Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 014
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Skal prøve denne, men lage dei som små flate sjokolader istadefor, enklare å ha med på tur då.
  2. Hm, fann dette: http://www.campsaver.com/copper-spur-ul-4-tent-4-person-3-season#tabshere litt dyrt men lett.
  3. Tja, kanskje i enkelte klimasoner i norge men her vestpå får du kondens på innsida av ytterduk stort sett heile året. Med høg luftfuktighet så er dette ikkje til å unngå. Sjølv på varme sommarnetter skjer dette med mindre det bles ganske friskt. Du kan justera dette litt med å ha god lufting men er då avhengig av ein viss trekk. Har ein del teltyper og teltdøger bak meg men kondens det blir det stort sett.
  4. Legg spm i denne tråden her: - er det ok plass i fortelt til fyring med primus? - står 1-2 personer. Er det plass til 1 vaksen og ein unge under 10?
  5. Har shangrila 3, som er eit supert telt for to men med lite fortelt. Har brukt det i litt vind (sterk bris) og det fungerar bra. Skal i løpet av hausten ta det opp i høgda med mitt duomid når stormane kjem og sjå korleis det oppførar seg. Skal ta bilete/film og leggja ut her.
  6. Ikkje dumt telt der, god utnytting av plass men kanskje litt lite fortelt tenkte eg når eg såg på det. Treng litt plass til bagasje til 4 stk men var veldig lett...pose og sekk...
  7. Sende melding på facebook (har ikkje epostadr) og spurde om dei sendte til europa, fekk dette svaret: "Hello- We do not, but we do have distributors in Germany that will ship around Europe. The companies are called Greenline and Trekking Lite"
  8. Nei, her er det fjell og skog i familievenleg vèr, og kanskje ei og anna natt i hagen.
  9. Det var dagens gode nyhet! Synd dei ikkje gjekk vidare med golitenamnet sitt men så lenge produkta er det same så skal er det full akklamasjon frå meg
  10. og med lett under 4 kg tenker eg. Plass til to vaksne og to born. Hadde ein plan om å kjøpe golite shangrila 5 men dei gjekk desverre konk. Har sett på nokre alternativ: - BD mega light tent litt lite ?? - WickiUp 4 290x290 cm. - MLD supermid 265x265 cm - Bear paw wilderness Luna 6, 300x300 cm. Nokon som har erfaring med ein av desse? Evt andre liknande modellar som bør vurderast?
  11. Reagerar sterkt på at dei openbart var usminka i lofoten, typisk nybegynnarar å dra friluftsfolkryktet ned i søla.
  12. Steikeomn fungerar fint til tørking men eg har aldri prøvd tørkemaskin. Skal visstnok vera betre og gå raskare. Søk på forumet her, står mykje om tørking av mat.
  13. Hei, vurderar ein ny mellomlagsjakke. Vurderar dun men som vestlending så er eg skeptisk til dun siden den visstnok ikke skal vera ok å bruke i fuktig klima. Er det nokon som har erfaring med å bruke tynne dunjakke som isolasjon i fuktig klima gjennom sommaren? Vil den kolapse eller miste isolasjonsegenskapane sine?
  14. Ekstra kleskift! Tur + vatn = veldig kjekt = kleskift! Sjølv på små turer. Og så er det utruleg kor lang små ungar vil gå på ein spennande sti og kor kort dei går på kjedeleg veg. Vi har med stor suksess laga "fiskestang" med ein kjepp og tau/snøre og ein pinne eller kongle i enden, kan halde på med dette i timesvis.
  15. Kinateltet har ikke plugger og barduner i vekt slik det ser ut så då tipper du nok 1 kg, men alikevel lett. Er ein del lette telt frå kina, sjekk f eks ut natur hike sine, ligg ein tråd her inne om dette. Har same type pyramidetelt og brukt det i 4 år, kjøpt frå bearpawd. Fungear fint til mine godversturar men ville ikkje tatt det md på vidda i dårelg ver. Ser at andrew skurka brukte likt telt til å krysse alaska med.
