-
Innlegg
3 672 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Steik no har eg fått innføring i ei ny verd 🤣 men apropos den damestrømpebuksa : det er jo eit velkjent triks også ved gnagsår/gnagsårforebygging på føter, så skulle vel funke fint der og vil eg tru. Sambo fekk når eg tenkjer meg om noko cowboygange på slutten av Hardangerviddatur i vinter som var, skal jammen ta med ei slik neste gong. Elles sel polargodt ein salve som bidreg til raskare tilheling av gnagsår. Etter inuittkvinners oppskrift om eg ikkje tek mykje feil. Har me to slike krukker til Grønland med avreise denne veka. Rapport kjem 😎 (dog lite ballerapport)
-
McMurdo fast find på meg og. Men eg ser no, når me før ein skitur har supplert med InReach i tillegg til denne, pluss satellitt og VHF, at den InReachen er skrekkeleg praktisk om det sku vere noko, og den er jo fin for å ta imot vermelding osv. Likevel er eg usikker på om eg vil kjøpe ein sjølv.... Eg har ein tendens til å mistrives med for mykje utadretta kontakt på tur. Og skulle eg trenge bistand, til dømes ved avansert førstehjelp i påvente av hjelp, så treng eg dei på tråden, og då er ein tlf betre slik eg ser det.
- 23 svar
-
- 2
-
-
- spot
- satellittelefon
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Planlegger 14 dagers tur i Femundsmarka fra 1-14 oktober
Tessatroll svarte på Skogsvandreren sitt emne i Fjellvandring
Eg har vore der og fått snø i slutten av september, så det er vel der som i resten av fjellnorge: ein veit aldri. Elles vil eg tru du kan finne værstatistikk på yr? -
Eg satsar på måtehald på båe frontar eg nyttar ikkje såpe når eg faktisk ikkje treng det
- 45 svar
-
- 2
-
-
Mose og vatn. Skikkeleg vask når eg kjem heim. Såpe og våtserviettar utgår med mindre eg er lenge på tur, då eg får dårleg samvit av slikt. Dersom eg nyttar såpe prøvar eg nytte biologisk nedbrytbar såpe.
- 45 svar
-
- 6
-
-
Pulk på inntil 35 kg merka eg fint lite V i kupert terreng, og så er det spiselig i motbakkar. Når pulken bikkar 40 merker ein meir at han er der, men synes føret spelar ei større rolle enn vekt. Sjøl 90 kg går lett som en plett på godt føre. På dårleg føre i kupert terreng kan 40 kg vere blodslit..
-
Eg har nytta det både åleine og to på vinter, det går heilt greit, og er heilt kurant i skogen og som lett alternativ på turar ned høgdemeter. Men skal ein ha eit redigt vintertelt for dei lange turane på vidda kjøper ein noko anna. Greia med Nallo er at det er eit godt allroundtelt som toler ein del juling til akseptabel vekt. Ein gong i verda hadde nallo høg bue bak også. Om det og ein anna ventil bak hadde dratt opp vekta med 150 gr kunne eg fint levd med det ja.
-
Kva med Hilleberg Nallo 2GT? Enkelt å sette opp, bra fortelt, mogleg å opne i front slik som Lofoten, god nok ventilasjon for nokre netter vinterstid (eg nyttar det på vårskitur, dog i ikkje GTvariant) og lettare enn dei to modellane du har nemt
-
Øvst: Slogen sett frå ferga. Nr 2: Utsikt Habostaddalen Nr 3: Smørskredtindane sett frå vegen opp i Brekketindmassivet Nr 4: Sunnmøre... Nr 5: Camp med Slogen i bakgrunnen
- 11 svar
-
- 5
-
-
-
- sunnmørsalpene
- camp
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Tipptopp forhold. Kjør på. Tilrår å gå Langsæterdalen eller Habostaddalen. Flott.
