Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 069
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Test Klättermusen Salopette Freke Vart ved ei tilfeldigheit anbefalt Klättermusen Salopette Freke sumaren 2015. Vedkomande prata varmt og lenge om den så eg sette den på "sjekk ut" lista mi. Da verdsveven avslørte prisen på sju laken +/- vart imidlertid planen fort parkert. Seinare på hausten dukka den opp på Black Friday til "berre" fire laken så da var det berre å slå til. Etter omlag to års bruk har eg gjort meg opp nokre tankar om buksa. Buksa har vært brukt mellom 60 og 80 turar, hovudsakleg toppturar. Fyrste inntrykk av buksa er tung og solid. For dei av oss som gje blanke filla i lettpakkingas edle kunst er sjølvsagt tung og solid ein naturleg samanheng. Hekter over sideglidlåsen på beina og sida av låra virka pludrete, noko som vart bekrefta ved seinare bruk. Ein kamerat av meg som kjøpte same bukse måtte file til hekte for at den skulle passe inn i hempa. Dette er diverre noko som går att for denne buksa. Til ein pris på opp mot 7500 og 7000 meir som standard pris er det mange løysingar som er tungvinte og ikkje held mål. Pludrete hekter er allereie nemnd. Gamasjebøyler funker bra når dei er på plass og som metallbøyler tolar dei det meste, men er problematiske om du brukar dei frå smalare fjellstøvlar til breiare plastikkstøvlar. Lause delar ein må huske å pakke med er jo også eit moment. Tipper fleir enn meg har reist på tur med gammasjebøylane liggande att på kommoden i gangen... Gamasjesystemet. At eg ikkje finn nokon praktisk stad å ha stumpen etter stramminga er enda eit irritasjonsmoment. Har dei ikkje testa systemet? Ein liten trykk knapp, borrelås, kva som helst anna enn å ha den hengande å slenge. Dyttar den opp i bretten mellom glidlås og borrelås, men der heng den ikkje lenge om gongen. Det er ikkje unikt for Klättermusen Salopette Freke, men at ei vinterbukse ikkje er ferdig levert med kneputer (spesielt til den prisen) er for meg uforståeleg. KSF har rettnok moglegheit for kneputer, men Klättermusen leverar ikkje dette så vidt eg kan sjå. Til Klättermusens forsvar er det ikkje noko stor heksekunst å lage eigne, men atter ein gong, 7000... Glidlåsen i buksa er solid og går heilt opp så ein kan ta av buksa utan å ta av sko. Dette nyttar ein seg da sjeldan av da nemnte lårhemper er pludrate (går sjølvsagt greitt i fint vær). For meg er dette kun ei vinterbukse. Med såpass tjukt og varmt stoff og farga svart i tillegg vel eg andre bukser sjølv på varme skidagar. Sumarsbruk er berre å gløyme. Så til det positive. Brukskvaliteten er super. Etter over 60 turar med til tider hard bruk ser buksa fortsatt ny ut (ei luktprøve avslørar dog fort at så ikkje er tilfelle). Bibsystemet er svært kjært på ei vinterbukse, KSF er ikkje noko untak. To store gode lårlommer er svært praktiske. Det er også ei tredje relativt stor lomme på bibdelen. Buksa gje også ein del oppmerksamheit da mange er svært nyskjerrige på den. Vinterbuksenes Rolls Royce, på godt og vondt? Eit par representantar for ei forretning som førde KSF vart fort mindre interessert da eg ga dei den negative tirada mi ved eit høve. Summa summarum, har du ein bruk av turbukse som gje ekstra stor slitasje og er villig til å betale skjorta for det er KSF buksa for deg. Har du normal bruk er det mange andre billigare og like bra eller betre alternativ. Den dagen mi noverande bukse er utslitt skal eg ha eit svært godt tilbod før eg kjøpar den på nytt, men er tilbodet godt nok slår eg til utan tvil. Slitasjestyrke trumfar andre heftelsar berre prisen er låg nok. Kamerater med feite Mærcer og fancy Beemers har slutta å invitere meg med på tur. Ein kunne sjå dødsangsten i auga deira da dei såg for seg sensuelt samkvem mellom ei nypolert lakkoverflate og metallhempane...
