Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. No har eg både Nansen, Amundsen og Finnmark. Både Nansen og Finnmark bær meg betre, men det er no ei grense for kor store forskjel det er. Er ikkje slik at om eg står "til knes og lårs" i djupsnø (som eg sjølv har opplevd med pulk på Hardangervidda) med Amundsen, at Nansen ville løyst "alle mine problem". Er det verkeleg djupt er det igrunn berre ski som ikkje er kompatible med vidda og km som funkar. Eg merkar størst forskjell når ein snakkar moderate mengder laussnø, då mest i forhold til oppførsel nedover og korleis tuppen løftar seg når eg går i front og brøyta. Også til dels hekt i bakski. Spenn og oppakning spelar sjølvsagt ei rolle, så sidan eg stort sett går med pulk eller storsekk så ligg eg ei vektklasser over det eg "skal". Får også slik meir lengde og då bæreflate. Eg er veldig glad i mine Nansen som eg no har tatt BC-bindingen av og sett ein 75 mm på til bruk med storsekk på høgdemeterturar. Den er ei skikkelig artig og manøvrerbar ski, som har gitt både meg og venninner under "skitrening" mykje nedoverglede. Men, så lenge eg har Amundsen i skistallen vil eg nok nesten alltid foretrekke den for Km-turane. Den gir størsteparten av tida meir tilbake for trøkket lagt i tråkket. Dog imponerar Finnmark meg med sin kombinasjon av spenn, styrbarheit og løft i front, den taklar mange forhold veldig bra. Eg ville difor vurdert ei Gamme (som skal vere lik som Finnmark men med stålkant) om eg var deg og skulle ha ei ski med andre eigenskapar enn Amundsen.
  2. Dei vil bruke skuta dei har leigd til tiltenkt formål, ikkje så mystisk vel? Keep it simple tenkjer eg, og prøvar unngå å tillegge folk intensjoner, motiv og kjensler som eg ikkje har føresetnader for å uttale meg om. Egoister kan synast å vere det gjeldande moteord om folk som ikkje lever på jordskokk og gir vekk alle eigenluttar til dårlegare stilde. Så er eg klar over at det er forskjell på å barbere seg og skjere av seg håkå, men dog.
  3. Mja, mutta e ikkje mi ekspertise heller, men det er ei av dei rasene der mellom anna samkjønnsagresjon tradisjonelt har vore utprega. Ein flokk muttar krev sin leiar iflg dei eg kjenner som har/har hatt slike. Forøvrig mtp resten av tråden tenkjer eg at ein kan vere rivande usamd med Tonje Blomseth om ting, og ein har all rett til å tenke at regelbrot er ugreit. Likevel ville i alle fall eg tenke litt på koss eg formulere kritikken. Det kjem godt med uansett kva "kommentarfelt" ein er i, og hugsar eg ikkje heilt feil frå tid tilbake har ho ein brukar her inne. Målet er vel å diskutere kva som kunne vore gjort annaleis, ikkje å gjere folk lei seg med "ufiltrerte" karakteristikkar og insinuasjonar.
  4. Har også ein fastfind som skal ha nytt batteri. Hugsakje nett kostnaden eg fekk opplyst, men det var ikkje så mykje som 2000.
  5. +1. Gler meg!
  6. Den er stadvis bratt og utsett, så kan kanskje vere difor. Såpass tidleg i sesongen lyt ein legge "sporet" sjølv etter fornuft mtp snøkvalitet.
  7. Ja han er eit råskinn, og dei er vel i "koalisjon" for å utfylle kvarandre. Rå på kvar sine felt, og dynamitt saman.
  8. Eg trudde heller ikkje det, for har forstått at Ice Legacy er prosjektet som Ousland og Colliard har på dei 20 største isbreane i verda. Men så har eg lest enkelte stader at ein skriv at dette er ein del av Ice Legacy. Utan at eg har fått sjekka det vidare. Mogleg det er eit lite satelittprosjekt ut frå hovudprosjektet? Havisen og breen er no ein del av samme klode og samvirke, så det er vel ikkje heilt unaturlig.
  9. Det kan no likevel vere godt å ha noko med meir futt om ein til dømes må vente på hjelp, eller ta ein pause over dagar Så lenge det er avklart med lege, både eiga helse og bruk, så er det etter mitt syn fornuftig med litt "hestedop" i bakhand.
  10. Eg vil ikkje gi andre veldig spesifikke råd ang medisin på tur, men har hatt tilknytt ekspedisjonslege og ekspedisjonsveteranar til tur tidlegare, og ein går innimellom til det skritt å ta muskelavslappende forebyggende om det er mykje tungt arbeid, for å unngå at musklar "krampar opp" og arbeidar tyngre enn nødvendig. "De ække dopingkontroll på breen" har eg fått høyre fleire gonger. Går ut frå det samme gjeld på sjøen. Så lenge du har ein avklara situasjon med din lege, veit kva du toler og ikkje toler og har tatt din helsebakgrunn med i reknestykket så er det etter mitt syn ein stor fordel å stille med ein rik medic-bag på langtur.
  11. Snakk med legen og fortell kva du skal og potensielle problem som kan oppstå, og få resept på relevant dop. Sjølv har eg alltid nokre Paralgin Forte på lur i medicen, 600 gr Ibumetin og paracet og evt noko kraftigere betennelsesdempende. Utover dette avheng medicen av kva og kvar eg skal.