- 11 svar
-
- 1
-
-
- sunnmørsalpene
- camp
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Skal bli! Blir nok uansett ikkje før til seinvinter/vår, no er det turar med andre behov som står på tapetet
-
Eg får ikkje til å opne den, men det er kanskje her det er gale og ikkje med fila
-
Når friluftslivet går utover forholdet
Tessatroll svarte på SveinJ sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det var litt bastant/dårleg formulert også, men ikkje bastant meint Erkje så gla den mafiaen eg hell, eg er ikkje så gla i noko form for mafia- 36 svar
-
- 3
-
-
Når friluftslivet går utover forholdet
Tessatroll svarte på SveinJ sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg er heilt samd! Og beklager "knølete" formulering. Eg er heller ikkje av den typen som meinar at ein MÅ ha born for å ha eit meiningsfullt liv. Eg har venner som bevisst har valt å ikkje få kids, eg har ingen problemer med å forstå. Men det er i mange (kanskje dei fleste) tilfeller slik, at når ein har fått dei inn i livet så er dei ei beriking, det var det som var poenget mitt, som kanskje kom dårleg fram. Livet tek ikkje slutt om ein får born, sjølv om ein kanskje i utg pkt ikkje er superentusiastisk.- 36 svar
-
- 3
-
-
Når friluftslivet går utover forholdet
Tessatroll svarte på SveinJ sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg vil som fleire av dei andre her avstå frå å gi spesifikke råd til folk og tilhøver eg ikkje kjenner, men på generell basis kan eg seie følgjande om "tidsklemme": 1: Eg har fått meir ro i rompa etter at eg vart voksen nok til å skjønne at "liveterbestute" stor sett berre tel dersom resten av livet ditt heng noko lunde på g. Altså. Det er ein fantasisk bonus, forbeholdt oss i overfloda. Den dagen kvardagseinsemda tek deg, eller du på ein eller anna måte opplever sjukdom, eller livet forøvrig berre "skjer", så kan hende du får eit anna perspektiv på friluftslivet. 2: Born er ein berikelse. Same kor slitsomme og "fridomsinnskrenkande" dei kan verke. Dei kan endog gi friluftslivet ditt nye dimensjonar. 3:Det er nesten garantert at om du fann nokon med like interesser, ville du fått andre "downsides" å jobbe med. Når både eg og sambuaren min har meir lyst til å pelle hundemøkk, spleise liner eller dyrke grønsaker enn å vere inn å lage middag, støvsuge og ta oppvasken......då er det duka for ei logistisk utfordring mtp oppgåvefordeling. Med det sagt gjer like interesser at me har påfyll på +kontoen som sjølvsagt har enorm verdi når utfordringane i kvardagen tårnar seg opp. Eg er no 36 år og har kids på 15 og 13 år. Om nokre få år er dei ute av redet. Eg blei åleine med dei når dei var 1,5 og 3 år, og har hatt eit utall "ole brum turar". Ja det var faktisk mi form for friluftsliv i mange år. Så var det nokre år med større kids som med iver vart med på tur. Golden years heilt til tenåra slo inn...sjølv om eg får dei med på hyggelege overnattingsturar, er ikkje akkurat sveitte motbakkar på Sunnmøre deira daglegdrøm, og "Ole Brum" turane med matpakke er ikkje ineresessant. MEN, og her kjem poenget mitt med denne avhandlinga; når eg er 40 har eg myndige born. Altså, alt til si tid, kvifor bråhast? No har eg planlagt og førebudd ein tur til Grønland over lang tid. Eg reiser om 10 dagar. Eg gler meg til det. Men gleda er ikkje fullt så einsidig som den eingong var, over slikt. No gler eg meg minst like mykje til å komme heim etter å ha vore vekk. Å vere med kidsa og reise med dotter mi til Polen på skuletur. Eg vil gå så langt som å hevde, att det å ha kids, forpliktingar og familie, har fått meg til å sette meir pris på alle sider av livet. Inkludert "friluftslivet". Som jo eigentleg berre er utetid, i livet som skjer. Når det er sagt, er det ikkje noko mål å halde ut i situasjonar som krev at ein går på akkord med seg sjølv meir enn det gir, over lange periodar. For å greie å gjere opp den "rekneskapen" kan det vere greit å søkje hjelp. Biletet er ofte meir komplisert og nyasnert enn ein trur, og ein sjølv har gjerne gått seg fast i eit tankemønster. Lukke til Edit: må legge til at eg ved bruk av "du" ikkje meinar du som person. Burde eigentleg skrive "så kan hende ein får eit anna perspektiv på friluftslivet".- 36 svar
-
- 17
-
-
Svar frå BigSKy: Therese, Thank you for your email, please see > responses below: I am trying to find some information about the SuprSil fabric, like denier etc. But it seems to be difficult to find. Can you provide me with some information? > Here is more fabric information: https://bigskyinternational.com/pages/fabric-comparison-table > Note: SuprSil fabric is coated both sides with silicone so it has a tear strength about 2x stronger than the same fabric coated with PU... if the tent's outer fabric is seam taped, the fabric has PU coating since silicone coating cannot be seam taped... Hilleberg is another tent brand than uses both sides silicone coated fabrics. And what Wold the shipping cost to Norway be for a Chinook 2P? > USD14.99 from Big Sky EU warehouse Thanks for your interest, Bob Big Sky International online store: www.BigSkyProducts.com online store: www.BigSkyInternational.com email: [email protected]
-
Herleg turrapport frå eit flott område!
