsmålet mitt er, er det urimeleg å forvente meir av Scarpa sine sko (og utstyrsleverandører generelt)? Legg ved nokre foto av skoa så eventuelt interesserte kan danne si eiga oppfatning. Edit: Foto vart ikkje med på fyrste forsøk.
  20. Da var det nok deg vi traff på veg opp mot Vestre. Vi var eit lag på tre og du slo følgje med oss tilbake til toppen før du gjekk tilbake til teltet i Langedalen.
  21. Mi gamle Fjellreven Keb Gaiter er, til min kones store glede, no definitivt klar for skraphaugen. Ny bukse står dermed på programmet og da eg ikkje har interessa av å lese side opp og side ned med tester stiller eg dermed spørsmålet her. Fjellbukse til hard bruk, høgt til fjells, sumarstid. Kva bør eg velje? Gjerne noko med avtagbare bein. Er relativt fornøgd med Keb Gaiter, men ikkje fornøgd nok til at eg vil ha dei ein gong til.
  22. Gjendehøe med ein sving bortom Gjendebua og litt historier om mannen.
  23. http://www.qxl.no/pris/boeker-magasiner/fritid-hobby/natur-og-friluftsliv/naturvillmarksliv/lars-monsen-villmarksboka/v/an822949356/ http://www.qxl.no/pris/boeker-magasiner/fritid-hobby/natur-og-friluftsliv/naturvillmarksliv/lars-monsen-villmarksboka/v/an823908340/ http://www.qxl.no/pris/boeker-magasiner/fritid-hobby/natur-og-friluftsliv/naturvillmarksliv/lars-monsen-villmarksboka/v/an822949662/ http://www.qxl.no/pris/boeker-magasiner/fritid-hobby/natur-og-friluftsliv/jakt-fiske-og-friluftsliv/lars-monsen-villmarksboka-utstyr-feltkunnskap-og/v/an823563096/
  24. Har hatt Åsnes Combat, Åsnes Combat, Åsnes Ingstad og Fischer 109. No har eg Tua.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.