Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    507
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Til ein 'middels krevende til en krevende tur', må ein vera i middels god til god form. Ein av dei gamle fjellvettreglane sa at ein ikkje skulle dra på langtur utan trening. Og dersom ein har relevent trening, altså andre fjellturar med tilsvarande sekk, altså med telt og alt anna utstyr, får ein eit forhold til kva ein er god for og kva som er for krevande.
  2. Sjølvsagt greier naturen seg lengt betre utan menneske, enn kva mennesket greier seg utan naturen. Villreinen vore eit viktig byttedyr for nordmenn i tusenvis av år. Personleg vil eg synest det er uendeleg trist, dersom den tradisjonen tar slutt, bare fordi me ikkje greier å forvalte viltresursen på ein bæredyktig måte. (for 5 år sidan skjedde netopp det i mitt fjellområde…) Når det gjeld dyrevelferd, er i alle fall ikkje profesjonelle jegrar i regi av SNO, nokon god løysing, i alle fall ikkje utfrå kva eg har sett frå den etaten.
  3. Å la hjortebestandane, villrein inkludert, regulere seg sjølv utan jakt, ville føre til voldsomme svingingar i bestand, mykje sjukdom, sveltihjel og mykje lidingar. Forvaltinga, i alle fall for villrein, er retta mot å unngå akkurat dette. Spesifikt for Hardangervidda (som er nevnt i tråd-tittelen) vert villreinen forvalta med tanke på å halde skrantesjuka i sjakk. Dersom "størst mogleg slaktevekt i balanse med størst mogleg uttak av dyr" hadde vore målet, hadde bestanden vore langt større enn kva som er tilfellet akkurat no.
  4. Dersom du antyder at eg er så dum at eg pustar inni posen, kan eg avkrefte dette. Mi erfaring er at også fora duk gjev fuktig sovepose og elendig komfort sjølv som dyne over føttene. Dette er altså ikkje noko eg kan anbefale. Men eg er fullt klar over at andre kan ha behaglege netter i jervenduk, også som einaste sovepose. Eg vil i alle fall anbefale å utføre prøvesoving før ein planlegg tur med jervenpose som del av soveposen.
  5. Det er tydlegvis stor forskjell på kor mykje fukt ein avgjev i soveposen. For enkelte fungerer det å ligge i ein tett jervenduk, for andre fungerer det ikkje. For meg er det oppskrifta på ei garantert våt og ubehagleg natt. Den einaste jervenduken som kunne fungert for meg, er 'exclusive', ettersom det gjev ein moglegheit til å ta av den tette duken og bare bruke foret. Men prisen er alt for høg til at det er aktuelt for min del...
  6. Vinterstid foretrekk eg termokopp for at eg vil ha passe drikketemperatur både på fyrste og siste slurken, og for at koppen ikkje skal smelte seg nedover i snøen. Dersom eg brukar termokopp sumarstid, er det for å kunne ha drikkeklar kopp i sekken. Då er tett skrulokk eit absolutt krav. Lifeventure er favoritten min til dette.
  7. Å ligge vêrfast i Soulo, ville eg sjå mørkt på. Teltet er supertrangt, og det er ingen plass til å tørke klede inni det når eg sjølv er til stades. Eg var så dum at eg hengte opp ei tørkesnor i Souloen for nokre år sidan, den var så irriterande når eg prøvde å sitje oppreist inne i teltet, at ho vart fjerna att fyrste kvelden. Eg kjenner ikkje til forholda i Børgefjell, men på Hardangervidda vel eg alltid eit romslegare telt. Det finnst massevis telt som er både romslegare, lettare og som tåler forholda der. For min del er Soulo teltet for turar der eg forventar mykje vind, eller eg veit at det er problematisk å finne teltplassar, altså fyrst og fremst turar høgt til fjells. Eit lite telt har den store fordelen at det ikkje treng store teltplassen. Er det plass til meg liggande, er det plass til Soulo over meg. Til denne bruken, veit eg ikkje om noko telt som passar meg betre. På vinterturar er det aldri problem å finne god plass til teltet, så då er Soulo heilt uaktuell for min del.
  8. Svakheita er nok holet i aluminumsplate, der snora går gjennom. Der kan det bli slitasje på snora etter kvart, og snora vil ryke før eller seinare. Dette er ikkjeeksisterande problem med plastplater. Sjølv teltar eg ikkje i laussnø, kun på fast snaufjellsnø, så eg greier meg veldig godt med vanlege snøpluggar i tre.
  9. Så lenge situasjonen er at det er cwd på Hardangervidda, og ikkje i Nordfjella (i sone 2 er det aldri påvist, og i sone 1 er det sanert), er rv7 ei viktig barriere som i så fall måtte erstattast med gjerde.
  10. Eg har ikkje hund. Men eg har Soulo, og mi erfaring er at det eit supertrangt telt. Eg er riktignok 190cm, så dersom hunden brukar mindre plass enn 20cm, går det nok. Så er det sjølvsagt bittelitt plass i forteltet, dersom du ikkje har med deg sekk.
