Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    957
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av josteink

  1. Narrativet i kronikken er at det er almenne friluftsinteresser opp mot private økonomiske interesser. Og i dette ligg det ein stor kjerne av sannhet. Problemet er at tiltaka slik dei er utforma råkar tilrettelegging for friluftsliv medan dei private interessene, det vil sei enorme resorts, hyttebygging og verdiskaping i randområda, ikkje vert råka i det heile. Lokalt skal det byggast store hytteområder som mater fotturister inn i villreinområda, men føreslegne tiltak råkar friluftsinteressene inne på vidda.
  2. har sett Lundhags sin sekk, den står på topp på lista når eksisterande sekk er heilt ubrukeleg.
  3. Ser bra ut den der. kvifor ikkje i Norge? Veldig tradisjonsbundet og eit til tider for stort fokus på at alt friluftsutstyr skal tole ALT, uansett kva ein skal bruke det til. I US så har dei jo ingen tradisjoner, alt må prøves
  4. Oppdaterte svaret mitt over. Kjem an på kor aktiv du er og kor kaldt det er. Dersom eg er veldig aktiv så koker hvertfall eg med stilongs og vattert ytterbukse. Men veldig god å ha på kalde dager i trekk eller med moderat aktivitet.
  5. Isolert skallbukse eller kun skall? Dersom det er isolert er eg fornøyd med Bergans oppdal. Ser Bergans sin outlet har bergans oppdal og stranda til under 2500. Er personlig nøgd med stormberg sine plagg men liker ikkje den glanse/glatte ytterstoffet på vinterklea deira. Kan og sei at på vinteren bruker eg mykje vanleg skallbukse (uisolert) med isolert bukse under (typer tynn primaloft).
  6. Det skal bli interessant å sjå korleis dei skal løyse alle forboda i høve til friluftslova og allemannsretten. På eit så stort område er det aldri blitt gjort på tidlegare. Og i kva grad vert dette førande for andre områder, som Dovre og Rondane m.m.
  7. Det er jo naudsynt å gjera noko i høve til villreinen men ut får det som står så er det dei allmenne friluftsinteressene som vert skadelidande. Og det er greit i høve til villrein men det er jo svært mange grunneigarar som framleis får bruke vegnettet og kjøre innover vidda. Ser at det vert fremja forslag om å det heller ikkje bør vera lov å sykle på tinnhølvegen og hjølmo, samstundes som eidfjord resort skal bygge gondolbane opp til kanten av villreinområdet midt mellom. Burde det ikkje vera eit større fokus på nedbygginga i randsona og heilt inntil (og innanfor) villreinområdet her?
  8. Ja. Altså 150 m forbod ligg i lov. Ut over 150 m kan "Grunnens eier eller bruker har rett til å vise bort folk som opptrer hensynsløst eller ved utilbørlig atferd utsetter eiendommen eller berettigete interesser for skade eller ulempe". Vanleg telting kan neppe tolkes til å gå innunder dette. Regulering av ferdsel må avgjerast av kommunen § 15.(Regulering av ferdsel på visse friluftsområde) Til regulering av ferdselen på område hvor utfarten er stor, kan kommunen med samtykke av eieren eller brukeren fastsette atferdsregler som enhver som ferdes på området plikter å følge. Der det ligg forbod frå DNT om å stoppe telting bør dette vise til vedtak/forskrift frå kommunen. Dersom det ikkje ligg vedtak kan ikkje grunneigar eller bruker gå ut over det som ligg i lov. Merk at telting og ferdsel kan vera forbode etter andre lover til dømes naturmangfaldlov eller forskrifter for å ivareta drikkevatn o.l. MEN det må ligge ein hjemmel og eit vedtak/forskrift bak. Her er det ein veldig god podcast som omhandler friluftslov og allemannsrett, anbefalt (sjølv om den ikkje tek spesifikt dette temaet opp): https://podtail.com/no/podcast/uteliv/friluftsloven-med-fredrik-holth/
  9. Har hatt same skaden på glassfiberkano grunna snø. Kjøpte glassfiberremser og glassfibersparkel på biltema. Pussa ned med sandpapir og la på remser og sparkel. Bruk munnbind og skikkeleg hansker når du pusser, glassfiberstøv er noko skit. Ulike varianter av sparkel, trur eg hadde med lange tråder i min. Funker fint på min kano.
  10. Nea er bra, sjekk lokale kjelder, masse elv men sjekk vasstand ettersom dette er ei regulert elv. Nedover Nidelva er det veldig bra fiske med flue, spesielt store hjortehårsfluer som streaking caddis. Problemet er å kome seg ned til elva pga masse vegetasjon. Evt så finn du mindre vatn og tjødner, evt småelver, då er det lettere å finne fisk enn i eit kjempevatn som Selbusjøen. Eg fisker med fluestang fordi det er veldig morro, ikkje fordi det er effektivt (men eg har garn...).
  11. Utfordringa på tur er å få tak i ferskt kjøt og ferske grønnsaker/frukt, men no er det masse spennande i frysetørka varianter. Ligg masse om ulike menyer her inne på sida. Og hugs at tur skal vera kjekt, og gå svolten er ikkje det kjekkaste... så ikkje ta med for lite mat uansett
  12. Hei, har no prøvd montane trailblazer 20. Denne er i praksis ein tynn vanntett pakkpose med gode og behagelege skuldereimer på. MEN sekken er liten i str. Eg har ein osprey 11 l som tek same last som denne 20 l sekken, så det er små liter i montaneverden. Er sendt i retur.
