Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Smøreski med moglegheit for feller? Du lærer deg smøre etterkvart, det er ikkje nokon heksekunst.... Når det er på plass/du får rutine på heile ski/hund greia tippar eg at du vil irritere deg grønn over den dårlige glien på ei evt smørjefri ski. Ser at hekta på tur har nokre interessante ski inne no, typ tur/fjellski utan stålkant som kna greie seg både i og utanfor spor. Den skulle vist komme i en pakke med binding no ein av næraste dagane. 🔗 https://www.hektapatur.no/vintersport/ski-og-staver/fjellski/sporten-favoritt-relax Den vil truleg ut frå spesifikasjoner gir ei grei allroundski til ein ok pris.
  2. Beklager eg misforstod, eg trudde me snakka om tyg med membran
  3. Eg tenkjer stikk motsett. Når eg veit at det er snakk om mange dl veske som kroppen avgir om natta, meir for menn enn kvinner, vil eg helst ha yttertyg som kan sleppe gjennom fukta som kjenn innanfrå. Fukta utanfor er vel eigentleg ikkje det største problemet.
  4. Ser at eg har hoppa fint over å angi mengde cornflakes, men det skjønte du kanskje
  5. Setr at eg har hoppa elegant over cornflakes i lista. Men ja, med. 1 liter er mengda! Skal korrigere det inn i oppskrifta også
  6. Du skal ha 75 mm? Kva med Alpina Alaska? Evt Crispi Svartisen ?
  7. Eg har brei fot og Crispi høver meg godt. Eg opplever også at den gir meir støtte til foten ved lange dagar og skavlette føre enn Skarvet gav. Totalt sett for meg ein betre støvel, utan at eg seier at Skarvet er ein dårlig støvel, for det er den jo ikkje.
  8. Huff då, trur du det? Eg er openbart naiv, eg trur liksom alle har ei grense for uforstand...
  9. Har berre godord om Crispi Stetind i alle fall. Og Crispi Svalbard. Mykje same lest. Alfa skarvet gav meg trøbbel med ein Akilles, men mest av alt gjorde den meg forbanna i krøkett terreng pga manglande vridningsstivheit. Men knallvarm og god! Hadde den ikkje gitt meg den akillesgreia hadde eg hatt den til "viddebruk" og hatt anna i krøkketerreng. Skal seoast at eg er god og varm på føtene i Crispi også.
  10. Ja prisen er rett og slett skammeleg, så det må vere tilbud eller bruktmarknad. Ikkje eit plagg i verda for meg som er så bra at det kan forsvare slike prisar. Eg har ei Klattermusen Freke. Eg ville aldri funn på å kjøpe den oppigjen til dagens prisar. Det er så vidt eg kunne forsvare den med 25% rabatt før den sist voldsomme prisauken. Det har rett og slett ikkje noko for seg med så dyr e plagg. Trur kanskje industrien er if fer dmed å skyte seg sjølv i foten, dersom dei trur at det ikkje er grenser for kva folk er viljuge til å betale.
  11. Ein øvelse som er bra for å stabilisere er eksentriske tåhev på ein fot i slengen, til dømes i ei trapp. Hev opp, og hold igjen medan du sakte slepp helen ned så langt du kan. 3 sett a 12 reps på kvar fot med litt pause mellom. Gåande utfall er også ein måte å trene stabilitet og balanse sidelengs. Så til slutt ein "pensjonistøvelse" som eigentleg gjer utruleg godt for alle føter i alle aldre; sett deg i ein stol med ein koppehandduk under føtene. Bruk tærne aktivt for å trekke meir og meir av koppehandduken saman under fotbladet. Aktiverar musklane under fotbuen i særskilt. Elles er det lurt å gå litt med sekk om du skal gå på ski med sekk. Gjerne litt i motbakker, så utfordrar du baksida di litt og herder akilles.
  12. Eg har Bergans nordmarka. Noko vidare i modellen, men framleis kort og med middels hetteløysing. Ikkje tøff nok til dei tøffaste dagane synes eg, har også to gamle anorakkar, eik husly og ein annan. Den definitivt tøffaste av dei alle tre er den husky anorakken. Om ein ikkje er opptekne av pris, er klattermusen rimfaxe eit alternativ på bomullsfronten. Ei fantastisk jakke. Ein skrekkeleg pris.
