-
Innlegg
3 672 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eg tenkjer at eg i alle fall ikkje kunne tenke meg å ligge verfast i vinterfjellet med Ringstind. Ei heller Reinsfjell om det verkeleg ruska godt, i tilfelle måtte det vere med veret inn mot eine midtgangen, og ein del andre tiltak ift sikring. Skulle eg valt eit av dine tre alternativ til heilårsbruk også over tregrensa ville eg følt meg tryggast i eit soulo.
- 50 svar
-
- 2
-
-
Ja eg lånar vekk utstyr. Eg har funne at det krev mindre av meg å operere med tillit, for så å få en nasestyver ein sjeldan gong, enn å operere med generell mistillit til mine medmennesker. Det siste er rein energisløsing for min del. Sjølv behandlar eg lånt utstyr pent, steller det og leverer det tilbake i like god stand som når eg lånte, helst betre om mogleg. Men, eg har også vore uheldig eit par gonger gjennom eit "langt turliv" å gjere skade på andres utstyr. Då finn som regel oppegående mennesker ei minneleg løysing.
- 29 svar
-
- 10
-
-
S2S e supre. Slitesterke og tette.
-
Hilleberg keron 3gt vs Helsport Spitsbergen Xtreme 3
Tessatroll svarte på KS10 sitt emne i Telt og lavvo
Har Keron 4GT. Har ikkje hatt ising i glidelås før denne sesongen, og det har ein del sesongar bak seg. På med litt silikon eller liknande så tenkjer eg det er greit. Når dette skal byttast ut (det har fått juling) står det også for meg mellom Keron 3GT og Spitsbergen. Eg kjem til å kjøpe det eg kjem over rimeligst. Gode telt båe to. Båe toler uver. Dersom det vert Helsport byttar eg bardunane til Hilleberg sine. Edit; det er også høgaktuelt med Spitsbergen pro med litt modifikasjoner. Eg e ikkje superfan av stormmatter. -
Brukar Nido som eg kjøper på Asiasjappe, samt ein litt feitare variant, kjøpt i samme butikk men hugsar ikkje namn.
-
Hvordan påvirker Coronaviruset ditt friluftsliv?
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
Her er i alle fall "mitt" lokale Røde Kors sin uttale kring tur/friluftsliv og Covid-19. https://m.facebook.com/story.php?story_fbid=1814784241988565&id=304693836330954 Dette samsvarar godt med det eg tenkjer er fornuft.- 268 svar
-
- 5
-
-
-
Hvordan påvirker Coronaviruset ditt friluftsliv?
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
Vi burde ha en funksjon for "likar tusen gongar".- 268 svar
-
- 3
-
-
Ser den. Og mitt spm gjekk ikkje på diskusjon ny vs. gammel, var meir meint som eit spm kring kor relevant det eigentleg var med ein slik regel i gruppa, gitt slik og sann. At ein må forhalde seg til den gruppa ein er på tur med er klart
- 27 svar
-
- 1
-
-
Skjønar tankegangen, og ville definitivt sagt noko om til dømes plastspade i ein slik samanheng, då ein meir enn gjerne vil ha nok spader i ein utgravingssituasjon. Men, ift sender/mottager; dersom ein er ei gruppe føresett eg at ein er fleire enn 2. Om der då til dømes er ein i følget med gammel søker, og resten nye, så vil der, føresett ferdsel i kompismønster, vonleg vere fleire med " ny" søkar? No vart det mange føresetnader her altså, og eg skjønar poenget dykkar, eg berre tenkjer at like viktig som utstyr er no då nettopp ferdselsmønster. I ei gruppe vil jo bruk av kompismønster kunne bidra til at dersom ein vert teken, så er der fleire ressursar disponibelt for søk og redning. No rotar eg meg også ut på viddene og avsporar, så skal avslutte . Ikkje er det "my area of expertise" heller, men er no alltid greit å teste tankane sine.
