Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 435
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Var i området for nokre veker sidan. I den grad ein snakkar skred er det ofte skavl og vindtransportert snø ein snakkar om. Studer dog kartet for evt utløpsområder i "din" trasé. Den siste konkrete vurdering må dog skje der og då. Kan være vanskelig å vurdere skavlar osv uten sikt. Når eg var der, var vatnet ikkje stikka, då raude kross meinte at vatnet ikkje var 100% trygt.
  2. Sist eg var i Rondane gadd eg ikkje drasse med meg Jan Mayen posen og det tjukkeste underlaget. Tok i staden ein tresesongs dunpose rata ned til -7 for kvinner samt ein tynn syntetsommerpose med comfort 10 utanpå. Låg på mi datters Exped downlite 5, dog med matcover utanpå. Dette holdt fint. 20 minus var kaldeste natta. Bredde over meg hunteren, men det blei for varmt. Låg åleine i teltet, på i posen hadde eg nettingull, knevarmerar (mykje varmetap frå knehasane) fotposar og lue. Ekstra jakke under rompa.
  3. Kjøre til Voss, tog til Finse, gå til Haukeliseter, buss til Voss.
  4. Å insinuere eller rett og slett påstå at ein mistenkjer folk for å ta stilling til eit så viktig spm på bakgrunn av partipolitikk og ikkje pga prosjektet i seg sjølv er for dumt. For meg er det knekkande likegyldig kva parti som fremjar denne politikken. Saken er klar, og det meste av annerkjent teori innan forvaltning/organisasjonsteori for det offentlege osv, har i seg spm kring str på den lokale autonomi innanfor ulike forvaltningsområder, og problematiserar nettopp temaet "viktige spm med store konsekvensar for samfunnet som heilskap, i hendene på einskildkommunane". Nuf Said i think.
  5. Led Lenser sin nye serie, SEO. Om du slår på raudt lys der er det raudt lys neste gong du skår den på att, om det var det du meinte? Sent from my HTC One S using Tapatalk
  6. Kan Voile 3 pin være aktuell eller er den for pinglette? Den appelerar til meg ved at den så enkelt kan konverterast til berre tåbinding Sent from my HTC One S using Tapatalk
  7. Har både stivt drag frå Fjellpulken og taudrag, vekslar mellom desse alt etter kva rype terreng som dominerar området. Kan eg unngå "tvangstrøya" stivt drag utgjer er eg glad for det. Ein får etterkvart på plass teknikken med å kjøre med pulken på leggen når ein har taudrag. Då kan ein forsere det meste av utforbakkar, faktisk er tau betre enn stivt når det er verkeleg bratt, då eg kan dra pulken fram til leggen på fjellsida, og slik hindre velt. Elles er det jo enklare med tau å berre drage pulken fram mellom beina og sette seg på den. Og off we go, med eit digert akebrett. Skia plogar og held kontroll Sent from my HTC One S using Tapatalk
  8. Provoserande sak. Kvinna som skadde seg er ei god venninde av meg. Ho er ei Røynd og fornuftig dame på alle vis, som rett og slett var uheldig. Når eg so samanliknar omtalen dette fekk, kontra omtalen av ein fyr som skadde seg i ei skredulykke i heimkommunen min i forrige veke, så er biletet komplett for min del. Og problemet er vel ikkje begrepet jente, men måten heile saka er omtala på. Fydda.
  9. Etter mitt begrep er saka noksaa enkel. Ein kan tale kor pent ein vil om tillit til kommunane og menneskja som skal forvalte ordninga. Men det er ein grunn til at me i dette landet har tradisjon for aa difrensiere den lokale autonomien mellom dei ulike forvaltnings/politiske omraader. Dei viktigaste oppgavene er langt strengare regulert enn mindre "viktige" oppgaaver. Kvifor? Fordi politikk er politikk. Ressursane er knappe. Og eit kommunalt budsjett er eit kommunalt budsjett. Saa kan ein styre med rapportar og meiningar om foerehandsinntekne haldningar. Botnlinja er enkel. At the end of the day, er det dei faktiske tilhoeve som gir utslag. Ikkje onsketenkning.
