Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Vinmonopolet's poser er også fine. Passe storleik, ganske slitesterke.
  2. Der det er ski, bindingar og stavar innvolvert, ja. Då er den med. Har hatt bruk for den også. Elles er det mykje som let seg ordne med tape, tokomponent, strips og tynn line.
  3. Eg synes stort sett snømatter er eit ekstra herke, så for meg er det eit poeng å ikkje ha dei. Det har sine fordelar og ulemper, men for meg tippar vektskåla mest i retning ulemper. Ventilmessig tenker eg er eit feitt. Med snømatter nedgravd får ein tettare telt og større behov for god ventilasjon. Uten matter har ein meir gjennomstrømning lågt, og høgare montert ventil funkar fint. Evt spar ein snø inntil teltet på dei sidene som er utsett for føyke, altså mot vindretninga, og beheld den gode gjennomstrømninga elles. Er det så røyte gale at det driv inn i alle endar pga turbulens og kraftig vind, ja då spar du inntil alle vegger. Under slike forhold har ein som regel rikeleg med ventilasjon same kva ein gjer Dvs at eg truleg hadde gått for eit pro med sterkare stenger. Pakkvolumet er vel kanskje også litt mindre, ikkje berre vekta?
  4. Eg tenker i utgangspunktet at dette er for korte ski. Men som elgen påpeikar, vekta er viktig mtp spennet. Med sekk på blir du dog tyngre, så dette ville eg tatt ein kikk på ein gong til saman med han med peiling. Eg er 166 cm og har ski på 185,187 og 190. Eg likar dog lange ski, så normalen vil ligge ein stad mellom oss, men ski som er berre 7 cm lenger enn kropp ville eg ikkje anbefalt til nokon, uansett skiferdigheiter.
  5. Eg er stort sett i motsett ende av deg, og har trøbbel med å handtere optimaliseringssyka😂 likevel er det smart å tenke seg om to gonger når ein skal bruke ein del peng på viktig utstyr. Eg tenker at du bestiller aktuelle modellar, nevlar på dei og vel den du tenker er best. Forskjellane mellom samanliknbare modellar er stort sett details, og du blir truleg nøgd uansett. Eg har nytta toposesystem mykje, inkl på Svalbard og Grønland, då eg ikkje likar å berre ha ein dunpose, opplever det som litt sårbart. Men, det er igrunn ein anna diskusjon og ei avsporing frå tråden. Dristar meg likevel til å seie at mitt soveposesystem på Grønland bestod av ting eg hadde frå før, med ein summert veil pris på under 5000. Så det må ikkje nødvendigvis koste skjorta.
  6. Plastpose mellom liner og tjukksokk. Det gir mindre friksjon samt hindrar svette i å komme ut i tjukksokken og skoen. Er mindre ubehagelig enn det høres ut som. På kvelden brukar du talkum på føttene.
  7. Ser hakket meir fornuftig ut. Eg skal ha med ein grønsky på omlag 32-33 kg og ei på omlag 25 kg på 10 dagers no på vidda. Eg tek då med ein kombinasjon av tørrfor og frysetørka. Tippar eg enda på ein kombo som gir han største omlag 1 kg totalt. (frysetørka vom veg omlag 1/4 del av endeleg formengde før bløyting), utan at eg har finrekna på det i forhold til tørrforet han står på . Tek også med noko olje å supplere med. Noko mindre kritisk for 10 dager enn ein skikkeleg langtur, men greit å ha nok om det klinkar til med seigt og tungt føre eller veldig vedvarende kulde.
  8. Kor stor er hunden din? Kva type hund er det? 350 gr tørrfor ville ikkje holdt til dei hundane eg har med på tur.
  9. Frysetørka VOM i kombo med tørrfor kan vere ein måte å få ned totalvekt på for, med mykje energi. Kan også fungere som ein apetittvekker, fint å blande med tørrfor. Ei flaske lakseolje kan gjere susen. Ver obs på at det for enkelte bikkjer kan vere tøft å trappe opp til veldig feittrik kost, fint å prøve seg litt skånsomt fram i forkant. Selverkstedet/Jan Reinertsen lagar gode kløvar. Togo, som du sjølv nevner, er annaleis konstruert enn mange andre kløvar, og vert ofte brukt til trekkhund utan anna sele under. I det store og det heile er produkta frå seleverkstedet kjent for å vere bra, han har peil på hundeanatomi. Sjå elles Gisle Uren sin utgreiingar i vedlagt link, han er ein habil fyr på dette feltet, som nyttar sine Grønlenderar til trekk/kløv og arbeid , og har gjort det i mange år. Han har solid erfaring mao.
  10. Mja. Mi erfaring er at ein uansett må til med ein runde nr to dersom ein skal ut i vedvarende kulde. Dette fordi det er vanskeleg å kutte nok første gang utan at det vert vanskeleg å legge saman stengene, noko som plar herpe endane på kvart ledd. Så ofte må ein til pers på tur likevel. Berre å ha den pittelille multien klar på innerlomma, så ein kjapt får vippa ut endestykket og dratt ut nødvendige mengder. Unntaket er om ein nyttar ein slik teltpose, då kan ein vel sikkert ta meir i første omgang.
