Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Har rydda vekk nokre innlegg. Bed om at ein held ein sakleg tone. - Moderator -
  2. Mi erfaring er at om ein har dårleg dårleg feste for plugg er det hipp som happ, kanskje verre med kuppeltelt? Eit tunneltelt kan nokså raskt leggast i bakken i eit knipe tak (om det ikkje er heilt Texas). Eit kuppeltelt? Kan vel fort få litt Mary Poppins-feel. Eg og venninne mista eit kuppeltelt pga ei heilt vanvittig snøomvandling på få timar, kunne like godt plugga i ei kasse isoporkuler. Skal seiast at dei to næraste målestasjonane målte middelvind på hhv 29,4 og 22,2, og 35,2 og 29,4 i kasta (fekk data frå Klimavakten på met. inst.) og med dreiande vind fekk me og noko komprimert vind frå ei slukt. Eg tenker at det er hipp som happ om ein har dårleg feste, og også hipp som happ om ein har gode høver til å bardunere, ekstra tau over telt osv. Kuppeltelt bråkar ofte mindre, er igrunn den einaste føremunen eg kan komme på.
  3. Bergtagen ser veldig fin ut, og står på prøvelista mi når eg kjem til ein butikk det den er. Har fleire kjenningar og venner som har Bergans arctic og er godt nøgde. Dei nyttar den både på lengre skiturar med pulk og til turane her heime i rufsete vestlandsver.
  4. Ehm, har slike, synes det er prakk med liner og styr ved behov for nedgraving på tvers. Enda me då rive dei av på fleire. Ei linegrøft frå pluggen og fram som du uansett må ha, og bardun tredd inn på med dobbel runde funka gull. Nett som du ville gjort det med ei ski, berre at du der ikkje får tredd dobbel runde.
  5. Det kan ein jo enkelt måle, men aller enklest er det jo å ta det på visualen når dei tek sekken på. Ein veit jo omlag koss sekken skal sitte med last i .
  6. Nei, det er ikkje noko søknadsgebyr eller liknande om det er det du tenker på.
  7. De kan no velge det, men då er ein inn på prinsipielle spm som krev ei heilt anna behandling, og helst ein annan tråd (som truleg hadde blitt både heit og god, sidan eg kjende eg vart heit i toppen berre av kommentaren 😅). Her var det vel snakk om samanhengen betaling/kva ein betalar for
  8. Så bra at du blei hjelpt ❣️
  9. Hei. Eg er 166 cm og har et par Arcteryx Theta sv som eg er veldig happy med. Solgte eit par Klattermusen Freke som eg ikkje likte så godt, av fleire grunna, men den var også alt for lang på beina. Hadde tidligere en RAB salopette som eg likte veldig godt, men den modell finnes ikkje lenger trur eg.
  10. Ja det vert gjort mykje bra rundtomkring.
  11. Kva gjeld ytterstoff; no er eg ikkje inne på WM term og produkt, men tenker slik om eg skulle kjøpt meg ny pose; Bruk under varierte forhold, med stor sjangse for både fukt men og solglytt, stoff som pustar og tørkar fort, helst med svart for som kan vrenges mot sola. Er ikkje mange min i lett trekk og litt sol som skal til for ta knekken på ganske mykje fukt. Ver flink å få han til lufting på pulken under stroppene så snart høvet byd seg, om det så berre er ei 20-minutts luke i veret. Evt dandert på sekken om det går. Å kjøpe ein pose med veldig tett stoff ville eg vore skeptisk til, då eg hadde følt at eg hadde lite kontroll på den akkumulerte fukta over tid. Men, eg antek at ein slik dyr pose har tett stoff yst, og veldig pustande godt stoff innvendig, noko som mogleggjer strategi med vrenging av pose og uttørking av denne ved verhøve.
  12. Eg har i alle fall til gode å oppleve det som ei problemstilling, og per dato er dampsperre ikkje eingong noko eg vurderer til vanlige vinterturar på det norske fastlandet. Andre stader eg har vore/skal er ytre fukt/luftfuktigheit over lang tid noko å ta stilling til, men då vil eg før gjere tiltak mot den totale fuktmengde på andre vis. Ser at dampsperre kan ha noko for seg på nokre turar, i heilt spesielle områder under spesielle tilhøver.
  13. No skal eg ikkje spore av fullstendig (slik eg eigentleg har lyst til 😬) men spørje, om det er mange som har opplevd kollaps av dunpose i en problematisk grad, pga fukt innanfrå over tid? Eg ser heil klart dunkollaps som eit problem i enkelte områder av verda, då pga totalfukt. Eg vurderar ein tur i havisen, då vert det heilsyntet. Men då er me tross alt inne på nokre andre rammer.
  14. Veit ikkje koss det ligg an i resten av landet, men her er regelen meir at det vert fiska for lite med garn, og at det i ein del vatn som ein gong var gode vatn no er alt for mykje fisk, og stort sett småtterier. Så her tenker eg omvendt ; å løyse fiskekort i vatn som sårt treng å verte fiska i, står for meg som dumt. Anten bør grunneigar då ta jobben med ei viss kultivering, eller så bør ein invitere til storstilt gratis fiske, noko som kanskje kunne fungert på nokre av dei meir tilgjengeleg vatna.
