Gå til innhold
  • Bli medlem

Anders P

Aktiv medlem
  • Innlegg

    109
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Anders P vant dagen sist 4. oktober 2019

Anders P hadde mest likt innhold!

Nettsamfunnsomdømme

112 Excellent

1 følger

Om Anders P

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Kanskje eit dumt spørsmål, men korleis sjekker eg for lekkasje ?
  2. Det er kanskje mange som allereie har skrive mykje for og imot bensinbrenner. Det eg lurer på er kva folk tenker om å bruke bensinbrenner ? Det første eg tenker på er om det er trygt. Det andre eg tenker på er kor mykje vedlikehald som trengst for å halde vedlike ein gjennomsnittlig bensinbrenner. For nokre år sidan kjøpte eg inn ein MSR Dragonfly. Sålangt har den fungert utmerket, men eg har ikke brukt den på eit par år. I går prøvd eg den på nytt og den fungerte heilt fint. Eg rota dog litt og skrudde den av for tidleg. Då var det ein del bensindamp som fordampa. Eg var riktignok ute, så det skjedde ingenting. Eg tenkte berre på kva som ville ha skjedd viss eg hadde tent ein fyrstikk da. Det endte med at eg tok med meg ein liten utslitt gassbrenner på tur av frykt for at " noko skulle skje" viss eg brukte bensinbrenneren feil. Kva er folks forhold til bensinbrenner her på forumet ? Mvh Anders
  3. Hei, eg er ein normalvektig mann på 37 år. Primært går eg mest i skogen i Oslo-områdene heile året av og til med lett sekk, men primært med relativt stor sekk for overnatting. Eg ønskjer å kunne gå på sti og utanfor sti i tørt såvel som vått vær. Dei siste seks årene har eg hatt Crispi Skarven som eg har vore veldig nøgd med. Dei er litt store, tunge og stive, men har fungert utmerket med tanke på å vere vanntette og å halde meg varme. No er desse hos mine foreldre, så eg treng eit eller to par fjellsko til som eg kan ha der eg bur i Oslo. Eg kunne tenkt meg eit eller to par fjellsko til. Dei skal aldri brukast med noko form for stegjern, og eg driv ikke med fjellklatring. Viktige områder for meg er komfort, varme og vanntetthet. I tillegg kunne eg kanskje tenkt meg eit par fjellsko med eit litt elegant design og innslag av raudt og orange Det er også eit stort pluss om dei varer eit par år. Har dykk nokon forslag ? På førehand takk. Mvh Anders
  4. Hei. Eg har då kjøpt meg eit nytt telt. Som ordtaket seier, alle gode ting er seks. Mitt nyaste telt er Six Moons design, lunar solo. Dette teltet har ein ventil som er forma med ei plaststang (som er bøyelig). Plaststangen er i ein bue. Eg trur ikke dette er det mest solide teltet i verda så eg lurte berre på om folk har nokon råd eller tips til korleis ein best mogleg skal pakke dette teltet ? Det eg prøver å unngå er at det går hull i teltduken. Er det best å rulle eller å stappe teltet og kor bør ein eventuelt plassere ventilen når ein pakker det i posen ? Takk for alle svar. Anders
  5. Det er bra. Då kan eg kanskje spare 8 kilo på neste fjelltur Det er bra
  6. Eg og mi syster var på overnattingstur på Gaupkollen for nokre veker sidan. Eg endte opp med å bære 8 liter vann. Dette var litt overkill og det var tungt å måtte gå eit par timer i oppoverbakke med ein såpass tung sekk. Så til spørsmålet. På Gaupkollen var det mykje snø. Eg lurte litt på korleis det ville vere å smelte snøen, og så putte noko kull eller bruke filter eller noko i den duren slik at eg kunne drikke vannet utan å måtte vente i tjue minutter på koking ? Kva gjer andre folk når dykk skal på tur og ikkje vil bære med dykk altfor mykje vann ? Anders
  7. Det er viktig å ikkje gløyme Hilleberg Saitaris. Tungt og veldig solid. Og ikkje minst ein særdeles vakkert telt.
  8. Eg ser det finst ein del ekstremt dyre kniver ute på markedet, og også ein del kikkerter som koster ein liten månedslønn. Finst det folk som liker å pusle med dette når dei er på tur ?
