-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
For store sko kan ikkje berre gje gnagsår men også gje deg ein sårleg kjøreopplevelse. Forsvinn mykje kraft i for store sko, også enkelt å havne i rare kjørestillingar med kroppen med mindre du er superdisiplinert tidlegare alpinist med supermusklar og teknikk Går du til nokon som kan skotilpassing, vil dei måle foten din, plukke støvel deretter, lære deg å stroppe den i rett rekkefølge slik at du får helen bak. Eit godt utg pkt seier dei er at ein kjenner tåa når stroppene ikkje er på, men ikkje når du har stroppe. Etter dette får du din forhandler til å varmetilpasse dei med ekstra tåkappe på, slik at du får rom til å vigle med tærne og ikkje blir kald. Ein touringstøvel kan være litt større enn en tradisjonell alpinstøvel, nettopp pga varmebiten. Eg er ein 38,5 normalt, og skal ha 24,5 i Scarpa. Hadde blitt 24,5 eller kanskje 25 i Dynafit om eg skulle ha det. Så tenkjer at du kanskje har litt for store støvlar?
-
Noen som har gått Hardangervidda på langs - VINTER?
Tessatroll svarte på loland sitt emne i Generelt om friluftsliv
Planleggingskart 1:100 000 Hardangervidda aust og vest alt etter kva rute de vel å gå. Dersom de skal utanom stikkaløyper er det greit å ha 1:50 000 kart, spesielt ved dårleg sikt er det greit å få med litt meir detaljar. Du kan greie deg fint utan GPS, spørsmålet er heller kor drilla ein er på å ta seg fram i dårleg sikt. For mange (dei fleste vil eg tru) vil det være slik at ein har god hjelp av ein enkel GPS som gjer at du kan sjekke koordinatane du er på dersom du skulle bli i tvil. Då kan du betre ta ut ein nøyaktig kurs att. Dess meir variert terreng dess tettare mellom kursane. Veldig rufsette = ligge stille, uansett kva hjelmpemiddel du har. Er få hjelpemiddel som åtvarar mot 3 meters henget som har bygd seg opp på ein anna måte enn topoen i kartet viser. Kan skjule seg mykje rart mellom 20 meters kotane Ein kan gå i dårleg sikt og dårleg vær utan GPS, ein må berre ta i bruk fleire verktøy for å holde koll på avstand gått osv. Eg har ved to høver opplevd å hatt eit par dagar på tur der eg ville vurdert og lagt stilt om eg ikkje hadde GPSen som dobbeltsjekk. Har gjort det slik at eg har teke kurs, berekna kor lenge eg skal gå på den kursen før eg skal ta ut ny, gått på kurs ved hjelp av korriering av turfølge på linje bak, hundre steg i slengen, korriger retning. Etter endt tid der me har tenkt oss at me har nådd avtalt punkt, er på att med GPSen og dobbeltsjekke at me faktisk er der me har planlagt å være. Ny kurs. Osv. Dette krev at du har eit mentalt bilete av kva du skal møte på av terreng slik at du kan kjenne det att om større endringar i terrenget kjem som du ikkje har "berekna". Til dette har eg ein superenkel gps utan innlagt kart. Funka gull i et par dagar på Josten i fjor som vart rufsette. Traff folk (såg dei i det dei omtrent stod på skituppane våre) med GPS med kart som rømde nedatt frå fjellet ved næraste brefall, sjøsjuke av å stirre i GPSen. Andre grupper låg stille osv. Me tråkla oss sakte men sikkert framover som skissert over. Ved bruk av slik enkel GPS utan kart vert du tvinga til å bruke kartet og kompasset ditt aktivt heile tida, på same tid som du har backupen om du skulle kjenne deg i tvil. Ekstremt mykje god læring i det. Har sjølv gått frå Finse til Haukeliseter utan nokon GPS, og med 1:100 000 kart. Går fint det også, men straks verre ved dårleg sikt. Var heldige og hadde mykje god sikt og godt vær. Gjekk mykje høgt, og berre delvis innom stikkaløype eit par gonger. Gjekk ein anna tur frå Finse til Demmevasshytta via Ramnabergbreen i møkkavær, då var eg gla eg hadde GPSen når eg lite forstod. Vatn her? Slo på GPSen, var på rett stad. Pokker. Flata er for slett og jamn til å være bre. Magekjensla var pyton. Velde å gå 15 min i austleg retning att, før me kryssa over dette "ukjente". Då var det tydeleg bre. Ved hjelp av GPS fekk eg då henta inn posisjonen min att, og teke ny safe kurs frå safe spot. Vart i etterkant fortalt at vatnet hadde utvida seg kraftig frå kartbladet var trykt. Håper du fekk nokre tips til å teste ut, og ha med i bakhovudet mtp orientering på vidda- 15 svar
-
- 7
-
-
Øh, har ei dobbelgarasje, heile peisestua nede, ei lita bud i hovudetasjen, og gangen. Full...
