Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Har prøvd ulike linerer frå ulike merker men endar alltid ut med Bridgedale sine når "det gjeld". Sitt godt, transporterar godt og er ganske slitesterke. Meinar dei finnast i to variantar : en med ull og en som er "cooling". Eg har berre nytta dei med ull. Therese
  2. Berre å gjere dei som har gjort det før har i alle fall vore nøgde
  3. Kjent fenomen 🤣
  4. Lodalen er ganske full om dagen, og vanskelege tilhøver for villcamping. Litt Lofotentilstander. Eg bur eit steinkast unna Romedalen, Molladalen, Hjørundfjorden osv (bur midt i ein av dei mange dalane i Sunnmørsalpane) og kan med tryggheit seie at til tross for stor auke i aktivitet her, så er det nok hakket fredeligare. Om de treng tips når de er her, så send eit pip. På vegen til og frå kan eg anbefale å ta ei natt i Norangsdalen og ta ferga til/frå Sæbø. Tilrår også eit besøk på Trandal med øl og mat, ei veglaus lita bygd på andre sida av fjorden for Molladalen. Skyssbåt eller ferje. Elles er det kort kjøretur for flotte kystfjell for restitusjon, som til dømes fuglefjellet på Runde, og andre perler ved havet.
  5. Samd. Keep it simple. På den andre side; han er ikkje den første på langtur som sender heim, anten fordi ein har bomma på behov eller fordi sesongen/årstida endrar seg. Men seriøst, eg kjenner ikkje fyren, men... 165 l?
  6. Bollè har mykje bra men vanskeleg å å få prøvd for det erkje så mange som har dei inne. Kvalitetsrammer og betre glas (synes eg) enn Oakley, spesielt i mørkare kategoriar. Berre synd dei har slutta med klassikaren Traverse.
  7. Har sjølv vurdert eit olympus tg av eit eller anna tal, og har bite meg merkje i at mine padlande venner irriterar seg over at dei siste to modellane har lang oppstarttid og ingenting framfor linsa.
  8. Voldsomme greier
  9. Hmmmm, er der ein marknad for pent brukte kids? 😇
  10. Eg skiljer stort sett berre mellom tur, fjelltur og klatretur. Sesongen og fjellet/staden seier noko om kva type fjelltur. Korleis sunnmøringar flest nyttar desse orda skal eg ikkje uttale meg bastant om, men dei fleste eg kjenner nyttar fjelltur om sommar, og topptur/fjelltur om kvarandre på skiturar.
  11. OT så det held men: Med tanke på at me faktisk har ganske e mykje breaktivitet i dette landet er det nokså få ulykker som får fatale konsekvensar. Pendlinga mi er farlegare enn breaktiviteten min, for å seie det slik.
  12. Eg foretrekke en syntet og en dun om eg skal ha toposesystem. Syntet yst. Ta høgde for at den må bete stor nok. Toposesystem flyttar komdenseringspunkt lenger ut. Er det ein synetpose får du slik samla fukt både innanfrå og utanfrå i ein tynn syntetpose som toler det godt og er lett å tørke ved ein solglytt eller god tørkevind. Eg har brukt Viking 600 med Helsport Lom utanpå. Den siste er no kaputt, Lom er ute av produksjon, og eg jaktar ny.
  13. Godt mogleg. Eg er 166 cm og relativt mjuk 😉
  14. Samd! Det som gjer at me har kunne husa 6 pers i Keron 4GT
  15. Eg har hatt paclite og det var noko av det beste eg har hatt, så sikkert ymse der og.
  16. Eg nyttar La Sportiva Bushido hei il samme formål, tipptopp.
  17. Er to innganger eit absolutt krav? Synes dette såg fint ut, men berre ein inngang. https://www.fjellsport.no/marmot-tungsten-ul-1p-dark-citron-citronelle.html?gclid=EAIaIQobChMI-5Wp98bD2wIVgZmaCh039AjgEAEYASAGEgKiLfD_BwE
  18. Helsport er jo behjelpellige med å sy inn myggnett/bytte ut. Det var ein føresetnad for meg dersom eg skulle kjøpe reinsfjell den gong då eg vurderte det. Ser også at deira Fonnfjell SL har berre slik lita luke. Dumt, når teltets store føremun er nettopp utsikt. Eigentleg trur eg at eg ynskjer meg eit 1-manns fonnfjell med berre full myggnetting i dør og ingen tett stoff.. Gjekk forsovidt greit med ei god veke i Salewaen no, men det skuldast i hovudsak at det er stort innvendig så eg ikkje får klaus, samt at det var berre noke få kveldar med insekt som gjorde at eg ikkje kunne sitte med vidopen opning.
  19. Heilt samd! Tok lang tid før eg greide innfinne meg med at så lenge eg er ute etter låg vekt så forsvinn dette....men nesten tilbøyeleg til å seie at det då hadde vore betre med BERRE myggnetting, som til dømes i Hilleberg Niak. Eg endrar uansett på dette heime, tek symaskinen fatt. Kjøpte nett eit Salewa Litetrek og det har breeeeei dør men myggnetting berre i toppen. Piss irriterende. I Anarjohka sommarstid kan det jo også tenkast at ein treng den myggnettingen gitt. Mtp utsikt på chinok tippar eg at du kan klipse av og brette ytterduken som du ynskjer?
  20. Spennande telt båe to eigentleg. Kanskje får du besøk ila sommaren for beskuelse om det vert eit av desse @Sovjetunionen
  21. Chinok vil truleg tole det meste betre? Du har jo også tidlegare erfart at når telt vert "for enkelt"/skjørt så trives du mindre? Kanskje noko å ta med i vurderinga
  22. Eg har og kika på chinok ei god stund, etter tips her inne. Vonar nokon snart tek til vett og kjøper eit så me får beskue
  23. Har du kika på nokre av MSR sine modellar? Til dømes Hubba Hubba NX?
  24. Eg tenkjer at du med fordel kan få i deg litt meir protein på dagtid, har ein lange dagar treng ein protein litt tidlegare enn ved middagstid. Treng ikkje ver allverda, kanskje 50 gr tørka kjøtt saman med brødet? Og spe på med selolje eller cocosa i tillegg til smøret. Det har høg energitettleik. Selolje er også betennelsesdempande, eit lite triks på langtur. Karbohydrat av type stivelse er bra for å ta opp feitt, så om du sper på middagen med ein halv pakke potetmos (veg lite) vil du få ei anna utnytting av feittet du et. Det handlar also ikkje berre om mengde men også om kombinasjonane. Eg veit også at nokre sper på frukosten med proteinpulver med ein eller anna smak dei likar. Eg har ikkje gjort det, men har hatt i ein del næringsrike frø og kjerner. Om du ikkje har i deg selolje kan du vurdere å ta trankapslar. Gode fettsyrer der også som påverkar totalbalansen i kroppen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.