  11. Lære inn høgre, venstre og steady, og konsekvent bruke kommandoane i alle samanhengar. Så lenge ein har ein hund som ynskjer å komme seg framover/har framdrift er det eigentleg ganske enkelt. Start med enkel veg/sti med lite forstyrrelsar, og nokre enkle kryss og vegval/hindringar. Gi kommando høgre om du skal til høgre (time det når du ser at vegval skal tas av hunden). Om bikkja går høgre rosar du, om bikkja går venstre stoppar du berre opp, står still og gjentek kommando. På eit eller anna tidspunkt vil ein hund med ønske om framdrift då dreie høgre, ver då kjapp med positiv tilbakemelding på samme tid som du sett deg/dykk i bevegelse att. For ein hund med ønske om framdrift/bevegelse er det det å få sleppe fram som er den ultimate belønninga, ikkje nødevendigvis godbiten eller rosen, men ros er ein fin og ikkje-forstyrrande måte å forsterke på. Godbit i slikt arbeid blir fort bal, då den går på lina eit stykke framom deg. og heile poenget er å få ein fin flyt der du ved hjelp av stemmen elegant kan navigere deg og hunden innimellom alt som skulle måtte oppstå i ei skiløype . Har du hund som ikkje har framdriftsønsket, fortonar det seg noko annaleis, då slår meir "tradisjonelle" dressurmetoder inn.
  12. Deler lompas erfaring. Eg runder fellane nokre cm kortere enn skia, og opplever aldri at dei losnar. Med bakfeste, eller den typiske "siste rest oppå skia" derimot, vert det ofte noko knot, og av det is og snø som får ete seg innimellom ski og fell bak.
  13. Takk for attendemelding, det blir handel på meg og
  14. Kjem nok an på barnet ja. Mine har hatt dyne inni pose også, skinn inn i pose m.m. så det funkar fint. Føresett sjølsagt at der er plass.
  15. Å bruke to posar er ofte veldig effektivt pga ekstra luftlag. Mine har sove ute ned mot - 20 utan "skikkelig vinterpose". Ved hjelp av to posar, godt underlag, varmeflaske og på det kaldeste ein fora jervenduk over begge to. Har ikkje opplevd at dei frys på natta. Eg trur du kan greie deg fint med mamutten pluss noko inni eller utanpå alt etter str. Dersom vinterpose til svigerinne i tillegg er ein voksenpose ville eg heller gått for di opprinnelege løysing, då voksenpose blir stor, med mykje luft å varme opp.
  16. Det finnast nok å bekymre seg for, ein kan alltids finne årsaker/fornuftige grunnar til å søkje tryggleik. Likevel trur eg at prosessen, læringa og opplevinga av å sleppe taket i det som er trygt, gir det heile ein heilt annan verdi, enn den ein oppnår ved å safe seg inn. Når ein safar seg inn "heile vegen" er der nokre mekanismar som ikkje slår inn, og ein mistar mane gode prosessar i livet (mi personlege meining). Men, me er ulike. Alt kjem an på korleis ein fiksar å forholde seg til uvisse og x-faktorar. Det siste dominerar verda likevel, kanskje er nett det årsaka til vårt behov for å skape trygge bobler? Eg vel å forhalde meg til at livet er skjørt, sårbart og fullt av uvisse samme kva ein prøver å skape av materiell tryggleik. Difor like greit å leve trufast mot seg sjølv. Gjer ein det trur eg ein er rusta til å trives og ha det ganske bra uavhengig av bobla. Å vandre gjennom livet utan skrubbsår på knea er tilnerma umogleg uansett. Spørsmålet er vel meir kva ein skal få skrubbsåra av.
  17. Så du vil bruke den under forflytning om eg forstår deg rett?
  18. Tenker du med punktet ditt om slitasje, at du skal nytte parkasen under forflytning? Å gå med en parkas når du ber tung sekk eller dreg pulk ville vore for varmt for sjølv dei mest frosne personane eg kjenner. Har du gått mykje med tung pulk/sekk? Har du erfart kva du genererer av varme? Det er ganske annerledes enn ved gange uten oppakning
  19. Om dette er eit område med mange kulturminner tippar eg der ligg eit særskilt vern. Då vil du truleg finne forskrifter for området. Elles gjeld vanleg lovgivning for kulturminner. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1978-06-09-50 Ikkje at eg har noko med det, men kvifor er det særskilt attraktivt å brenne bål i dette området? Eg ville kanskje vurdert andre områder i staden.
  20. Eg har Jerven Mini-Hunter. Genial. Definitivt den som er mest brukt av mine jervendukar.
  21. Det er synd å høyre at helsa di ikkje kjem seg til att som håpa. Men, du greier på flott vis å sjå for deg andre måtar å ferdast på, det trur eg gjer at me heldigvis ikkje har sett det siste til turbileter av deg Lukke til @Tom42
  22. Norrøna Falketind Windstopper Hybrid Pants? Eg sleit mi sønder og sammen, då den var "med på alt".
  23. Kva med eit par smale mohair langfeller som du kappar ved hælen? Eg brukte slik system på mine fischer e99 tidlegare, det funka gull. Klart ein mistar glisona framme, men til gjengjeld har ein heller ikkje "bremseeffekten" som ein får av framdelen på kortfellen Langfell som ein gradvis kappa meir og meir var tidlegare brukt ein del på turar som til dømes over Grønland, før kortfellesystem dukka opp.
  24. Då vil eg tru, med mindre du kjem over eit kupp, at du må til med utanlandshandel. Det kan eg lite om, men det er mange her inne som har god greie på den marknaden.
  25. Mountain equipment K7? Forrige modell var i alle fall det likaste eg kom til mi Rab Neutrino pluss, som no er ein utgått modell. Ein fin mellomting vil eg tru.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.