- 30 svar
-
- 3
-
-
Endeleg friske born igjen, strålande sol, skredfare som har minka og godt med snø. Då får kontorarbeid være kontorarbeid. Fellane og telemarkskia må luftast. Flott tur frå Brudavollen (100 moh) i Ørsta til Sandhornet 909 moh. Perfekt første tur etter sjukdom både her og der.
- 4 598 svar
-
- 11
-
-
Kjøpte Romsdalshorn når eg fekk born eg skulle ha med på tur. Dette vart kjapt utrangert av av andre, rett og slerr pga takhøgde og kraftig innsmalning på breidda. Trangt telt, blir i dag brukt til "herjetelt" i hagen av kidsa, eller når me vel to telt framfor eit stort når heile familien er med (5-6 stk). Vill mykje heller lagt pengane i brukt Hilleberg Nallo om eg fann det. Evt eit kuppeltelt. Om pris av betydning, Norheim Vassfaret (tungt dog) eller Norheim TY3 (lettare)
- 12 svar
-
- 1
-
-
Ja men ein kan traversere på ulike måtar
-
Pulk går fint også i kupert terreng. Det handlar om korleis ein lastar han, kva drag ein vel og korleis ein angrip sidebratt terreng.
- 19 svar
-
- 1
-
-
Smak og behag. Ein parispulk med taudrag veg 2,5 kg omlag, og kan fint stroppast på sekk i brattene om nødvendig. Evt rigg deg med bremsestau for bratt nedover. Er du komfortabel med sekkebæring er det kanskje like greit å bruke det. Har du problem med litt tung sekk over tid er det greit å bruke pulk. Altså, som eg sa: smak og behag
-
Spørsmål om Grønlands kryssing
Tessatroll svarte på SigurdTG sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Forsikringsselskap stiller strenge krav til kryssing, og blir stadig strengare. Siste eg fikk vite var at minimum ein i følget burde ha ha kryssa isen før, evt gjort tilsvarande greier, og alle må vise til brei erfaring med turar på bre og i røft terreng. Edit: eksplisitt uttalt at turar på små alpine brear (som det meste her til lands) og typr kryssing av Hardangervidda osv ikkje var nok. -
Det går fint an å bruke gamleskia dine. Korleis twintipski er bygd opp varierar, men om du har brukt dei i heile skianlegget, og veit at du kan kjøre dei på det meste av underlag, er det berre å få hola plugga og montert på ny binding Eg trur tilogmed du kan få montert techsole på dine gamle alpinstøvlar, slik at dei vert dynafitkompatible
-
Crispi Skarven - bytte til en str større eller en annen sko?
Tessatroll svarte på ahakstun sitt emne i Fottøy
Same for min del. Den støvelen kan eg hoppe inni og traske avgårde, rett på langtur -
Etter mi erfaring er parisbrettet nok inntil 50 kg, med best mogleg lågt tyngdepunkt sjølvsagt. Min er rigga for både taudrag og stivt drag. Det siste kan eg ikkke fordra (tvangstrøye) og blir minimalt brukt. Det eg også har lagt merke til er at den veltar fortare med stive drag enn taudrag. Dette fordi du med taudrag brukar ulike teknikkar, posisjonerar pulken etter terrenget. Det går ikkje med stive drag. Edit: las litt fort og trudde ts også etterspurte parisbrettergaring. Sorry
-
Mammuten er god og slitesterk pose. Bra liggecomfort og anstendig volum for syntet/pris. Det som er synd er at dei i fjor endra litt på modellen. Den eine posen me har har vanleg hette og krageløysing. Den siste, kjøpt til gutongen i fjor, har ein "tynn" varmekrage. Nærast berre kanal for strammesnora. Går ut i frå at det er fordi ein også har endra hetta til skikkeleg mumiehette, smal berre med plass til hovudet, og går ut på skuldrane som ei jakke. Ville likevel foretrekt den forrige løysinga, då det verkar som det er vanskeligere å få den nye løysinga til å slutte tett inntil enn den gamle.