  13. Så herleg 😄 kjekke bileter. Ser at den fjellreven ser litt innoverretta ut ja. Her er min. Den ser også litt innoverretta ut på dette biletet kanskje, men det trur eg er fordi glidelåset er ope og alt bikkar litt inn. Når eg "kler" på meg skikkeleg, altså kjem inn i hetta, er den ikkje på noko måte i vegen. Custom made sak.
  14. Kva video? Ikkje på utsida men den skal "bygge ut" kanten på hetta slik at hetta på eit vis vert djupare og skjerme for vind ved å skape eit. Altså den skal ta vind, ikkje varme, om du skjønar kva eg meinar.
  15. Dei fleste pelskantar er festa på innsida av hettekanten, og så skal ein brette dei utover. Er du sikker på du festar den rett veg @Mareng? Ligg døme på dette på sida @graham linkar til over her. Elles er mi erfaring at ein langt på veg greier seg med å lime. Eg skal lage til på mi Arcteryx skalljakke no, etter samme modell omlag som på mi Norrøna Svalbard Ousland. Kjem til å gå for liming, og prøve unngå å sy. Skal du sette sting i det er det greit å alliere seg med noko membrantape etterpå om du må sette sting på ein stad der det har ein praktisk betydning at der er eit knappehol-stort op eller to i membranen.
  16. Fin lesnad, magiske vinterbileter! For meg vart fjellet ein fin måte å skape gode tradisjonar for meg sjølv dei gongane eg ikkje har kids jul eller nyttår (me byttar 4 juledag og har anna kvart år første del og andre del). Eg har faktisk feira andre del i Huldreheimen ein gong. Me masse laussnø 😆 og det er jo de to rådet er kjent for. Å vere snørikt tidleg. Det er litt rart i byrjinga å feire utan kids, men til slutt trur eg det er bra både for ein sjølv og dei, at ein har det fint også når dei er med den andre forelderen Framleis god jul til deg!
  17. No er det nokre år sidan eg prøvde den, men umiddelbart inntrykk er at den er fin til dagstur og til jeansen på byen, men for upraktisk og pinglete til meir krevjande bruk, til dømes om vinteren. For kort, for smal i overvidde, middels bra hetteløysing, ikkje tett nok stoff.
  18. Om du søkjer på forløperen, Alfa Skarve, vil du nok finne litt meir erfaringar. Ein støvel som ikkje høve meg spesielt bra, i alle fall ikkje når ein tok til å utfordre dei med terreng og oppakning.
  19. Felleimpregnering, gul glider eller solkrem. Alt vil hjelpe mot klabbing
  20. Smurning og feller om kvarandre. Fellar er enkle å rense og legge ny lim på om de skulle bli eit behov.
  21. Netflix - Happy People - a year in the Taiga #tåreriaugo
  22. Eg trur det er forsvaret/nato som brukar det? Det står i alle fall for Military Grid Reference System...
  23. Så bra Dei er både mine og kidsa sine favorittar
  24. Viktig å skille mellom alle sortane du kan møte på, for å sleppe mistydingar. Det er stort sett UTM og lengde breddegrad. Lengde og breidd grad kan angis i desimalgrad, grademinutt, eller grader minutt og sekund.
  25. Mange hytter oppgir både grademinutt og UTM. Grunnen til at dei oppgir grademinutt er at det er det føretrukne koordinatsystem for mellom anna redningshelikopter. Dette varierar på ulike stader i verda. På Grønland tek dei i mot alle typar koordinatar (det gjer dei vel her i Norge også om alternativet er ingen koordinatar), noko som gjer systemet litt sårbart overfor opplesnings/plottefeil. Dette har redningstenesta der borte sjølv erfart fleire gonger, og eg eingong. Sentralen fekk inn korrekt avlesing frå meg (dokumentert) men gav vidare feil format til heli. Me hadde flaks med god visual den dagen, og vart spotta frå lufta pga det raude teltet. På Svalbard lyd bestillinga frå sysselmannen på lat/long så langt det er mogleg, i alle fall gjorde den det sist eg sjekka. På fastlandsnorge føretrekk ein altså grademinutt, sjølv om redningsapparatet sjølvsagt er glade for alt som kan gi info om lokasjon dersom ein ikkje har det "på kornet".
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.