  2. For øks var det frå gamalt av to måtar å sette opp øksa på, voleslipa og lunneslipa. Voleslipt er med rund egg og lunneslipt har rett egg. Val av vinkel og type sliping avheng av tresort, årstid og bruksformål.
  3. Har nokre netter i telt med ein kamerat som er rundbrenner, har ikkje merka noko røykluft i teltet etter han. Har ikkje forsøkt det sjølv, men han kan sikkert brukast som varmekjelde også. Kan videreformidle telefonnummer om ønskjeleg.
  4. https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/srjakt Sidan det er "betre enn i fjor" må det jo være eit bra år er refrenget uavhengig av at fjoråret var elendigt. Representantar for Statsskog visar til tidleg vår og bra med insekt, noko som ikkje stemmar heilt med mi oppfatning. At dei tjener penger på sal av jaktkort innverkar sikkert ikkje på argumentasjonen deira... https://www.gd.no/jakt/friluftsliv/fugler/venter-spennende-rypejakt-i-sor-norge/s/5-18-495032
  5. Med forbehold om at dette er neverløyping som det kan sjå ut som, bør vedkomande som står bak premierast for å halde i hevd norske handverkstradisjonar.
  6. DNT svekker på sikt sin eiga legitimitet ved å i så stor grad agitere som ein komersiell aktør. Kva forskning angår er det kanskje litt det same som dette som foregår? https://morgenbladet.no/aktuelt/2017/06/de-forbannede-lakseforskerne
  7. At dyr reagerer mindre på motoriserte køyretøy enn folk er det vel liten tvil om, men resultatet her er at folk flest får raskare adkomst til eit nytt bruhovud lengre inn i Rondane som dei kan spre seg ut frå. Det er jo ikkje sånn at når turistane kjem inn til Rondvassbu sett dei seg på rævva for å nyte utsikta. Forøvrig kronikk i gd om villrein: https://www.gd.no/debatt/leserinnlegg/villrein/refleksjoner-rundt-villrein/o/5-18-462030
  8. @Biner Sorry, no can do! Har forsøkt å vridd hjernen min litt på det, men det er litt for lenge siden. Einaste eg kan seie er at det truleg var i bokform da eg har lest svært lite klatrelitteratur i magasin.
  9. Kylling med linser og lime til 39 danske kroner. 89 kroner på XXL i Norge. Obs, merk dette er den danske XXL butikken. https://www.xxl.dk/real-turmat-kylling-med-linser-og-lime-frysetorret-turmaltid-forpris-79/p/1127152_1_style?utm_source=facebook&utm_medium=social&utm_campaign=DM16_W16_2017_click
  10. Du kan gjerne sette det på "trur" kontoen min. Kva trur du, ville ein ulveflokk latt ein saueflokk i fred og heller hygga seg med litt sportsleg elgjakt?
  11. Har lest ein artikkel ein eller anna gong før tidenes morgon om klattring i nordveggen på Rondslottet. husker ikkje mykje av artikkelen, men det var mykje laus masse...
  12. Og når vi tillet catskiing i nokre kommunar, korleis kan vi da nekte nabokommunar som ønskjer same tilbod til sine turister? Og når kjem heliskiing? Det er jo ein god marknad for det også. I tillegg sparar ein alt av spor i naturen da helikopteret berre treng å gå ned på toppen. La oss få inn fleire stisyklistar og snøskutere i tillegg. Det er pengar å hente der, økonomisk vekst, synergieffekt... Og kvifor skal vi ikkje fortsette med fancy hyttebygg i naturen a'la https://www.nrk.no/buskerud/xl/her-er-framtidens-turisthytter-1.13449886 da dette dreg nye massar til fjells. Kanskje ei berg og dalbane på toppen kunne fått enda fleir til fjells? Satt på spissen? Nei. Grensa må settast ein stad. Det pressast allereie på rundt alle baugar og kantar og gje du lillefingeren sitt du der utan arm før du veit ordet av det. Spørsmålet ein bør stille er kva type folk ein vil ha til fjells? Kva verdigrunnlag? Ein ting er vi "purister" som er imot utbygginga/nedbygginga, men til og med NHO reiseliv er imot. Dei ser vi har verdiar i form av uberørt (og umotorisert) natur som vil bli meir og meir verdifulle ettersom andre stadar bygger ned. Kanskje verdt å tenkje litt over?