-
fjellski for toppturer, men kun opp eller bortover
Tessatroll svarte på herogder sitt emne i Vinterutstyr
Sjå om du kan finne deg nokre eldre modellar av Fischer e99 eller liknande på sportslageret, smell på ein binding og finn sko på bruktmarked. Då kan du sleppe unna med 2500 kr ish. Alternativt kjøpe ny pakke av typen Madshus Voss, men då får du eigentleg berre dårlegare ski for same pris som du med litt anstrengelse kan få eit greit oppsett. Dei eldre E99 er gode gåski, og har greide kjøreeigenskapar om du skulle trenge det litt likevel -
Liggeunderlag, beste lettvekter med komfort
Tessatroll svarte på Tifjell-nissen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Når eg veit at det ikkje vert hardt (berg) eller meir enn nokre få blå, tek eg like gjerne thermarest ridgerest åleine som noko anna. Langt betre komfort enn eit "flatt" underlag. Evt thermarest sitt "eggekartong"-underlag. Ved supplering av oppblåsbart med skum pga kulde eller sikkerheit på lengre tur er den også fantastisk. Legg den då oppå den oppblåsbare, og får ein slags overmadrasseffekt. Då kan ein også greie seg med langt tynnare oppblåsbar. Båe er greie å kappe slik at du berrehar torsolengde. For min del er det optimale på kalde vinterturar ein exped downlite 5 med ein ridgerest oppå. Evt kappa i to om volum/vekt er særs viktig #prinsessapåerta -
Både på skitur og padletur kan det være greit med fleire av remediane for evt reparasjonar. Ken gidd vel stå og skru saman ei sund ski/binding med neglene
- 7 svar
-
- 1
-
-
Ein overnattingstur i skauen med minste kiden og venner. Vridd bilete igjen. Gir opp å få dei rett veg. (Fikset KIJ)
- 4 598 svar
-
- 12
-
-
Og der ligg sakens kjerne: om dekninga er like god, kan eg vurdere InReach. Dersom ikkje den er det, vil eg velje plb. Tovegs kommunikasjon er nedprioritert.
-
Har yngst meg John Giæver, så får me sjå om eg har observant familie [emoji14] enn så lenge kosar eg meg med "Der isen aldri går" av Søvik og Hole
- 217 svar
-
- 2
-
-
Takk @TorMagne klar over post og teletilsynet, vurderte kjøpe sist eg leigde, men fekk for lite tid til reg osv. Så denne gongen tenkte eg ha det på plass FØR eg treng den [emoji14]
- 11 svar
-
- 1
-
-
Tnx @tremon
- 11 svar
-
- 1
-
-
Er nett den "overvakningskjensla" eg er noko skeptisk til, har ingen behov for å melde, men lurte på om InReach elles var meir påliteleg enn Fastfind. Dersom ikkje, blir det nok Fastfind på meg Påliteleg til lands og vanns takk folkens
- 11 svar
-
- 1
-
-
Då eg er under gjennomsnittet god p å tekniske greier, lurer eg på om nokon kan greie ut om dei vesentlegaste forskjellane her? Var bestemt på å kjøpe meg Fastfind pga VHF og fin både på sjø og land, godkjent på Svalbard osv. Så les eg om Inreach, oppfattar at denne er betrakta som betydeleg meir stabil enn til dømes spot, men ikkje heilt kvifor.....er det nokon som tek på seg og forklare ein "dummie" kva som gjer det?
-
Fjellskipakke til super nybegynner
Tessatroll svarte på Stig Erik Olsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Kjøp ski på salg me Bc manuell eller magnum (dersom 75 mm ikkje er eit tema) og finn deg sko på finn. Gav 2000 kr for siste oppsettet mitt, Nansen med Magnum. Sko hadde eg frå før, kjøpt på finn til 1000 kr (normalt 2500-3000l, brukt to ganger, såg ut som nye. Prøv skone først. Såre akillesar er noko dritt. Elles et Fischer E99 ein klassiker, spes litt eldre, den du liker linkar til og endå eldre. Har vore gått mange Grønlandsturar og liknande på den skia. Eg hadde den før. Fekk den for 1000 kr på sportslageret for nokre år sidan. Superski. -
hjelpt til valg av lengde Åsnes Nansen
Tessatroll svarte på fiskekongen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Då har me ulike erfaringar