-
Me er kanskje litt ulike i kva me synes er enkelt? Eg finn Tracker 2 enklare enn Mammuten (lengde sidan eg prøvde Mammut dog). Men uansett, det me alle er samde om; den ein kan å bruke er enklast å bruke
- 27 svar
-
- 1
-
-
Eit element eg synes var greit å ta med når eg kjøpte, var at eg skulle ha ein for "vanlig dødelige". Dvs at eg ikkje treng alle slags fancy funksjoner som til dømes ein profesjonell guide vil ha. Dess meir trykkerier dess større sjangse for at eg går meg vill i funksjonar i ein situasjon der eg ynskjer å vere effektiv. Spurte då kjenning som arbeidar med fjellføring og kursing, og han tilrådde BCA Tracker. Nettopp pga at den er så enkel, og slik brukarvennleg. I kombinasjon med trening på å bruke den og ikkje minst graveteknikk, så har ein kanskje, om ein er heldig, gitt kompisen litt betre odds.
- 27 svar
-
- 1
-
-
Å glide fell hjelp betrakteleg. Elles ville eg kjøpt nokre av dei kalde voksane, blå ekstra, blå, grønn og polar. Ikkje noko hokuspokus å legge på, og ikkje eit problem å veksle mellom kalde voksar og fellar utan å måtte rense skisolen.
- 5 svar
-
- 2
-
-
Eg tenkjer at du kjapt vil kjenne at kontrollen med smøring er vel så god som me kortfell. Kortfell har ein tendens til å lugge i unnarennet, litt alt etter kva skimodell og smørjelomme du har. Eg har snørekjørt med to og tre trekkhundar, og føretrekk klart smøring for bedre kontroll. Kantane funkar sjølv om dei ikkje er av stål
- 5 svar
-
- 1
-
-
Eg personleg tenkjer at eit brukt telt av god kvalitet er eit veldig godt alternativ når eit har eit stramt budsjett. Her mellome anna er eit bra telt av annerkjent merke til fin pris : https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=173290214 Edit: beklager, glømte at du fortrinnsvis ville ha tunelltelt.
- 19 svar
-
- 2
-
-
Der er alltid ei trøyst med andres elende! Men frå spøk til alvor, reknar med balja og kronene kjem til sin rett ved tyngre last/lengre tur.
-
"never trust a man in new and shiny gear" 😳
-
Kjøpt meg ei fampete og overprisa badebalje. Dette for å lett kunne frakte rundt på andre meiningslaust dyre dippedutter som eg trur eg treng for å ha det fint på tur. Altså ein Acapulka scandic tour 150. Førebels brukt på ein helgetur med telt. Førebels ikkje overbevist om at det var verdt pengane ift parisbrett som eg har slitt ut nokre av.
-
Hilleberg sel ekstra stangkopper som gjer at du kan sette opp innertelt åleine i varme. Ytterteltet kan du sette opp åleine i utgangspunktet. Skulle eg hatt eit telt som sku funke til det meste hadde eg prøvd meg på eit hilleberg nallo 2 med ekstra stangkopper til innertelt. Då har du til både vestland og pct.
- 22 svar
-
- 2
-
-
Eg synes frisport sine lettvektsmodellar er spennande alternativ. Fine prisar og overraskande hardføre. Kva med yaranga light 3? (2 blir for lite for 2 personar mtp at det smalnar av mot fotenden).
-
Hei Tenker du vil få mange gode tips her, og mitt råd vil då vere, at det er betre å kjøpe brukt og bra enn nytt og dårleg. For 4000 - 6000 kr kan du få VELDIG bra (lite) brukt telt, som vil fylgje deg i mange år.
- 22 svar
-
- 6
-
-
Hvordan påvirker Coronaviruset ditt friluftsliv?
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
Tek førehandsreglar då eg har folk i min nære krets som ikkje vil tole så godt ein slik runde. Reiser på tur, bur i telt, unngår store folkemengder. Sagt med glimt i auget og litt flåsete hadde det vore heilt greit med stengt jobb eit par dagar. Men, faren er vel heller stor for at dersom ein først tek til med slikt så varer det meir enn eit par dagar. Så håpet om fri frå jobb er ikkje eit veldig særiøst svar. -
Godt poeng som eg ikkje har tenkt over/erfart!
-
Ikkje attende før etter påske, men om du sender på meg ein PM rett før påske så kan eg sjå om eg får svart deg. Plan A er to veker i Børgefjell og sørover til palmehelga for å ha påska i fjella lenger sør, men ein veit no at med vinterfjell kan ein fort ende langt ut i alfabetet på planar, så både rekkefølge og varigheit i ulike områder kan bli endra.
-
Det vil eg tru han har, om han ikkje er veldig forkava med pakking Om eg ikkje hugsar feil nermar det seg med stormskritt avreise til Svalbard med 8 bikkjer og slede for dei.