  13. Sauen hjelp til å bremse gjengroinga, men den stoppar den ikkje. Som du påpeike er blant anna geit meir effektivt, men det som virkeleg bidrog var ystinga på sætra. Ulven, jerv og gaupe vil vel berre ta dyr som er sjuke nok til at dei ikkje heng med flokken. Med andre ord kan nok dyret gå ei god stund med skrantesjuke å smitte resten av flokken før det vert dårleg nok til at rovdyra får has på det.
  14. Også mange urbefolkningar har utrydda dyreartar med jakt. Blant anna aborginarar i Australia og indianarar i Nord Amerika.
  15. Såg denne påstanden tidlegare i tråden, men den vert nok ikkje rett sjølv om ein gjentek den fleire gonger. Å tru ein ulveflokk ville jogga forbi ein saueflokk og sagt "Vi gje blaffen i den saueflokken å jaktar litt elg i staden da det er mykje meir moro" er berre totalt virkelegheitsfjernt. Ulven er i eller utanfor flokk ein oportunist som tek det lettaste bytte (ikkje ulikt folk flest). Feilaktige argument som dette gjer det lettare for rovdyrmotstandarar å avfeie tilhengarane som tullingar (dette går forøvrig båe vegar i debatten) og plasserer båe sidene lengre ned i skyttargropene. Med andre ord skapar meir problem i staden for å bidra til løysinga.
  16. Eg har den. Skal ikkje uttale meg om damestørrelse, men om du ikkje treng ei svært solid bukse og får eit godt tilbod på den så kjøp noko anna.
  17. Har ikkje vært i Rondane i vinter, men på generelt grunnlag er ikkje Rondane veldig snørikt. Veslesmeden går som regel greitt på ski, men Storronden brukar å være noko meire avblåst. Skaret mellom Vinjeronden og Rondslottet kan være hardt/isa. Øks og steggjern bør difor være med i tillegg til kunnskapen om bruk av dei. Rondholet opp til Vinjeronden er også bratt nok til at skredfare må vurderast.
  18. Skal ikkje blande meg inn i den tekniske delen av diskusjonen dykkar, men vil påpeike at vater berre er brukande på mindre konstruksjonar. På større bygg/konstruksjonar nyttast laser da vater ikkje er i vater over lengre avstandar.
  19. Stemmer at Þróndeimr er gut og bilete tok han på denne turen: https://peakbook.org/tour/165082/Store+og+Midtre+Ringstinden.html
  20. Eit poeng skal du dog få, etter å ha sett nærmare på tala forstår eg ikkje korleis dei kan fortsette å auke antal fellingsløyve mens fellingstala går ned. Svindel / dårleg forvaltning er mine fyrste tankar her, men andre betre opplyste kan få lov til å opplyse meg...💡
  21. @Martin Gjellestad Var ikkje berre den eg reagerte på. Når du elegant hoppar bukk over alle argument for villreinjakt og fortsett å bruke villreinjakt som eit motargument gjer du saka di ei bjørneteneste sånn som eg ser det. Skulle også tru det var betre å diskutere med dei som argumenterte sakleg enn å henge seg opp i dei ein finn useriøse? Mine tal er antal felte på landsbasis 2015. Omlag 1700 dyr vart felt på Hardangervidda. Dine tal er antal fellingsløyve, vesentleg forskjell.