  9. Hei, eg lurte litt på kva folk gjer når dei er på tur, dvs etter at du har kome fram til campen. Eg tenkte at eg kunne starte med meg sjølv. Eg liker å bruke tid på å sanke brenne til eit bål. Kutte opp trær som har falt ned, bære dei og hugge dei opp med ein øks. Elles liker eg å koke kaffe og te i eit svært roleg tempo. Ein viktig del av det å gå tur at det er ein låg stimuli-aktivitet og at ting går så sakte. Det er nesten som om dette gir meg ein større ro, det faktum at ting gjerast på ein ineffektiv måte. Stirre inn i flammene på eit bål, eller inn i flammene fra eit kokeapparat med rødsprit. Bade. Eg kan bade året rundt, men på tur bader eg berre om sommeren og våren. Eg må innrømme at eg ofte bruker tid på å surfe på nett, men dette er ein uting som eg ønskjer å redusere. ** I det siste har eg tenkt på sopplukking og det å ta med seg ein kikkert. Korleis er det dykk andre bruker tida dykkar i campen ?
  10. Eiga kaffekvern til tur :) Eg må berre innrømme at her slår du meg når det gjeld glamping.
  11. Du får jobbe litt meir med rettferdiggjørelsen så kan du fort få deg nytt telt.
  12. Mange snakker vakkert om telt fra Zpack og fra Tarptent. Dette er jo veldig lette telt, men dessverre også ganske dyre telt. Eg har sannsynlegvis råd til å kjøpe nok eit dyrt telt, men samtidig så er dei slags moral eller skamfølelse inne i meg som seier: Enda eit telt...hallo ! Samtidig ønskjer eg ikke å leve for spartansk heller. Ett kompromiss blir nok å kjøpe eit Lunar Solo. Men eg trur eg bør ha kjøpestopp ei veke til. ** Det hadde vore artig viss nokon på Luksusfellen endte der fordi dei hadde kjøpt for mange telt.
  13. Då føler eg at det er legitimt for meg også å oppdatere min teltliste: Hilleberg Akto Hilleberg Unna Hilleberg Staika Hilleberg Keron 4 GT Hilleberg Saitaris Eg har også kjøpt meg ein stor og rimeleg tarp. Eit problem eg har er at det er vanskeleg å forklare folk kva eg skal med to firemannstelt ? Hm. Mitt svar er at dei begge to er unike og vakre telt på sin eigen måte. Eg vurderer å kjøpe meg eit lett eindukstelt i tilfelle eg vil gå lange turer i Nordmarka. Hilleberg har ingen telt på under eit kilo så då må eg nok kjøpe telt ifrå nokon andre produsenter. Eg vurder Lunar solo
  14. Som nemnt i ein annan tråd har eg kjøpt meg helsport ekstrem duk og jerven original duk. I tillegg har eg kjøpt egg-beholder. Alle desse kjøpa er rett i min gate ettersom det kan auke henholdsvis matreportoaret på tur (egg) og komforten. Vektvennleg er det dog ikkje. Tøffere folk enn meg biter sannsynlegvis berre kulden i seg eller går i seng så snart sola forsvinn. Men no etterkvart som livets vår ikkje lenger er med meg, fortoner glamping og luksus seg som meir og meir forlokkande.
  15. Så kjøpte eg meg Helsport extreme og jerven classic. På overnattingstur til Tryvann i helga tok eg med meg min Helsport extreme. I nedpakket form er den like stor som ein sommersovepose. Den fungerte veldig godt på. Ein holder godt varmet og den er behagelig å ha på. Eg sov også med den oppå soveposen og det blei ingen kondensproblemer. Det må seiast at det er litt tungvint å flytte seg med den. Sjølv med mine 189 er det lett at kanten subber nedi bakken. Eg må difor halde på duken når eg beveger meg litt som ein holder eit for langt skjørt. Dette er definitivt eit klokt kjøp for turer der fokuset på vekt ikke er det viktigaste. Etterkvart som vinteren gir seg til kjenne i større og større grad vil ein slik duk berre føles meir og meir uunnværlig for min del, trur eg. Og berre så det er sagt: Den er ikke "ekstrem". Den er varm, men du svetter absolutt ikkje i den. Ein kunne heller kalla den "komfort" eller black label fjellduk. Så så langt er eg svært nøgd Takk for alle svar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.