  10. Reiser åleine på tur, både dagstur og overnatting. Har aldri vore redd, heilt til for nokre år sidan. Det var fyste gongen eg hadde med meg borna mine åleine, at engstelsen slo innover eit ikkje førebudd sinn. Plutseleg, etter at ungane hadde sovna trygt og låg småsnorkande ved sida mi, kom skumle tankar rasande gjennom hovudet. Tankar om at vi var i eit populært og traffikert fjellområde....dersom det kom eit psykomenschen, kva kunne eg då stille opp med ved sida av ungane mine osv.... Enda opp med at eg krabba ut i forteltet og henta kniven min, og la han under hovudet.....stakkars den jækel som hadde komt den natta, og kanskje trengt mi hjelp. Han/ho hadde vorte knivstukken utan spørsmål først Har flira mykje av dette i ettertid. Kom også etterkvart på at eg i byrjinga rett etter eg fekk born plutseleg vart engesteleg om eg var åleine i fjøsen og ei kvige var vel livleg, eller i stallen med ein "våryr" hest. Skjønar sjølvsagt no at det handlar om beskyttelsesinstinkt. Så lenge det var berre meg var det aldri noko sak. Med kids vart alt annaleis. Heldigvis kom det ingen hjelpetrengande den natta i teltet. Og det har vorte fleire turar sidan, som einaste vaksne, med og utan born. Og det går bra. Men at eg er meir forsiktig enn før? Ja. Blandt anna annonserar eg aldri i sosiale medier kvar eg skal på tur, dersom eg reiser åleine, eller åleine med born.
  11. Litt stivt statisk strømpetau/prusiktau har laga fine stive forlengingar på glidelåsdragerane på min jervenduk og på eine dunjakka mi. På Coop sel dei forøvrig slike 5 pakningar med store glidelåsdrag for typ 40 kr ( 3 pk MSR kostar 110).
  12. Syns diskusjonen/temaet er av interesse, men likar ikkje tendensane i både denne tråden, og nokre andre trådar, der undertonen gjeng ut på å ha ei formeining om verdien på andre mennesker sitt friluftsliv opp mot sitt eige. For meg forsvinn då diverre bodskapen, og ein potensielt god diskusjon.
  13. Einig. Nettopp kva dette utsett andre for er det eg finn problematisk også, anten det er den eine eller den andre, redningsmannskaper eller familie eller aktører i bransjen. På ei anna side har dette overføringsverdi til andre situasjonar. Mi bestemor synes omtrent det same om skitur på Svalbard som eg tenkjer om Everest. Ho fortrenger turar eg skal på, og vert heller aggressiv om det vert snakk om det. At eg vel å utsette meg sjølv for dei farene ein skitur i Arktis kan by på, når eg er mor, er for henne ubegripelig. Og strengt teke, har ho vel noko rett. Sent from my C6903 using Tapatalk
  14. Eit tema som aldri taper relevans eller sluttar og skape engasjement Eg har nokre gonger lest Jarle Traa si "Livet i fjella" og John Krakauer si "Into thin air". Vert ein eigentleg ikkje så mykje klokare, berre meir fascinert og med fleire spørsmål. Eg for min del er nær å ha blitt traumatisert berre av å sjå filmen "Touching the void". Låta "Brown girl in the ring" har definitivt tapt sin sjarm, og eg har sjeldan følt meg så uvel av noko på Tv eller ein film, med unntak av nyheitene. Likevel kan eg forstå kvifor folk får dragninga, og besettelsen. Og dømmer dei ikkje, I alle fall ikkje for at dei vel å utsette seg sjølv for fare. Eg synest vel eigentleg at det at enkeltmenneske kan døy, er det spm som skaper minst konflikt i meg knytt til "Høge fjell" turisme.