  22. For det fyrste: http://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/reinjakt så kan du fortsette krosstoget med rett talgrunnlag og ikkje fantasital. Eg vel å tolke debattforma di som frustrasjon over at "alle" er imot deg og ikkje rein trolling. Det burde være unødvendig å belære voksen folk om forplantningssyklusen, men saken er den at om vi skulle delt ut kondomar (for ikkje prate om å fulgt opp at Rudolf faktisk benytta seg av dei) til villrein ville det gjett stagnasjon og utdøying i stamma. Forstyrrar du reinsdyra i kalvingsperioda forstyrrar du ALLE simler som skal kalve i flokken. Alle kalvane vert derimot ikkje "henretta" til hauste, men utifrå tellingar vert det berekna kor mange dyr som bør tas ut for å halde flokken sunn og frisk. Og det vert berekna ned til antal bukk, simler og kalvar (mange stader meir detaljert og) som det vert gjeve fellingsløyve på. Inntil vidare er dermed jakt den beste måten å forvalte stamma på. Som tildegare poengtert tek heller ikkje jakt noko areal frå villreinstamma i motsetnad til dei fleste andre menneskelege aktivitetar. Eksempelvis er området rundt Spranget og inn til Rondvassbu no skydd av villrein på grunn av trafikken der. Fotturistar har tidlegare vært hovudvekta, men no som det er sykkelleige på Spranget syklar folk inn til Rondvassbu og går vidare frå der. Det som før var ei dagsetappe for mange er no ei kjapp transportetappe og dei har eit bruhovud vidare inn i Rondane. Kva trur du resultatet av dette er? Forstår ikkje kvifor eg gidd dette for det ser ikkje ut til at nokon av mine og Lompas argument går inn, men kanskje får andre noko større forståing for situasjonen? Enkelte år hendar dette, men dei dyra vert sendt ut att på beite og slakta seinare når bequerelnivået er normalt. Ein kjedeleg konsekvens av menneskeleg forureining, Tsjernobyl. Villrein vert nok ikkje testa for bequerel, men da er det opp til jegeren sjølv om det skal konsumerast eller ikkje. Enkelte år med desse tilstandane til tross vil eg tru Lompa er på forholdsvis trygg grunn med påstanden sin. Eventuelt reinskjøtt med bequerel vil heller aldri dukke opp i frysedisken på supermarknaden din.
  23. Gipron 797. Solide og av dei rimelagare. Men lærtrinsa som er av det beste du kan bruke vinterstid er mindre eigna om sumaren.
  24. Isolert sett kan eg faktisk forstå Martin Gjellestad her. Sykling i seg sjølv tippar ikkje noko lass, men totalen av sykling og alle andre aktivitetar gjer det. Og om ein tillater ein aktivitet, korleis skal ein da nekte neste? Kor skal grensa gå? Isolert sett veltar neppe scooterkøyring noko lass heller, men det er ein stein til på "klarar du dette, så klarar du dette" lasset. Hyttebygging og utbygging i randsoner er nok den store stygge ulven for villreinen og det vert toppa med sykling, skiløyper, scooterkøyring og alle andre aktivitetar. Så kan man sjølvsagt seie at det største problemet er fotturistar, men allemannsretten gje visse rettigheitar og etter mitt syn er det ikkje ønskjeleg med ferdsel forbode soner i naturen bortsett frå ved heilt spesielle høve. Villreinjakta derimot begrensar eller fjernar ikkje noko areal, men rett forvalta, hjelp til å halde reinsstammen sunn og frisk. Difor er det ein blindveg å dra inn reinsjakta i denne samanhengen.
  25. Fekk ikkje noko respons på min kommentar som sett spørsmål ved dine samanlikningar med villreinjakt. Tvert imot fortsett du å hakke på villreinjakt. Men det var kanskje ikkje noko "seriøst motargument" frå mi side? ALLE baserar seg på eigne observasjonar (også kalla sure fordommar) i tillegg til forsking og anna input når dei skal vurdere ein sak. Og om du les kommentaren min ser du eg presiserer "mykje myrlendt" noko også den forskingsrapporten du held så høgt er innom. I forskingsrapporten står det at ferdsel i vått terreng krev ekstra tilrettelegging (klopping, drenering) og det er eit faktum at mange stiar rundt omkring har større eller mindre innslag av våtmarksområdar. Så er spørsmålet kor mykje ekstra tilrettelegging bør vi akseptere for å få inn ei ekstra brukargruppe i naturen? Og for min del er nok svaret som du påpeikar at eg ikkje ønskjer å gje litt ein gong.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.