  15. Eg er samd i at ein bør kunne forvente etterettelege svar når ein spør seg føre hjå dei lokale aktørane, som ofte oppfordrar nett til å spørje dei. Eg har hatt liknande oppleving ned i Simadalen frå Demmevasshytta. Fekk melding frå DNT Oslo om at stien var rydda etter orkanen som herja det året, og framkomeleg. Eg kom der i mellomsesong, frå Finse, med ganske tung sekk med ski på. Det vart mange hundre høgdemeter buskeklatring, ei rås som berre dukka opp i ny og ne. Eg var glad for at eg er van med å lese kart også der kurvene ligg tett i tett, og fann att noko stiliknande greier etter ei utradisjonell kryssing av et elvegjøl. Det gjekk greit for 2 av oss, for den tredje vart det blytungt, og noko ganske anna enn forespeila. Så, sjøl om eg er godt vandt med bratt og kronglete, er feilinformasjon utruleg irriterende. Ein strekker jo seg mot å få til ein trygg og triveleg tur. Du kan trygt seie at dei som gav ut skråsikker og feil informasjon følgande dag fekk ein e-post med "hard empiri".
  16. Du kan vurdere å telte ved området rundt klatrefeltet Beachen mellom Loen og Stryn. Der er det vanleg med camperar, og ikkje dyrka mark osv
  17. Takk for flott rapport! Me skal nordover neste vinter for skitur omlag 3 veker, med mål om mykje tid ute men ikkje nødvendigvis mykje km. Då var det perfekt med ein slik rapport! Fine bilder og passe med informasjon. Keep em comin'
  18. Fordi dei ikkje er interessert i å rapportere på turane sine? Eg legg ut nokre bileter på insta, med ujevne mellomrom. I periodar mykje, i andre periodar lite. Enkelte turar ligg meg så tett til hjarte at eg vel å halde dei for meg sjølv. Som små skattar i mitt indre, evt saman med den eller dei eg har opplevd den med. Nokre få øyeblikksbileter kan kanskje delast, men det er også ofte det einaste, for meg. Då kan eg vere selektiv, og ikkje sleppe for mange inn i dei indre gemakker. Noko som er viktig for meg. Kva andre gjer er meg revnande likegyldig. At folk tek til vet og faktisk sel det dei har liggande ser eg som positivt. At ein kan undre seg over om det var voldsomme innkjøp i utgangspunktet er no so, men på den andre sida, så var det kanskje det som skulle til for å gjere seg opp ei meining?
  19. Bøtt åffkååårsh! Det e eg og Cory'en veit du
  20. Skal seiast at Xena'en byrjar merke kjøret den au. Hol både her og der. Trur det er prisen å betale for låg vekt og god bærecomfort i eit. Og så har eg jo vore borti å kaste den nedover lia ved eit par høver der terrenget minner meir om klatreterreng enn ski eller gangterreng. Dei er truleg ikkje konstruerte for slikt. Må dog nevne at min gamle LA expedition fint tolte det same, 1000 høgdemeter med buskeklatring og kasting ned ei orkanherja rås me aldri fann før siste høgdemetrane.
  21. Var de i området Grumant, eller har spreiinga av mus der oppe gjort at ein har teke til med slik førehandsreglar andre stader au?
  22. Vel, vinter er vinter same kvar ein er, så tenker du har nok liter smelta du au. Er meir talet på personar det skal smeltast til som er spørsmålet for meg. Med to eller tre pers tek det tid sjølv om ein har smelta kvelden før. Om ein nyttar berre ein brennar snakkar ein mange timar. Eg er heller ingen morgonfugl, difor synes eg det er digg å kjøre to brennerar når det er min morgon med kjøkkenvakt (på dei turane der ei slik organisering er aktuell).
  23. NB! Må understreke at eg nyttar to brennerar med separate flasker. Beklager om eg blei OT med det.
  24. Eg nyttar gjerne to brennerar i slengen når eg har det tilgjengeleg, spesielt om me er 2 eller 3 i teltet som skal smeltes snø til, evt varmes oppatt til. Morgonøkta må gjerne begynde kl 05:00 om ein har berre ein brennar til fleire personar, for å greie å stå på skia i vettug tid.
  25. Ja no er vi på sida Eg skjønar ditt poeng absolutt. Så kan vi la an stå om andre som ikkje er like stødige på rulling ein gong sku lese tråden eg trur knapt eg hadde komt meg oppatt ved ei rulle no, men heller ikkje den gong eg var meir aktiv var eg stødig nok til å stole på det. Kan forresten presisere at herket på magen for meg også gjeld ved kameratredning, ikkje berre eigen. Så for å trekke det innatt; om nokon for ettertida sku lese tråden med andre føresetnader enn TS kva gjeld rulling så kan masse greier på magen på padlevest vere noko ein må ta omsyn til No skal eg ikkje trekke denne tråden lenger vekk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.