  15. Eg har fotposar. Genialt. Lillemann kan vel bruke dunisar så lenge han sitt i meisa? Elles meinar eg at både Smartwool og Aclima er kanon, men då med noko meir under. Brukar Smartwool på dei kaldeste turane, utanpå dampsperre og liner. Forøvrig Utruleg kor mykje varmere ein held seg på føttene med dampsperre. Men det krev stell av føttene. Mest aktuelt på kalde vinterturar kanskje? I alle fall for meg. Lukke til med "klemminga" Sent from my C6903 using Tapatalk
  16. Ullfrottè. Er godt nøgd med både Smartwool, Aclima og Ulvang sine tjukkaste, men det er vesentleg å tenkje over om du er plaga med gnag. Er du det, synes eg at Aclima og Smartwool sine utgår, då dei ikkje sitt like godt på foten. Ulvang sin tjukkaste sitt som eit skudd på min fot, og er den einaste eg brukar utan liner under. Eg er i utg pkt ikkje plaga av gnag.
  17. Ja vi hadde hytta for oss sjølve. Skiføret var greit ved ankomst, snø i dalen og avblåst på toppane og rabbane, som ein kan vente seg denne tida på året. Labba rundt litt inni dalen der, og det var ok, om enn noko vindherja (1 meter fokk enkelte stader, og bert på dei konvekse formasjonane i terrenget) Mildvær og full storm dei dagane me var der gjorde imidlertid sitt med føret, og når me skulle nedatt var det rimelig glassert skare som gjaldt, og større områder fri for snø. Betre i skogen. Er nok ei stund til det store skiføret er på plass
  18. Vel heime frå julefering på Dindalshytta, var det berre å bytte ut skine med sydvest. Turen gjekk til eit lite vatn eg brukar å herje rundt, der er det flott å sykle, trekke dekk, buldre, springe osv. Stor var overraskinga når vegen brått enda i eit jordras. Eg veit ikkje kor langt det var, men losningspunkt var langt oppe under toppane i denne dalen, så det var adskillige høgdemeter. Det var mellom 30-40 m breidt, og hadde danna eit heilt nytt delta ut i vatnet. Det som fascinerte mest var djupna på det, og massene det hadde lagt att på sidene. Eg måtte først gå OVER kanten på sida, før eg kunne gå ned i sjølve skredbanen, som låg mange meter under høgda for den opprinnelege vegen. Det har vore nokre krefter i sving. Resten av dalen såg ut som eit krigsområde, med graner knekte som fyrstikker, og rotvelter overalt. På motsett side av vatnet hadde det gått eit ras til, noko mindre, men like øydeleggande. Lurer på om dei i det heile vil få skikk på den vegen att, det vert i alle fall ikkje første sommaren. Skulle ha lagt ved bileter av den eine skredbanen, men dei ligg på mobil, og der får eg ikkje til å legge ved bilder, får beskjed om at den funksjonen er disabled av administrator.
  19. Ynskjer dykk godt vær, godt hell, gode snøtilhøve, og håper de får ein fin tur Vi er nokre jenter som reiser opp i Mai, men for en kortare tur, eit par veker skal me kose oss der oppe. Eg gledar meg stort! Og medan eg ventar på avreise, kan eg glede meg over dykkar reise, og fylje med på den. Bra
  20. Dette er to av dei mor mi sel. Det er min onkel som er fotograf Dei tre andre motiva er også veldig fine. Dei vert selde over nett. Søkjer ein på Kjell Ivar Øye finn ein meir av det flotte arbeidet han gjer
  21. Eg fekk heldigvis forbruksvarer, og lite "husefyll". Med unntak av ein ting: Min Onkel er natutfotograf, av sorten super-dyktig og konkurransevinnande. Mor mi som driv med handarbeid og interiør har etter ei avstemning blandt sine kundar velt ut fem av dei flotte dyremotiva han har teke, og fått dei printa på pynteputer for salg. Eg har venta spent, vil dei bli puter av typen ein finn på Kid og Princess? I needed not worry . Dei vart superflotte, faktisk med motivet/fotoet godt inntakt. Eg vart til jul den heldige mottakar (etter openlys hinting) av ei pute med bilete frå Skjåkfjella i haustlege Reinheimen, av eit reinsdyr i snøbyge. Så no har eg eit stykke Reinheim inne i stova mi til ei kvar tid, stappa med deilig dun, så ettermiddagsluren er sikra båe comfort og estetikk Skulle gjerne ha lagt ved ein link til desse flotte putene, og bileta til onkelen min, men er usikker på om dette er lov (snikreklame?)
  22. Kos deg Sent from my C6903 using Tapatalk
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.