- 5 kommentarer
-
- femundsmarka
- grøtådalen
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Vert varm om hjartet 🌼 så flink du er!
- 4 598 svar
-
- 3
-
-
Yaranga er superaktuelt, men det igjen vil eg ikkje nødvendigvis vere komfortabel med å ta med til dømes på Josten på våren. Der kan det vere solskinn og fin slush i mai, eller det kan vere stiv kuling, 15 minus og luftfuktigheit frå ei anna verd. Den dårlige nettstaden er skikkeleg irriterande, ein må inn på ymse forum for å finne meir utfyllande info. Med mindre eg får meg ei skikkeleg overrasking på duken, så vert det eit slik på meg. Så gjenstår det å sjå om det var dårleg gambling. Rekna meg fram til 2 kg med det "heftigste" oppsettet, og 1,6 - 1,7 ish med det lettaste, omlag som Niaken, som eg forøvrig likar veldig godt! Edit: rekna på ny med anna link, og fekk lettare vekt. Vonar eg får svar på spm mine så eg kan få sikrare tak.
-
Ja det erkje spesielt pent. Og så er det kuppel, som eg IKKJE likar. Men footprint og stenger som ikkje skal tres. Fordel klumsa mtp duken. Men det å til ei viss grad kunne skreddersy det, til dei materialane og stengene ein vil, og få eit telt som toler litt til ei ok velt, tiltalar meg. I tillegg er det fin pris på det. Eg har slitt med å finne telt for høgdemeter med dobbel duk og låg nok vekt. Eg er gla i Nallo. Men det igjen vert i overkant tungt når eg er åleine på sommaren. Det å kunne bygge ut og trimme ned teltet etter sesongen, slik at det for meg er høveleg både på vårskitur på bre for to og en, og på same tid åleine med lett innertelt, ei stang mindre, og kanskje UL stenger i dei siste to ser eg på som topp ved behov. Finn ikkje att sida eg fann detaljerte spesifikasjonar med omsyn til vekt på alt, men synes å hugse eg kan plukke omlag 400 gr på det viset, meir med UL stenger. Eg har sendt e-post for å få meir info om duken.
-
Eg for min del har bestemt meg for å kjøpe eit big sky chinoc med ekstra stang og i firesesongs materialar, etter supertips her på forumet. Framleis lett. Noko tøffare materialar? Firesesongs
-
Ha prøvd han på, verkar som ein bra støvel. Har avogtil sett han på gode tilbud, så om du ikke har hast vikle eg venta og vaka
-
Ynskjet deg fin ferie Kolåstind står fremst i dalen der eg bur, og Slogen og Jønshorn nokre steinkast frå. Vonar du får godt ver! Bremanger og Hornelen er også superflott. Du får sende ein PM om du lurer på noko når du er her.
- 11 svar
-
- sunnmørsalpene
- camp
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Eg hadde sendt ved ein link til denne tråden i eit av bjeffa mine. Dette er simpel kundehandsaming, og eg er freista til å be deg sende navnet på nettbutikk på PM, slik at eg får boikotte.
- 57 svar
-
- 3
-
-
-
Desimalgrader vestleg halvkule og GPS - hjelp
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Eg fann det ut, det var enklare enn eg trudde... I staden for å angi det med minus, som ein normalt vil gjere, angir ein i staden om det gjeld vestleg eller sørleg halvkule. Som dette tilfellet då, så skriv ein koordinaten N xx.xxxxx og W xx.xxxxx. Det slo meg ikkje eingong, i starten, at det var der det låg. Tenkjer eg let posten stå, om andre skulle vere like "newbie" på vestleg halvkule og desimalgrader 😂