-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Hvilken komfortforttemperatur til vintersovepose?
Tessatroll svarte på Åshild Setvik sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har du vurdert to-posesystem? Dersom du har plass i den soveposen du har, til ein dunpose inni, er dette ofte ei god løysing. Då har du fleksibilitet, pakkbarheit og nok varme utan å ruinere deg. Prøv til dømes ein WP viking 600. Denne i kombinasjon med ein sommarpose i syntet, med comfort 16 grad er pluss, held meg varm til tjuge minus. Det er også mindre sårbart for fukt, syntetposen ytterst tek fukt utan frå, to poser flyttar kondenseringspunkt utover, og du vil i mange tilfeller ha ein tørr og komfortabel dunpose heile turen til endes. Hugs også ok underlag -
Ein kaldare glider vil ikkje mette solen like godt som gul glider med silikon.
-
Hanefot på Fjellpulken standardsele: Hol etter friksjon
Tessatroll publiserte et emne i Bære- og fraktsystemer
Ein liten heads up til dei som har selen sin satt opp med ein hanefot. Greit å flytte knuten lenger ut på bukta enn eg har gjort, evt sette på ei krympestrømpe eller noko tape. Dette er resultatet av å ikkje gjere det. Eigentleg grunnleggande tau/friksjonslære. Selen er på ingen måte svekka, så eg klistrar på noko gaffa og flyttar knuten, men tenkte eg kunne dele mi vesle erfaring her. Selen har vore godt brukt med denne hanefoten i fem år, så det har for all del gått over tid.-
- 2
-
-
- fjellpulken
- standardsele
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
sovepose Sovepose vinter, riktig lengde til 17-årig jente
Tessatroll svarte på ahh777 sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
180 til jentungen. Ho vil få mykje luft å varme opp i ein 200 lengdemssig kan du brette den, men i breidda er det verre -
Dette teltet såg veldig bra ut! Og hvilken fin pris
- 7 svar
-
- 1
-
-
Ok. Eg har både Amundsen og Nansen. Eg tenkjer at Amundsen kan kreve litt trøkk av beina, noko som gjerne krev litt skiteknikk. Det er ikkje nødvendigvis nok berre med litt tyngde, då det handlar om på kva stad smørelomma sist "flatar ut“. Så dersom valget står mellom dei to, ville eg gått for Liv, som skal vere hakket mjukare og av dette meir manøvrerbar. Elles kan det jo være ein ide å sjå på nokre av Fischer sine ski?
- 3 svar
-
- 1
-
-
Denne var super! No har eg all misvisning for haustens langtur.
- 23 svar
-
- 1
-
-
Nei. I ein grad er det seksti grademinutt. Så 46 grademinutt vil vere omlag 0,76 grad
- 23 svar
-
- 1
-
-
Er ho ok trent og korleis er skiteknikken?
-
Nei eg har ingen kjennskap til ventilasjon i teltet ser ut som det er vanleg høg og låg ventil i endane ut frå bilete? Teltet er verkeleg bra med omsyn til vekt og storleik, eit komfortabelt telt for få kg. Men eg ville ikkje tenkt at eg skulle bruke det vinterstid i eksponert terreng. I skogen ville eg ikkje stussa. Om det dei eigentleg meinar i teksten over er "Finse vinterstid og Svalbard og Alaska i barmarksesong" kan eg forstå det. På Finse har du retrettmoglegheiter. Testinga på Svalbard kan sjølsagt ha vore gjort av fleire, men tipper det kanskje var ho som eg reiste saman med. Ho hadde det til testing under ein tolvdagers fottur på Prins Karls Forland der.
- 110 svar
-
- 4
-
-
Ingen motsetnad er slik eg ser det, kanskje heller tvert om!
-
Frisport Yaranga light på vinterstid på Finse og Svalbard? Hm.... Eg har sansen for Yarangaen, men utfra mi kjennskap til teltet (begrensa til å hjelpe turkamerat med oppsett og vekking av neste isbjørnvakt) er eg usikker på om eg ville gått for det vinterstid i eksponerte områder
-
Sekk barn 9-10 år? Erfaring med Helsport Geiranger?
Tessatroll svarte på ninana sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Foxen ragar ikkje over hovudet normalt sett, men det spørs jo kor langt inn han er justert. På innerste stille blir han høgre. Dumt spm men; har du sett etter om toppstrammarane er for stramme? Det trekk øvre del av sekken veldig inn mot kroppen, noko som kan vere ubehageleg om han i tillegg er litt høg. -
Kjøpte eit til bonusdotter når ho ønska seg eget telt. Som gave til tiåring med uviss bruksmengde, var me måtehaldne med pris. Me har vore særs nøgde med teltet, og brukar det innimellom sjølve når det stettar behova våre best. Treng bra bardunering i bakkant for å få ok avstand mellom inner og yttertelt. Dette er eit tunneltelt.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Må legge til at om det hadde vore opp til meg hadde Åsnes droppa den fjollete kvite solen på nye Nansen.... Dei få solstrålane ein innimellom greide fange med svart skisolar, og slik få hjelp til å legge harde festevoksar skikkeleg, går ein glipp av med den kvite solen.... Håplaus å varme opp. Den har dog betre struktur enn den gamle svarte iflg kjennerar. Solemessig kan vel Åsnes uansett ikkje konkurrere med Fischer.
