Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Er no berre å legge att det du ikkje treng heime, så får du plass til pumpa/bålposen/brenneren eller noko anna du likevel må ha med Eg har ikkje erfaring med desse så kan ikkje seie noko om dei, har stort sett nytta meg av Kovea og Primus Litech
  2. Og sist eg ringte NSB for å gjere det, fekk eg kjeft for at eg ikkje berre hadde bestilt sykkel i same rennet som eg bestilte billett. Neste gong skal eg ha med skjermdump (typisk å ikkje ha tid til akkedering på perrong, og vel komt i toget kjem og går dekninga) så eg slepp samme spetakkel som eg Igjen hadde frå Voss til Finse i februar
  3. Om du sender meg ein Pm kan eg tipse deg om forskjellig. Eg bur i Ørsta
  4. Hei Har observert at det med jamne mellomrom dukkar opp førespurnader om kokewilly, og at det generelt er ein del nysgjerrigheit kring den kokeløysinga, men lite info og bileter å finne. Mange linkar som tidlegare kunne hjelpe på, er utgått. Eg har no fått ein slik ein i fanget nærast av seg sjølv, og tenkjer at dersom det skulle vere noko interesse for det kan eg legge ut bileter til hjelp for DIYfolket.
  5. Tørke sjølv er noko me har gjort ein del av, spes når ein familie på 6 skal på tur er det eit økonomisk godt alternativ ( i tillegg har mamsen eit anstrengt forhold til dry-tech). Dette miksar og triksar me som anten "heil-heimelaga" måltid, eller nyttar saman med ymse andre baser, som i Bjarne sitt innlegg over her. Nokre posar med Toro og heimetørka kjøtt er bra. Potetmos med spekepølse, potetgull eller anna krydder i er godt. Suppe med potetmos i. Ser at du er oppteken av vekt, men greier ikkje dy meg for å legge til ; Når eg skal på kortare fotturar, eller har pulk, lagar me "heimelaga" fjordland. Det vil seie at me lagar oss vanlege middagar, og vakumpakkar dei. Puttar heile posen i kjelen for varming, og når det kjem i spisebollen er det eit komplett måltid frå ein pose. Praktisk. Posen skyller eg og brettar ned i ein tom ziplockpose (etter dagens nøtteblanding til dømes), tek med heim, vaskar og brukar på nytt.
  6. Lanulva har flotte plagg som veg lite sett i forhold til varmen. Elles har eg ei kofte frå island som veg lite mtp tjukkelse og varme. Det meste av alpakkaull er også relativt lett og pakkbart for å vere ull. Samd i at ei god syntetjakke ofte er lettare og meir pakkbar....men om ein er litt bevisst når ein handlar ull kan ein finne produkt der forskjela ikkje er så enorm. I tillegg kan ein ha betre samvit mtp miljø, og det er jo desidert høgre kosefaktor i ein tjukkegenser. Mine godt brukte Arcteryx atom lightjakker kan i alle fall ikkje måle seg med tjukkegenseren i "feel`good"
  7. Det kjem jo nett an på typetur ein skal, men bjørnebrød, nøtter, sjokolade, marsipan og the on the go. For "skikkeleg" lunsj; energibrød med ost (ferdig smurt enkeltvis, og pakka, slik at du enkelt kan legge dei på innerlomma ein stund før du skal ete). Supper på suppethermos som du har laga til på morgonen, tilsett potetmos ved lunsjtider, evt ein dert krønsja potetgull. Spekeskinke. Gode feite ostar. Grove polarbrød med dansk kvitost og feitt kjøttpålegg. Har oppskrift på energibrøda om du vil ha. Proppa av go`saker og enkle å lage. Grove, med nøtter og tørka frukt i. Skikkeleg snadder med meiermismør, kvitost og pepper, eller brunost.
  8. Samd, dei "unormale" spora er nok ein hare i fullt firsprang
  9. Hummmm....kva med ymse mosar utan mjølk, ispedd ymse go`saker? Sjølv har me fått ei særskilt begistring for søtpotetmos eller rotmos med ymse potetgullsortar knust og "strødd" over.
  10. Då skal eg jammen skunde meg å få unna ei treningsøkt så eg får med meg denne!
  11. Grovare gryn, med godt med melkepulver og ein dert salt, Gojibær og eit lett strø av sukker og tyrkisk eplethe-pulver.
  12. Eg tenkjer at den kan verte i kortast laget? Eg er 167 og har regular. Føler eg må ha litt rom, så eg slepp at føtene pressar mot fotenden på posen. Elles er den nokså romsleg på fasongen, så med mindre du er xl som min sambuar, trur eg du greier deg med std, men det er jo litt ulikt kor mykje plassbehov ein har.
  13. Hehe. Sist me hadde 7 mnd med vinter var eg så lukkeleg eg visst ikkje kvar eg skulle gjere av meg. Like stas med ski i juni som i februar Men det skal seiast at eg ikkje har den heilt store fiskemanien. Dog brukar eg synes det er stas når klatrefelta tørkar opp, vårsola varmar berget, utsikta i veggen går i blå fjord, grøne lier og kvite toppar, og fregnene kjem sprettande. Så for all del. Vår er jaggu fint det og
  14. Kanskje me sku skifta bupel ei stund Eg for min del kan ikkje forstå at ein lengtar etter at vinteren skal sleppe tak i byrjinga av april. SJølv sitt eg i full vårbløming og tviheld på stilongsen, og forbannar den korte vinteren
  15. Kjem an på kor lenge eg skal vere borte sjølvsagt. Skall stort sett, i varierande tjukkelse/vektlklasse. Gidd sjeldan dra med meg fleire alternativ. Er det så greit vær at skalljakka ryk av, kan eg ofte greie med utan vindtett, så lenge eg kler hals, øyrer og pulspunkt. Så det skal mykje til før eg dreg med meg ei vindjakke. Til hausten skal eg på tur i 4 veker. Vindjakke er eit av dei plagga det står spørjeteikn ved fordi eg er usikker på om eg gidd prioritere den.
  16. Det finnes oljebukse med glidelås i sida. Ålesund oljeklefabrikk har ei slik bukse.
  17. Greit med ein slik mellomting. Eg brukte min 600 i forrige helg, og det var perfekt
  18. Eg trur det er noko optimistisk med så sein skitur, med unntav avi breområda. Dog veit eg at til dømes Tafjordfjella har meir snø enn jotunheimen sør/aust og Rondane, så kanskje er det verdt å fylje med på utviklinga der.
  19. Denne har eg ikkje sett før no Håpte på det skulle vere meg medmagerutene unde rnettingen øvst der, men pokker om det var
  20. Myrtel synes eg er eit fantastisk navn og er det ikkje ei Myrtel i Blåfjell? Elles er det som Kjell Iver seier; ofte kan oppfattelsen endre seg når barnet kjem. Slik var det med sistemann her.
  21. Den skia er så lettstyrt og grei uansett, at eg ville ikkje bekymra meg for at 175 blei for langt i alle fall. Det kan også være greit med litt meir bæreflate i snøen enn ein får med ski som er 8 cm lenger enn seg, men det er no mine tankar. Sjølv er eg dame på 167 med Nansen (herremodell av samme ski) i 185...
  22. Ok. Veit at folk har fått nye ski på det som kan høres ut som samme grunnlag som du, så kanskje greit å melde frå til Åsnes?
  23. Piriformis er jo noko skikkeleg herk å slite med, og har nok forårsaka mang ein knevondt....Pigeon pose hjelp også på den
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.