  13. Takk for utfyllande svar. Grunnen til at eg ikkje har sett meir på fastpack til bergans er at det ser ut som om den beveger seg meir på ryggen enn f eks ultimate direction sin, som ligg på ryggen, dette kan jo vera fordi brukeren har den slik på ryggen eller lausare festa. Skal sjekke ut videoen du lenker til og prøve sekken. @JohannesF Kor stor er hoverommet i desse sekkane, er det det som er oppgitt som volum? Grunnen til at eg spør er at ulike produsenter bruker ulike volumberekninger, dvs at nokon (f eks montane) har små sekker i forhold til volum med andre (f eks ultimae direction) har større volum enn oppgitt.
  14. Icebreaker er det mest holdbare ullproduktet eg har vore borti, er og godt nøgd med Janus sine tynne ullplagg. Devold er ikkje så holdbar er min erfaring.
  15. Hei, eg ser etter ein sekk på 20 + L til raske fjellturer og som er god til å springe med. Turene er normalt gåing og litt springing i fjellet. Har i dag ein osprey talon 11 l og denne er veldig bra men litt liten, så eg vil ha ein større sekk men er usikker på om korleis større sekker er å springe med. Er det nokon av dykk som har god erfaring med sekker i denne str? Har spesifikt sett på: Montane https://www.fjellsport.no/turutstyr/ryggsekker-bager/trenings-og-drikkesekker/montane-trailblazer-lt-20-orion-blue-356-6174?variantId=356-6174&gclid=EAIaIQobChMI1s3hpt3W_wIV18XVCh2x0QDWEAQYAiABEgJPifD_BwE Bergans https://www.bergans.com/no/julegavetips/gaver-til-henne/dame-ryggsekker/y-lightline-fastpack-sm-1-24-dark-shadow-grey-mango-yellow?att=MjRM&gclid=EAIaIQobChMIg8PksN3W_wIVQ83VCh07vg2gEAQYASABEgLlh_D_BwE Osprey https://www.fjellsport.no/merker/osprey/osprey-talon-22-stealth-black?variantId=127-7028&gclid=EAIaIQobChMIwpPEu93W_wIVjguiAx1WEQcGEAQYASABEgIfl_D_BwE
  16. 2500 snelle passer veldig bra her, godt kjøp. Ville bare sei at til fiske frå land i sjøen etter fisk opp til 1-2 kg (dvs makrell, lyr, sjøørret m.m.) funker denne stanga bra, og stanga knekk ikkje om du får større fisk, men du kjem til å bruke veldig lang tid siden stanga blir for mjuk til å gje deg noko hjelp
  17. Behovet er minst og lettast mogleg til utandørs filming, ofte i nærleik av rennande vatn og i vind. vil ha komboen minst mogleg mikrofon men der eg tek steget opp frå susete og dårleg lyd på mitt systemkamera.
  18. Vi må snakke litt om lyd og ekstern mikronfon. Har gode kamera men lyden er dårleg. det er ein del motstridande råd på kva mikronfon som ein treng, alt etter kva preferanser ein har for ferdig produkt. Kva ekstern mikronfon brukar dere og er det nokre gode og rimelege mikrofoner der ute?
  19. Ja men ikkje så stor forskjell. Tips er å kjøpe ein som sit godt og som har lommer med glidelås. Ligg ein god del gode vester på finn.no no forresten. All erfaring tilseier at det kan vera greit å kjøpe noko som du vil bruke meir enn ein sesong, fordi du sparer pengar på å ikkje kjøpe ny vest om 1 år og fordi ein god vest er lettare å få solgt brukt, og du kan kjøpe ein god vest brukt for ein rimeleg penge.
  20. Alle større vatn på vidda har fisk over kiloet, dersom du vil ha veg fram så er det kanskje Kalhovd - Mår og liknande områder du ser etter. Søk på nett, ligg mykje info om desse områda på nett.
  21. Begge deler fungerar, men det er litt avhengig av bruken. Eg bruker fjellski i litt variert terreng og alltid utanfor løype. Eg har 5 cm kortare ski enn kroppslengde, fordi det er lettare å manøvrera og baksa med, men på lange strake strekk på hard underlag er det ligg mindre hastighet og retningsstabilitet. Tipper du trygt kan gå for 175 cm.
  22. Ja MEN hyttene i bjørkeskogen fører til fleire turgåere i villreinområder. Folk har ikkje hytter på fjellet eller i tregrensa for å sitje inne. Hytter på Imingefjell, Haugastøl, Ustaoset m.m. mater folk inn i villreinområder. Til fleire hytter i randsonene, til meir folk nytter randsoner og villreinområda til tur. Men som det er påpeika så er ikkje dette enten hytter og anna utbygging eller DNT, det er begge deler. Forskjellen er at i dette tilfellet gjer DNT noko,.
  23. NINA har lagt ein rapport for å sjå på villrein kontra menneske på Hardangervidda: https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/2759600 Og viser til at det er summen av påverknad som er viktig: "...menneskelig aktivitet samlet sett gir det største bidraget til å forklare villreinens bruk av Hardangervidda, og denne effekten er sterkere om sommeren enn om vinteren. Det er den «tunge» utbyggingen av infrastruktur i randsonen som har medført sterkt redusert habitatkvalitet og mulighet for trekk". DNT tek ansvar, det vert interessant å sjå om kommunane også gjer aktiv grep.
  24. Hei, lengst vest på vidda er høgfjell med lite vegetasjon og mykje snø. dvs legg turen til seint på sommaren. Bruk telt som tåler litt, siden det er ein del ver her. Primus, er utfordrande med bål. Bra fiske i mange vatn, tidvis fin og stor fisk (les quenild si bok om hardangervidda). Via vassdrag, tenker du padle? Korte og bratte vassdrag og lite egna for å padle.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.