  16. Masse drikkevarn overalt, men ikkje drikk brevatn, dvs vatn som er siltig og grått. fin tur, du vil for det meste snakke engelsk på turen siden det er masse utlendingar som går den runden. Har aldri opplevd masse mygg her men det kan nok variera, mykje verre lenger aust på vidda. På vestsida gjer vegen seg sjølv, ikkje mykje rom for alternative ruter ut over t stien. På austsida av jøkelen så er dte fleire fine områder ein akn vandre i utanom stien. Ver vldig forsiktig med å vade breelver.
  17. Skal du på hardangervidda vest i 7-10 dager så går du ikkje rundt i våt bukse. Hallo hypotermi. Bukser tørkar dårleg i 4 + og vind og regn. Dersom du i tillegg har tenkt å fiske så pakkar du med ei billeg og heilt tett regnbukse som denne. Du tek med stilongs som du bruker under regnbukse ved låg aktivitet (som td fiske) og kan gå i våt turbukse ved høg aktivitet, dersom du meiner det vert for tett å gå i regnbukse. Det er som regel dette eg brukar ettersom eg er lei av å kjøpe dyre goretexbukser som held ein til to sesongar.
  18. Fiskekort på vidda er innfløkte greier, ein del er statsalmenning, noko er fjellstyre og noko er privat grunneigarstyre. Enklaste er å kjøpe på inatur, søk på hardangervidda eller eidfjord, ullendsvang eller liknande. Har aldri sett bokser på staden der oppe men det kan godt vera at det er det nokon stader, vidda er stor og med mange eigarar. Kvar du skal fiske får vera opp til deg, fisk og vatn er det over alt. Søk på forum her så får du litt tips. S og N for rv7 er det mange fiskevatn, likeeins N for Haukeliseter.
  19. Drikk vatnet, ingen problem. Tommelfingerregel er å ta frå rennande vatn men fjellvatn på vidda har eg drukke av i snart 40 år og aldri blitt uvel så det går fint. Så kos dåke med kaldt fjellvatn og nyt turen!
  20. Siden du har fiska i saltvatn så har du dette inne, det er ikkje noko forskjell egentlig på dette og fiske i ferskvatn. Gå til vatnet, hiv ut, sveiv inn. Nye kast og beveg deg slik at du dekker mest mogleg av vatnet. Dersom du set fast i botn, finn ein ny plass, litt botn høyrer med. Sveiv roleg inn, dersom dette ikkje funkar sveiv fort inn, dersom dette ikkje funkar sveiv sakte inn, dersom dette ikkje funkar sveiv raskt inn osv osv Det viktigaste rådet er fisk og fisk og fisk. Til meir du fiskar til betre vert du, læring gjennom praksis er alltid best!
  21. Flotte vaderer! Kva tex-stoff brukte du?
  22. 7stang vert i overkant stort og grovt til vanleg fjellfiske der snittvekt på fisk er godt under 1 kg. Gå for 4/5 stang. Dersom du har ein del sneller så ta av snøre på ei av dei lettaste og kjøp eit godt snøre med merking WF i klasse 5 (#5) - flytesnøre. Visst du ikkje vil leggja for mykje pengar i det så er det gode rimelege snører som f eks http://www.flue.no/categories/boc . Så kan du ta med begge stengene til fjells og finna ut kva som passar best sjølv.
  23. Eit alternativ s eg bruker på korte turer er min tlf samsung xcover 2170. Denne har fm radio med øyretlf som antenne og veldig bra lyd. På lange turer så vil eg ikkje bruke opp batteri så derfor tek eg med radio her.
  24. Mange ulike metoder. Eg har behandla med linolje+terpentin. Vanleg å bruke danish oil istadenfor linoljeblanding. Begge delar fungerar utmerket.
  25. Kjøpte min på Obs ein gong for 15 år siden, litt mindre enn ein liten samrttlf. Har tent meg lenge og fungerar framleis strålande. Med tanke på at FM-nettet snart desverre vert skrudd av er kanskje dette eit alternativ i same str som min radio: http://www.dinside.no/933060/dab-i-lomma-fungerer-det
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.