  11. Nei, Halnefjorden og Langesjøen har ikkje samanliknbare forhold. Halnefjorden er regulert, og har følgeleg sine skumle parti, som vist på iskart.no. Langesjøen er uregulert og har sikker is til det nærmar seg våren. Utosen i Langesjøen er vanlegvis åpen, og ein av mine faste plassar for å finne friskt vatn.
  12. Kva som er optimalt, er veldig individuelt. I ein tråd for nokre år sidan, vart det påstått at ein raskt sparar inn vekta av eit isbor i mindre drivstofforbruk. Det kan nok stemme for større grupper som nødvendigvis treng meir vatn. Sjølv fann eg ut at eg aldri har hatt med meg så mykje drivstoff som vekta av eit isbor, og at eg må vera på tur i fleire veker før det er vits å tenke tanken. Smaken av friskt vatn i motsetning til smelta snø, kan likevel gjera det interessant sjølv om det ikkje er vekteffektivt.
  13. Med pulk, foretrekk eg ein større snøsmeltekjele, 3-4liter, men brukar han også på ein heilt annan måte. Snøsmeltekjelen brukar eg kun til å smelte snø og til å oppbevare kaldt vatn i, så damp frå den store kjelen er ikkjeeksisterande. Og eg har tilgang på kaldt vatn nesten heile tida i leir. I denne kjelen har eg ei ause, så helling er heller ikkje noko problem. Koking av vatn gjer eg i kaffekjele og matlagingkjele.
  14. Det er strålande. Her har enkelte andre produsentar mykje å lære. Kompresjonsmoglegheiter lagar jo bare posen unødvendig tung. Er det trangt i sekken, vil jo posen uansett klemmast saman. Og er ikkje pakkposen tilsynelatande unødvendig stor, er det bare krøll å få stappa teltet nedi, særleg med våte og kalde fingrar.
  15. Rådet mitt er fyrst å finne støvlar som passar foten og bruken. Så vel ein binding som passar støvelen.
  16. Avfallshåndering til evig tid.
  17. Hææ? Du er så blodfan av Drytech og hatar Gilde så mykje at du meiner det er verdt å underlegge oss Russland, dersom norske soldatar må ete mat frå Gilde. Det er noko i den holdninga di eg virkeleg ikkje forstår.
  18. Gratulere. Det er 1 ting som må sjekkast før ein fyrer opp ein bensinbrennar, og det er at han er tett. Gummipakningen i tanklokket og den vesle gummiproppen i sikkerheitsventilen (i tanklokket) vil vera påvirka av alderen, sjølv om brennaren er ubrukt. Dersom desse ikkje er tette, vil du ikkje få brennaren til å fungere, og du kan i verste fall skape ein farleg situsjon dersom du prøver å fyre han opp. For å få trykk på ein brennar utan pumpe, og utan å prøve å fyre han opp, puttar du heile brennaren i frysaren. Med ventilen stengt, og tanklokket av. Når alt er kaldt, skrur du på tanklokket og puttar brennaren ned i varmt vatn. Då vil lufta i tanken utvide seg og du vil sjå luftbobler frå tanklokket dersom pakningen ikkje tettar. Åpnar du ventilen, skal det koma bobler ut av dysa. Når du _veit_ at tanken er tett, og dysa ikkje er tett, kan du fylle på bensin og la dette stå ei stund, så veiken er ordentleg metta med bensin før du prøver å fyre opp.
  19. Soulo er supertrangt, så teltdukkontakt må påregnaste. Kondensproblemet er best å kontrollere med masse lufting. Det vil seie åpen innerteltåpning, og så stor åpning i ytterteltåpningen som vêrforholda tillet.
  20. Med oppdatert firmware ( https://www8.garmin.com/support/download_details.jsp?id=1245 ) skal det støttast kart over 2GB, då reknar eg med at minnebrikke større enn 2GB må støttast også, utan at eg har prøvd det. Dette er ein modell som, i alle fall eg, fint greier å bruke med votter på, og det er minstekravet mitt når det gjeld noko som skal brukast i dårleg vêr vintertid.
  21. Sjølv held eg meg unna unna Thermos Light & Compact, eine og aleine pga korken.
  22. Sjølve definisjonen på 1-mannstelt, er at det ikkje er plass til fleire enn 1 person. Skal ein ha god plass, vel ein større telt. Haust og vår, altså på barmark men utanom insektsesongen, brukar eg gjerne bare ytterteltet til 3-manns-tunnelteltet mitt. Det er både lett, romsleg og tålar mykje vind. 1-mannstelt har 2 fordelar, låg vekt og lite fotavtrykk. For meg er det ofte fotavtrykket som er det aller viktigaste, for det er langt enklare å finne eigna teltplass til eit lite telt enn eit stort telt.
  23. Deler ikkje telt med andre enn kjæraste! Dersom eventult turfølge manglar eige telt, har eg ekstra 1-mannstelt som kan lånast.
  24. Ja, det var ikkje enkelt. Draget var heldigvis enklare å måle, 22mm. Kroken bør ikkje vera i spenn. Kulde og plast i spenn er ingen gunstig kombinasjon…
  25. Miljødirektoratet inviterer til webinar om saken i morgon 9-10: https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/2023/desember-2023/webinar-anbefaler-nye-tiltak-for-villrein/
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.