-
Samd i at nye e99 kan vere spennende, om den er veldig forskjellig frå den gamle (som forsovidt var bra men veldig gåretta). Åsnes har fått orden på feila på Nansen så vidt meg bekjent. Først var det stålkantane, på same stad for mange par. Dei som opplevde det fekk nye utan diskusjoner. Så fekk dei noko trøbbel med delaminering/sprekk etter dei flytta produksjonen. Dette har dei også skulle fått orden på. Eg var særs skeptisk når eg måtte få mitt tredje par, men gav det ein sjanse til fordi eg synes spesifinasjonane er så bra. Eg er skikkelig glad i den skia, og var skikkelig irritert når dei sleit med kvaliteten. No ser det imidlertid ut som eg har fått ski som held, og forhandlerar rapporterar om at det er dei gamle problemseriane som kjem inn døra att. Om noko dog skulle skje, har eg opplevd Åsnes som særs imøtekomande, og klar over svakheiter i eigen produksjon på nokre seriar.
-
Prøv skjørt av type tennisskjørt eller løpeskjørt. Har ofte kort tights innerst og skjørt utanpå. Meina også at Fjellreven har komt med noko greier?
-
Eg synes Nansen er ei suveren allroundski. Eg har gått på eldre modellar av Fischer e99, e109, og har no Amundsen og Nansen. Av alle desse ville eg definitivt valgt Nansen om eg berre skulle få stå att med eit par. Grei bortover, grei nedover og suverene i rusketerreng. Manøvrerbare og "føreseielege". Trygge ski utan å bli dønn kjedelige. Eg ville kjøpt dei med ein BCbinding til den bruk du skisserar, og tverrstive skistøvlar, som til dømes Crispi Stetind eller liknande.
-
Elles er jo ei teltnatt på Utakleiv flott. Mykje folk, men flott.
-
Eg ville vitja vestlege delar av Lofoten. Desse er flottast. Men diverre også dei mest vitja, og kaotiske midtsommars. Kva tid reiser du? Er det i Juli vil eg tru at ein kvar tur som er lenger enn "turistrekkevidde" er bra. Er nokre slike mellom anna i området Moskenes.
-
Eg har brukt Warmpiecen ned i "manne"temperatur, og det har funka fint. Legg eg til ei varmeflaske held den endå litt kaldare. Kva gjeld frysing er eg særs usikker på koplinga til feittmengder. Sjølv har eg gjennom åra variert i vekt knytt til det å få barn, skifte jobb, ha hektiske periodar eller mindre hektiske periodar, mengde trening og type trening....det som er SOLEKLART hjå meg er at det er ein samanheng mellom muskelmasse og frysing. Eg kan altså ligge i nedre delar av vektskalane min, og fryse lite, då låg vekt ofte er samanhengande med nok bevegelse, og ein type trening som gjer at eg har bra muskelvolum. Eg kan ligge høgare i vekt, med høgre feittprosent, og fryse meir enn elles, dersom grunnen til min auka feittprosent er lågare aktivitetsnivå. Ein av grunnane til at kvinner ofte frys lettare enn menn, er jo at me har ei større overflate/areal å tape varme frå, relativt til muskevolum, enn menn. Difor er auke i muskelvolum ein god måte å redusere frysing på, meir enn å legge seg opp feittreservar. Er lite blodårar i feitt Me er tross alt ikkje inuittar, som gjennom langs tids nesten-evolusjonære prosessar har utvikla særigene feittlagringsløysingar, tilpassa omgjevnadane. Vil tru at delar av samme prinsipp gjeld for menn? Eller kanskje er det vanlegare for menn å ha BÅDE bra muskelvolum og feitt på kroppen på same tid? Det er klart at litt feittreservar gir ein ekstra energireservar til varmeproduksjon ved vedvarande eksponering for kulde, men det vert noko anna enn "feitt som isolasjon" igjen, trur eg.
-
Det kjem an på kor stor du er sjølvsagt, men for meg er M rikeleg. Eg er 167 cm og normalt brei.
-
Satsar på den siste eg og, dog er det 7 kg. Kontorflesk 😂
- 40 svar
-
- 1
-
-
Nei 50 er 1,5 kg. Men eg er framleis lost, haha. Men ligg som regel på 10-13 kg når eg nyttar den på overnattingstur for ei helg i fjellet, så kunne kanskje ikkje hatt så mykje lettere sekk, då hadde den blitt vond ville eg tru?
- 40 svar
-
- 1
-