  12. Synes å hugse den var i bruk under Ousland og Ulrich sin tur i fotspora til Nansen og Johansen, som enda på Frans Josefs ja. Men er vel eit stykke derfrå til den "gemene" skiturist på Svalbard, og andre rammevilkår.
  13. Forstår. Plar innimellom trimme Airdale Terrieren til ei venninne i småbarnsfase, då fortrinnsvis på løpetur. Samme snuseopplegg med han så han vekslar mellom å vere trekkhund og slepehund 🤣
  14. Eg har ikkje ein mannsalder med erfaring, men litt. Så framt bikkja har ein framoverdriv så har eg opplevd det som grei skuring å lære høgre, venstre og steady/forbi eller kva enn slags ord du vil bruke for passering eller rett fram. Høgre, venstre, steady, stå, nei, ok (som i ok no kan du gå, eller ok over bekken osv) og gå bak er for meg alt eg treng, både til kvardag og tur. Då har eg både start, brems og styring, samt forsvarleg i bratt lende/ur Rolig skulle eg gjerne nytta men får lite gehør. Gå bak varierar også kor greit det funkar på bikkjer som helst vil trekke, men nitidig arbeid langs grøftekanten, med orange brøytestikke som anviser og go'bit i ei hand der bak har fått det til å henge måteleg på greip, i alle fall med eit par 🤣
  15. Høres kjent ut 🤣
  16. Så bra dette kunne me nok diskutert mykje, men då dreg me det endå lenger OT. Det var ikkje meininga mi å gjere tråden til ein diskusjon om reiseliv.
  17. Du fekk god og utfyllende info over her. Eg kan dog ikkje la vere å innvende at medlemskap i destinasjonsselskap ikkje er synonymt med særiøsitet i bransjen og kvalitet. Det er heller ikkje slik at dei som står utanfor er dårlige. Det er vel etterkvart ein del særiøse aktørar som trekker seg UT av destinasjonsselskap ymse stader, av ymse årsaker. For seilingsplan kan du sjekke dei ulike båtane, som til dømes Polargirl. Men kennethj over her har eit poeng ift at båtsesongen startar når vintersesong er på hell, spes ute ved vestkysten. Dog har det vel vore slik at enkelte har starta å gå tidlegare og tidlegare pga mindre fjordis. Dette er dog eit usikkert kort. Eg har brukt båt til og frå skitur mid-Mai, men då innover fjorden og ikkje utover, til heilt andre snøforhold, så det er ikkje samanliknbart.
  18. Eg har nytta ein eller annan variant av kjørebelte frå Man Mat og Non Stop, med karabinere, evt panikkrok dersom du har ei bikkje det ikkje er krise å miste. Eg brukar karabinere, då det er krise å miste den type bikkjer eg er på tur med. Likar best den strekkavlasta lina frå Man Mat. Den er passe stretchy, forsvinn ikkje for mykje kraft, og passe lang. Alternativt lag sjøl.
  19. Å bestille uttransport/henting utan å kjøpe en pakke er mogleg med fleire av dei kommersielle aktørane. Pris har eg inga aning om, men ser føre meg at det fort kostar nokre kroner Scooterane skal no tilbake au, etter at de har blitt sett av Litt alt etter kva tid de skal på tur på året, kan det vere ei moglegheit å ta båt attende frå Isfjord radio (evt Grønfjorden, med pickup Kokerineset eller området festningsodden?). Truleg rimeligare. Om de kan det slepp de unna med scooter i berre eine enden
  20. +1 til det @PTG skriv. Samsvarer med mi erfaring med dialog med sysselmann.
  21. Eg plar sjeldan legge meg ut med forskning/fagfolk, men har ei bestemt oppleving av at eg bergar huda litt meir når det er vind og at eg "kjenner" at huda er meir beskytta. Hvilket er då eg vil bruke krem eller maske. Placebo kanskje? Når det er sagt, kanskje eg ikkje har brukt den i kaldt nok ver? Når det er veldig kaldt og vind i kombo brukar eg jo neoprenmaske eller anna vindtett.
  22. I barnehagen som mine kids gjekk i når dei var små var det ønske at ungane hadde med Ceridal kuldekrem frå apoteket. Vannfri og passe feit. Eg brukte den mykje både på ungane og meg sjøl. At kuldekrem virka kjenner ein når ein er ute (i alle fall eg). Enkel faktisk forsking. Alternativet er barrierekrem, om du kjenner nokon på gamleheim 😬
  23. Opererar med noko same prinsipp, berre ikkje kasser. Altså kva tid eg nyttar ting avgjer kva eg pakkar saman, ikkje kva kategori dei sorterar under.
  24. Eg e tilhenger av å halde ting enkelt og funksjonelt. En stor piteraq packbag eller to halve, eller trekk alt etter kva pulk. Enkel bedding uten lommer på enkelte turar. Ting pakka i store og små vasstette pakkposar. Glidelåser strategisk plassert på pakkbag slik at eg i ei handvending kan løyse fremste stropp på bedding, lette den opp og dra fram thermos, dunis osv. I kombo med taudrag er det for meg det som gir minst tid brukt på dill. Eg har aldri falt for prinsippet med å dra rundt på fleire kilo med "oppbevaringsremedier", som til overmål i tillegg er plasskrevjande og motverkar mine tiltak for å pakke med lågt tyngdepunkt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.